Aura Consulting

Ukjent farvatn

2 kommentarer

Eg hadde ikkje peiling. Eg visste INGENTING om det eg gjekk til. Men eg ville. Og måtte. Idag har eg vore sjølvstending næringsdrivande i 12 år! 1.april 2003 starta det. Eg fattar det ikkje. Denne niande bloggen min, handlar om korleis Aura Consulting vart til. Og livet til Aura desse åra.

Allereie i 1994, da eg var sosialsjef i Oslo, vart eg fortalt at eg skulle vie arbeidslivet mitt til organisasjonsutvikling – og utvikling/veiledning av menneske. Innimellom, når eg jobbar i Nord Norge, vert eg spurd om eg er healer, om eg har desse evnene. Det har eg iallfall aldri vore klar over. Men det eg veit, er at eg sidan eg var lita – fort oppfattar situasjonar. Les menneske, eller «scannar» korleis folk eigentleg har det.

Dette gjorde at eg sette stor pris på å vere leiar, og kunne bidra til at folk vart den beste utgåva av seg sjølv. Og eg hadde ulike leiarrolle i det offentlege i 15 år. Men dei siste åra som leiar, tenkte eg oftare på kva ho i Oslo hadde sagt. Og eg kjende at det å delta på alle omstillingsprosessane eg gjorde, der hovedfokus var innsparing, økonomifokus eller endring av organisasjonsmodellar, byrja å demotivere meg. Var det verkeleg ingen som var interessert i bedriftskulturen? Og kven og kva som skapte den?

Eg arbeidde den gong i ein arbeidskultur som ikkje var så god på å akseptere den annleis tenkande. Den med kritisk røyst. Dei ønska at framtida framleis skulle ha ein «familiekultur» på arbeidsplassen. Der alle skulle vere samde om alt. Og alt skulle vere som før. Eg hadde ei arbeidstid eg ikkje rådde over sjølv. Og med aleineansvar for born, handla vel dette kort sagt om; kor lenge det kunne vare.

Det valet eg til slutt gjorde; er eit at av mitt livs vanskelegaste.

No veit eg ikkje kva råd grundarar får av Innovasjon Norge, og andre. Men eg er sikkert på at eine grunnen til at eg har lukkast var nettopp det. At utgongspunktet var vanskeleg. Å starte firma var ikkje noko eg gjorde pga trongen til sjølvutvikling. Det skulle verte mitt nye arbeidsliv. Og måtte kunne legge grunnlaget for vårt nye liv. Eg starta i botnen, og da er det som kjent berre ein veg. Opp.

Men eg hadde gitt meg sjølv 2 lovnadar. Innan 3 år skulle eg tene like godt som det eg forlot. Og eg skulle vere dobbelt så glad. Om så ikkje vart, så skulle eg kunne ombestemme meg.

Frå oppveksten hadde ikkje med meg heimanfrå at det var lurt å kaste seg uti det ukjende. Men eg hadde med meg ei livstru og livsmot derfra. Som 17 åring møtte eg det eg seinare har kalla «mi familie nummer 2», da eg flytte til Trondheim. Dei meinte at alle kunne få til alt. Berre dei trudde nok på det sjølv. I alle år seinare i livet mitt, har dei vore ein av mine største heiagjengar. Far i den familien(snart 90), undrar seg framleis over korleis eg BÅDE kan drive eige firma, OG vere aktiv politikar. For meg er det godt at nokon undrar seg. Det viser truverdig interesse. Og er uvurderleg.

Starten

pauseromMolde Kunnskapspark 2003

Første tida som sjølvstendig næringsdrivande hadde eg ved Molde Kunnskapspark. Det beste ved dei 2 åra, var at eg traff andre i same situasjon. Dvs det er ikkje heilt sant, for dei fleste hadde med seg kundeportefølge frå tidlegare arbeidsgjevar. Og offentleg stønad. Det var på Kunnskapsparken Aura Consulting vart døypt. For kva skulle firmaet heite? Det var ein av mine mannlege kollegaer som ein dag hadde hengt ein lapp på kontordøra mi, der det stod; «Aura – lyser litt lengre». Da var det gjort. For det visste eg; eg hadde IKKJE lyst til å bidra til lettvinte løysingar i organisasjonar. Bedriftskulturendring er ein prosess som varer. Og Aura? Berre ei tru på at du må ha det nokolunde innvending, med deg sjølv, for å kunne stråle utad. Dette ville eg bidra til med menneske og organisasjonar.

Etter 2 år kom ICA si økonomiavdeling inn, og skauv oss leigetakarar ut. Dermed starta mitt 10 årige forhold til Aker Stadion, berre avbrote av eit halvår på Moldetorget.

