Aura Consulting


Legg igjen en kommentar

Det kunne ha vore verre

39206540_519962435091749_5523757830227623936_n

Irriterande utsagn? Eller kan det vere til hjelp?

Når ein står i eitkvart ein lurer på om ein orkar eller meistrar.

Ja, sjå der – det kunne ha vore verre. Det er ALLTID dei som har det verre.

Men akkurat når du har det som verst – så må det nok få lov å gå ei ri før du ser det slik.

Aura Consulting sin blogg nr 48 skal handle om det finurlege som skjer- når du er på ditt verste. Og ser fram til ditt beste.

 

Er du ein historie skapar?
Lagar du deg forteljingar?

Er du ein iaktakar?
Eg kallar meg sjølv ein «scanner».

 

Eg les folk. Sinnstemningar.

Det har både eit pluss og minus.
Det å leve seg inn i liv som ikkje er ditt.
Men det er krevjande.
Du vert ein omsyntakar.
Og du kan ta omsyn for lenge.

Som min eks skreiv på ei bursdagskort til meg ein gong: «Takk for din utholdenhet».
Eg hadde aldri sett meg slik.
Men kortet fekk meg til å tenke.

 

 

Da eg var lita spurte nabokjerringa mor om eg ikkje kunne kome å leike med son hennar. For da vart ham så roleg…

Ro visste eg at eg hadde. Men eg er ikkje særleg tolmodig. . Heller motsatt.

Men altså uthaldande.

Miss match?

Erfaringsmessig betyr det at eg held ut med mykje.

Eg er uthaldande når det gjeld smerter. Alle typer.
Men eg er utålmodig for å finne endring.

 

Mandag skulle eg gjennom ein operasjon, som ei tid etter kunne ramme venstre hand og skulder med smerter.
Natt til søndag enda eg på legevakt og fekk påvist akutt skulderfeste betennelse i den andre handa, og skulder.
Med forferdelige smerter.
Så visste deg seg mandag morgon når eg skulle hente tablettane legen hadde anvist, at det hadde han ikkje gjort.
Men bussen gjekk til Trondheim….

Operasjonen på ettermiddagen gjekk fint.
Da eg kom på hotellet, oppdaga eg at klinikken hadde gløymt å sende med meg smertestillande.

Treng vel ikkje forklare meir?
Så kom eg på bussen tysdag morgon tilbake til Molde.
Vel ombord komen, såg eg eit ungt par ta farvel. Jenta gråt. Så fortvilt.
Eg laga meg historie.
Kunne det vere slik at dei hadde hatt ein helga date?
Og han ikkje ville meir?
Kunne det vere slik at han skulle til Molde for å starte utdanning? Ho skulle bli igjen?
Kunne det vere slik at det VAR eit endeleg farvel? Forholdet var over?

Eg kunne sjølvsagt ikkje vite.
Han sette seg bak meg.

Etter ei stund høyrde eg at han gråt.

Da tenkte eg; eg set her med så store smerter eg ikkje veit korleis eg skal takle.
Men det er ikkje kjærleiksorg.
Denne gongen er det ikkje eit tap av eit menneske.
Det kan løysast.
Eg vart henta i Molde og køyrt rett til lege.
På venterommet sat eit par.
Ho var sint. Og høgrøysta. Han trist og unnvikande.
Ho trua han. Om alt som ikkje skulle bli når han gjekk frå henne.
Mange deltaljar som ingen av oss andre ville høyre.

Og eg laga meg historier.

 

Eg sat der og prøvde å døse.
Og tenkte for ei gåve som vart gitt meg.
Eg har kun meg sjølv å fixe. Alt det andre er gjort.

Så kom eg heim.

Sjølv om eg ikkje har klart å kle på meg. Sjølv om eg ikkje har klart å ete med venstre handa. Sjølv om eg ikkje har fått på meg kontaktklinser. Knytte skolisser. Køyre bil.

Så har eg tenkt: det kunne ha vore verre.

Men det ER godt å bli «GOLLJA» med når det står på som verst.

Og så har det finurlege skjedd. Eg har storgledd meg over å skrittvis klare dei daglegdagse tinga vi tek for gitt å meistre.

Som den morgonen eg tok på meg regnjakke for å kunne vaske hår. Happy og usminka!

 

Desse dagane har tanken på mor har slått meg. Øyeblikket da eg såg at ho forstod at dei ymse plagene ho hadde;  ikkje gjekk over. Men berre var eit varsel om slutten.

 

DETTE er ikkje det. Så det kunne ha vore verre…..

