Aura Consulting


Legg igjen en kommentar

«Å kaste seg ut på ope hav»

IMG_3580DSCN1150

Dette er historia om da eg gjorde det.

Og dette er fjerde bloggen til Aura Consulting.

Dette er ikkje historia om da eg etablerte firmaet. Den kjem seinare.

Men det er historia om å vere på leit. blanda med flaks eller sjebne – og historia om å våge å gå for det du trur på!

Eg hadde i mange år vore spesiellt interessert i kvifor det var så lite fokus på bedriftskultur i endringsprosessar.

I mi tid som leiar, såg eg at du kan endre modellar og strukturar så mykje du berre vil. Men folka som er der, vil gjerne oppføre seg som før. Og det er slik folk oppfører seg, kulturen er eit uttrykk for.

På min heimeside er der søkeord. Det betyr at når folk f.eks googlar bedriftskultur, så er heimesida mi, eit av altenativa dei får opp.

Ein dag i 2006 var eg inne og googla, for å sjå kor i augefallande heimesida var, i høve til andre treff på bedriftskultur.

Der fekk eit plutseleg opp eit treff som heitte Bedriftskulturstudium i Tromsø!

Det var ope for folk i Troms og Finnmark. Og var eit samarbeid mellom Høgskulen i Tromsø, Tromsø Næringsforening og Sparebank 1 Nord Norge.

Eg ringde opp og spurde om det var mulig å sende ein søknad.

Så kom eg altså inn! Som einaste «søring»!

Da kom alle «men»a. Korleis skulle eg finansiere dette? Ein gong i måneden til Tromsø? Eg kjende ingen der. Korleis skulle dette gå? Skulle eg våge?

Lang historie  – litt kortare 17.januar 2007, dagen før studiet starta, arrangerte eg mitt første LØFT kurs i Tromsø. 63 deltakarar! Det finansierte resten av studiet!

Det beste av alt; på dette studiet møtte eg 20 andre leiarar – som til liks med meg var unikt opptekne av bedriftskulturens betydning i endringsprosessar!

Kva gong vi hadde samling, hadde vi også sosial samling. Og etter at studiet var over, fortsette vi og møtast som nettverk.

Dette spranget mot nord – har blitt mitt største sprang til utvikling og glede! Ikkje ein einaste gong har eg blitt omtalt som «søring» – eg har blitt teken imot som ein av deira eigne frå dag I.

Da eg arrangerte den første nasjonale Bedriftskulturkonferansen i 2010, så kom dei til Molde.

Eg har fått enorme gevinstar ved å kaste meg ut på ope hav i 2007. Eg har verkeleg fått sett betydninga av gode nettverk. Eg har pga av dette nettverket fått innpass til markedet i Troms og Finnmark. Eg har fått set meir av desse fylka, enn eg nokon gong kunne ha drøymt om! Eg har møtt eit folk eg kjenner meg totalt på bølgelengde med. Og eg har fått ein heiagjeng som «står han av».

Men mitt i dette kullet mitt, var det eit menneske som skulle kome til å bety meir enn dei andre. Som er ein nettverksbyggar og døropnar av rang. Hanne Sofie Roaldsen.

På grunn av henne har eg kome med på eit Barents samarbeid som kvinnelege leiarar. Eg har kome til Murmansk. Til Senja. Til Svalbard. Og eg har møtt, blitt begeistra og fått kontakter og vener for alltid i nord.

Dette har gitt meg nye muligheiter. Og ny sjanse til å kaste seg ut på ope hav.

I 2014 starta eg base for Aura Consulting i Tromsø. På min faste base Thon Polar Hotel, og hos direktør Aid.

Og til hausten skal eg igong med å lære russisk. For eg vil inn i det markedet med LØFT.

Ingenting av dette hadde skjedd.

Om eg ikkje kasta med ut på ope hav i slutten av 2006, og våga og tru at eg skulle få det til.

Sidan eg starta som sosialsjef i 1988, har det vore viktig for meg å bygge opp mot og sjølvtillitt hos medarbeidarar og motakarar av våre tenester.

Dess meir erfaring eg får, dess meir kan eg stille spørsmålet: «Kva er det verste som kan skje?».

I mange år har eg også brukt visualisering, og dette med å sette ting i perspektiv.

Men eg har ikkje gjort det så tydele som Erik Bertram Larsen gjer det i boka si»Bli best». Han seier nemleg; «sett livet ditt i perspektiv med døden».

Det betyr; tenk om dette var den einaste sjansen du fekk ttil å gjere det du grudde deg til. F.eks halde tale i konfirmasjonen til son din.

Ville du da ha sett annleis på det?

I dagens jobb møter eg mange som grur seg for ting. Eg trur mange er opptekne av at det dei skal gjer, må verte perfekt.

Og eg ser mange som er så redd for å feile, eller å oppleve manglande mestring, at dei la vere.