Strengt tatt, treng eg ikkje lenger å ha kontor. Fordi eg er så mykje ute og leverer oppdrag hjå kundar. Men førbels unner eg meg den «kvila» det er, å ha ein fast base for å ta meg igjen. Med kontorarbeid…For eg gjer alt i firmaet mitt sjølv. Og skue utover Romsdalsfjorden med sine alpar.

Daglig leder med Løkta bakgrunnAker Stadion 2005

Dei 2 første åra brukte eg mykje tankeverksemd på om det gjekk. Om eg måtte ha ein halv jobb ved sidan av. Hadde eg stolt på urokjensla i magen, hadde eg nok ikkje hatt Aura Consulting i dag. Du må nemleg satse heilt og fullt! 110 %.

Eg hadde ei handfull menneske som trudde på satsinga mi. Elles stod folk i kø for å fortelle meg at dette var galskap. Og dei gongane kontoen var tom, trudde eg det sjølv. Det var berre at eg var så glad. Så arbeidslysta og arbeidsgleda vann.

I 2005 fekk eg gevinsten av å ha holdt ut. Eg dobla nemleg omsetninga frå 2004 til 2005.

BADELANDAtlanterhavsbadet, bedriftskulturbygging 2006

I 2005 hadde eg 27 oppdragsgjevarar, og starta oppdraget med Høgskulen i Molde(som vara i 5 år), der eg jobba med dei som skulle verte framtidas idrettsleiarar. Og året etter dobla eg talet på oppdragsgjevarar. Det var i grunnen kun i starten på Aura, eg måtte drive offensivt salsarbeid. Alle år etterpå har eg hatt gjensal, eller relasjonssal.

NORD

I 2006, kom eg som einaste søring inn på eit nytt studium i Tromsø, Bedriftskultur i endring og utvikling. Det betydde 6 samlingar i Tromsø i 2007 år, og korleis skulle eg klare det økonomisk?  Eg satsa på å køyre eit LØFT kurs der for å dekke inn kostnad til reise og opphald, og fekk 63 påmelde! Bedriftskulturstudiet er nok det som har betydd mest for meg og Aura for vidare vekst og utvikling. Så gjorde det heller ingenting at eg fekk A.

Utsikt frå rorbu i Bakfjord, MåsøyHavøysund Finnmark – utsikt frå rorbua mi

Ei heilt ny verd opna seg der nord. Arktis og livet på toppen av kloden. i 2007 hadde eg mitt første utrulege arbeidsår  kva gjaldt reiseopplevingar. Av mange. Det er ikkje få stader eg har vore, som eg aldri har vore før. Eg har vore i Kirkenes, Svalbard, heilt til Russland, Mehamn og Kjøllefjord, Bodø, Harstad, Florø, Måsøy, reist over Lopphavet til Øksfjord , til Målselv og Bardufoss, Sommarøya utanfor Tromsø, Lofoten med hurtigruta, Byrkjeland utanfor Stavanger osv. Men det beste er alle dei flotte folka eg har møtt både på studiet og i oppdrag. I dag kan eg stolt sei at eg har heile landet som marked.

I 2014 opna eg base i Tromsø. Med brask og bram! Så no er eg der ein gong i månaden. Og eg nyttar høve til å takke hotelldirektør Aid, for flott vertskap i 8 år! Og Hanne Sofie Roaldsen, som har opna utallige nettverk for meg i nord.

LØFT

Kvifor vart det LØFT og meg? Den historia er for lang å ta her, den kjem i LØFT boka. Men det som ER sikkert er at det har BLITT meg og LØFT. Mitt første LØFT kurs arrangerte eg i Molde allereie 30.april 2003. Der var blant anna dagens ass. fylkesmann deltakar. Eg minnes enno kor ho skrytte av gjennomføringa og outlooken med raude roser, både på bord og i invitasjon. Eg har arrangert fleire eigne LØFT kurs i Alta, Kirkenes, Harstad, Bodø, Stavanger, Bergen, Sogndal, Årdal, Skei, Hamar og Oslo.Eg har dessverre ikkje telt alle som har vore på LØFT kurs eller LØFT opplæring med meg desse åra, men det er fleire tusen. Det har vorte slik at uansett kva eg jobbar med, har eg med meg den løysingsfokuserte tilnærminga. Og det gler meg stort å sjå kor folk og organisasjonar lukkast, ved hjelp av denne tilnærmingsmåten. Spesielt kjekt har det vore og fått fulgt organisasjonar over tid, der eg også i coaching har brukt LØFT.

