Aura Consulting


2 kommentarer

Brutto Nasjonal lukke?

HårkransEg sit på SAS Plus. I fly over Portugal. Denne blogg nr 15 frå Aura Consulting, handlar om tankar fleire tusen mil over havet.

Ved eit slumpetreff havna eg på Plus. Så no kan eg nyte eit herremåltid medan eg nyt synet av Spania, Frankrike og Belgia, langt der nede. Og rett som det er, kjem dei svenske flyvertinnene og spør om eg skal ha meir vin. Noko eg ikkje skal. Men lukka over å verte spurd, er luksus nok. For meg.

Det heiter seg at tankar flyg. Eg prøver å samle dei her i frie lufta.

Og eg legg som alltid merke til varmen i det svenske språk. «Takk snella» og » ni ska va varmt velkomna». Det er vel berre briten sin » love» på slutten av dei fleste setningar, som kan få deg til å kjenne deg meir inkludert.

Eg er på veg heim etter 10 dagar ferie i Portugal.

Ferie for meg er å gjere noko heilt anna. Anna enn det eg elles gjer. Eller meir av det som gjer meg glad. Fri for ansvar. Dvs det er ikkje heilt sant. Eg har ein tendens også når eg har fri, til å involvere meg i dei menneska eg møter. Og kanskje er det slik som kloke Siw Bergås frå Molde sa( på toget frå Lisboa til Faro), det handlar om å ta kontakt med folk. Det er da ting skjer. Og opplevingane kjem.

Altså Portugal; dette landet som ein gong var erobrar og kongemakt av dimensjonar. Og som no i nokre år har stått fram i ei heilt anna drakt. Fattigdom, arbeidsløyse, som har skapt dei sosiososiale/kulturelle kår som slike vilkår gir. Dei har stått i fare for å miste sine ungdomskull, fordi ungdomen vil dit dei kan få seg jobb. ( over 50.000 reiste pr år).

Og likevel, dei er så lukkelege. Eg traff 4 ungdomar i Lisboa som meiner dei bur i verdas beste by og land. Eg traff unge etablerarar i Olhao, som satsa på andre ungdomar.

Og da tok tankane meg heim.

Der vi også har solnedgongar, fuglekvitter, havbrus og stilla.Men likevel jaktar vi på lukka

I Sverige vart 6.000 menneske spurd om kva som var det viktigaste i livet deira. 5.800 svarde at det var å vere lukkeleg

Berre 20 av dei kunne svare på kva lukke var…..

I Bhutan har dei i 40 år målt landets velstand i Brutto Nasjonal lukke. Bhutan er rekna for å vere eit av verdas fattigaste land. Landet er blitt berømt for å utvikle mål, ikkje for økonomisk og sosial framgong, men for menneskeleg lukke. Landet har eit eige direktorat som arbeider med å utvikle indikatorer for menneskeleg lukke, kalt ”Gross National Happiness”. Les gjerne boka Happiness.

http://makewealthhistory.org/2009/06/05/happiness-by-richard-layard/

Eg ser at partiet De Grønne i Norge vil det same. Interessant. Eg ser til og med at nokon freistar å få eit «Lukkefag» inn på skulen. Kvifor ikkje?

Mi erfaring er at uansett kva stillingsannonsa i ei utlysingstekst seier(dei vil ha deg som bygger kultur og relasjon), så vil dei helst ha deg som tenker økonomi. Som måler økonomi i det meste, og det er den måloppnåinga som er verdsett.

Personleg meiner eg at økonomi både er kjekt, interessant og naudsynt. Men IKKJE når det har vorte eit SÅ avgjerande målparameter som eg meiner det har vorte.

Eg ser også at dei beste i organisasjonen ofte dreg. Som Nordahl Grieg skreiv om, i ein heilt annan samanheng. At folk er gode motivatorar, pedagogar og praktikarar; vert konstatert. Men vi høyrer ikkje «Takk, snella du», for den.

Så kvifor er vi så dårlege til å verdsette? Kvifor vegrar vi for å skryte av nokon som er dyktigare enn oss? Eller har andre eigenskapar, kvalitetar?

Kvifor er økonomi så sabla viktig å vere oppteken av? Fordi det er trygt. Og det enklaste er å velge det trygge. Det mest konforme. Og er det tryggast å strekke seg etter det som liknar deg sjølv?

Eg har i 30 år møtt dei som IKKJE har teke dei enklaste vala.

Dei som ikkje finn sin plass. Som ikkje synest dei er bra nok. Som lagar sine fasader i kropp og heim. Og verner seg for innsyn.

Lat oss snu.

Lat oss finne lukka ved å ha karra oss langt til fjells eller havs, på jakt etter føde eller arbeid.

IKKJE fordi det har blitt eit statussymbol. Å kome seg dit.

Lat det største symbolet vere deg sjølv. Og at du vågar å vere det. Det første vesle steget til vår brutto Nasjonale lukke.