Aura Consulting


5 kommentarer

Å stå oppreist når du ligg nede for telling

Eg er i ei livskrise.Denne bloggen skal ikkje handle om mi livskrise. Men den skal handle om mine erfaringar med å vere SÅ nær og gi opp livet. Så eg seier med Anders Jektvik» Den hær går te dæm som ha vorre neri vei`n»

Love hurts

Dette er  blogg nr 16 til Aura Consulting, og den mest personlege bloggen av alle. Og eg har brukt LANG tid på å skrive den. Eg vil at den skal vere til hjelp for andre. For det å skrive den har vore til hjelp for meg.

Vi snakkar ikkje om den. den uuthaldelege smerta. Vi sei berre at livet går vidare. Det kjem betre tider. Dette klarer du. Du som er så sterk. Liva våre har ikkje plass til sorg og kriser. I mi smerte innser eg at folk har så travle liv, at dei ikkje har tid til å høyre på slikt. Dei første vekene var eg så fortvila, at eg hadde trengt folk heile tida. Eg kjende det så vondt å måtte spørre om folk hadde tid til å snakke litt. Du maktar ikkje da og få til svar, eg ringer deg imorgon. Det er for seint. Eg har hatt nokon få som har tatt meg inni heimen sin, eller som har stått på allerten, og kunne kome til meg når som helst. Det har vore med på å berga meg.

Og lytt på meg. Ikkje kom med di historie. Den er eg klar til å høyre når eg klarer å puste igjen. Men inntil da, vert det berre støy. Og ei oppfatning av at mi historie ikkje er verdfull nok til å lytte La meg gjenta meg sjølv. La meg grine. Eg har hiksta og grine dag og natt. Ikkje fått sove. Og ikkje klart å ete.   Eg fekk tilbakefall ryggprolapsen og måtte til kiropraktor. Der kunne eg  ikkje sei noko. For kva var det å sei? Men eg grein. Og eg var til mi faste massør for hofta mi. Sameleis der. Men eg klarde å finne eit lite lyspunkt i at nokon berørte meg. For eg sakna så inderleg å krype inntil.

Eg har oppi desse vekene gjennomført ein ferietur. Første veka med son min, siste veka aleine. Der nede gjekk eg rundt utan mimikk. Eg smilte ikkje. Eg låg. Utan å sove. Son min måtte gjere alt det praktiske. Eg fraus i 35 grader. Åt ikkje. Hyperventilerte. Tungpusta. Eg som elskar å gå tur, klarde så vidt å rusle bort til heisa. Eg hadde kun eit ønske. Å bli innlagt. Bli mata. Få medisin. Og sove. Prøvde å ta meg saman. Gong på gong. Men hadde ikkje noko å ta meg saman med. Berebjelken i livet mitt var ikkje der. Eg måtte bere meg sjølv. Og hadde ingen kraft til det.

Korleis eg klarde den turen veit eg ikkje. Anna enn at eg har verdas beste son. Som tross sine 23 år, lot mora få lov til å lide. Og vere ei slik elendig utgåve av seg sjølv. Og som klarde å sei når han reiste, at han hadde visst at dette ikkje vart ein hyggeleg tur. Men at eg måtte love at vi skulle ta den igjen. Og da skulle eg vere glad.

Så kom eg heim. Og følte at huset var tomt. Kanskje var det også det. Og eg braut saman igjen. Eg kunne ikkje det, for eg måtte klare oppdraget i firmaet mitt neste morgon.

Eg har låst meg inne. Hatt igjen persiennene. Lagt på sofaen. Heilt utmatta. Når eg etterkvart klarde å gå ein liten tur, la eg den unna nabolaget. For kva skulle eg sei? På det svarteste har eg tenkt at eg måtte slutte med firmaet mitt Aura Consulting, som eg har dreve i 13 år. For korleis skulle eg klare å stå på ei scene igjen og snakke om kor viktig det var å klare å vere løysingsorienter å sjå framover? Og korleis skulle eg kunne tru at eg kunne vere coach for menneske i vanskar og kriser igjen?

Og eg ville gi opp politikken. Eg skulle rett frå ferie til valkamp. Og det vart meir enn enn klarde å ta innover meg. Kvifor skulle folk ha tru på og gi tillit til eit menneske som låg nede for telling?

I desse vekene har eg aldri trengt nokon med løysinga. Men eg har trengt nokon som er der, følger meg opp, og er glad i meg. Igjen har eg fått hjelp frå gode krefter og son min. «Lov meg å ikkje gi opp», sa han. Og eg skal gjere mitt ytterste. Sjølv om på det tidspunktet han sa det hadde ingenting meining. Anna enn at eg var mor hans, og ikkje kunne forlate han. Og kjære deg som les; Det var nok.

Kva tid endringa skjedde, kan eg ikkje heilt tidfeste. Du berre gjer ein del ting du må gjere, og så er du på ein måte igong. For eks første gongen eg vaska klede igjen. For ikkje å snakke om den store sigeren det var når eg klarde å vaske kjøkengulvet. Men eg hadde kundane mine. Fullt opp. Kvar dag. No har eg fått kjent på gevinsten av at eg alltid har sett store krav til meg sjølv. Eg KUNNE ikkje svikte dei. Dermed kunne eg ikkje sjukmelde meg. Så sjølv om eg ville besvime, og for første gong på 13 år måtte sitje under oppdraga, så klarde eg det. Ikkje eit menneske andre eg meg, veit kva stor siger det var. Men eg veit to milepælar. Den kom første kom tysdag for ei veke sidan. Når eg braut saman heime, og ikkje hadde nokon eg kunne snakke med. Da bad eg vår herre om hjelp, og eg sa høgt til meg sjølv. No må du ta deg på tak, og ta igjen noko kontroll. Den andre kom fredags morgon. Eg var på veg ut døra på hotellromet klokka 8 for oppdrag, etter ei natt nesten utan søvn. Og idet eg føyk forbi spegelen, så eg plutseleg det mennesket som var meg. INGEN skal få lov til å øydeleggje omdømmet til Aura Consulting,om eg ikkje gjer det sjølv! Ta deg på tak.

Kva eg måtte gjer? Varsle folk. Ikkje tru at no er alt over. At no går det med eitt så bra.  Sjølv om eg har bestemt meg for at den ikkje skal få prege livet mitt, kjem den likevel til å gjere det. Så vêr snill. Ikkje snakk om at dokke ikkje såg meg der og der i politisk samanheng. Dokke har alltid visst at eg har heile landet som jobbarena. Det har eg no og. Ikkje snakk om at det er sikkert derfor. Eller slik og slik. Det kan du umulig vite. Det veit ikkje eg heller.Samfunnet i dag kreve at vi skal bli ferdig med ting raskt. Og helst ikkje snakke om det

Alle er vi menneske. Eg unner ingen dette. Men dei fleste av oss vil ein eller annan gong oppleve eit helvete. På eit vis. Som medmenneske ikkje skygg bana. La det vere lov. Og kanskje. Eg seie berre kanskje. Vert du eit betre menneske av det. Ikkje slutt å send melding. Vêr der for meg.

La meg få lov til å prøve å stå oppreist i livet. Når eg like gjerne kunne ha leie nede for telling.

Ord

Under her finn du deler av Lene Marlin som MASKEN.

«Har du sett deg selv noen gang?
I speilet står et smil…
Men alt i deg er knust, du er hjelpeløs.
Du vil bare bort, ingen kan forstå.

Har du drømt det selv noen gang,
at du er et annet sted?
Der masken blir tatt bort, og all angst blir støv.
Og så, og for alltid, er du hel.»