Løft Tromsø 300513 020LØFT konferansen 2013 i Tromsø

Nasjonale konferansar

I 2010 tok eg mot til meg og var aleine arrangør av ei Nasjonal konferanse ,Bedriftskulturkonferansen – korleis skape kultur for arbeidsnærver, 4.juni i på Seilet hotell i Molde.

Det VAR eit kjempeløft for eit enkelmannforetak, med forelesarar frå inn og utland, 116 påmelde, og som vart opna av vår Fylkesmann!

I forkant hadde eg arrangert ein tur for Bedriftskulturgjengen min frå Tromsø til Geiranger, og i etterkant for dei som ville til Veiholmen. 40 melde seg på dit! Til Geiranger hadde eg hyra inn Oddgeir Bruaset, og har var med som guide på hurtigruta til Ålesund i etterkant(eg køyrde bilen hans til Ålesund..) Det var også stort for meg at Anne Holstad( det første barnet eg vart trillejente for) ville vere konferansa sin konferansier.

I 2012 arrangerte eg Norges første nasjonale LØFT konferanse, med ho eg kallar mora til LØFT i Norge; Gro Johnsrud Langslet, som ein av hovedattraksjonane. Gro har heile tida vore mitt symbol, og mi drivkraft for LØFT. Ben Furman, den finske LØFT guruen, som har sertifisert meg i å bruke LØFT for å skape løysingsfokuserte arbeidsplassar, var den andre.

Eg har brukt mykje tid i Stockholm saman med han og andre LØFT arar frå Sverige og Finland.

Begge to vart med meg igjen, året etter, når eg arrangerte LØFT konferansen 2013, i Tromsø.

Det er stort for meg, som frå å trakke ut i ukjent farvatn i 2003 på Kunnskapsparken, har blitt ein del av dei fremste som driv med dette.

frykt

Så, kva no – kva er status?

Eg tenkte før eg vart 50, at eg skulle gi meg ved fyllte 50. For kor lenge kunne eg stå på «ei scene» fleire dagar i veka og gi så totalt av meg sjølv som eg gjer? Men no har eg ombestemt meg. Det er akkurat dette eg skal drive med. I desse 12 åra har Aura Consulting hatt 386 oppdragsgjevarar. Offentlege, private og frivillige. Og mange av dei opp til fleire gongar. Eg brukar å spøke med at den einaste kunden eg ikkje har hatt, er politiet. Eg er så takknemleg for alle dei gode og konstruktive tilbakemeldingane eg har fått desse åra. Men igjen; eg veit at eine grunnen til at eg lukkast, er at eg aldri tek ein siger for gitt. Eg førebur meg, eg visualiserer og eg er audmjuk. Utan; har eg tapt.

Eg er no prosessveiledar i bedriftskulturbygging og LØFT opplæring. Eg er Coach for enkeltpersonar og team. Og eg held foredrag. Alt dette. I heile Norge.

Framover

Har eg gått tom etter 12 år? Nei, no i april står mi første LØFT samling for døra. Ei samling for folk som er unikt opptekne av LØFT, og vil trene og utveksle erfaringar. Eg har søkt på russisk studium, og skal inn i det russiske marked med LØFT. Har så vidt starta med kvinnelege russiske leiarar, og skal fortsette på Senja i september. Eg jobbar for å få LØFT inn i lærarutdanninga, og skal ha konferanse på Svalbard i oktober. Og rundt dette, som ei omfavning og mi store glede, ligg LØFT boka, og godgjer seg. I januar i år starta eg å blogge. Noko eg heller ikkje kan. Men eg ser no at bloggen lagar undertonen i boka eg håper å ferdigstille våren 2016.

Er det sjølvstendige næringslivet ein dans på roser? Nei, men det er ein dans. Du må vere i bevegelse. Toppmotivert. Topptrent, Fysisk og psykisk. Og du veit aldri kven som byr opp. Du veit aldri kven du møter på dansegulvet. Du har inga sikker framtid. Og det må du våge å leve med. Det viktigaste er at du kan dansestega dine. Og at du likar å danse….Eg har omtrent ikkje hatt eller tatt ei helg fri sidan oppstarten. Til gjengjeld kan eg ta fri når det er høgtid. Men fri har du for så vidt aldri. For min sin del har Aura Consulting vorte ein del av livet.

Da står det att å takke alle som har gått foran, gått bak og ved sidan – og vore med på og gjort dette mulig.aerobic i havgapetVeiholmen – største kilda til energi

«JAG VIL TACKA LIVET, SOM GITT MIG SÅ MYCKET»

2 thoughts on “Ukjent farvatn

  1. Gratulerer med jubileet og prestasjonene som ligger bak! Jeg heier på deg!

    Liker

  2. Tusen takk! Du er ein del av det!!!

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s