Som i Odd Børretzen si vise Noen ganger er det alright: «jeg kunne kanskje sammenligne livet med å være i båt – om sommeren. Jeg har ganske god greie på det, for jeg er ganske mye i båt om sommeren – og det er ofte forferdelig ubehagelig. Og sånn er livet også – ofte – særlig om morgenen – når det regner – og det regner mye om sommeren – i båt – og i livet.»

 

Og no har eg skrive blogg med høgrehanda!

 

 

 

 

 


Legg igjen en kommentar

Gamaldags?

GamaldagsPå einskilde område er eg skikkeleg gamaldags!

Spesielt når det handlar om ei samfunnsutvikling som skyt fart i ei retning eg mislikar.

Der er ei baksida av alle medaljar.

Også den norske.

For fleire år sidan da eg hadde praksis på Utekontakta, var problemet rotlaus ungdom.

Ungdom utan fast haldepunkt.

Som kanskje kom frå dårlege kår.

Den norske ungdommen i den greske øyverden vi høyrer om no, synest vere meir frå materielt gode kår.

Mi mor hadde eit uttrykk som eigentleg var godt:

» Det er bra så lenge han kan å oppføre seg ute blant folk».

Eg vil ikkje at vi skal gjenkjennast på å vere eit folk som ikkje oppfører seg.

I min jobb høyrer eg om barnehagetilsette som får «kjeft» frå små born. Små prinsesser og prinsar – som er vane med å få det som dei vil heime.

Eg høyrer om leiing på skular som oftare og oftare får besøk av advokat i foreldre sin stad – når dei same prinsessene har blitt store.

Det er 25 år sidan ei venninne og eg flykta frå eit hotell spesial tilrettelagt for born sin trivsel. Det VAR  ikkje trivsel når dessertbordet såg ut som ei slagmark. Når hotellkorridoren vart brukt som sprint arena. Og foreldra sat utfor hotelldøra – for at ungane skulle få herje på romet, Dei som framleis har små born – fortel at tendensen har halde fram.

Og no; siste dagars media rapportar om norske ungdomars (russ som feirar 3 år før dei er russ…..)»frislepp» på greske øyar .

Ein politimann imponerte meg stort på Dagsrevyen denne veka.

Han snakka som ein klok politikar.

Og brukte eit begrep som tok meg.

«Produksjon av lidelse»

Det han meinte var at desse ungdomane øydela si eiga framtid.

Dop. Fyll. Sex. Bot. Fengsel. Negativ merksemd.

Kanskje moro no – men lidelse lenger framme.

Han ønska ein politisk debatt – og endring; når det gjaldt norsk russefeiring.

På spørsmål om kva som kunne gjerast, hadde han eit enkelt svar:

«At vi gjer det same som vi vart fortalt når vi vaks opp. Så lenge du bur heime – under mitt tak, er det mine reglar som gjeld.»

Problemet er vel at desse reglane og normene er sterkt endra. OM dei overhode finnast.

Er det slik vi vil ha det?

Eg er overbevist om at born VIL ha grenser. Dei VIL verte fortalt kva som er rett og galt.

Dei VIL ha leggetid. Dei VIL ha beskjed om at det ikkje vert trampoline, for det har vi ikkje råd til. Dei VIL leve fint med at iår vert det ikkje utanlandsferie. Dei VIL lære seg respekt for sine medmenneske og seg sjølv. Eg trur jamvel dei fleste OGSÅ ynskjer å kunne bety noko for andre. Gjere velgjerningar. Ta omsyn.

Mitt gamaldagse eg, trur også at BÅDE born/unge og vaksne ynskjer skilnad mellom helg og virke. Eller som eg har med meg heimanfrå: » først yte, så nyte». Grensa der flyt idag.

Vi treng faktisk pauser. Fritid for haud og kropp.

Eg var også i Hellas i ungdomstida. På dei greske øyar. Og gjorde vel også ting som eg ikkje akkurat hadde lært heime. Sunn utprøving er vel ein del av å vekse og bli eige menneske.

Men ALDRI å gjere noko som skada andre.

På Mykonos vart vi tekne i lære av ei gresk kvinne, gift med ein nordmann – da vi gjorde som dei fleste på den tida. Sola oss toppless. Det virka krenkande på det greske folk, fekk vi beskjed om.

Sjølvsagt gjorde det det! Når unge jenter på 80 talet ikkje fekk møte unge gutar, utan å ha med seg bror eller anna slekt, korleis kunne vi tru at toppless var greitt?

Så eg lærde. Og eg har lært frå meg. Når du reiser til eit anna land – er det deira reglar som gjeld.

Kven har fortalt dei norske «russe» ungdomane om det?

Eg kjem i hu songen «Din ungdom er gitt deg til odel og eie, du kan ikke give den bort.»

