Aura Consulting


2 kommentarer

Kjære far

FarPåskeafta for 37 år sidan forlot du oss. Det vil sei; du forlot oss aldri. Hjartet ditt gav opp. Etter mange år med sjukdom – og fleire infarkt; klarde det ikkje meir.

Eg tenkte det berre skulle vere ein liten status på Facebook. Men så vart den så lang. Eg hadde meir på hjarta enn eg visste. Derfor; dette vert Aura Consulting sin blogg nr 22.

Omtrent på dette klokketidspunktet for alle desse åra sidan. Du hadde reist ut i båten for å fiske, så eg skulle ha med meg fisk opp igjen til Trondheim(iallfall var det du sa til mor). Heldigvis hadde du ein med deg. Så du var ikkje aleine. For der, utanfor Godøya, slutta hjartet ditt å slå. Men du kom deg heldigvis til land, til oss igjen.

Eg var på hyttetur ved Snipsøyrvatnet. Og skulle berre sykle til Hareid for å kjøpe pølser til grilling. Innom heimen for å hente pengar. Da eg stod på badet, kom mor inn, for ho hadde fått telefon frå Brandal. Båten var komen i land, men ikkje med deg bak roret. Da visste eg. Sjølv om mor ikkje sa noko. Men eg såg det på det redde blikket. Mor køyrde til Brandal. Og når eg kom syklande utover vegen etterpå, og den vesle gule Mazdaen kom køyrande, men med mor i passasjersetet – forstod eg.

Eg fekk vere med til sjukeheimen der du låg på likromet. Du skulle ikkje ligge der. Du flotte far min, som alltid var så brun. Iallfall i ansiktet – og på hendene. For resten var skjult av varme klede – der du stod til rors, med sneipen i kjeften, kamferdropset bak tunga;  og du var på ditt beste.

14.april. Fire månader etter eg som 17 åring hadde flytta heimanfra til Trondheim. Og her låg du. Så ufatteleg låkt.

Som vaksen ser eg at livet ditt nok ikkje var som du ønska lenger. Du klarde ikkje å vere verken den ektemannen, faren, arbeidskaren og friluftskaren som du ein gong hadde vore. Og du hadde problem med å forhalde deg til det. Dessutan; dette var i ei tid der heller ikkje slik skulle snakkast om. At når kronisk sjukdom råkar eit familiemedlem, så råkar det eigentleg heile familien. Men på ulikt vis.

No er det 37 år sidan. Og for meg er det rart å tru. Du har fulgt meg heile livet. Einskilde netter kan eg drøyme at du døyr – og forsvinn til havs – og ingen finn deg. Derfor likte eg i mange år Anita Hegerland når ho song; «Om jeg var en fugl, med vinger og fjær, jeg fløy over havet, der pappa min er.»

Eg er sikker på det hadde vore mykje som hadde gleda deg desse åra – om du hadde visst. Det som hadde gleda deg mest – var at kona di fekk eit så langt og godt liv. Ho du kalla sola di.

At du har fått mange borneborn. Og det ville gleda deg stort om du visste at ingen av dei røyker♥.

At Marianne har overtatt huset. At Harald på mange måtar har dine interesser. At Bodil har blitt tøffare enn toget. Og at eg klarer meg.

Denne hausten har du vore med meg. Du har vore ein av dei som har halde meg oppe. Du har sagt til meg at mannen ikkje var noko å ha. Ein som lyg slik, er ikkje anna enn helsefarleg. Du har sagt at ny lukke ligg og ventar. Og du har sagt at anten vel du det, eller så vel du å leve aleine. Og at eg ville klare begge deler. Du har fulgt meg i den tyngste sorg – og du har stått der saman med meg på dei høgaste toppar.

Noko av mi plikt som døtra di – er å fortsette å snakke om deg. I går var Tarjei og kona di på biltur. Og vi køyrde innom Morka, slik at bornebornet ditt fekk sjå garden du vaks opp på. Og den vesle skulen i Kvammen du gjekk på. Og raude huset nedom vegen, der ho budde ho jenta som var så begeistra for deg i ungdomen. Da klokklo kona di – for ho huska at jenta hadde skvetta vatn på deg – for å få di merksemd…

Eg høyrde på radioen ein dag, ei familie som ikkje hadde sørgedag, den datoen nokon hadde døydd frå dei. Men festdag.

