Aura Consulting


3 kommentarer

Mørketid

månelystDet er når det trygge vert utryggt. Når det du stolte på, likevel ikkje er til å stole på. Når havna er ukjend – og farvatnet er framand.

Dette er sjuande bloggen frå Aura Consulting. Og den kjem ikkje til å handle om mørketida i nord. Den har eg alltid OPPLEVD lys. Eller månadane da sola er vekke, f.eks i Indre Sogn. For så og kome att i mars, til heider og ære – og med stor solfest markering. Dette har eg og vore med på, i dei 6 åra eg budde der. Men det var så fortrøystningsfullt og sjå sola skine på snøen, på dei høgaste toppar. Og vi visste at sola snart ville varme oss igjen.

Denne bloggen skal handle om eit anna mørke. Eit mørke du ikkje planlegg. Eit mørke du vil unngå, og som det ikkje ligg noko von i. Som kastar seg over deg. Og som du på det svartaste trur du ikkje maktar. Fordi det gjer så vondt.

Den siste veka er det som eg har hatt pause frå livet.

Mor på 96, som eg av og til brukar som symbol på livslyst – fordi ho er så ufatteleg glad i livet, vart svært dårleg. Så dårleg at vi trudde vi snart mista henne. At ho ikkje ville makte meir. Eg bad til Vår Herre at han måtte gi henne all mulig styrke, og dagen etter var det som eit mirakel hadde skjedd. For så å snu igjen. Og sånn held det fram. Det å leve så tett på tru og tvil, tek på.

Som sjølvstendig næringsdrivande må eg likevel stå på «scena», kvar dag og levere. Ingen kan gjere det for meg. Denne «scena» som eg vanlegvis elskar, vert eit ork.

Som eg veit eg MÅ klare. Samstundes vert det mi lette. Og eg kan forstå skodespelaren. Og eg har det til liks med han, når teppet går ned. Da kan eg vise mine kjensler.

Eg tenker på Silje Neergård sin song: «EN og EN», der ho syng «Du har møtt mørket før» – «Jeg gir deg handa mi, men sorga er for alltid di» – «Jeg står deg nær, men innerst inne står du alene».

Alt dette stemmer. Som 26 åring starta eg som sosialsjef. Og sidan har eg jobba tett innpå folk. I storm og stille. Med krevjande liv. I botnlaus sorg. Og i heidundrande lukke. Og eg har vore; og er så takknemleg. For all tillitt og tiltru som er vist meg. Frå desse folka. Med alle sine liv.

Og eg veit at eg aldri hadde makta det – aldri hadde fått dette innpasset hjå dei- om eg ikkje var truverdig. At eg drog på erfaring med eigne hauststormar, var heilt avgjerande. Men også evne til å sjå at inga sjebne er lik, ingen person er lik – og dermed er også løysinga ulik. Og at det er den det handlar om, som har svaret sjølv.

Som menneske; trur eg at eg er den beste utgåva av meg sjølv, når eg har det som vondast. Når eg er hudlaus og havnlaus. Og berre så inderleg naken. I sjela.

Som bidragsytar er eg den beste utgåva, når eg har med meg visdomen om dette. Og leikar meg inn og med livet.

For da veit eg kva det handlar om ,når folk ikkje ser lys i tunnellen. Når glas vert knust. Når det du trudde på, var ein illusjon.

Det er da vi treng livsvitner.

DSCN1751

Nokon som veit kven vi er. Nokon som har fulgt oss i livet. Sett oss.

Og av og til må det livsvitnet vere du.

Av og til er det du som må vere den gode feen, og bruke tryllestaven på alle Askepottar der ute. Så dei kan verte den beste utgåva av seg sjølv. Og finne lyset.


2 kommentarer

Kultur for lidenskap?

Dette er sjette bloggen til Aura Consulting!Adventdalen I dag vakna eg 5. Det er ikkje uvanleg. Iallfall ikkje etter ein innhaldsrik kveld. Gjerne etter møte med nye folk. Som har gitt meg noko å tenke på. Nye ideear.

Eg stod opp. Og rett til notisboka. Eg har lova meg sjølv og ikkje ha den på nattbordet. For kvild treng eg som alle andre. Kanskje til og med meir. Eg treng mine 8 timar.

