Aura Consulting

Kjære far

2 kommentarer

FarPåskeafta for 37 år sidan forlot du oss. Det vil sei; du forlot oss aldri. Hjartet ditt gav opp. Etter mange år med sjukdom – og fleire infarkt; klarde det ikkje meir.

Eg tenkte det berre skulle vere ein liten status på Facebook. Men så vart den så lang. Eg hadde meir på hjarta enn eg visste. Derfor; dette vert Aura Consulting sin blogg nr 22.

Omtrent på dette klokketidspunktet for alle desse åra sidan. Du hadde reist ut i båten for å fiske, så eg skulle ha med meg fisk opp igjen til Trondheim(iallfall var det du sa til mor). Heldigvis hadde du ein med deg. Så du var ikkje aleine. For der, utanfor Godøya, slutta hjartet ditt å slå. Men du kom deg heldigvis til land, til oss igjen.

Eg var på hyttetur ved Snipsøyrvatnet. Og skulle berre sykle til Hareid for å kjøpe pølser til grilling. Innom heimen for å hente pengar. Da eg stod på badet, kom mor inn, for ho hadde fått telefon frå Brandal. Båten var komen i land, men ikkje med deg bak roret. Da visste eg. Sjølv om mor ikkje sa noko. Men eg såg det på det redde blikket. Mor køyrde til Brandal. Og når eg kom syklande utover vegen etterpå, og den vesle gule Mazdaen kom køyrande, men med mor i passasjersetet – forstod eg.

Eg fekk vere med til sjukeheimen der du låg på likromet. Du skulle ikkje ligge der. Du flotte far min, som alltid var så brun. Iallfall i ansiktet – og på hendene. For resten var skjult av varme klede – der du stod til rors, med sneipen i kjeften, kamferdropset bak tunga;  og du var på ditt beste.

14.april. Fire månader etter eg som 17 åring hadde flytta heimanfra til Trondheim. Og her låg du. Så ufatteleg låkt.

Som vaksen ser eg at livet ditt nok ikkje var som du ønska lenger. Du klarde ikkje å vere verken den ektemannen, faren, arbeidskaren og friluftskaren som du ein gong hadde vore. Og du hadde problem med å forhalde deg til det. Dessutan; dette var i ei tid der heller ikkje slik skulle snakkast om. At når kronisk sjukdom råkar eit familiemedlem, så råkar det eigentleg heile familien. Men på ulikt vis.

No er det 37 år sidan. Og for meg er det rart å tru. Du har fulgt meg heile livet. Einskilde netter kan eg drøyme at du døyr – og forsvinn til havs – og ingen finn deg. Derfor likte eg i mange år Anita Hegerland når ho song; «Om jeg var en fugl, med vinger og fjær, jeg fløy over havet, der pappa min er.»

Eg er sikker på det hadde vore mykje som hadde gleda deg desse åra – om du hadde visst. Det som hadde gleda deg mest – var at kona di fekk eit så langt og godt liv. Ho du kalla sola di.

At du har fått mange borneborn. Og det ville gleda deg stort om du visste at ingen av dei røyker♥.

At Marianne har overtatt huset. At Harald på mange måtar har dine interesser. At Bodil har blitt tøffare enn toget. Og at eg klarer meg.

Denne hausten har du vore med meg. Du har vore ein av dei som har halde meg oppe. Du har sagt til meg at mannen ikkje var noko å ha. Ein som lyg slik, er ikkje anna enn helsefarleg. Du har sagt at ny lukke ligg og ventar. Og du har sagt at anten vel du det, eller så vel du å leve aleine. Og at eg ville klare begge deler. Du har fulgt meg i den tyngste sorg – og du har stått der saman med meg på dei høgaste toppar.

Noko av mi plikt som døtra di – er å fortsette å snakke om deg. I går var Tarjei og kona di på biltur. Og vi køyrde innom Morka, slik at bornebornet ditt fekk sjå garden du vaks opp på. Og den vesle skulen i Kvammen du gjekk på. Og raude huset nedom vegen, der ho budde ho jenta som var så begeistra for deg i ungdomen. Da klokklo kona di – for ho huska at jenta hadde skvetta vatn på deg – for å få di merksemd…

Eg høyrde på radioen ein dag, ei familie som ikkje hadde sørgedag, den datoen nokon hadde døydd frå dei. Men festdag.

Derfor i dag har eg bedd inn til fest! Eg trur det ville gleda deg stort, om du såg ditt yngste borneborn Tarjei, bere kona di opp trappa her – slik at ho skal få sjå havet. Og eg trur du har visst om dette «stuntet». For i går når eg byrja å førebu maten til gildet – var det så vidt beina bar meg. Fordi hofta var så låk. Men i dag er eg mykje betre….

Så far; klokka 18.30 ikveld, er du på eit vis ein av oss – når store delar av flokken din samlast her. Og vi skal få; hummar på grønsakpurre til forett, klippfisksalat til mellomrett, raud og kvit bacalao og fløtegratinert klippfisk til hovedrett, og blåbærostekake til dessert.

Og veit du det beste? Det som har endra seg desse åra du har vore vekke, er at no kan vinen stå på bordet.♥ Ikkje doktorspriten i skjul…..

Du hadde storkosa deg – og vore glad og stolt over oss alle.

Og oss av deg.

2 tanker om “Kjære far

  1. Audhild, du har ein sjelden gave med å sette ord på vonde og såre kjensler og omformulere dei til noko godt ❤

    Liker

  2. Du verden for ei god historie. Egentlig skulle den jo ikke ha «vært», funnet sted men med dine fine uttrykk så levde i med inn i historia di Audhild. 🌹🌹🌹🙏🏻

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s