Aura Consulting


2 kommentarer

«Heil ved»

Tarjei på Plaka – Athen 5.8.152015-08-04 2015-08-04 001 005

Eirik Sognnes

Å væra av heil ved er ein heiderleg måte å omtale noko eller nokon. Ein person av heil ved står usminka, autentisk og fjellstøtt opp for sine verdiar

I 2011 kom boka «Heil ved» av Lars Mytting. Og på det viset fekk uttrykket ein rennesanse.

Denne bloggen til Aura Consulting skal handle om son min. Tarjei.

I starten med Aura Consulting i 2003 hadde eg eit oppdrag for fylkesmannen i Møre og Romsdal. Der var det ei dame som sa:»Det er ein ting eg angrar på i livet, og det er at eg høyrde på mor mi». Når eg spurde henne kva ho meinte, sa ho: «mor sa alltid at eg ikkje måtte skryte slik av borna mine. Og dermed gjorde eg ikkje det. No har eg tre vaksne born. Og først no fortel eg dei for nokre flotte menneske dei er.Det burde eg ha sagt til dei for lenge sidan. Det angrar eg på».

Eg seier ofte på mine oppdrag, at eg ikkje har møtt eit menneske som ikkje har godt av å bli sett. Det er ikkje heilt norsk å skryte, vi ber nok framleis preg av Jantelova. Men Ben Furman, den finske LØFT(løysingsfokusert tilnærming) guruen, snakkar om SVANTElova. Verdsettingslova. På svensk «å uppskatta». Så tett eg har levd på menneska i mitt yrkesliv, er eg ikkje tvil om at det er den som virkar best.

Så derfor kjem den – ikkje på hans bursdag; men på ein annan merkedag for oss to.

6.august.

Idag er det 1 år sidan oss to tok avskjed på flyplassen i Athen.

Han, for å reise heim til Norge og Bergen for vidare jobb/studier. Eg, for å returnere til Tyrkia for å fullføre den ferien mann min og eg skulle ha. To dagar tidlegare, hadde eg fått vite at han  ikkje kom 6.august. For å feriere som planlagt saman med meg i Mahmuthlar.

Eg kunne også ha valgt og ikkje fullføre ferien. Men fann ut at det beste av onder(umulige val) likevel var å fullføre ferien. Sjølv om det betydde 1 dags venting på lokalt fly på flyplassen i Istanbul. Kva som venta meg 1 veke aleine i Tyrkia hadde eg berre ei formeining om: sorg, sakn og einsemd. Men alt var betre enn å kome heim til eit tomt hus. Tomt for ektemann – men fullt av lukta – og alt anna av han der.

Så står vi der på flyplassen. Eg hadde bestemt meg for å klare å vere tøff. Vere mor.

Og så klarde eg det ikkje. Eg braut heilt saman. Og son min på 23, stod å heldt kring meg. Var den sterke. Snakka om framtid. Og sa at eg måtte love han å ikkje sleppe tak i livet.

Fordi ingen betydde meir for han i heile verda.

Vi slapp kvarandre der – og eg visste langt inne – at dette ville bli den sterkaste drivkrafta framover. At han som hadde blitt svikta til liks med meg av mannen han hadde levd med i 13 år – på det mest traumatiske vis; hadde eit menneske i verda han måtte kunne stole på. Nemleg meg. Eg måtte klare framtida for han.

«Du stod der, fjellstøtt, Tarjei. Som heil ved. Som meir ekte mann enn mange menn.

Og du har gjort det sidan.»

I dette året som no har gått, har eg ofte beundra deg. Tidleg tok du eit standpunkt. «Dette er ingen mann for deg,» sa du. Eller du sa nok OSS. Som du alltid har gjort.

Eg var redd for kor mykje dette skulle prege deg. Kor mykje av dette du skulle ta med deg på  øydeleggande vis framover. Eg har derimot aldri vore redd for at det skulle prege deg negativt som mann. Som partner. For eg er viss på at du er av eit heilt anna kaliber. Og skal du måtte avslutte eit forhold, så vil du iallfall etter dette, aldri berre stikke av.

