Aura Consulting


Legg igjen en kommentar

Dans – for svingande!

AudhildAlnes

I denne veka vart eg utfordra på å svare på kva god leiing er for meg. Og det er det Aura Consulting sin trettande blogg handlar om.

For meg er å leie som å danse. Du må våge deg utpå gulvet. Du veit ikkje alltid vite kven dansepartnaren din er. Du kjenner ikkje andre sine dansesteg. Du kan tråkke feil. Du må tåle nærleik og distanse.. Du bør ha rytme. Og du må like det.

blue-dancers

Eg har det sikkert som mange andre. Eg let meg fryde når eg ser god leiarskap verte praktisert. Men dessverre ser eg også ofte elendig leiarskap. Eller totalt manglande. For ikkje snakka om folk i den posisjonen, som aldri burde hatt den.

Som verken likar folk særleg godt. Og kanskje heller ikkje seg sjølv.

Eg har vore leiar i 28 år. Mi læringskurve var stupbratt. Min første sjef sa til meg: «Husk at det bles på toppane». Punktum. Det betydde at eg måtte ta eit stort ansvar sjølv for å finne eigen motivasjon,visdom og styrke i leiarrolla.

Men same sjefen gav meg det eg i all ettertid har kalla den største gåva eg kunne få som leiar; ekstern vegleiar.

Og same sjefen var den som støtta meg i å ta vidareutdanning i leiing i Oslo i 1990.

Han gav meg frie tøylar, stolte på meg, og gav meg indirekte lov til å feile.

Første dagen min på jobb, måtte eg rykke ut til ei overdose sak. Kommunelegen var vekkreist, så eg måtte sjølv rekvirere ambulansehelikopter og løyse saka. Andre dagen min på jobb måtte eg overføre ei barnevernsak frå vår kommune til Ytre Sogn.

Fallhøgda var høg, men eg våga, fordi eg umidderlbart opplevde at eg hadde min sjef sin tillit.

Gjennom 28 år har eg putta slike gode rettesnorer opp i min erfaringsryggsekk. Og etterkvart har eg vorte moden, sterk og klok nok, til å tømt sekken for det ikkje hadde noko der og gjer. Eller for å sei det annleis; dei som har leia meg eller andre, som ikkje har noko i den rolla og gjere.

LærdalHelse og sosial sjef tida i Lærdal

Så kva er god leiing for meg? OBS; Dette er inga oppskrift. Inga smørbrødliste. Det er mine erfaringar.

1. Kjenn deg sjølv

«Why beiing yourselve is the best strategy now»; var omkvedet for ein del år tilbake. For meg er det like gjeldande i dag.

Ta ei personleg SWOT analyse. Kva er dine styrker og kvalitetar? Dine truslar? Kva situasjonar og adferd triggar deg? Og muligheiter?

2. Kongstanken

Kvifor skal du vere leiar? Kvifor passar du så godt? Kvifor passar du så godt til å leie andre?

Tenk igjennom det. La det vere eit bevisst val.

Vert leiar fordi du vil det. Fordi du meiner du passar til det. Fordi du brenn for faget leiing!

Det er for mange grunnar til at folk vert leiarar. Nokon vert det fordi «dei stig i gradene». Typisk eksempel; fullmektigen som endar som trygdesjef. «Leadership by accident», er ein annan variant……

3. Kulturbyggar

Ta ansvar som kulturberar! Eg var så heldig at eg fekk høyre Shell sin Nils Erik Hellem halde foredrag om deira leiarkultur i denne veka. Han sa blant anna at det sjefen set fokus på, vert organisasjonskultur over tid. Det har eg sagt i mange år. Og eg har også sett at det er ikkje det du seier folk legg merke til, men det du gjer. Det betyr at du som leiar av og til må utfordre etablerte sanningar.

4. Mål i fokus

Lev med at folk er ulike! Aksepter at folk opplever ting ulikt! Men gi aldri avkall på at så lenge dei jobbar i din organisasjon, må dei jobbe i retning av felles mål! Ver open for nokre stikkvegar. Men ikkje omvegar! Hald oppe målskiva når situasjonen vert utfordrande. For det vert den!

5. Tid til leiing

Etter mitt syn er ein leiar ingen administrator. 80% av kostnaden i mange bedrifter er lønskostnader. Det betyr at det er menneske du skal leie. Det må du sette av tid til. La det verte ein del av kulturen. Sørg for å lage oasar for deg og mellomleiarane der dei har tid til leiing. Kom deg ut av kontoret. Vis deg. Bry deg. Ikkje kom i «mangel på tid» fella . Du har tid til alt du vil. Bestem deg.