Det å gå rett til notisboka kan kome godt med i desse bokskrivingstider.

Men eg har hatt det slik i mange år.

FØR eg starta Aura Consulting for 12 år sidan også. Skilnaden er at i denne jobben er det midt i blinken og ha denne trongen.

I kjøkenglaset står to «Ord for dagen bøker». To. I dag er ordet Søren Kierkegaard sitt: » Skulle jeg ønske meg noe, ville jeg ikke ønske meg rikdom eller makt, men mulighetenes lidenskap. Det øye som overalt, evig ungt, evig brennende, ser muligheten. Hvilken vin funkler vel så klart eller dufter så berusende skjønt som det mulige!»

IMG_1692

På fredag såg eg på Skavlan. Der var Anita Krohn Traaseth, direktør for Innovasjon Norge, med sitt mantra: » Galskap gir innovasjon!». Ho snakka mykje om at næringslivet må lære av idretten, og dei som steller med grundarar likeeins; det må vere lov til å ramle, ja, til og med feile, fleire gongar – for til slutt og lukkast. Det at nokon er så modige og galne som vågar å satse på det ukjende, skal applauderast, og ikkje spennast krokfot for.

Hennar begrep galskap blir kanskje litt for «vovet» for meg, men Kierkegaard sitt lidenskap, høver godt.

DSCN1717

Det å ha ein så stor lidenskap for det du jobbar med, at du vaknar om natta, eller grytidleg morgen, er eigentleg ei lukke.

Eg hadde for eit par år siden eit oppdrag for ein barnehage, som skulle bygge ny bedriftskultur. Og nytt verdigrunnlag. Dei kom fram til to verdiar som skulle gjelde hjå dei , galskap og tryggleik..

Det betydde, at når dei skulle på utflukt eller lage arrangement i barnehagen, så skulle det vere lov å vere den som klatra høgst i treet, eller foreslo at turen skulle gå til Galdhøgpiggen. Men det var like lov, og vere den som steikte vafler medan andre klatra, eller som ville danne baktroppen. Dei trengde begge nyansane.

Eg påstår at det er for lite lidenskap i norsk arbeidsliv.Kvinne i farta 8.mars 2010 (61)

Det brennande engasjementet har ein tendens til å slokke. Etterkvart. Eg som arbeider mykje med bedriftskultur, ser at kulturen ofte ikkje tillet, eller er modne for sterk drivkraft. Det vert litt farleg. Det er best å halde seg til det trygge og kjende. Og sjølv om ein kan lese av stillingsannonser og heimesider( fjøslukta), at verksemda ynskjer endring og folk med endringskompetanse; så viser det seg at når desse folka kjem – så var det ikkje dei ein ville ha likevel….

Derfor seier eg både til meg sjølv og til andre; kjenn ALLTID etter fjøslukta når du skal inn i ny jobb!

Fjøslukta er eit begrep eg brukar for å praktisk forklare kva bedriftskultur/organisasjonskultur/arbeidskultur er.

Det handlar mykje om verdiar, haldningar, normer og artefakter. MÅTEN folk opptrer på. Og den som kjenner lukta best, er den som kjem utanfrå…

Du kan gjere mykje sjølv for å halde oppe lidenskapen for jobben din. Men av og til er du ganske enkelt prisgitt kulturen. Det ER ikke alltid kulturen er klar for deg – eller er villig til å sleppe deg inn med alt du har med.

Det handlar ikkje alltid om deg. Og uansett kor mykje du prøver, så hjelp det ikkje.

Det er da eg sei; om mulig, finn deg ein annan jobb. Du kan lukkast i ein annan kultur.

Det som er synd, er at det ofte er folka med største galskapen og lidenskapen som slit seg ut først. Dei vert sosialisert inn i ein måte og opptre på, som til slutt fører til ein opplevelse av å vere utbrent.

Synd – fordi vi treng dette elementet i alle kulturar.

Vi andre må gi plass til dei. Og vi må av og til våge å ta laus sjølv.

På halvveges fleip sier eg av og til at arbeidsliv kan samanliknast med samliv.

Eg reknar med at du forstår kva eg meiner med det – når du har lest dette….


