Aura Consulting


5 kommentarer

På med laurdagskjolen!

3I dag er det laurdag. Og det er mitt første blogginnlegg i 2016.

Trudde du bloggen skulle handle om kjolar♥? Det og; men laurdagskjole er eit begrep for meg; som betyr å bry seg om å vere den beste utgåva av seg sjølv.

Her kjem Aura Consulting sin blogg nr 17.

Det er mykje eg har bestemt meg for i 2016. Blant anna å jobbe for å ha mest fokus på kva eg har, kva eg kan halde fram og gjere og kva nytt eg kan gjere.

Og ein av tinga eg skal halde fram med – er å ta på laurdagskjolen!

Korleis starta dette? Da son min var liten, og vi flytta til Oslo, budde eg aleine med han. Og han var ein slik unge som bad om å få legge seg om kvelden.

Det innebar at eg var sitjande aleine i leiligheta etter klokka 19 kvar laurdag.

Eg var sosialsjef – og hadde hektiske veker på alle vis.

Derfor var det godt å berre dulle seg inn i ein joggedress når laurdagen kom.

Men når mandagen kom, følte eg at noko mangla.

Så skjedde det. I samtale med ein av våre mest agressive klientar( som vart ein av kontorets store ressursar). Han sa han gledde seg til den dagen han brydde seg om skilnad på helg/høgtid og kvardag, og dagen han forsto vitsen med å tenne raude lys til jul.

Den laurdagen laga eg meg god mat, tok på meg kjole – og tende lys.

Og det har eg halde fram med. Og slik har vi det i denne vesle familien no.

Og vi ser fram til hyggen, roa og den gode prat.

Sett i perspektiv – så handlar dette ikkje berre om å gjere heider på frikvelden, men det skjer noko med ein sjølv når ein står fram for spegelen(om ein så er mutters åleine), og bygger opp sitt sjølvbilde. Du verdsett deg sjølv.

Det skjer også noko med andre. Du verdsett også dei. Og eine gevinsten er at andre får lyst å gjere sameleis.

Førre helg var eg i Tromsø å jobba.

Fredagskvelden skulle deltakarane svare på to spørsmål;

Det eine var; kva tid er du på ditt beste på jobb? Dei jobba ivrig i grupper – og la fram flotte svar.

Dagen etter kom ein av dei bort til meg å sa; «No veit eg kva tid eg er på mitt beste» – og så gav han meg eit svar.

Eg smilte og tenkte no oppnådde eg det som var meininga, at dei skulle byrje og tenke – og verte meir bevisste på nettopp det.

For ofte er det når vi er på botnen, ikkje lukkast – ikkje er den beste utgåva av oss sjølv – vi har fokus på  – og huskar.

Og da kan vi risikere å få meir av slik tankegong.

Under ei coachingsamtale for ei tid tilbake, spurde eg akkurat same spørsmålet, men vinkla det til livet.

Dama svarde at ho måtte heim og tenke, for ho hadde lenge latt andre gjere henne bittelita.

Ein organisasjon eg jobba med, hadde i lang tid hatt fokus på det dei ikkje fekk til, rakk, gjorde godt nok, dårlege tilbakemeldingar osv. Til slutt var engasjementet og motivasjonen til den einskilde på eit lavmål.

Dei fekk same spørsmålet; kva tid var denne arbeidsplassen på høgda? Kva tid var dei på sitt beste? Etter ei stund endra tankesettet og haldningane seg. Ikkje at dei ikkje framleis hadde gråe dagar – men dei hadde mest fokus på kva tid dei var der dei ville vere. Og kva det var som gjorde det. Eller som dei kalla det; kva tid vi har på oss finkleda…

Mi gamle mor pyntar seg. Med øyreklips og perlekjede. Ho er 97.

Ho er veldig opptatt av å sjå godt ut. Og det er så godt at ho er det. Og når eg er saman med henne på aktivitetar på sjukeheimen, ser eg at mange eldre ER flinke og pynte seg. Spesielt damene. Og eg tenker at det stemmer ikkje at dei gjer det for å sjarmere ein mann♥, men for å framstå som den beste utgåva av seg sjølv.

Fordi det gjer noko med dei

Minne om mor 008

I dag skal eg på Opera. Det har eg berre vore ein gong før, på Nordfjordeid.

I dag er det i Kristiansund. Eugen Onegin. Storslått russisk opera med vakre melodier og lidenskapelig kjærlighet. Kva passar da betre enn å ta på seg ballkjolen?