Aura Consulting

Dans – for svingande!

Legg igjen en kommentar

AudhildAlnes

I denne veka vart eg utfordra på å svare på kva god leiing er for meg. Og det er det Aura Consulting sin trettande blogg handlar om.

For meg er å leie som å danse. Du må våge deg utpå gulvet. Du veit ikkje alltid vite kven dansepartnaren din er. Du kjenner ikkje andre sine dansesteg. Du kan tråkke feil. Du må tåle nærleik og distanse.. Du bør ha rytme. Og du må like det.

blue-dancers

Eg har det sikkert som mange andre. Eg let meg fryde når eg ser god leiarskap verte praktisert. Men dessverre ser eg også ofte elendig leiarskap. Eller totalt manglande. For ikkje snakka om folk i den posisjonen, som aldri burde hatt den.

Som verken likar folk særleg godt. Og kanskje heller ikkje seg sjølv.

Eg har vore leiar i 28 år. Mi læringskurve var stupbratt. Min første sjef sa til meg: «Husk at det bles på toppane». Punktum. Det betydde at eg måtte ta eit stort ansvar sjølv for å finne eigen motivasjon,visdom og styrke i leiarrolla.

Men same sjefen gav meg det eg i all ettertid har kalla den største gåva eg kunne få som leiar; ekstern vegleiar.

Og same sjefen var den som støtta meg i å ta vidareutdanning i leiing i Oslo i 1990.

Han gav meg frie tøylar, stolte på meg, og gav meg indirekte lov til å feile.

Første dagen min på jobb, måtte eg rykke ut til ei overdose sak. Kommunelegen var vekkreist, så eg måtte sjølv rekvirere ambulansehelikopter og løyse saka. Andre dagen min på jobb måtte eg overføre ei barnevernsak frå vår kommune til Ytre Sogn.

Fallhøgda var høg, men eg våga, fordi eg umidderlbart opplevde at eg hadde min sjef sin tillit.

Gjennom 28 år har eg putta slike gode rettesnorer opp i min erfaringsryggsekk. Og etterkvart har eg vorte moden, sterk og klok nok, til å tømt sekken for det ikkje hadde noko der og gjer. Eller for å sei det annleis; dei som har leia meg eller andre, som ikkje har noko i den rolla og gjere.

LærdalHelse og sosial sjef tida i Lærdal

Så kva er god leiing for meg? OBS; Dette er inga oppskrift. Inga smørbrødliste. Det er mine erfaringar.

1. Kjenn deg sjølv

«Why beiing yourselve is the best strategy now»; var omkvedet for ein del år tilbake. For meg er det like gjeldande i dag.

Ta ei personleg SWOT analyse. Kva er dine styrker og kvalitetar? Dine truslar? Kva situasjonar og adferd triggar deg? Og muligheiter?

2. Kongstanken

Kvifor skal du vere leiar? Kvifor passar du så godt? Kvifor passar du så godt til å leie andre?

Tenk igjennom det. La det vere eit bevisst val.

Vert leiar fordi du vil det. Fordi du meiner du passar til det. Fordi du brenn for faget leiing!

Det er for mange grunnar til at folk vert leiarar. Nokon vert det fordi «dei stig i gradene». Typisk eksempel; fullmektigen som endar som trygdesjef. «Leadership by accident», er ein annan variant……

3. Kulturbyggar

Ta ansvar som kulturberar! Eg var så heldig at eg fekk høyre Shell sin Nils Erik Hellem halde foredrag om deira leiarkultur i denne veka. Han sa blant anna at det sjefen set fokus på, vert organisasjonskultur over tid. Det har eg sagt i mange år. Og eg har også sett at det er ikkje det du seier folk legg merke til, men det du gjer. Det betyr at du som leiar av og til må utfordre etablerte sanningar.

4. Mål i fokus

Lev med at folk er ulike! Aksepter at folk opplever ting ulikt! Men gi aldri avkall på at så lenge dei jobbar i din organisasjon, må dei jobbe i retning av felles mål! Ver open for nokre stikkvegar. Men ikkje omvegar! Hald oppe målskiva når situasjonen vert utfordrande. For det vert den!

5. Tid til leiing

Etter mitt syn er ein leiar ingen administrator. 80% av kostnaden i mange bedrifter er lønskostnader. Det betyr at det er menneske du skal leie. Det må du sette av tid til. La det verte ein del av kulturen. Sørg for å lage oasar for deg og mellomleiarane der dei har tid til leiing. Kom deg ut av kontoret. Vis deg. Bry deg. Ikkje kom i «mangel på tid» fella . Du har tid til alt du vil. Bestem deg.

6. Den beste utgåva

Jobb for at dine tilsette skal verte den beste utgåva av seg sjølv. Ha tru på dei! Gi dei tydelege forventningar. Legg til lette for eit godt 3 part samarbeid. Dette  vil verte ein suksessfaktor både kva gjeld å halde på folk, og få nye til å velge akkurat di verksemd og din leiarkultur!

7. Endringsdyktig

Eg klarer ikkje forstå at det er mulig å vere leiar i dag, utan å vere endringsdyktig. «The only thing constant in this universe, is change». Som leiar må du forstå som Bjørn Eidsvåg syng: » At ingenting er som før, og før kommer aldri mer igjen». Det betyr at du må kunne skape ein kultur saman med dine, der endring er normalen…FIT FOR THE FUTURE!

8. Mot

Egenskapen mot har leiarar trengt i alle tider. Mi erfaring er at mange leiarar manglar den i dag. Kanskje er det derfor det eg kallar den naudsynte samtala, av andre ofte vert kalla den vanskelege? Våg og snakk med folka dine. Og kanskje er det lurt og gjere som Jan Spurkeland seier; skal du ta opp noko med ein medarbeidar som ikkje er positivt; ta kun det i den samtalen. Det positive kan du ta når som helst. Ver trygg i motstand. Motstand er ikkje hindring! Sjå det som ei muligheit!

9. Still spørsmål

Ikkje ha alle svar. Dei kan du likevel umulig ha. Skap  kultur for at «dei som har skoa på, har svara sjølv». Det ansvarleggjer, samtidig som det skaper engasjement.

10. Beslutningsdyktig

Sjå dei lange linjene. Long therm thinking. Ta beslutningar i dag i tråd med det. Men våg likevel der det er nødvendig. Ikkje utsett til imorgon det du kan bestemme i dag. Og stå i stormen når di beslutning er upopulær. Opp med målskiva igjen.

11. Prioritere utvikling

Og kompetanseutvikling. Også i dårlege økonomiske tider. Bygg kultur i godveret! Som kan tåle styggveret! Synleggjer leiarane! Gjerne med bilde! Ikkje gøymd dei vekk på heimesider..

Sjølv om du lever mesteparten av livet på jobb eller i senga – skaff deg eit liv utanom jobb!

Dans  – for svingande!

AudhildAlnes

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s