2 kommentarer

Av og til; er litt. Nok

DSCN1739Meir enn nok. «Noen ganger er det alright, noen ganger er det helt alright», song Odd Børretzen.

Han meinte at særleg morgonen var det. Alright. Det meiner eg og. Den legg grunnlaget for dagen.

Og eg hadde ønska at vi allereie når vi kastar av oss dyna om morgonen; kunne ha tenkt:  Av og til er litt. Nok.

Dette er femte bloggen til Aura Consulting.

Det er flott og ha planar om alt vi skal gjere. Og klare.

Men eg møter menneske som forstrekker seg. Både born, ungdom og vaksne.

Alt skal vere på stell.

Her er så mange forventningar. Frå alle hald. Det kan vi få gjort så lite med. Men vi kan få gjort noko med kva vi krev av oss sjølve.

Mange eg møter får til mykje. Meir enn dei nokon gong hadde trudd. Likevel er dei ikkje nøgde. Dei skulle ha klart litt til. Ganske mykje meir. Viss gleda over det du HAR fått til, ikkje kan måle seg med angsten for at det ikkje er godt nok, kjem ein under press.

Da eg starta Aura Consulting i 2003, leigde eg kontor på Molde Kunnskapspark. Der hadde eg ein flott kontornabo, og seinare samarbeidspartnar i Kathrine Moen Bratteng. Eg hadde sett meg 2 mål ved firmaetableringa. Innan 3år skulle eg tene like godt som eg gjorde i siste jobb. Og eg skulle vere dobbelt så glad. Mål 1 nådde eg innan 2 år, og mål 2 nesten frå dag ein. Men eg hadde STORE forventningar på meg. Frå alle hald. Og eg hadde forsørgaransvar åleine.

Så det var ingen leik. Firmaetableringa kunne ikkje vere noko «stunt».

Og eg veit at eine grunnen til at eg klarde meg, nettopp var tanken på «små steg i rett retning». Og eg gav meg sjølv lov til å feile. Og eg skulle ALDRI ta ein siger for gitt. Og eg søkte aldri økonomisk stønad til noko som helst. Eg var avhengig av kun meg sjølv.

Men eg veit at vegen til målet hadde vore mykje vanskelegare, om eg ikkje hadde Kathrine. Som såg mine små steg. Og kommenterte dei. Ho lot mine sigrar aldri skje, utan at ho fortalde meg det.

Eg hadde ein gong ein nabo. Som var redd. Som hadde dårleg sjølvtillitt. Og som ingen hadde kontakt med. Og som alle hadde gitt opp. Eg prøvde å kommentere kvar gong eg såg naboen gjorde noko uventa. Som i retning av å virke meir trygg. Og eg la merke til at naboen merka kva eg gjorde. Og at eg fekk eit anna «innpass» enn dei andre. Etter ei tid sende eg melding om at eg var stolt over kva naboen hadde fått til. Og spurde om naboen ville vere med meg på korøving. For eg visste at naboen hadde songstemme. Så kom svaret. «Eg har nok ikkje sjølvtillitt nok». Og eg tenkte. Jippi!. Eit steg i rett retning! Tenk å våge å fortelle det! Så eg spurde om naboen kunne tenke på det å verte med i koret mitt. Og eg fekk ja.

Av og til er litt. Nok. Og ein start på større meistring.

I førre veke hadde eg ein leiar på kontoret. Som eg hadde hatt ei samtale med før. Når han kom til denne samtala, fortel han meg det eine og andre han hadde lukkast med sidan sist. Når eg spør han kva som er nøkkelen til at han kan fortelle meg alt dette; svarar han:» Eg trengde nokon som trudde på meg. Nokon som hadde tid til å prate med meg. » Eg gjorde svært lite, han hadde gjort jobben. «Det var i grunnen så lite som skulle til»,sa han. «For at eg kunne klare å «snu haudet» litt, og tenke annleis. «Kva gevinst har det gitt deg at du har fått dette til», spurde eg. Og svaret vart langt. Og for han, overraskande. Når folk fortel om gevinsten, kan du til og med risikere at du er ein dei deler æra for å ha lukkast med.

Av og til er litt. Nok. Til og med for å skape noko som kan vare.

Denne deler eg med deg; Kathrine.