Du er ung berre ein gong. Du har berre ei ungdomstid.

Skytsa frå meg går ikkje først og fremst mot ungdommen.

Det er så sabla mange bra av dei.

Nei, den går mot oss.

Vaksne. Oss som skulle ha oppdratt dei.

Vi kan sende med dei meir på vegen enn vi gjer.

OG vi må våge å ta den politiske debatten. Om ei samfunnsutvikling som akkurat no ser ut til å gi oss eit Norge med bortskjemte dritungar. Og rolleusikre og redde vaksne.

 

 

 

 

 


Legg igjen en kommentar

Når leiing krenkar

34033973_10156610500698783_5091422612576272384_n

Eg skal skrive om dei som aldri burde ha blitt leiarar.

Om kor dei øydelegg.

Og der motivet av og til er å bli kvitt «dei sterke».

I denne bloggen frå Aura Consulting skal eg ta bladet frå munnen.

Eg har vore der sjølv.

Og mange har vore der.

For mange er der framleis.

Under leiing av desse.

I ein bedriftskultur som let dei halde på. Og fram.  Eller som ikkje veit kva dei skal gjere. Eller ikkje torer å gjere noko.

 

Snakkar eg om psykopatar? Nei. For der gjeld det berre å kome seg vekk.

Men eg snakkar kanskje litt om folk med psykopatiske trekk.

Men veit du? Mest om dei  som driv med uakseptabel leiing.

Fordi kulturen tillet det.

Denne bloggen skal ikkje vere mi historie. Eller historier.

Det kunne det gjerne ha vore.

Men den skal vere andre si.

Tilsette som kvar dag står med angsten i halsen. Ikkje berre på jobb.

Men på veg til jobb. Som ikkje søv. Som mistar matlyst. Og sjølvtru.

Det er mest gode historier. Om god leiing. Men det har eg skreve om i 2 år.

No er det på tide å skrive om uakseptabel leiing. Som skadar. Som kan skade mennesker resten av livet. Som kan traumatisere. Som kan gjere dei arbeidsudyktige. Som kan øydelegge deira muligheit til ny jobb. Deira ambisjonar. Og helse.

Kultur for det. Kulturen aksepterer. Tillet. Eller fryktar. DERFOR er det mulig.

Kvar startar det?

Av og til allereie ved tilsetting. Feiltilsetting. Arbeidsgivar er opprådd. Tek dermed for lett på det. Tek inn folk som ikkje skulle ha vore tilsett.

Mangel på folk. Mangel på kompetanse. Tek dei ein har. Små stader. Vågar ein ikkje stille krav? Ha forventningar? I frykt for å miste kompetanse? Eller stå utan leiing?

Referanser har ikkje vore ærlege. Ein annan arbeidsgjevar vil bli «kvitt» ein dårleg leiar. Og gjer neste arbeidsgjevar ei bjørneteneste.

Så kan vi ha lokale avdelingskulturar, foreksempel sjukeheim kontra personalavdeling.

Eg er inni fleire verksemder der dei som er nærast leiaren dagleg – ser at dette er skadeleg leiing. Men f.eks der personal(som er nærare rådmann), ser det annleis.

Og så får leiaren fortsette…….

 Korleis kan ein rette det opp?

Ved medarbeidersamtale. FØR prøvetid er ute.

Om ein ikkje har oppdaga at ein har tilsett feil innan 6 månader, så må arbeidsgjevar ha mot ved hjelp av tett oppfølging og konkrete forventningar – å gjere ei oppseiing mulig.

Denne bloggen handlar om konsekvensane når dette ikkje skjer.

For dette er ikkje enkelt. Men om ein har KULTUR FOR at det er slik ein skal gjere det i slike tilfelle, så er det eit styringsreiskap. Som gjer det enklare.

KVA ER LEIING? For meg er det iallfall å ville folk vel. Få ut potensialet deira. OG ha tydelege forventingar. Om kvar vi skal. I lag.

Det veit vi folk gjer best når arbeidsmiljøet er godt.

Kongstanken

Eg skulle ønske at langt fleire spurde seg sjølv kvifor dei er leiarar? Kvifor dei passar så godt til å leie sine folk.  Kvifor vart du leiar?

By accident? Vart det berre slik? Eller var det fordi din leiar «likte» deg? Likna på seg sjølv?

Ja, for dette kan jamvel gå i onde sirklar. Ein dårleg leiar tilset ein annan dårleg. For å ikkje få motstand. Kritiske spørsmål.

 

Er det slik at alle menneske lett forheld seg til leiing?

Neida. Det finnast eit bitte lite mindretal som vil gjere som dei sjølve vil. Det kan også handle om lita sjølvinnsikt.