Derfor i dag har eg bedd inn til fest! Eg trur det ville gleda deg stort, om du såg ditt yngste borneborn Tarjei, bere kona di opp trappa her – slik at ho skal få sjå havet. Og eg trur du har visst om dette «stuntet». For i går når eg byrja å førebu maten til gildet – var det så vidt beina bar meg. Fordi hofta var så låk. Men i dag er eg mykje betre….

Så far; klokka 18.30 ikveld, er du på eit vis ein av oss – når store delar av flokken din samlast her. Og vi skal få; hummar på grønsakpurre til forett, klippfisksalat til mellomrett, raud og kvit bacalao og fløtegratinert klippfisk til hovedrett, og blåbærostekake til dessert.

Og veit du det beste? Det som har endra seg desse åra du har vore vekke, er at no kan vinen stå på bordet.♥ Ikkje doktorspriten i skjul…..

Du hadde storkosa deg – og vore glad og stolt over oss alle.

Og oss av deg.


Legg igjen en kommentar

Best hopes?

2016-02-20 2016-02-20 001 008

Fortell oss litt om LØFT(løysingsfokusert tilnærming)

Temmeleg ofte får eg dette spørsmålet. Og eg vert litt svar skuldig. Fordi LØFT er så stort. Det rommer så mykje.

Eg skulle ofte ønske LØFTøyeblikka kunne ha vore filma. Og eg trur at i fortsettelsen må eg ta meir i bruk det mediet.

Samstundes har eg så stor tru på fortellinga som verktøy. Eg hadde lang erfaring i å bruke fortelling, men lærde om det fagleg av Linda Wilhelmsen, da eg tok bedriftskulturstudiet i Tromsø i 2007. At historier kan gå som vandrehistorie i ei familie og i ei bedrift veit vi. Men eg får ofte høyre det frå mine kundar og  kursdeltakarar at dei huska ei eller fleire historier eg har fortalt. Og eg bruker historiefortelling heilt bevisst – fordi eg trur det på det viset er lettare å ta til seg det faglege stoffet.

Da Kristiansund by skulle velge ny ordførar etter Dagfinn Ripnes, vart folk intervjua på gata om kven av kandidatane dei støtta. Fleire enn ein svara, at partiet ikkje var det viktigaste; men at det vart ein god historiefortellar.

I denne blogg nr 21 til Aura Consulting har eg likevel lyst å gjere eit forsøk på å formidle småe LØFT historier. Ein klok inngong i ei samtale eller eit møte, er å spørre om Best Hopes. Og start med deg sjølv. Deretter den andre. Altså kva skal du ha ut av denne samtala eller møtet for at du skal oppleve at det var nyttig for deg – og nyttig bruk av di tid?

Coaching leiargruppe:

(lite utdrag)

Eg hadde vore coachen til denne gjengen ei stund. Dei skulle ha møte med øverste leiing i organiasjonen sin – og grudde seg. Ja, kvifor gjer vi det? Svara eg har høyrt gjennom mine 28 år som leiar(og som eg også har hatt sjølv), er at du er redd for å såre/verte såra, at folk går i forsvar, at det blir verre, du grur deg pga tidligare dårlege erfaringar, MEN viktigast; du veit ikkje korleis du skal legge opp samtala. Korleis skal du td starte? Avslutte? Etter at eg lærde LØFT for 16 år sidan – og tok ibruk «meistringsspråk», innser eg at slike samtaler/møter ofte er nødvendige. OG at dei gjerne har vore utsett altfor lenge. Men eg oppfattar dei ikkje lenger vanskelege. Eit slikt språk handlar om å seie/eller spørre om kva du vil ha istadenfor, annleis eller ein start på.

Tilbake til gruppa. Eg spurde dei om Best hopes, og det hadde dei ikkje tenkt på. Fordi dei hadde overlatt til den andre parten å styre møtet – og dermed gitt fra seg muligheita til å få noko ut av det sjølv. Når folk ikkje veit, treng det ikkje å bety at dei ikkje veit. Det kan vere spørsmålet som er uvant. Så ikkje svar for dei! Ikkje overta – og fortel kva du gjorde ein gong i tilsvarande situasjon. Men still spørsmålet på nytt. NO hadde dei svar. Så spurde eg dei kva som skulle til for at det vart slik. Jau, dei måtte førebu seg. Og det gjorde vi. I lag. Eg bad dei visualisere( Erik Bertram Larsen; Bli Best). Kvar skulle dei sette seg?( i kva posisjon oppnår du ditt mål?). Kva skulle dei ha på seg(kva kjende dei seg sterke i? Farge?)

