Aura Consulting


Legg igjen en kommentar

Veiholmen; min HJARTEMEDISIN

haust2015

Den har leie der lenge. Både dette fiskeværet. Og denne historia. Berre venta på å verte pakka ut. No er det rette stunda. Her kjem min blogg nr 17. Ode til Veiholmen.

Tre Små kinesere syng» Du, du er så fin, du er min hjertemedisin.

Den kom plutseleg i haudet mitt når eg gjekk turløypa på Veiholmen i dag. Og sidan har den stått på repeat.

Eg har kalla deg det meste, Veiholmen. Perla. Min stad ved hav. Der skuldrane senkar seg. Men klarare enn i dag har det ikkje stått for meg før. Du er min hjartemedisin.

Hjartet mitt er like knust som det var når eg skreiv min førre blogg i august.

Men desse dagane her ute har eg funne smertelindring.

Det eg står i er ei traume. No har eg lært meg at det er ein skade. Og eit traume ligg ikkje i historia, men at toleransevinduet er fullt. Når nokon opplever «too much damned shit», så kan der finnast ein ressurs i vedkomande sitt liv. Det kan for eksempel vere ein person eller ein stad.

Eg hadde bestilt huset på Veiholmen for 6 mnd sidan. For å finne ro til å skrive på LØFT boka mi.

Så skjer det som skjedde i sommar. Som eg framleis ikkje veit kva er for noko. Men det har iallfall nesten knust meg.

Når denne veka nærma seg, var eg i tvil om eg skulle klare å reise hit.

Men det gjorde eg. Og under opphaldet her, kjenner eg at Veiholmen sjølvsagt er ein slik ressurs! Staden her. Og folka.

 Dette opphaldet her ute har fått meg eit steg nærare livet.

Eg har budd her ute i 5 år saman med son min. Den historia frå dei 5 åra, kjem ikkje i denne bloggen. Berre at det å forlate Veiholmen i 2002, er noko av det vanskelegaste valet eg har tatt.

Etterpå har eg vore mykje her ute. Og hatt med meg mine kjære, og MANGE som har hatt sin første tur hit!

Dei siste 3 åra har eg fått leige eit hus her ute, med verdas vakraste plassering. Med havet som næraste nabo.

Eg er SÅ takknemleg for det!

No kom eg hit for nokre dagar sidan. Først i høve jobboppdrag i 2 dagar.

Vi kom i storm. Og vart ivaretekne slik det berre er mulig her ute. På alle vis. Og når mannskoret Karainn song til oss» Det e her vi trives, og vi legg åran inn», stod tårene i augene mine.

Dei syng til alle. Men dei har ei evne, slik at alle kjenner at dei syng kun til deg.

Når songen var over; visste eg. Dei er framleis glad i meg. Eg har ikkje mista alle som er glad i meg.

Så reiste bedrifta eg hadde oppdrag for, og eg skulle vere her att og jobbe og skrive.

Det var tomt. Og eg tenkte at dette klarde eg ikkje. Det einaste som gjorde at eg heldt meg fast, var at eg var invitert til eit menneske laurdagskvelden. Det hjalp også at morgonen starta med at eg fekk melding frå husverten, om korleis det gjekk med meg i stormen?

Laurdag når eg gjekk tur; priste eg meg lukkeleg for at det framleis var styggver. Slik at eg kunne gå med bøygd hoved og attlåst hette. Eg var redd nokon skulle stoppe og spørre kvifor eg var her aleine. Svaret ville ikkje ha blitt annleis enn det var i august. Det veit eg ikkje. Eg veit ingenting.

Så skjedde underet; eg kom på butikken(her er berre ein her ute). Og der kom ei etter meg og heldt rundt meg og sa; » Æ har forstått at du står i et hælvete».

Tenk at nokon har forstått det? Og sei det? Og vågar halde rundt meg? Eg kom på gråten, takka, og rygga ut. Men sjølv om eg opptrer slik; så er det berre fordi eg ikkje er sterk nok. Men det betyr uendeleg.

Denne hendinga gjorde at eg klarde og ikle meg laurdagskjolen om kvelden!

Med søndagen kom fineveret. Og eg gjekk til vindmølla. Dvs den er der ikkje lenger, men eg kjenner framleis den svalande lyden av dens vingeslag.

Mandagsmorgon fekk eg venninnebesøk. Så vart eg invitert på føremiddagskaffi. Og fekk nydeleg gåve! Tenk! Nokon som faktisk hadde brukt tid på å hekle, pakke inn, og skrive kort! Til MEG?

gåve

I går hadde eg min lukkelegaste dag sidan 11.juli. Tenk! Eg hadde sove ei heil natt!! Og når eg gjekk til vindmølla på ettermiddagen, var eg ikkje lenger redd for å møte folk.

I dag får eg ettermiddagsbesøk. Og eg er invitert på havmat seinare.

Eg har lagt meg til vakre himmelbilder. Og eg har vakna til vakre himmelbilder. Og lyden av båtar som tøffar ut på fiske. Og eg har møtt karar på føremiddagen på butikken som allereie har drege hummarteinene. Karar som vil lese boka mi!

Og eg kjenner at det at ein mann dreg på havet for å drage teine, er meir som ei kjærleiksmelding og rekne.

Morgon

Her ute.

Her folket er van til å leve tett på liv og død. Her ingen gjer seg til. Her ein snakka rett frå levra. Her ein har omsorg, men ikkje kveler deg i nyskjerrigheit.

Her du kan verte tatt inn i ein favn, når du minst ventar det.

Eg takkar deg Veiholmen – og folket her. For å vere min HJARTEMEDISIN.

Min Ode til Veiholmen skreiv eg for mange år sidan. Her er den.

ALLTID tilbake
Sol over Været

Når eg ikkje er der

Kjennast sakn

Og når eg kjem meg ut att

Helsegavn

Frå første favntak

Er eg heime

Og aldri meir

Er eg aleine

Folket der, ein eigen sort

Alle sorger, tunge tankar

Her flyt bort

Og gå snartur til butikken

Er umulig

Alle stansar deg

Og vil vite korleis du har det

Og ein kjenner

Tilknytning

Så naturleg

Når eg ikkje er der ute

Fortel eg alle

Om staden dei må sjå

For at livet kjem i rute

Dagen vert ein annan

Om radioen

gjev meg

musikken; Tonny eller Karainn

Ei Guds lukke

At Veiholmen finnast

Tenk å høyre heime der du ikkje barndomen minnast

Veiholmen gir livet meining

Når alt anna buttar mot

Kjære dokke

Eg har slått rot!