Eg hevdar likevel etter å ha jobba med dette i over 30 år, at der er fleire dårlege leiarar.

For meg har det betydd – at eg heile tida sjølv må vurdere mi eiga leiing. Min måte å vere på.

Derfor har eg også i alle år – hatt fokus på å utsette meg for attendemeldingar.

Det er vel berre slik at ein utviklar seg?

» Gi aldri opp troen på livsverdier som skal være ukrenkelige»

Albert Schweitzer

Eg ser;

at dersom det ikkje er kultur for å skaffe seg dyktige leiarar og kvitte seg med dårlege(for å seie det enkelt) – så kan vi skape ein fryktkultur. Ein kultur der det er kamp om revir. Der mobbing skjer. Ofte i det skjulte. Der dei tilsette sin kunnskap, ja til og med personlegdom! – kan verte ein trussel.

I fleirtalstilfella får dette halde fram. Fordi den som har skoa på, leiaren, har redsel for å avsløre eiga manglande meistring.

Folk spør meg ofte om kva dei skal gjere.

Akkurat HER gjer eg unntak.

Eg gir råd.

Om kulturen vernar dårleg leiing; kom deg der ifrå.

Ta vare på eiga helse.

Du kan gjere ein utmerka jobb i ein annan arbeidskultur.

 

 

 

 


1 kommentar

SO tomt

 

Eg har i tidlegare bloggar sagt at eg er ikkje så flink til småprat.

Dermed får eg ofte høyre korleis folk EIGENTLEG har det.

Stein i sjøstjerne.jpg

Før påske; visste eg at det ikkje berre var eg so kjende på å vere aleine når påska tok til.

Vi er mange som har det slik.

Og eg har styrt på etter alle kunstens reglar.

Teke ein dag om gongen. Og klart å ha mange gode augeblikk.

Gått tur.

Vore på ski.

Vore på arbeid.

Reist på besøk.

Invitert folk.

OG vore aleine.

MEN LIKEVEL.

Veldig mange har nok med sitt. Slik er det vel.

Eg lever godt med å kjenne meg aleine innimellom.

Men kjensla av einsemd kom snikande for første gong i januar.

Og den er verre.

————–

Denne påska har eg tenkt mykje på kjærleik.

Det er ikkje kjærleiken som nødvendigvis tek slutt.

Den kan vare. Halde fram.

Men personen kan mangle motet til å velge kjærleiken.

Den vanskelege. Den utfordrande.

Men vel vanen. Det trygge. Det enklaste.

Og dermed er noko over.

Utan at nødvendigvis kjærleiken er over.

——–

Eg har kjærleik til mange.

Det er så mange fine folk der ute som eg bryr meg om.

Og det hjelp. Å ha nokon å bry seg om. Få lov til å vere noko for andre.

——

Eg las eit portrettintervju med Gro Harlem Brundtland i påska.

Når ho skulle snakke om tapet av son sin, sa ho:» En del av prosessen ved å leve videre uten noen, er at du hele tiden må tenke på, snakke om, være en del av den personen.»

Ho trudde ingenting på at ein skulle slutte å snakke om den ein hadde mist.

Som Frida Aannevik syng:

Eg har blitt fortruleg med ditt sinn.

Kan det seiast betre?

Så er det kjærleiksorg? Er det kjærleiken som tek slutt? Eller er det på ein måte å skiljast med eit liv?

Å skiljast med eit liv tek tid.

Så denne vesle bloggen er til oss som har kjent på tomheit i påska.

Men no er vi snart gjennom.

Og vi har klart det.

Snart er det kvardag igjen.

Og den meistrar vi betre.

Inntil vi er i vater igjen.

Har kome oss i andre spor.

Kome til oss sjølv.

 

 

 

 

 


3 kommentarer

Kan traumer gjere deg sjuk?

27848153_10156299212438783_1709577587_n

Eg tenkte å skjule det.

Men så er det synleg.

Seinast tysdag i kommunestyret vart det påpeika.

Og i erkjennelsen av at eg er ein offentleg person, vert dette formidla som ein blogg.

Istaden for eit facebook innlegg.

Og på eit vis er dette også historia om fortsettelsen. På mitt livs traume(skade eller sår).

Også det ein erkjennesle.

At sjølv kor hardt eg har jobba for å bli meg sjølv igjen, eller eit nytt meg sjølv, så reagerer kroppen.

Tankane er på veg til eit nytt liv. Og vil dit. Men kroppen sett meg av og til i freeze att.

Eg tok traumeutdanning i 2015/2016.

Og med denne bloggen ynskjer eg å alminneleggjere traumer.