Eg bad dei sjå for seg at møtet starta. Kven tok ordet først? Kva skulle dei starte å sei? Og da svara dei noko heilt anna enn Best Hopes. Så eg måtte spørre om dei på den måten ville oppnå det dei gjekk i møtet for? Nei. OK. Da måtte dei gjere noko anna. Eg brukte også Ben Furman si klandrehand og ønskehand, men den skal eg blogge om ein annan gong.

Dagen etter fekk eg mail. Dei hadde oppnådd akkurat det dei ville. Eg var ikkje forundra. Men spørsmålet til dei var; kvifor hadde dei gjort det? For det er lite vits i at eg veit. Poenget er at når du lukkast med noko – må du kjenne/tenke etter kvifor. Og gjere meir av det same.

Dei hadde lært seg eit verktøy dei fortsette å bruke – og brukte mindre tid på antagelsen om at det aldri kom til å gå deira veg i høve samarbeid med øverste leiing.

Coaching leiar:

Som vi veit; kan grunnen til at du har det tungt på jobb, for eksempel ha samanheng med korleis du har det heime. Dette var ei slik historie. Denne mannen levde med ei kvinne som ikkje ville snakke. Eller kunne snakke. Om det dei stod i. Og kva gjorde mannen da? Ja, det dei fleste av oss ville ha gjort. Forsette med det som ikkje virka. Masa om at dei måtte nettopp det. Snakke. Og verre vart det…….

Første spørsmålet eg hadde var om framtid. Såg denne mannen før seg at det var denne kvinna han ville ha? Når svaret var positivt – hadde vi eit utgongspunkt. Kvifor? Jau, for ofte stiller vi oss ikkje det spørsmålet. Insoo Kim Berg, ein av gunnleggarane til LØFT har sagt, at for å få ein ide om starten, må du starte med slutten. I dette tilfellet betydde det at dersom tru på ei felles framtid ikkje var tilstades – ville ikkje viljen til å lukkast vere stor nok.

Vi hadde snakka saman eit par gongar. Og betring vart det. Men han kom tilbake til det som var vanskelegast. Parforholdet; og kommunikasjonen. Særskilt kring handtering av tenåringen.

Eg spurde; no har du prøvd å snakke, har du prøvd andre måtar å kommunisere på? F.eks skrive? Svaret var; aldri. Og brått såg eg håpet i blikket. Det ville han prøve. Og eg brukte det hypotetiske spørsmålet i LØFT; sjå for deg at du skriv eit kjærleiksbrev. Og i det brevet står alt du ser for deg dokke kan ha – når det har blitt slik du ser for deg å ha det. Korleis er det da? Kva er annleis? Kva høyrer du i huset? Ser?(det handlar eigentleg om gevinstar). Og hald unna det såraste. Handteringa av tenåringen. Det kan endre seg – når parforhaldet og dykkar kommunikasjon endrar seg.

På kva måte skal ho få brevet? Han enda med å ville legge det på puta hennar. Eg spurde; sjå for deg at ho har fått det. Kva ser du?

Samtala enda med at mannen raska på heim for å skrive. Det siste han sa til meg; var at han nesten vart rørd når han såg for seg henne når ho las brevet.

Dette var berre starten. På ei gedigen endring. Men småe steg – for å kome i rett retning, sier LØFT. Og som finske Ben Furman seier; «for å få til ei endring, må endringa gjevast merksemd.» For i fortsettelsen – også i denne historia, vil det kome øyeblikk der dei ikkje lukkast. Men når vi bruker LØFT, tviheld vi på det vi får til – og prøver å ignorere når det er/vert som før.