6. Den beste utgåva

Jobb for at dine tilsette skal verte den beste utgåva av seg sjølv. Ha tru på dei! Gi dei tydelege forventningar. Legg til lette for eit godt 3 part samarbeid. Dette  vil verte ein suksessfaktor både kva gjeld å halde på folk, og få nye til å velge akkurat di verksemd og din leiarkultur!

7. Endringsdyktig

Eg klarer ikkje forstå at det er mulig å vere leiar i dag, utan å vere endringsdyktig. «The only thing constant in this universe, is change». Som leiar må du forstå som Bjørn Eidsvåg syng: » At ingenting er som før, og før kommer aldri mer igjen». Det betyr at du må kunne skape ein kultur saman med dine, der endring er normalen…FIT FOR THE FUTURE!

8. Mot

Egenskapen mot har leiarar trengt i alle tider. Mi erfaring er at mange leiarar manglar den i dag. Kanskje er det derfor det eg kallar den naudsynte samtala, av andre ofte vert kalla den vanskelege? Våg og snakk med folka dine. Og kanskje er det lurt og gjere som Jan Spurkeland seier; skal du ta opp noko med ein medarbeidar som ikkje er positivt; ta kun det i den samtalen. Det positive kan du ta når som helst. Ver trygg i motstand. Motstand er ikkje hindring! Sjå det som ei muligheit!

9. Still spørsmål

Ikkje ha alle svar. Dei kan du likevel umulig ha. Skap  kultur for at «dei som har skoa på, har svara sjølv». Det ansvarleggjer, samtidig som det skaper engasjement.

10. Beslutningsdyktig

Sjå dei lange linjene. Long therm thinking. Ta beslutningar i dag i tråd med det. Men våg likevel der det er nødvendig. Ikkje utsett til imorgon det du kan bestemme i dag. Og stå i stormen når di beslutning er upopulær. Opp med målskiva igjen.

11. Prioritere utvikling

Og kompetanseutvikling. Også i dårlege økonomiske tider. Bygg kultur i godveret! Som kan tåle styggveret! Synleggjer leiarane! Gjerne med bilde! Ikkje gøymd dei vekk på heimesider..

Sjølv om du lever mesteparten av livet på jobb eller i senga – skaff deg eit liv utanom jobb!

Dans  – for svingande!

AudhildAlnes


1 kommentar

Når alt kjem til alt

Glede

Vi har så mange masker. Bygger fasade. Bygge mur. Rundt oss.Så folk ikkje skal få auge på kven vi eigentleg er. I denne tolvte bloggen til Aura Consulting, vil eg ta deg med på mine tankar om akkurat det. Eg tenker det når eg ser menn i fine dressar. Med mobilane sine. Alltid. Med bestemte målretta blikk.  Eg tenker det når eg høyrer kvinner snakke SÅ varmt om nye gardiner, nye hagemøblar( som skal bytast fordi fjorårets ikkje passar), kva driv vi med? Eg tenker det når eg ser ungdomar på treningssenteret. Med musikk på øyra, eller vassflaska på munnen. Og nesten ikkje møter blikk. Og ikkje ser andre enn seg sjølv. Kvifor er vi så opptekne av å verne oss? Kvifor kostar det så mykje å vere seg sjølv. Kva tenker du med menneske?

Det  materielle har  fått så stor betydning i vårt samfunn. Det perfekte. Eg var i Ulsteinvik denne veka på jobb. Da eg kom til hotellet seine kvelden, var der ikkje parkeringsplass. Brått strøymde det ut hårder av vakre, moterette kvinner. Eg spurde ei av dei kva dette var. «Veit du ikkje det? Det er vårens vakraste eventyr; Mannekengoppvisning!»

No er eg langt ifrå imot at vi skal ivareta korleis vi ser ut. Men er det dette vi skal verte måla utfrå.? Som menneske? Er det dette som fortel verdien av kven vi er?

Mange kjenner til teorien Joharis vindu.

Det øverste vinduet handlar om sider ved deg sjølv du kjenner til, er trygg på, og gjerne vil vise. Dei sidene ser andre folk. Det i midten handlar om sider ved deg sjølv du kjenner til, men som du ikkje ønsker andre skal sjå. Og du bruker mykje energi på nettopp det. Andre ser dermed ikkje desse sidene. Det nederste vinduet handlar om sider ved deg sjølv du ikkje er klar over, men som andre ser.