Kvar  veke møter eg folk som har med traumer som ein del av sin livsbagasje.

Det at eg brukar meg sjølv som eksempel – vonar eg gir andre håp.

Kroppslige plager i ettertid
«Stressreaksjonene under og etter traumatiske hendelser innebærer sterke kroppslige reaksjoner. Dette kan medføre kroppslige plager i ettertid. Mange har smerter eller anspenthet i kroppen som ikke har en klar medisinsk årsak. Samtidig vet vi at mennesker som har opplevd traumatiske hendelser har økt sannsynlighet for å bli rammet av fysiologiske sykdommer, noe som gjør det svært viktig at de kroppslige plagene utredes grundig av lege.»

Kilde: Norsk psykologisk forening

Psykiske traumer kan gjøre deg fysisk syk

”Study of Health Outcome after Trauma”

«Traumer er i utgangspunktet psykologiske belastninger. De foreløpige resultatene fra vår studie viser at langvarig stress også påvirker kroppen på mange forskjellige måter. Det kan for eksempel gi hormonforstyrrelser, muskelspenninger eller påvirke energiomsetningen i kroppen.»

Kilde: Forskning.no

 

_____

Med min nye kunnskap om traumer, så veit eg at det som trengs for å verte «aktivert» att, er ein ressurs. For meg er det oftast eit menneske som kan snakke med meg. Vere interessert. Som ikkje har svara. Men spør. Dette har eg skrive om i tidlegare bloggar.

Eller ressursen kan vere ei naturoppleving. Eller å skrive. Ein stad. Eller ein song.

Så på det viset kan kanskje denne bloggen også vere til nytte for andre?

Å leve i uvisse. Å ikkje vite alt. Veit vi nokon tid alt? Kva som kjem til å skje rundt neste sving? Ingen av oss har garantiar.  Kunsten er å innrette oss deretter.

______________

Denne historia starta 1.juledag i 2016. Som seinare viste seg å vere ein fortsettelse….på ei anna historie.

Eg vart brått kjempesjuk, og måtte til legevakt.

Symptoma var svært sterke smerter i tenner, kjeve og ansikt( eine sida). Og press mot eine auget. Og opphovning.

Eg fekk smertestillande, naudtimar hjå tannlege – og vart til slutt henvist til kjevespesialist på sjukehuset.

Så midt oppi flyttesjauen i fjor februar, kom kjevekirurgen til at funna var uklare(♥jmf det eg saksa frå fagblada over), men dei ville likevel rå meg til kjeveoperasjon.

Det var fastlegen min som sa det som gav meg forklaringa. «Er det noko rart? Du har bite tenna saman for å takle krenkelsar sidan du møtte mann din». Og du har bite dei ekstra sterkt saman siste året, for å klare å kome deg attende til livet.»

Fastlegen har kjent meg sidan 2003.

Mi historie er som eit heilt bibliotek. Og han kjenner noko av den. Og han har også snakka med meg om at når menn gjer handlingar som dei skammar seg over, så har dei ein tendens til å stikke. Ikkje snakke.

 

» Å stå oppreist når du ligg nede for telling» – bloggen frå sept-15; fortel nok om traumen.

Så fastlegen har rett, eg har bite tenna krampaktig saman.

Men som eit nytt Sør- Afrikansk bekjentskap sa i sitt foredrag på Verdskonferansa i LØFT i Frankfurt i fjor:

«Ikkje blir distrahert av traumehistorien. Bygge relasjon med personen, ikkje traumet.»

Ho sa også at vi må gi «Airtime» til kven personen er, istadenfor kva som skjedde.

Vi kan ikkje ta traumen bort – men Exspand it.  Spørre spørsmål som lagar ein ny opplevelse.

Dette har eg klart å gjere. Og eg har klart å knyte til meg dei menneska som bygger relasjon med meg.

Likevel. Ja, likevel. Så vert eg tatt igjen. Fortida slår meg i bakhaudet når eg minst ventar det.

________

Eg sa nei til kjeveoperasjon.

Og eg gjekk laus på same prosedyre som eg brukte da eg trudde eg kunne unngå hofteoperasjon, trening.

Trene kjevemuskelatur pluss massage. Det hjalp. Det hjalp i slik grad at dei sterke smertene var borte. Men framleis hadde eg av og til – og for ofte, kjensla av «lammelse», og eg vart opphovna.

Venstre delen av ansiktet mitt er konstant større enn høgre.

Men verst er at det at det av og til går ut over taleevna. Til tider får eg problem med å snakke. Eg snøvlar.

Ansiktet mitt og stemma mi – er mitt største salsobjekt i Aura Consulting.