Telefoncoaching:

Eit menneske eg har kjent i nokre månader. Og som leiar har ho fått til store endringar som leiar og kulturberar. Også av eigenutvikling. Men av og til gløymer ho seg(som oss alle), og snakkar det eg kalla eit AntiLØFT språk. Og det er litt synd.. For det merkar hennar medarbeidarar. Så på telefon i denne veka. Eg sende tekstmelding. For å høyre om det passa å snakke dagen etter klokka 9. Svar; «Ja, det kan vi. For eg set no berre her(les på kontoret)». Eg svara tilbake: «Flott! Men husk; du gjer meir enn å berre sitje der!»

TOK DU DEN?

Kjære lesar.

Eg er stolt av at fleirfoldige tusen har lese mine bloggar. Og håper at det betyr at dei kan gi deg noko.

Med eit ynskje om ei fortreffeleg påske til dokke alle!


1 kommentar

Når du får til meir enn du trur du kan!

Eg på Sofies MindeAura Consulting sin 20 ande blogg – startar med historia om når eg var lita.

Om du les godt, vil du sjå at den også kan fortelle noko om kvifor nettopp eg driv med LØFT . Den handlar om å vil vise øyeblikket der du kjenner at du får til meir enn du kan. Men også om når alt du kan, ikkje er nok.

Ein ting var at eg skulle verte gut og heite Ove. Og ikkje vart det.♥ Men det som var verre var at eg var fødd med ei slags hofteskade. Eg var ikkje meir enn 8 mnd da eg vart operert på Sophies Minde i Oslo. Men dei feilopererte, slik at det vart ny operasjon når eg var 15 mnd. Eg var eit slikt barn med heil gips frå hofta og ned, med beina rett ut. Eg låg lenge på sjukehus og på Gilinski etterbehandlingshjem på Strømmen. Kom heim(for godt) når eg var 3 år. Da snakka eg austlending, kjende mine sysken berre på hårfarge og skulle lære meg å gå. Og eg fekk ei fantastisk fin raud dukkevogn. Men den eg likevel vart mest glad i, var dukkevogna syster Marianne laga av ei Per Margarin kasse(med tau som eg kunne drage den etter meg).

Vi høyrer ikkje så mykje av historiene om born aleine på sjukehus.

Den gong trygderettane var annleis enn i dag. Den gong ein måtte sitje økonomisk godt i det – for å kunne besøke bornet sitt så ofte ein ville. Dette var før det var mulig å bu saman med bornet sitt på sjukehus.

For mi familie måtte det ha vore utfordrande. Det var langt frå Sunnmøre til Oslo. Mine foreldre hadde begge nett stått i alvorlege sjukdomar begge to. Da eg vart innlagt, hadde dei i tillegg tre born på 16, 11 og 7 år.Far og/eller mor var likevel hjå meg så ofte dei kunne.

Men det betydde likevel at eg var mykje aleine. Eg har alltid hatt tydelege minner frå den tida. For eksempel hadde eg ei glashylla over senga på Sophies Minde, der det stod eit glas vatn. Men viss det glaset var raudt, betydde det at mine foreldre hadde reist. For det var saft opp i det. Som vaksen ser eg at det måtte vere uutholdeleg låkt for dei å ta avskjed, sidan dei sjeldan visste kva tid dei såg meg igjen. Derfor sa dei ingenting. Og dette er noko av det eg har med meg som vaksen. Kor låkt det er når nokon forlet meg – utan å kommunisere kvifor og når.

Mor har fortalt meg om da ho skulle ned til Oslo med meg , til det ho hadde blitt fortalt var kontroll. Men som viste seg å vere ny operasjon. Da ho forstod at ho måtte forlate meg, bad ho «sjukesøstra» om å få gå ut å kjøpe meg fleire dyr til bondegarden min. Slik at eg hadde nok å leike meg med. Eg låg på fellessal i slik jernseng, som bildet viser øverst. Inn dit var det glasvegg – og der hang skiltet STILLE.

Da ho kom tilbake med dyra, hadde det vore vaktskifte. Og ho møtte ei langt meir brysk «sjukesøster». Av henne fekk ho vite at bornet hadde best av at ho ikkje såg mora før avreise. Så mor slapp ikkje inn til meg. Som ho sa sjølv, «eg stod og såg på deg gjennom glaset og grein mine «modige tårer».

Men eg har også mange gode minner frå den tida. Eg song alltid. Gjerne på flyet og i drosja. Og framleis har eg ei lita kattepus bok eg fekk av ei flyvertinne på ein av desse turane.

