Aura Consulting

Når alt kjem til alt

1 kommentar

Glede

Vi har så mange masker. Bygger fasade. Bygge mur. Rundt oss.Så folk ikkje skal få auge på kven vi eigentleg er. I denne tolvte bloggen til Aura Consulting, vil eg ta deg med på mine tankar om akkurat det. Eg tenker det når eg ser menn i fine dressar. Med mobilane sine. Alltid. Med bestemte målretta blikk.  Eg tenker det når eg høyrer kvinner snakke SÅ varmt om nye gardiner, nye hagemøblar( som skal bytast fordi fjorårets ikkje passar), kva driv vi med? Eg tenker det når eg ser ungdomar på treningssenteret. Med musikk på øyra, eller vassflaska på munnen. Og nesten ikkje møter blikk. Og ikkje ser andre enn seg sjølv. Kvifor er vi så opptekne av å verne oss? Kvifor kostar det så mykje å vere seg sjølv. Kva tenker du med menneske?

Det  materielle har  fått så stor betydning i vårt samfunn. Det perfekte. Eg var i Ulsteinvik denne veka på jobb. Da eg kom til hotellet seine kvelden, var der ikkje parkeringsplass. Brått strøymde det ut hårder av vakre, moterette kvinner. Eg spurde ei av dei kva dette var. «Veit du ikkje det? Det er vårens vakraste eventyr; Mannekengoppvisning!»

No er eg langt ifrå imot at vi skal ivareta korleis vi ser ut. Men er det dette vi skal verte måla utfrå.? Som menneske? Er det dette som fortel verdien av kven vi er?

Mange kjenner til teorien Joharis vindu.

Det øverste vinduet handlar om sider ved deg sjølv du kjenner til, er trygg på, og gjerne vil vise. Dei sidene ser andre folk. Det i midten handlar om sider ved deg sjølv du kjenner til, men som du ikkje ønsker andre skal sjå. Og du bruker mykje energi på nettopp det. Andre ser dermed ikkje desse sidene. Det nederste vinduet handlar om sider ved deg sjølv du ikkje er klar over, men som andre ser.

I mitt møte med folk bruker eg tid på kva som må skje for at det øverste vinduet ikkje berre skal vere ein glugge. Men helst det største vinduet.

Det er ikkje lett å vere seg sjølv, med alle krav til det perfekte rundt oss.

I boka Gullfisk eller Sardin, av Liza Rodolfson, skriv ho om to ulike bedriftskulturar. Men mest om faktorarar for kva som kan få menneska i organisasjonen til å vere endringsdyktige. Sardinbokskulturen har stor frykt for å feile. Der vert folk fort handlingslamma, fordi dei ventar på ordre. Dei vågar ikkje gjere det dei sjølv trur er lurt.

gullfisk

I slike kulturar finn vi ofte det den finske LØFT guruen Ben Furman kallar «blamestorming». Jakten på den skuldige. Eller jakten på kven som har gjort feilen.

Her er det nulltoleranse for å dumme seg ut.

Når eg er ute og har oppdrag, så bruker eg av og til å sei i døma eg gir, at eg ikkje er redd for å harselere med meg sjølv.

Når eg gjer det, så lettar stemninga.

Ein gong eg heldt foredrag for foreldre med funksjonshemma born (frå heile Møre og Romsdal), så såg eg at dei 100 foreldra sat stive, ytterst på stolane sine, og livredde for å kome borti naboen(stolane stod svært tett).Da sette eg på musikk og fekk alle til å røyse seg og trimme med. Når dei så sette seg att, auka summinga i salen, og dei snakka med den på nabostolen.

Icebraker. Er det så farleg?

DSCN0314

Eg brukar av og til å sei at eg er så heldig at eg har fått lov til å jobbe mykje med sjuke folk. Og arbeidslause folk. Nokon dreg på smilebandet når eg seier det; for kva er heldig med det?

Jau, dei har vore med å sette livet i perspektiv. Eg har funne ut at det er inga tid eg er nærare livet, enn når eg er nær sjukdom og elende.

Da eg var sosialsjef i Årdal, fekk eg ein gong spørsmål frå ein brukar om eg kunne bu saman med ein gjeng med rusproblem i 2 dagar for at dei skulle halde seg vekke frå rus, og møte rusfri i gravferda til ein ven av dei.

Eg budde der ikkje, men eg var ilag med dei heile dagane. Den tida eg fekk saman med dei, vart den mest betydningsfulle. Og ikkje eit einaste møte på mitt kontor kunne målast med det. Dei hadde ikkje meir og skjule. Dei skjulte ikkje noko vindu. Dei gav meg den største tillitten eit menneske kan få.

Så når alt kjem til alt. Så er det relasjon det handlar om. Kjensler.

Når vi vert sjuke, gamle. At  nokon er der for deg.

Dei siste åra har eg kunne vore mykje saman med mi gamle mor. Og eg har vore mykje saman med andre gamle der ho bur.

Og eg ser at dei vert akkurat som born. Dei har mest sansen for dei folka som «backar» dei, trur på dei, høyrer på draumane deira. Det burde ikkje vere noko «hokuspokus». Dette behovet har vi altså frå vogge til grav.to barnehender

Eg kunne ønske meg eit RELASJONSKLOK fag i skulen. For eg har tru på at mange får det betre da. Vissheita om at du har vore noko for ein annan, burde få større verdi.

TIL DOKKE:

I kvar og ein av menneska som er rundt

oss finnast det kilde til nyansar og

variasjon. Vi har alle eit personleg

landskap så rikt på detaljar at det til

einkvar tid er mulig å oppdage nye

mentale fjell og dalar. Evnen til å sjå

slike trekk både i naturen og menneske

sitt eige landskap er ein av våre aller

største livskunnskapar.

Av Torleif Lundquist

.

One thought on “Når alt kjem til alt

  1. Flott. Supert. Og så inderlig rett på😊
    Og som lærer og med hjerte i sosialpedagogikk så skulle absolutt Relasjonsklok være i skolen. Men det gir ikke hverken karakter eller bedre lønn. Dagens tastesamfunn gjør oss ikke bedre på relasjoner. Tvert imot.
    Venter spent på flere betraktninger😉

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s