Det er her det meste språket og kroppsspråket foregår. Så sjølvsagt er dette alvorleg for meg.

Dei som følger bloggen min, veit at eg i fjor sommar ramla ned frå hemsen på Turtagrø hotell. Ambulanse til sjukehus. Røntgen av hofter og rygg.

Alt vel.

Men i haust fekk eg sakte men sikkert problem med å ta venstre handa bak. Kle på meg. Ligge på handa. Og til slutt var handa hjelpeslaus.

Også dette hadde eg tru på kunne trenast vekk, da eg tenkte at eg kunne slått eit kvart i fallet på 2 meter.

Men i januar vart eg haste sendt til røntgen og MR av skuldra.

I mange år har eg hatt ein kul mellom haud og skulder. Godarta.

Men siste par åra har den vakse til det firdoble. Så den tok dei ultralyd av den i same slengen.

Kvifor? Fordi dei ville vere sikre på at det ikkje var kreft i den.

Men funna var ikkje tydelege nok, til at dei kunne avfeie kreft.

Så no er den avgjerande datoen 12.februar. MR av kulen.

 

Er det kreft? Det håper eg sjølvsagt ikkje. Fordi eg elles kjenner meg storarta.

Vanskelege kjensler er ein del av kontrakta di med livet.

Operere den vekk må eg uansett, seier dei.

Og eg trur; at kulen er årsak til ansiktet. Og skuldra/handa. Fordi den har blitt 6/5 cm, og truleg pressar på nervar.

Kvifor har kulen vakse så mykje siste to åra?

Høge skuldra og samanbitne tenner?

Ikkje veit eg.

Men eg forstår at det er samanheng mellom traume og fysiologiske endringar.

_____

Eg avsluttar bloggen med optimisme.♥

Alt anna ville vore ulikt meg.

Trass alle smerter og hendelse – 2017 vart Aura Consulting sitt beste driftsår.

Ikkje spør meg korleis det er mulig.

Anna enn at av og til ER det umulige mulig.

Eg treng ingen som synest synd i meg. Det har aldri hjulpe.

Men eg treng folk som etterspør det eg klarer og kvifor.

Og kjem med heiarop!♥

For i 2018 skal eg danse meir!


Legg igjen en kommentar

Kultur for trøbbel!

 

Av og til merkar ein det.

At nokon berre vil faenskap.

Tøff start på ein blogg?

Denne er dedikert til dei som ikkje gir seg. Og til dei som vil øve.

Det er dessverre slik at av og til er det «dei verste» som vert att på ein arbeidsstad.

Dei som verksemda burde ha kvitta seg med.

Dei andre gir seg. Orkar ikkje meir.

Denne bloggen til Aura Consulting vert litt vinkla litt todelt.

Den skal både handle om at vi er for lite vakne i timen. Med det meiner vi at vi trur at kultur ikkje har betydning. FØR eit eller anna går til helvete.

Men den skal også handle om det spørsmålet eg svært ofte får ute i oppdrag: Kva gjer vi med «dei verste»?

Det er lurt å vere budd. Det finnast påskevettreglar.

Kva er det som gjer at vi trur vi kan vandre gjennom livet utan trøbbel?

Kva er det som gjer at vi trur at det mellom ein gjeng ulike folk på jobb ALDRI skal oppstå trøbbel?

Kvifor trur vi at alle veit korleis dei skal oppfører seg i alle situasjonar – utan at vi har snakka om det?

For mange år sidan heldt eg foredrag om etikk på Høgskulen i Molde.

Eg spurde studentane om det var fritt fram og oppføre seg som ein ville på jobb.

Det hadde dei ikkje noko svar på….

 

Eg seier ofte at å vere kollega, er å vere ein del av eit sjebnefellesskap.

Og det er få av oss som har valt kollegaen vår..

Det er BÅDE kjekt OG utfordrande å vere i eit slikt felleskap.

Her seier eg også som LØFT, at i fleirtalstilfella kan du velge kva du leitar etter hjå den andre. Du kan leiter etter det du» likar» eller det du «mislikar». Og dermed vert det meir av det.

Så trøbbel kan forebyggast.

Etter mitt syn er likevel det klokaste å bygge kultur. Og å handle deretter.

Det ER nemleg ikkje fritt fram og oppføre seg som ein vil på jobb.

Det vil ALLTID utvikle seg kulturar på ein arbeidsplass. Opptil fleire.

Det kan f.eks utvikle det som eg kallar «familiekultur».

Utad er kulturen perfekt. Men arbeidsplassen oppnår ikkje resultat.

Det kan også vere styggedom internt. Mobbing. Trakassering. Nokon bestemmer. Uformell leiing. Men ofte godt skjult.