Den løysingsfokuserte tilnærminga seier, av og til er godt nok, godt nok. Og dersom du bommar, eller det ikkje gjekk akkurat som du hadde tenkt. Du har prøvd. Og du har lært noko.

Livet er altfor kort.

Våg deg ut på.

.DSCN1825


Legg igjen en kommentar

«Å få livet i gåve».

10649526_703117533096174_8165420165898670820_n

Dette bildet har eg fått låne av eit kjært syskenborn, og passar godt til dagens blogg. «Ikkje sit inne, når alt håp er ute». Bloggen er den tredje til Aura Consulting.

I går gjorde eg noko så sjeldan som å ligge nede for telling. Total makteslaus. Og sjølv kor eg stritta imot, måtte eg berre gje meg over ende for feberen. Og for tredje gong i firmaets 12 årige historie måtte eg avlyse eit oppdrag.

Ein kjenner seg dum når ein må ta telefonen og fortelle det som det er. Fordi ein er så van med å vere i «fullt visk», så er det omtrent ei falitterklæring. Men eg prøvde å snu alle tankar i retning av at «imorgon er du på igjen, og kan gjennomføre alle oppdrag!»

I dag når eg vakna opp, var det i ei heilt anna utgåve av meg sjølv.

Og kjende det som eg hadde «fått livet i gåve». Nesten som eg vandra ut på tå hev – i tilfelle kjappt tilbakefall. Eg kunne gjennomføre oppdraget! For ei glede!

Denne vesle lidingshistoria mi, vart likevel ein reminder.

Først å fremst på kor heldig den er som stort sett har god helse! Av og til seier eg når eg er ute og har oppdrag, Tenk kor heldige vi er som har ein jobb å gå til! Eg meiner det ligg mykje helse i arbeidsglede.

Dagfinn Haar; som var kommunelege i Årdal, da eg var sosialsjef der, har sagt mykje klokt. «En negativ kultur

( i familien, på arbeidsplassen, i samfunnet), vil i siste instans kunne gi dårligere helse». Og LØFT, løsningsfokusert tilnærming sier «At det du har fokus på, får du mer av». For meg betyr det at korleis du tenker og snakkar om å kanskje verte sjuk, eller vere sjuk, vil f.eks dei du har foreldreansvar eller leiaransvar for høyre. Og deretter lære. DU er ein kulturberar for korleis språket utviklar seg i din heim og på din arbeidstad.

I går tenkte eg også på kjensla eg hadde når eg melde meg sjuk. Vi høyrer ofte at det har blitt for lett og melde seg sjuk. Det kan nok stemme av og til. Men eg trur fleirtalet synest det er eit vanskeleg steg og ta.

Det som slo meg i går(og som eg ofte høyrer frå dei eg coacher) – kor avgjerande det er korleis du vert møtt!

Mange sjukmelde seier til meg, at det verste er ikkje alltid å uroe seg om «ein vert som før», og får helsa attende. Men korleis dei andre vil møte dei når dei kjem attende på jobb.Og eg tenkte også på korleis det er for dei som LENGE står utanfor «normallivet», utan å ha noko givande å gå til. Som gir kjensle av meistring.

«Menneske vert berre menneske gjennom menneske» – UBUNTU; afrikansk uttrykk.

Det å kjenne at nokon treng deg – og at nokon vil sakne deg om du ikkje er der – er ei stor motivasjonskjelde!

Alle skulle vi hatt nokre vinterstormar i ny og ne – da hadde vi både forstått kvifor nokon sit inne, når alt håp er ute. Men vi kunne også ha bidrege til at dei kunne ha funne sine små steg for å kome seg ut att.


Legg igjen en kommentar

«What a difference a day make»

Gjennom sine små 24 timar; heiter det i songen.Og det er bra sikkert. Vi må berre vere observante.

Dette er Aura Consulting sin andre blogg.

Morgonen sine fargetrådar treng ikkje stemme med det som kjem ut av dagen.

IMG_3581

Eg vert ofte så oppkvikka, når dagen innleiingsvis syner seg med eit mektig lys. Som den gjorde når eg entra kontoret på Aker Stadion for 2 dagar sidan.

Dagen i dag starta annleis. Det var glatt da eg sette meg i bilen for å køyre til Kristiansund. Og dei som kjenner meg godt, veit at glatte vegar bekymrer meg. og nesten kan svartlegge dagen, før den har fått ein sjans.

Men da eg nærma meg Krifast, og opplevde morgonen som vakna, var det så vakkert lys, at eg nesten stoppa bilen.

Og brått forstod eg at noko var i gjære.

Dagen ville bringe noko som ville bety noko ekstra.

Dette var siste gongen eg skulle veilede ei gruppe eg har jobba med i 2 år. Og eg må berre innrømme det. Etter å ha jobba nesten i 12 år som sjølvstendig – og møtt utruleg mykje ulike menneske; Nokon festar seg meir enn andre. Gjengen i dag har fått eit slikt feste.

