Aura Consulting

«Å få livet i gåve».

Legg igjen en kommentar

10649526_703117533096174_8165420165898670820_n

Dette bildet har eg fått låne av eit kjært syskenborn, og passar godt til dagens blogg. «Ikkje sit inne, når alt håp er ute». Bloggen er den tredje til Aura Consulting.

I går gjorde eg noko så sjeldan som å ligge nede for telling. Total makteslaus. Og sjølv kor eg stritta imot, måtte eg berre gje meg over ende for feberen. Og for tredje gong i firmaets 12 årige historie måtte eg avlyse eit oppdrag.

Ein kjenner seg dum når ein må ta telefonen og fortelle det som det er. Fordi ein er så van med å vere i «fullt visk», så er det omtrent ei falitterklæring. Men eg prøvde å snu alle tankar i retning av at «imorgon er du på igjen, og kan gjennomføre alle oppdrag!»

I dag når eg vakna opp, var det i ei heilt anna utgåve av meg sjølv.

Og kjende det som eg hadde «fått livet i gåve». Nesten som eg vandra ut på tå hev – i tilfelle kjappt tilbakefall. Eg kunne gjennomføre oppdraget! For ei glede!

Denne vesle lidingshistoria mi, vart likevel ein reminder.

Først å fremst på kor heldig den er som stort sett har god helse! Av og til seier eg når eg er ute og har oppdrag, Tenk kor heldige vi er som har ein jobb å gå til! Eg meiner det ligg mykje helse i arbeidsglede.

Dagfinn Haar; som var kommunelege i Årdal, da eg var sosialsjef der, har sagt mykje klokt. «En negativ kultur

( i familien, på arbeidsplassen, i samfunnet), vil i siste instans kunne gi dårligere helse». Og LØFT, løsningsfokusert tilnærming sier «At det du har fokus på, får du mer av». For meg betyr det at korleis du tenker og snakkar om å kanskje verte sjuk, eller vere sjuk, vil f.eks dei du har foreldreansvar eller leiaransvar for høyre. Og deretter lære. DU er ein kulturberar for korleis språket utviklar seg i din heim og på din arbeidstad.

I går tenkte eg også på kjensla eg hadde når eg melde meg sjuk. Vi høyrer ofte at det har blitt for lett og melde seg sjuk. Det kan nok stemme av og til. Men eg trur fleirtalet synest det er eit vanskeleg steg og ta.

Det som slo meg i går(og som eg ofte høyrer frå dei eg coacher) – kor avgjerande det er korleis du vert møtt!

Mange sjukmelde seier til meg, at det verste er ikkje alltid å uroe seg om «ein vert som før», og får helsa attende. Men korleis dei andre vil møte dei når dei kjem attende på jobb.Og eg tenkte også på korleis det er for dei som LENGE står utanfor «normallivet», utan å ha noko givande å gå til. Som gir kjensle av meistring.

«Menneske vert berre menneske gjennom menneske» – UBUNTU; afrikansk uttrykk.

Det å kjenne at nokon treng deg – og at nokon vil sakne deg om du ikkje er der – er ei stor motivasjonskjelde!

Alle skulle vi hatt nokre vinterstormar i ny og ne – da hadde vi både forstått kvifor nokon sit inne, når alt håp er ute. Men vi kunne også ha bidrege til at dei kunne ha funne sine små steg for å kome seg ut att.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s