Slik som det kan vere i familier.

Eg har skreve om det fleire gongar før.

Vi manglar mot.

Men mot kan trenast opp.

Grunnmuren for å kunne lukkast; er at det i botnen er ein aktiv og levande kultur.

Altså ikkje «på – papiret» kultur. Det er slik vi oppfører oss kulturen er eit uttrykk for, ikkje det som står skreve.

SÅ HAR VI DET EG KALLAR 80/20 PERSPEKTIVET.

Leiarar har ein tendens til å gi 80 prosent merksemd til dei 20 prosenta det er mest trøbbel med.

Kva hadde skjedd om dei gjorde omvendt?

Det ein leiar gjer, vil vere eit kulturbodskap. Dermed er det lett for at dei øvrige tilsette får fokus på det same.

Det kan sjå ut som vi aldri vert leie av å snakke om og forklare kvifor nokon er så vanskelege.

Vi har enkelt episodar. Mange. Ofte frå langt attende i tid.

Nokon av mine kundar ler(fordi dei kjenner seg att), når eg seier eg har høyrt nok.

Eg treng ikkje vite meir for å forstå at dette er vanskeleg.

Så korleis går eg da fram?

Eg spør ofte om kva folk har gjort med problemet så langt(20 prosenten).

Svaret kan vere ingenting.

Men svaret kan også vere at dei har sagt frå. Korleis, kan eg spørre. Og ofte betyr da «sagt frå», at folk har fått vite kva dei har gjort feil, er skuld i, osv.

Virka det? spør eg. Nei. Så kva gjorde du da? Ingenting. Sannheita ER sjeldan ingenting.

Men det har blitt snakka meir om det som ikkje virka.

I enkelte tilfelle kan også dette har vore teke fatt i, på ein løysingsfokusert måte.

Men så har ein sluppe taket. Ikkje fulgt opp. Ikkje vore samde om kva tid skal dette vere løyst.

Eller iallfall byrja å verte betre.

LØFT snakkar om at på dei fleste arbeidsplassar er der klagaradferd, kundeadferd og besøkande adferd. Det har eg beskreve i bloggen KAKTUS i bedriftskulturen.

Kven som har klagaradferd kan variere.

Men mitt poeng er at slik adferd ikkje kan aksepterast over tid.

Så dermed må folk få formidla ei forventning om anna adferd.

Kva tid endringa  skal vere synleg eller høyrbar.♣

Og kva som er bidraget frå vedkomande sjølv. Og andre.

Og første vesle teikn på at dette vert slik.

Det er sama prinsippa ein tek i bruk i store grupper.

Så må vi heller ikkje gløyme LØFT setninga som heiter: «Kvart eit kvart klagemål finnast eit ønskemål». Finn det!

Om der ikkje er ønskemål, oversjå klagaradferd.

Om heller ikkje det hjelp, gi klare forventning til endring. Start med det viktigaste!

Om heller ikkje det hjelp, har iallfall LØFT vore prøvd. Du har fått ei avklaring.

Og du kan sitje att med kronisk klagaradferd.

Det er og blir ei leiarutfordring.

Det er der den høyrer heime.

For det kan ende med oppseiing.

 

Så avslutningsvis; tenk deg om. Når du kjenner deg sliten.

Kan det vere fordi du for lenge har opna opp for trøbbelspråk?

Ta grep. Bygg kultur. Og mot. Saman med dine. Og tren på å ha fokus på framtid og løysing.

Som Gro Johnsrud Langslet har sagt; «du får aldri for lita tid til å snakke om problem».

DET ER HELLER IKKJE DER DU FINN LØYSINGA.


2 kommentarer

«Eg og»

21013305_10155797110438783_2114267437_n

Eg var og så nyversjonen av den norske spelefilmen «Ni Liv», «Den 12`mann» i forgårs.

Verknaden av den kjem til å vare.

Mor sa ofte når eg spurde henne kva som var viktigast i livet, (etter at ho hadde sagt oss borna og at alle hadde god helse); «landet vårt».

Slik kjende eg det når eg såg filmen. Så stolt over alle som har jobba så beinhardt for eit fritt Norge.

Som ofra så mykje.

Men som også sette andre framføre seg sjølv.

Det er kanskje det Aura Consulting sin blogg nr 41 skal handle om.

Eg er nemleg overtydd om at vi må snu samfunnstrenden.

Lat oss byrje i det små.

Kva kan eg gjere for andre? Istadenfor kva andre burde gjere for meg.

#metoo kampanjen har prega siste del av 2017.

I alle år har menn hatt meir makt enn kvinner.

I like mange år har kvinner falt for menn med posisjon.