Eg startar ofte mine samtaler i grupper med å prise ulikskapen deira. Eg fortel dei at kvar gong eg møter dei, kjem dei til å møte med ulike morgonfargar. Nokon er oppe, og nokon er nede. Det einaste sikre, er at det i fleirtalstilfella vil skifte. Kven som er kvar. Konstater at der er du – men ikkje gruble for mykje på kvifor du er nede. Men undersøk gjerne kvifor du er oppe. Når du er der.

Og som ei sa til meg i dag: «Vi er nok en gjeng som stadig klatrer i treet, til tross for at vi ramler ned gang etter gang». Dette gav «klatrarane» meg;

Takk

Det er så viktig at vi finn vår drivkraft. At vi lagar oss nye mål- om det vi prøvde på, skar seg. Ikkje sjå deg sliten på «missen». Konstater den, og tenk at du fekk iallfall ei avklaring – og kanskje du lærde noko. Og kom deg vidare.

Bruk tida di på det du kan gjere noko med.

På vegen heim, la eg turen innom den nye restauranten i Batnfjorden. Medan eg venta på det eg skulle ha, kom eg i prat med den nederlandske innehavaren. Eg skrytte uhemma av dei flotte lokalitetane og det dei hadde klart og skape der.

Når eg gjekk sa ho» You made may day».

What a difference a day make, tenkte eg. Og takka.

 

 

 


3 kommentarer

For gamal?

Her er første bloggen til Audhild Mork og Aura Consulting!

Dette er noko vi stadig høyrer. At nokon meiner seg for gamle til noko. Eller at du gjer det sjølv.

Dagens historie frå treningssenteret, sette meg på tråden att.

Eg var ferdig med morgentimens økt, og kom i garderoben. Der var det ei handfull gruppe godt vaksne damer, som var på veg til dagens økt. Så seier ho eine; «jeg skulle hatt meg ny treningsbukse, men sånne tights er jeg for gammel til». «For gammel», svarte ei av dei andre. «Nei, slik har jeg sluttet å tenke. Jeg tar på meg det som passer meg. Jeg skulle kjøpe meg spinningsko i fjor, og da jeg kom i butikken, tenkte jeg at dette er jeg for gammel til. Men så kjøpte jeg de likevel. Og vet dere, skoene er helt fantastiske!» Så svarte hun første: «Jamenn, du er nå ikke så gammel da». «Jeg er iallfall født før krigen», svarte nysko og tights damen…

Før eg reiste på trening, hadde eg planlagt innom GSport og kjøpe ny ute trenings bukse etter trening. Etter denne velse intermezzoen i garderoben, kom eg ut att med ei knall orange skibukse! Strunta i alderen!!!

Det finnast eit alvor også bak dette med alder. Eg har i mitt arbeidsliv, både som sosialsjef og no i tett kontakt med folk som av ulike grunnar står midlertidig utanfor arbeidslivet, opplevd det. At folk som burde ha fått bruke heile sitt engasjement på å kome attende til arbeidslivet, har hatt meir fokus på alder som hindring. Ofte fordi arbeidsgjevarar har det, men også fordi den einskilde sjølv har ei slik haldning.

Eg har i mitt møte med dei som skal attende, sagt at eg er MEIR uroa når eg møter ein 22 åring som er mett av livet! Eg trur mange godt vaksne framleis har ei stor rolle og spele! Men da må vi tillate dei det – og dei det gjeld må tillate seg sjølv og vere kreativ og engasjert!

Før jul var eg innom mor(96 år).  I løpet av samtalen sa ho; at hadde ho framleis hatt sykkelen sin, så skulle ho ha sykla ein tur til Overåsanden (badestranda). Kvifor problematisere rundt det? Kvifor seie at det ikkje går? Folk klarer meir enn dei trur. Og som mor ville ha sagt;»trua har hjulpe så mang ein»….

Vi har så mange rare forestillingar rundet dette med alder. At ein er for gamal med langt hår etter fyllte 50. Det handlar stort sett om det vi ikkje kan eller burde gjere meir. Eg som jobbar med LØFT; løsningsfokusert tilnærming, vert veldig nyskjerrig på kva vi skal starte med – om vi skal slutte med noko? Og eg er ikkje sikker på at alle som fortel oss kva vi skal slutte med; har svaret.

Nadine Starr, skreiv eit flott dikt da ho var 85, der siste verset lyder slik:

Hvis jeg skulle leve om igjen,
ville jeg reist med mindre håndbagasje.
Hvis jeg skulle leve livet mitt om igjen,
ville jeg gå barbeint tidligere om våren,
og fortsette med det mye lenger utover høsten.
Jeg ville danse mer.
Jeg ville kjøre mer karusell.
Og jeg ville plukke flere tusenfryd.

Eg ville for eigen del ha lagt til; at eg ville ha teke fleire turar med rattkjelke og akebrett!

Dette handlar mest om korleis den som har alderen ber den, og korleis ein tenker. Eg har kome fram til at 70 har blitt det nye 50. Og lever veldig godt med det!

Nye skibuksa

Nye skibuksa