I mitt møte med folk bruker eg tid på kva som må skje for at det øverste vinduet ikkje berre skal vere ein glugge. Men helst det største vinduet.

Det er ikkje lett å vere seg sjølv, med alle krav til det perfekte rundt oss.

I boka Gullfisk eller Sardin, av Liza Rodolfson, skriv ho om to ulike bedriftskulturar. Men mest om faktorarar for kva som kan få menneska i organisasjonen til å vere endringsdyktige. Sardinbokskulturen har stor frykt for å feile. Der vert folk fort handlingslamma, fordi dei ventar på ordre. Dei vågar ikkje gjere det dei sjølv trur er lurt.

gullfisk

I slike kulturar finn vi ofte det den finske LØFT guruen Ben Furman kallar «blamestorming». Jakten på den skuldige. Eller jakten på kven som har gjort feilen.

Her er det nulltoleranse for å dumme seg ut.

Når eg er ute og har oppdrag, så bruker eg av og til å sei i døma eg gir, at eg ikkje er redd for å harselere med meg sjølv.

Når eg gjer det, så lettar stemninga.

Ein gong eg heldt foredrag for foreldre med funksjonshemma born (frå heile Møre og Romsdal), så såg eg at dei 100 foreldra sat stive, ytterst på stolane sine, og livredde for å kome borti naboen(stolane stod svært tett).Da sette eg på musikk og fekk alle til å røyse seg og trimme med. Når dei så sette seg att, auka summinga i salen, og dei snakka med den på nabostolen.

Icebraker. Er det så farleg?

DSCN0314

Eg brukar av og til å sei at eg er så heldig at eg har fått lov til å jobbe mykje med sjuke folk. Og arbeidslause folk. Nokon dreg på smilebandet når eg seier det; for kva er heldig med det?

Jau, dei har vore med å sette livet i perspektiv. Eg har funne ut at det er inga tid eg er nærare livet, enn når eg er nær sjukdom og elende.

Da eg var sosialsjef i Årdal, fekk eg ein gong spørsmål frå ein brukar om eg kunne bu saman med ein gjeng med rusproblem i 2 dagar for at dei skulle halde seg vekke frå rus, og møte rusfri i gravferda til ein ven av dei.

Eg budde der ikkje, men eg var ilag med dei heile dagane. Den tida eg fekk saman med dei, vart den mest betydningsfulle. Og ikkje eit einaste møte på mitt kontor kunne målast med det. Dei hadde ikkje meir og skjule. Dei skjulte ikkje noko vindu. Dei gav meg den største tillitten eit menneske kan få.

Så når alt kjem til alt. Så er det relasjon det handlar om. Kjensler.

Når vi vert sjuke, gamle. At  nokon er der for deg.

Dei siste åra har eg kunne vore mykje saman med mi gamle mor. Og eg har vore mykje saman med andre gamle der ho bur.

Og eg ser at dei vert akkurat som born. Dei har mest sansen for dei folka som «backar» dei, trur på dei, høyrer på draumane deira. Det burde ikkje vere noko «hokuspokus». Dette behovet har vi altså frå vogge til grav.to barnehender

Eg kunne ønske meg eit RELASJONSKLOK fag i skulen. For eg har tru på at mange får det betre da. Vissheita om at du har vore noko for ein annan, burde få større verdi.

TIL DOKKE:

I kvar og ein av menneska som er rundt

oss finnast det kilde til nyansar og

variasjon. Vi har alle eit personleg

landskap så rikt på detaljar at det til

einkvar tid er mulig å oppdage nye

mentale fjell og dalar. Evnen til å sjå

slike trekk både i naturen og menneske

sitt eige landskap er ein av våre aller

største livskunnskapar.

Av Torleif Lundquist

.


2 kommentarer

Kanskje aldri

Tær i stein

Eller hadde berre. Eitkvart hendt. Seinare. Der framme. Blogg nummer 11 frå Aura Consulting handlar om å sette livet sitt på vent.

Det har slått meg i fleire år, og eg har eigen erfart det. I mitt møte med menneske dei siste tredve åra, har eg ofte høyrt det. Ikkje alltid eg har fått høyrt det heller. Berre merka det. Mange skjuler det som ein godt bevart løyndom. Og ventar. På mannen på den kvite hesten, eller eitkvart der framme. Som kan gjere livet betre. Verdt å leve.

Og medan tida og åra går, har ein mist mykje notid.