Nokre av dei mannfolka har teke seg til rette.

Eg har tru på LØFT sin antagelse som seier at det er ikkje anten eller. Det er ofte både og.

Altså i dei fleste tilfelle er vi to om saken. Vi kvinner har ansvar og.

Eg starta som leiar som 26 åring. Og har stort sett vore einaste kvinne i leiarteam.

Men kun 2 gongar kan eg minnast trakassering frå menn.

Det var av ein hovedtillitsvald. Ein type som eg idag ville ha kalla ein gamal gris.

Og av ein rådmann. Som eigentleg også var ein gamal gris. Og som i tillegg akkurat da var full-  i embeds medfør.

I ettertid tenker eg som LØFT. Kven eigde problemet?

Kva er det slag mekanismer som gjer at vi tillet folk og oppføre seg som dritsekkar?

Eller kvifor bygger vi opp under folk si sjølvkjensle – som heller skulle ha vore teke ned eit hakk?

Ein kan ofte undre seg over mindre pene menn( og som heller ikkje er særleg hyggelege), men med makt; og i ein posisjon – har draget.

MEN; ganske mange fleire gongar har kvinner vore min største fiende. Men på ein meir infam måte. Meir usynleg. Jobba meir i det skjulte.

I ettertid ser eg at det har vore styrt av sjalusi og misunning.

 

Men i mine tidlege år som leiar – såg eg ikkje det.

Eg trudde vel for godt om folk. At folk var glad for å få både min kompetanse og mitt engasjement. Eg forstod ikkje at eg kunne verte sett på som trussel. At eg utfordra eit revir.

Dette var og ein form for trakassering. Som kjendest så sterkt at eg 2 gongar valde å skifte jobb. For å bevare helsa. Livsmot og sjølvtru.

 

Men for å vere heilt ærleg. Det gjer meg meir å sjå folk i eit samliv som tillet seg sjølv å verte utsett for trakassering. Dei er i ein situasjon der dei ikkje klarer anna. Klarer ikkje å stå opp. Dette har eg vore vitne til eit heilt arbeidsliv. Og hjelpa? Det finnast inga – FØR dei sjølve er klar for å ta eit anna val.

Like trist er det å sjå at dei ofte vel same type i neste omgong.

Så kva er løysinga?

Ein del av det – er at folk vert trygge nok i seg sjølv. At folk kjem i ein situasjon der dei klarer seg sjølv. Også økonomisk.

 

Vi menneske er flokkdyr.

Eg ser det på arbeidsplassar. I kulturen. Det er ofte ikkje lett å vere i mindretal.

Det er altså VERKEN lett å vere den som seier at arbeidsdagen stort sett er flott(når fleirtalet meiner den ikkje er det, eller har teke til orde for at den ikkje er det).

Eller vere den som seier at eg er utsett for krenkingar. Når alle andre meiner at personen er super.

Språk smittar. Vi får meir av det vi har fokus på.

Men vi må ikkje gløyme kva språket vårt skapar slags merksemd.

For nokre år sidan jobba eg mykje med idrett.

Og i undring kunne eg frå sidelinja sjå at så fort EI avis hadde sagt noko ufordelaktig om ein trenar(som vi berre hadde høyrt godord om før), så gjorde fleire aviser det same.

Og praten gjekk rundt lunsjbord  og i «dei tusen hjem» – og til slutt vart trenaren endra frå å vere framifrå – til han vi ville ha han sparka.

(vi meinte til sist at han eigentleg aldri burde ha vore tilsett…..).

Så kva er budskapet mitt i denne bloggen?

Det er flott at dei som i ulike samanhengar har vore utsett for trakassering, gjennom denne kampanjen har funne mot og styrke til å stå fram.

Men eg vil rope eit varsku til oss flokkdyra.

Fleirtalet blant oss har gode haldningar og verdiar, og let ikkje makt og posisjon gå oss til haudet. Eller ein annan stad.

Eg har lyst til å gi merksemnd til dei gode menn. Og kvinner.

Dei er det flest av.

Og lære meg teknikkar for å takle krenkarane.

Og til slutt; ta ansvar for eigen adferd.

Som mor – har eg også eit ansvar for å sende med son min same budskapet.

 

Eg har eit ynskje om taktskifte i 2018.

At vi vert mindre opptekne av kva oss sjølv er utsett for, men meir opptekne av kva andre er utsette for.

Kva har det med spelefilmen og gjere?

Kva land vil vi ha framover? Kva verdiar vil vi verne om? Kva skal vere viktig for oss?

Mot til å vere oss sjølve. Mot til å sei frå.

Men også mot til å gå med den minste flokken.