Aura Consulting


7 kommentarer

«Go girl!»

DSCN0489Kunsten å vere uredd. Idag skal eg på «scena» igjen. Det er del av livet i Aura Consulting. Å kaste seg utpå. Og aldri vite kva du møter. Dette er åttande bloggen til Aura Consulting . Eg har vorte ein meister i å klappe meg sjølv på skuldra. Og bore dei gode tankane fremst i pannebrasken. Og sei til meg sjølv, at dette er du best i. Så der går eg inn. I full overbevisning om det siste eg kan gjere, er å ta sigeren for gitt. Eg må gå på kvar gong, som det var den første. Vekk med alle tankar om at det kan gå gale. Og OM ikkje alt går som det skal, så lærer eg heilt sikkert noko av det og. Kjenner meg av og til som ein fotballspelar i toppdivisjon. Skilnaden er at folka på tribuna ikkje står og klappar meg inn. Men er eg heldig, så jublar dei meg ut og heim. Eg må vere min eigen heiagjeng. Og rope til meg sjølv; Go girl!

Eg gløymer aldri første gongen. Eg ikkje gjekk fram. Eg hadde førebudd eit innlegg på eit landsmøte som sosionomstudent. Rett før det var min tur, var det ein mann som gjekk fram og sa det som som eg skulle sei. På ein heilt annan måte. Men nok til at eg sette meg ned. Og vart der sitjande. Der og da bestemte eg meg. Eg skal aldri feige ut og ikkje seie meininga mi. Så sjølv om eg skalv i føta, sveitta og hadde hjartebank; Gjer det. Det er nok med EIN første gong. Da er det gjort. Dette er også ei treningssak.

Der er alltid nokon som meiner at du burde «holdt kjeft». Men ofte er det dei som kunne ha tenkt seg det sjølv.

Det slo meg her om dagen, at det å snakke ned dei som vågar seg fram; truleg er ein eigenskap som varer heile livet.

Eg var på besøk med mor på sjukeheimen, og akkurat den laurdagen var musikkskulen og spelte konsert for dei. Etter konserten var over, reiste det seg ei eldre dame og takka elevane og alle frammøtte, som hadde gledd bebuarane. Da høyrde eg eit par eldre damer ved sidan av meg, som kviskra( i høgt); » uff, kor pinleg, ho må no alltid vise seg».

Etter konserten gjekk eg etter den eldre dama som hadde takka, og fortalde henne at eg syntest det var flott gjort det ho gjorde. Da tok ho til tårene og sa at ho kjende på seg at folk meinte at ho ikkje burde ha gjort det. Eg sa: GO GIRL!

IKKJE LAT NOKON GJERE DEG MINDRE ENN DU ER. Verken i barndom, vaksenliv eller alderdom Lat oss gjer kvarandre til gigantar. Alle har godt av å få vere større enn dei er.

IMG_1735

Vi er nokre flokkdyr. Vi opptrer best i tett forbindelse med andre. Sjå berre når vi skal på kurs. Vi stimlar inn i flokk, og vert panikkslagne, om plassen ved kollegaen vår er oppteken. Kanskje burde vi av og til ha utfordra vår eigen komfortsone.

Når eg kjem inn i salen ser eg desse flokkdyra. Og eg ser den eine eller dei to som ikkje vil vere der. Som non verbalt gjerne vil syne at dette var svært lite interessant. Det rare er, at det er desse og denne adferden vi legg merke til først. Og klageadferden er også mest smittsom.

Etter 12 år på scena, har eg lært meg å takle dei. Eg har hatt det uendeleg moro med å leike at eg er gift med dei. Det å peike seg ut mannen i salen med størst klagaradferd, for å vere gift med han, kan seiast å vere eit stunt. Men du store; kor det virkar! Han får mi merksemd heile tida, og det går sjeldan lenge før han er med på notane.

Så kvifor er det at dette lukkast? Jau, fordi som LØFT seier; bak eitkvart klagemål, finnast eit ønskemål. F.eks om å verte sett.

For mange år sidan i Molde, gjorde eg dette med ein mann som sat bakerst. Dagen etter fekk eg ein mail frå han. Der skreiv han, at han hadde vore lærar i 30 år, vore med på desse samlingane i 20, og sove på kvar einaste. Unntatt i går. Han takka meg for å få vere i sentrum ein heil dag.

Av og til er det lurt å oversjå klagaradferd. Og da seier eg ikkje at det er lett. Det er som med LØFT: «It looks simple, but that doesnt mean its easy».

Son min fekk erfart dette da han var 18, og vart fotballtrenar for 16 åringar. Han kom heim og sa at dette kunne verte vanskeleg. Fordi dei var så nær kvarandre i alder, så var det ikkje sikkert dei ville få respekt for han. Men det med gutane vart aldri eit problem. Det som vart eit problem var foreldra. For dei er akkurat som oss. Alle trur at dei har den fødde spiss. Og det er iallfall ikkje MIN son som skal vere innbyttar. På kvar trening og kamp, stod dei og skreik dette på sidelinja til trenaren.

Ein dag kom han heim og sa at han måtte ta eit møte med foreldra. «Kva du skal ta opp da?» spurde eg. «Klagene deira». Sjå for deg(IMAGINE) at du gjer det, kva vil skje? «Du trenger ikke si mer mamma, jeg ser det. Jeg får flere klager.» Kva var det du ville oppnå igjen? Eit bedre samarbeid med foreldra. Kall møte det da. Han kom heim etter møtet å sa: «Du tror det ikke mamma, det kom bare en klage». Det trudde eg. For det du gir merksemd, får du meir av.

Så når du reiser deg, går på scena, gjer noko du grur deg til; visualiser FØR du går inn! Velg deg ut kva adferd du skal ha fokus på! Og visualiser kva dei skal sjå i deg, og kva dei skal  fortelle om deg i ettertid!

GO GIRL!!!

Stine og eg på Rorbua