Aura Consulting

Kultur for lidenskap?

2 kommentarer

Dette er sjette bloggen til Aura Consulting!Adventdalen I dag vakna eg 5. Det er ikkje uvanleg. Iallfall ikkje etter ein innhaldsrik kveld. Gjerne etter møte med nye folk. Som har gitt meg noko å tenke på. Nye ideear.

Eg stod opp. Og rett til notisboka. Eg har lova meg sjølv og ikkje ha den på nattbordet. For kvild treng eg som alle andre. Kanskje til og med meir. Eg treng mine 8 timar.

Det å gå rett til notisboka kan kome godt med i desse bokskrivingstider.

Men eg har hatt det slik i mange år.

FØR eg starta Aura Consulting for 12 år sidan også. Skilnaden er at i denne jobben er det midt i blinken og ha denne trongen.

I kjøkenglaset står to «Ord for dagen bøker». To. I dag er ordet Søren Kierkegaard sitt: » Skulle jeg ønske meg noe, ville jeg ikke ønske meg rikdom eller makt, men mulighetenes lidenskap. Det øye som overalt, evig ungt, evig brennende, ser muligheten. Hvilken vin funkler vel så klart eller dufter så berusende skjønt som det mulige!»

IMG_1692

På fredag såg eg på Skavlan. Der var Anita Krohn Traaseth, direktør for Innovasjon Norge, med sitt mantra: » Galskap gir innovasjon!». Ho snakka mykje om at næringslivet må lære av idretten, og dei som steller med grundarar likeeins; det må vere lov til å ramle, ja, til og med feile, fleire gongar – for til slutt og lukkast. Det at nokon er så modige og galne som vågar å satse på det ukjende, skal applauderast, og ikkje spennast krokfot for.

Hennar begrep galskap blir kanskje litt for «vovet» for meg, men Kierkegaard sitt lidenskap, høver godt.

DSCN1717

Det å ha ein så stor lidenskap for det du jobbar med, at du vaknar om natta, eller grytidleg morgen, er eigentleg ei lukke.

Eg hadde for eit par år siden eit oppdrag for ein barnehage, som skulle bygge ny bedriftskultur. Og nytt verdigrunnlag. Dei kom fram til to verdiar som skulle gjelde hjå dei , galskap og tryggleik..

Det betydde, at når dei skulle på utflukt eller lage arrangement i barnehagen, så skulle det vere lov å vere den som klatra høgst i treet, eller foreslo at turen skulle gå til Galdhøgpiggen. Men det var like lov, og vere den som steikte vafler medan andre klatra, eller som ville danne baktroppen. Dei trengde begge nyansane.

Eg påstår at det er for lite lidenskap i norsk arbeidsliv.Kvinne i farta 8.mars 2010 (61)

Det brennande engasjementet har ein tendens til å slokke. Etterkvart. Eg som arbeider mykje med bedriftskultur, ser at kulturen ofte ikkje tillet, eller er modne for sterk drivkraft. Det vert litt farleg. Det er best å halde seg til det trygge og kjende. Og sjølv om ein kan lese av stillingsannonser og heimesider( fjøslukta), at verksemda ynskjer endring og folk med endringskompetanse; så viser det seg at når desse folka kjem – så var det ikkje dei ein ville ha likevel….

Derfor seier eg både til meg sjølv og til andre; kjenn ALLTID etter fjøslukta når du skal inn i ny jobb!

Fjøslukta er eit begrep eg brukar for å praktisk forklare kva bedriftskultur/organisasjonskultur/arbeidskultur er.

Det handlar mykje om verdiar, haldningar, normer og artefakter. MÅTEN folk opptrer på. Og den som kjenner lukta best, er den som kjem utanfrå…

Du kan gjere mykje sjølv for å halde oppe lidenskapen for jobben din. Men av og til er du ganske enkelt prisgitt kulturen. Det ER ikke alltid kulturen er klar for deg – eller er villig til å sleppe deg inn med alt du har med.

Det handlar ikkje alltid om deg. Og uansett kor mykje du prøver, så hjelp det ikkje.

Det er da eg sei; om mulig, finn deg ein annan jobb. Du kan lukkast i ein annan kultur.

Det som er synd, er at det ofte er folka med største galskapen og lidenskapen som slit seg ut først. Dei vert sosialisert inn i ein måte og opptre på, som til slutt fører til ein opplevelse av å vere utbrent.

Synd – fordi vi treng dette elementet i alle kulturar.

Vi andre må gi plass til dei. Og vi må av og til våge å ta laus sjølv.

På halvveges fleip sier eg av og til at arbeidsliv kan samanliknast med samliv.

Eg reknar med at du forstår kva eg meiner med det – når du har lest dette….

2 thoughts on “Kultur for lidenskap?

  1. Du er en inspirasjon ☺

    Liker

  2. Takk for inspirasjon, god start på dagen!

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s