Aura Consulting

«Styggen på ryggen»

Legg igjen en kommentar

Onkel P fortel i songen så brutalt om korleis å vere totalt lamma og ramma av at andre bestemmer di skjebne. Dette er tiande bloggen til Aura Consulting.

styggen2

«Alt jeg har er tid, men det leger ingen sår»; syng han i songen.

[Refreng]
Føles som jeg er i helvete
Styggen på ryggen har blitt en av mine nærmeste
På skulderen min og minner meg på
Jævla skeis det’erre livet mitt går
Er det rart jeg er redd
Når Styggen på ryggen er han jeg prater med mest?
Oppå skulder’n min og sier at jeg kommer ingen vei her i livet»

Eg bruker å sei at dette varer, så lenge du tillet andre å ha denne innverknaden på deg. Eller rettare; at du let andre bestemme. Men ofte tek det lang tid å klare å snu dette tankesettet, slik at du set deg sjølv i førarsetet. Og nokon klarer det dessverre aldri.

Mange av dei eg møter har med seg historier frå oppvekst, som ikkje gir dei vekst, men råte. Om ein vert konstant devaluert eller avvist, kan det få alvorlege følger. Eg ser dei igjen som arbeidslaus, der dei har bestemt seg for at ingen arbeidsgjevar vil ha dei. Eg ser dei igjen som såkalla «dropouts»(eit begrep eg mislikar stort). Der dei har bestemt seg for at det er umuleg å kome innanfor. Eg har sett dei igjen innan barnevern, rus og psykiatri arbeidet. Felles for mange av dei; er at dei har fått høyrt at dei ikkje kjem nokon veg i livet. Og at dei til slutt vert så slitne, at dei trur på det. Og alle veit at det er når du er på botnen, det er lettast å ta til seg råd frå andre, og vere var andre si meining om deg.

Kirsti Håland, er ei dame eg ofte henviser til. Ho har sagt at oss i vår profesjonelle rolle kan vere med å prege muligheitene folk får, i vår måte å møte dei på. Det betyr at vi også kan ta fra folk muligheiter. Draumar.

Ofte fordi vi gjer oss antagelsar om folk. Kva dei klarer og ikkje. Tormod Huseby skriv i boka «Naken alene», at relasjoner påverkar kroppen vår. Professor i samfunnsmedisin Anna Luise Kirkengen har forska mykje på korleis krenkelsar i barndom og vaksenliv kan føre til sjukdom. Ho sei at betente relasjonar skaper betennelse i kroppen.http://www.Hvordan krenkede barn blir syke voksne

Alle vert vi påverka av andre folk og kva dei meiner om oss. Derfor bruker eg mykje tid på å få folk til å finne ut kva dei meiner om seg sjølv. Da klarer ein å stå tryggare i stormen og blesten som livet gir; og er.

Mikael Wiehe syng » Livet; kan sakna mening och mål. Men det er det enda liv vi har».

Og av til er det slik. Oftare for nokon enn andre. At det er heilt tomt. At det er null tru på at livet kan bli bedre. At ein berre vil inn i sneglehuset sitt å verte der. At ein ikkje har noko å gi til nokon. At ein ikkje vil at nokon skal sjå at ein har det slik. Og at Sjølvhjelparkjærleik nesten ikkje hjelpe.

I går heldt eg foredrag på Møre og Romsdal Parkinson forbund sitt 30 årsjubileum. Dei hadde også med seg partnarar. Og det slo meg at det skulle ha vore ein eigen avdeling for partnarane. For mange av dei var pratetrengde. Hadde behov for å  snakke om sin situasjon. Og det er ikkje noko rart. Det tek på og vere pårørande til folk som vert sjukare og sjukare. Eg såg det same når eg jobba med rusomsorg. Foreldre som hadde brukt opp alt overskudd. I boka «Någonstans finns gledjen», Av Furman/Tappola, så skriv dei om korleis løysingsfokusert tilnæring kan brukast overfor depresjon. Å leve så tett på menneske som i lange tider berre ser seg sjølv, og sin depresjon, tek på.

Eg meiner der er ei grense. Ei grense for kor lenge du skal vere den sterke. Men den grensa er det kun den med skoa på som kan finne.

Da er det ikkje styggen du har på ryggen, men sorg.

For mange år sidan møtte eg ein mann på eit AMO kurs( han var arbeidslaus). Når eg etterkvart skulle få dei til å sette seg nye mål i livet, så var han ein av dei som ikkje ville snakke om målet. Han mala. Og han mala eit utruleg vakkert bilde. Vi andre skulle gjette kva han hadde mala. Det visste seg å ikkje stemme, Så da snakka han. Det var bilde av 3 ungdomar som sat ved ein elvebredd. Med ryggen til. Framom dei var 3 fjelltoppar i ulik høgde. Han fortalde at dei 3 ungdomane var han og hans 2 søsken. Som alle hadde vore seksuellt misbrukt. Og dermed sat dei med ryggen mot verda. Dei 3 fjella symboliserte hans mål i livet. Det lavaste fjellet var hans første mål. Å våge å kome første dagen på AMO kurs. Det høgste fjellet, var å verte vernepleiar.

Desse tre hadde blitt krenka på det grovaste.

Men her finnast mange typer krenkelsar.Å ta frå nokon æra, oversjå nokon, framelska nokre, og ikkje andre. Å ikkje la andre vere den dei er, kan kanskje også vere krenkelse.  Ben Furman, den finske LØFT guruen, skriv i boka «Dobbelstjernen» ikkje berre om krenkelsar, men også om dobbel og trippel krenkelsar. Han seier at når vi dobbelkrenkar så kan vi bruk begrep eller setningar som omhandlar at den andre er overfølsom, har ingen humor, har misforstått eller har personlege problem som kan ta det slik……

dubbelstor

Det er DA du har styggen på ryggen. Da vert apekatten på skuldra som fortel deg kva du gjer feil, ingenting i forhold.

apekatt

Kvifor er vi slik mot kvarandre? Misunnelse og behov for å øydelegge er nokre av grunnane.

Kva kan ein gjer med dette sjølv? Jau, ta deg i age for korleis du tenker om andre. Sørg for å skap deg eit liv. Dette er som mobbing i skulen. Baksnakking av andre. Det fortel ofte mest om den som gjer det.

Ofte møter eg folk som er redd for å vere seg sjølv. Redd for kva andre skal tenke. Og der har vi vel vore alle-.

Noko av det beste skussmålet eg kan få i Aura Consuling, er når folk sei dei har meg på skuldra. Eller høyrer stemma mi. Når dei står over noko dei grur seg for, aldri har gjort før, eller er usikker på meistar.

Rolla som den gode feen kan vi ta alle. Og sørge for at Askepott får skine. Med rak rygg.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s