Aura Consulting

Mørketid

3 kommentarer

månelystDet er når det trygge vert utryggt. Når det du stolte på, likevel ikkje er til å stole på. Når havna er ukjend – og farvatnet er framand.

Dette er sjuande bloggen frå Aura Consulting. Og den kjem ikkje til å handle om mørketida i nord. Den har eg alltid OPPLEVD lys. Eller månadane da sola er vekke, f.eks i Indre Sogn. For så og kome att i mars, til heider og ære – og med stor solfest markering. Dette har eg og vore med på, i dei 6 åra eg budde der. Men det var så fortrøystningsfullt og sjå sola skine på snøen, på dei høgaste toppar. Og vi visste at sola snart ville varme oss igjen.

Denne bloggen skal handle om eit anna mørke. Eit mørke du ikkje planlegg. Eit mørke du vil unngå, og som det ikkje ligg noko von i. Som kastar seg over deg. Og som du på det svartaste trur du ikkje maktar. Fordi det gjer så vondt.

Den siste veka er det som eg har hatt pause frå livet.

Mor på 96, som eg av og til brukar som symbol på livslyst – fordi ho er så ufatteleg glad i livet, vart svært dårleg. Så dårleg at vi trudde vi snart mista henne. At ho ikkje ville makte meir. Eg bad til Vår Herre at han måtte gi henne all mulig styrke, og dagen etter var det som eit mirakel hadde skjedd. For så å snu igjen. Og sånn held det fram. Det å leve så tett på tru og tvil, tek på.

Som sjølvstendig næringsdrivande må eg likevel stå på «scena», kvar dag og levere. Ingen kan gjere det for meg. Denne «scena» som eg vanlegvis elskar, vert eit ork.

Som eg veit eg MÅ klare. Samstundes vert det mi lette. Og eg kan forstå skodespelaren. Og eg har det til liks med han, når teppet går ned. Da kan eg vise mine kjensler.

Eg tenker på Silje Neergård sin song: «EN og EN», der ho syng «Du har møtt mørket før» – «Jeg gir deg handa mi, men sorga er for alltid di» – «Jeg står deg nær, men innerst inne står du alene».

Alt dette stemmer. Som 26 åring starta eg som sosialsjef. Og sidan har eg jobba tett innpå folk. I storm og stille. Med krevjande liv. I botnlaus sorg. Og i heidundrande lukke. Og eg har vore; og er så takknemleg. For all tillitt og tiltru som er vist meg. Frå desse folka. Med alle sine liv.

Og eg veit at eg aldri hadde makta det – aldri hadde fått dette innpasset hjå dei- om eg ikkje var truverdig. At eg drog på erfaring med eigne hauststormar, var heilt avgjerande. Men også evne til å sjå at inga sjebne er lik, ingen person er lik – og dermed er også løysinga ulik. Og at det er den det handlar om, som har svaret sjølv.

Som menneske; trur eg at eg er den beste utgåva av meg sjølv, når eg har det som vondast. Når eg er hudlaus og havnlaus. Og berre så inderleg naken. I sjela.

Som bidragsytar er eg den beste utgåva, når eg har med meg visdomen om dette. Og leikar meg inn og med livet.

For da veit eg kva det handlar om ,når folk ikkje ser lys i tunnellen. Når glas vert knust. Når det du trudde på, var ein illusjon.

Det er da vi treng livsvitner.

DSCN1751

Nokon som veit kven vi er. Nokon som har fulgt oss i livet. Sett oss.

Og av og til må det livsvitnet vere du.

Av og til er det du som må vere den gode feen, og bruke tryllestaven på alle Askepottar der ute. Så dei kan verte den beste utgåva av seg sjølv. Og finne lyset.

3 tanker om “Mørketid

  1. Så fine betraktninger, Audhild! Eg kjenner meg igjen – har prøvd noko av dette. Eg ynskjer deg at du må få krefter til å halde på klokskapen og styrken din i denne tida!

    Liker

  2. Gode klemmer til deg du vise, gode, snille, omtenksomme, sårbare, store, lille og kjære Audhild❤️

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s