Etterkvart kom eg til Gilinski etterbehandlingshjem på Strømmen. Der fekk eg sjukepleiaren som eg kalla for Mammi. Ho var tryggleiken eg mangla. Ei jul hadde eg fått ei dukke i gåve heimanfra. (Eg var der aleine i jula). Når ei anna jente vart utskriven etter jul, stjal ho dukka med seg. Men Mammi ordna opp. Mammi fulgte meg opp mange år etter tida der♥Eg kan også minnast morgontrimmen med radioenes Reidar Morset. («Og køyr»).

Dette sjukehussystemet vart eg utskreven frå som 11 åring. Da sa legen til meg: «Det er en ting jeg vil fortelle deg barn, du vil aldri kunne komme til å løpe så raskt som andre barn». Kva trur dokke eg har huska resten av livet mitt? Legen meinte det sikkert godt. Men for meg hadde det vore betre om han holdt kjeft. Eller heller sa at det var noko eg ikkje kom til å verte god til – men mykje andre ting eg kunne bli kjempegod til!

I mitt arbeid med LØFT har denne setninga vore betydningsfull. For å vår profesjonelle rolle som «hjelparar» – kan orda vi bruker skape virkeligheit. Vi kan med vår måte å vere på, bidra til at folk får/ser muligheiter – eller motsett.

Same legen sa også at eg kom til å få problem med hofta igjen, etter fyllte 40. Dette meinte han sikkert også godt. Men slik vart det ikkje. Kanskje fordi eg har trena heile livet. Mange snakkar om at etter 50 kjem reparasjonsalderen. Eg har no funne trøyst i at dette er medfødd – og ikkje har noko med reparasjon å gjere.

Eg levde godt med hofta. til etter fyllte 50…Men etter ein svært traumatisk situasjon etter  min eks mann sin 60 årsdag for snart 3 år sidan – kunne eg plutseleg ikkje gå. Lang historie kort; den gong viste MR ikkje hofteslitasje – men no gjer den det…..Og operasjonsdatoen er sett i juni – for å operere inn ny hoft på St.Olavs. I desse tre åra har eg gjort alt for å unngå operasjon. Eg burde eigentleg hatt ei 50 prosent stilling til trening og lege, fysioterapeut, kiropraktor, «hoftedama mi»(den uersattelege Merethe), akupunktør osv. Siste 3 mnd har eg hatt så sterke smerter – at eg gjerne kunne ha hugge av meg foten……Og spesiellt om natta. Eg har likevel fått til meir enn eg trudde eg kunne! Og den meistringskjensla er ei vanvittig drivkraft! Eg blir litt slik «the child and the old soul». Eg får att barnet angst for at det ikkje går. Men samtidig klarer å sjå det men ei gamal kvinnes blikk. Når eg har klart alt eg har klart siste året – kvifor skal eg ikkje klare dette? Eg har klart å vore i arbeid kvar dag. Sjølv om eg etter enkelte oppdrag så vidt har klart å bruke fotkraft på gassen. Eg har nok også vorte meir «Spot On» som Coach. Mine folk i nord seir at eg nesten har utvikla ei healingånd – med det meiner dei – at eg les folk – og nesten kjenner korleis dei har det. Interessant!

Men eg kan ikkje legge skjul på at eg grur meg for operasjonen- og tida etterpå. Kanskje mest fordi eg ikkje veit korleis det går . Operasjonen er først og fremst  smertelindrande. I min nye livssituasjon må gjennom det åleine. Men eg satsar på at eg har gode folk rundt meg!

Eit menneske som står meg nær, sa nyleg til meg; «dette skal verte ein fin sommar«. Og det skal vere mitt mantra. Ferien vil vere å kome til hektene att – trene seg opp. Og målet? Ut på dansegulvet utan å vere redd for å ramle – danse Zumba att – klare oppdrag att frå medio august.

Og ja; det er ikkje sikkert at eg vil klare å springe så fort som andre folk – heller i framtida! Og no er heller ikkje det så viktig.

Det som er viktig er at det sanneleg er mykje eg likevel skal klare!

Og for meg ligg der mykje «frelsi» i det. Som betyr friheit på islandsk.
trimSkaret2012