Kanskje aldri5

Eg gløymer aldri dama som sa til meg:» hadde han berre vore her han Einar.» Ho sa det så mange gongar at eg til slutt måtte spørre henne kvar han var? «Han forlot meg for 30 år sidan», sa ho. Eg lurde på om det var slik at dersom ho snakka slik, så ville han kome tilbake til henne? «Nei, er du gal», sa ho. Da eg lurde på kvifor ho framleis snakka slik, sa ho at ho ikkje visste.Eg lurde da på om det var mulig for henne å sette nytt mål for livet sitt. Det er som kjent slik at framtida di, kan sette fortida di i eit anna perspektiv.

Smerten man føler ved et tap er målestokken for håpet man har hatt.»
Kanskje aldri4

Det er heller ikkje uvanleg å få svaret at folk ikkje veit. Vi er så god på kva vi ikkje vil – men ikkje like god på KVA vi vil. Vi stirrer oss blinde på det vi ikkje kan gjere noko med. Der misser vi energien. Mange av oss kjenner ordtaket; at når døra til lukka er stengd, vil ei anna opne seg. Berre du evnar å sjå det.

I min jobb møter eg leiarar som sier dei skal berre halde ut litt til. Det står att noko til dei skulle ha gjennomført. Og hadde berre. Hadde berre andre sett og verdsett det dei gjorde. Det kan endre seg. I dei mest fastlåste situasjonar tenker dei at det kan endre seg. Ja, det kan det. Det er viktig å ha evna til å håpe. Men av og til endrar det seg ikkje. Og det er erkjennelsen om kanskje aldri eg skriv om her.

Av og til må eg minne både med sjølv og andre om at «utakk er og blir verdens lønn». Om du skal ville det så voldsomt at du berre skal halde ut litt til; lat det iallfall vere på vegne av deg sjølv. I ny og ne må eg sei at det er kun du sjølv som har ansvaret for å ivareta eiga helse. Om du ikkje lukkast i den bedriftskulturen du jobbar i no, kan du lukkast i ein annan. Og det treng faktisk ikkje handle om at du ikkje er dyktig. Det KAN like gjerne handle om at kulturen ikkje er klar for deg. Og da vil du slite deg ut, om du skal prøve å finne plass. Mange kulturar fortener ikkje ditt engasjement, kreativitet og stå på vilje. La tanken om «tenk om» fare. Bytt. Sett deg nytt mål. Snu retning. Finn din nye plass i sola.

«Det er morgen igjen, vesle håp,
og verden frotterer seg med nyvasket solskinn

Alternativet kan vere å sette livet på vent. Vente på å snart bli pensjonist. Vente på at den som har mist interessa for deg, skal få den igjen. Vente på at arbeidsgjevar skal sjå verdien av den du er.  Vente med å ta mot til deg, og fortelle om kjenslene dine. Vente på at du ikkje lenger skal bli slått.

Han Hildegunn, «steike fine gardiner» – sa i eit intervju for mange år sidan; «Det er rart å sjå kor mange omvegar oss menneske tek for å slippe å sei noko til nokon. Og nokre omvegar kan vare eit heilt liv.»

For meg betyr det at kommunikasjon er vanskeleg. Det viser seg at det BÅDE er vanskeleg å gi positive tilbakemeldingar, og negative. Derfor tek vi omvegar. Vi burde ha tatt mot til oss og sagt frå om at det ikkje er håp. For at du har ein muligheit vidare i jobben, eller VI i dette forholdet.

Men vi går omvegar. Og let det vere opp til den andre og tenke seg det. Finne ut av det sjølv. Eller kanskje aldri finne ut av det. Ein mann eg coacha for nokre år sidan, sa at det verste å leve med, ikkje var at forholdet var slutt. Men at han ikkje fekk vite kvifor.

Kanskje aldri2

«Håp er et legemiddel som ikke helbreder, men som tillater oss å lide litt lenger».
Derfor må oss prøve å førebu oss på den dimensjonen i livet. At kanskje aldri.
Kanskje vert du aldri bra nok. For dei eller den andre.
Prøv og lausriv deg. Kom deg vidare.
Kanskje aldri
«Håpet er en nøysom plante, det skyter nye skudd i det dunkle for hver gang det blir ribbet. Utrydde håp er en lang historie, kanskje umulig. Det lever av ingenting som det gule lavet på steinen, det lever på tross av alt.»
«Det oppstår tomhet der håpet dør».
 Og den kan ta knekken på deg. Lev i håpet. Lenge. Men ha ein plan B.
Husk; at fryd kan ligge og vente på deg. Bak neste sving. Anne Grete Prøis.