Du har mist eit halvår av studiane. For konsentrasjonen din i fjor haust var svært prega av dette brotet. Men der igjen; du har ikkje dvela ved det – men du har løyst det.

Eg trur at du og dei nære venene dine – har kome enno nærare. Og gutane, som eg kallar «mine»; har stillt opp også for meg – på fantastisk vis dette året.

Du har eit ekstremt framtidsfokus. Du er så målretta. Og du jobbar intenst for målet ditt; å bli Norges beste fotballtrenar.

I denne perioden har du løyst(bidrege til å få løyst) tøffe flokar mellom foreldre, mellom foreldre/ungdom, mellom foreldre/idrettslag. Og du har vore ute i jobbpraksis på skule, og vore «heil ved» også der for born/ungdom.

I same periode har du vore der for far din og søsken/onkelborn.

Du har fått gode tilbakemeldingar på den du er – og tenk; alt dette har du klart; sjølv om du har slite med opplevingane frå ifjor sommar/haust! Igår, på NRK, når dei skulle reklamere for OL i Rio; sa dei blant anna: «Vi ER de hendelsene som former oss». Slik er det.

Eg vart mora di igjen. Det tok heller ikkje lang stunda. Etter eg kom heim frå Tyrkia.

For nokre år sidan heldt eg tale ved juleavslutninga til kommunestyret i Aukra. Da hadde kona til varaordføraren sagt; Audhild er bunnsolid. Ein gul lapp heng på kjøleskapet. Der står det BUNNSOLID. Den har eg sett på heile dette året. Og den har styrka meg.

Og den har vore med på å gitt meg styrken er trengde til å verte mora di igjen.

Ikkje berre ho som mannen stakk frå over natta.

Vi har alltid vore nære, Tarjei. Men eg vågar å sei – aldri nærare enn no. Vi er bunnsolide saman. Vi kan prate om alt.

Sjølvsagt har du hatt tunge stunder. Men du er ein meister i å snu. Meister i mental trening.

Du har vore min største berebjelke dette året. Du har stilt meg gode LØFT spørsmål. Når eg har hatt ein tung dag, har du spurt meg;»kva har vore det beste med dagen?» Du har fått meg til å leite fram att eigne kvalitetar. Når eg ville gi opp politikken, sa du.» du skal ikkje gi opp noko som helst pga av dette – og du skal ikkje ta nokon avgjerder når du har det slik som no».

Når eg var redd for at eg ikkje klarde å bevare Aura Consulting, sa du: «det er livet ditt».

Når eg «med hjartet på halv stong» – ikkje visste korleis eg skulle leve livet vidare; har du hatt stolpetru på at det ville eg finne ut av. Ved å gi alt tid. Ved å knytte til meg folk som vil meg vel. Og ved å oversjå dei som ikkje har gort det.

Og når eg var redd for at eg vart for open og ærleg, sjølv om eg kjende at det var naudsynt for å klare meg, sa du:»du kjem til å vinne på dette, du kjem til å få meir enn du har mista».

Og du fekk rett.

Når eg måtte skifte hoft i juni – var eg også redd. Du stod der fjellstøtt. Og hadde framtidstru. Du snakke om alt eg ville klare igjen.

Du var i Frankrike på EM. Og sidan har du vore i Danmark på Danacup. No har du ført 12 åringar på laget til Nordic Academy til heider, også i Danmark. Og du har fått nytt imponerande fotballtilbod frå Norge, når du kjem heim.

Bo Caspers Orcherstra syng «Vi klarar det».

Det har oss også gjort. Takka vere deg.

Denne bloggen avsluttar eg meg eit LØFT spørsmål: «Korleis har du klart det, Tarjei?»

 

 

 

Les videre