Aura Consulting

Mi Pippi

Legg igjen en kommentar

Idag skal eg blogge om den tøffaste dama eg kjenner.

Og eg kjenner mange tøffe damer….

mor

Aura Consulting sin blogg nr 30 gir eg som ein hyllest til mor mi og andre «gamle tøffingar» – som vi i forbifarta ikkje ser. Eller merkar oss.

Mor mi er som katten. Eller det var ei særs dårleg samanlikning, sidan ho ikkje likar kattar. Men ho har iallfall like mange liv.

Mor kom til verda i 1919.

Akkurat no er historia at ho søndag fekk sitt drypp(hjerneblødning) nummer;tja, eg veit ikkje. Slike drypp har etterkvart påverka røysta hennar – og den vakre songstemma ho hadde.

Men skilnaden denne gongen var at vi fekk beskjed frå lege, at vi kunne risikere å miste henne. DET i seg sjølv kjem ikkje som ei bombe på nokon av oss – dama er snart 98 år. Men så lenge eg kan huske;etter at ho gjekk inn i den tida som heiter alderdomen – har eg ALLTID hatt eit stort ønske om at ho skal få sleppe lang liding. Tap av verdigheit. Når den tid kjem.

Det ynskjer kanskje alle born for sine foreldre?

Men det som er spesielt med denne dama, er at ho framleis har slik livslyst.

Ho har lyst å vere med på det som skjer.

Eit minne om det, er ved julegrantenninga på Hareid sist desember. Eg tok henne med ned til sentrum. Skulekorpset spela – og eg feilparkerte like ved. Slik at ho kunne høyre musikken og sjå grana. Eg opna bilvindauget . Ho sat og song. Etter det var over, snudde ho seg og lurde på om ho måtte heim no? Ho skulle eigentleg det, men når eg såg kor det lyste i augene hennar etter fleire opplevingar – så køyrde vi til Ulsteinvik. Og ho fekk pommes frittes.

 

Hennar generasjon snakka ikkje om kjensler i det heile.

Og det å rose borna sine, høyrde ikkje heime. Det er mange grunnar til at eg er glad for å ha hatt ho så lenge. Og den eine er at no skryte ho.

Kvar gong eg er hjå henne, skryter ho av personalet sitt. Ho tek på dei og fortel dei kor flinke dei er.

Son min fortalde førre helg – at idet han skulle ta helg, kom ein eldre lærar bort til han(son min er vikar), og sa:» Eg er så glad for at du er her hos oss».

«Sjå kor lite som skal til, mamma» sa han. For å kjenne seg verdsett.

Det har vore ein del kampanjar i Norge dei seinaste åra – som går på at helsenorge treng dei varme hendene.

Nei, vi treng DEI RETTE FOLKA! Som uavhengig av utdanning og profesjon berre kan og forstår desse småe grepa. Som gir verdsetting, verdigheit og meistring. Gjennom sin måte å vere på.

Mor er veldig oppteken av korleis eg kler meg.

Fordi ho sjølv er glad i å pynte seg. Og det er så verdifullt. Idag når eg kom dit låg ho og sov. Ho hadde på seg ein fin gensar, rosaliknande sjal, perlekjede og øyredobbar. Når ho vakna kunne ho fortelle,at betjeninga hadde sagt at eg kom idag – og da hadde ho bedd dei om å ikle henne dette.

Gjorde dama. Som vi på mandag stod i fare for å miste.

Igår når eg var hjå henne – hadde eg på mine rosa joggesko. Da lurde ho på om ho og kunne ha slike når ho kom opp frå senga? Og når eg sat å strikka på min turkise gensar  lurde ho på om eg kunne strikke til henne og?

Generasjon mor  – snakka ikkje om døden.

Eit bilde på det, er da ho for nokre år sidan var på besøk med oss i Julsundet. Det var ein nydeleg sommarlaurdagskveld. Og etter pizzaen tok eg henne ut på altanen.Da sa ho;» trur du at dette er siste gong eg får oppleve ein solnedgong?» Eg spurde henne om ho tenkte på døden. Det stadfesta ho, men så sa ho;»Eg er viss på at det finnast solnedgongar i himmelen og»….

Så kva med mor sine mange liv ?

Ho ekk kreft tidleg i 40 års alderen.Og har hatt bivirkningar i etterkant.

Da ho budde i omsorgsbustad, var den store «snakkisen» blant damene, å bryte lårhalsen. Det kunne javnstillast med døden. Så gjorde ho nettopp det. Som 95 åring. Og kava seg tilbake til livet. Og omsorgsbustaden.

I februar 2015 fekk ho lungebetennelse. Da og trudde vi at vi skulle miste henne. For ho har berre ei lunge – og kunne ei gamal dame makte det?

Eg skal ikkje bruke tid på å vise hennar veg tilbake. Berre seie at det handlar om ho.

Ho har eit livsmot utan sidestykke. OG det har handla om å ha fokus på draumar, nye mål, alt ho framleis klarer. Og til det treng ho og alle andre gamle; stimuli.

Halldis Moren Vesaas

Å være i livet:
(tre vers til mor)

Dette: å være i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.

Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og auker den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.

Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir
gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.

Idag lurde ho på om eg hadde bil. «kunne du tenke deg på biltur», sa eg.»Nei ikkje idag» meinte ho.»No er det slutten på september, trur du at du er i bil i oktober» Ja, det var ho sikker på. Så lurde ho på kvar vi skulle?»Kanskje vi skal reise til Geiranger»,meinte ho. Huska du når vi sat på balkongen og såg alle turistskipa på fjorden? Og eg la meg ikkje før midnatt – for eg måtte sjå sola gå ned bak fjella?

Sa dama, som eg trudde vi kunne miste tidlegare i veka……

På avdelinga til mor kallar dei henne fjellgeita.

Eg spurde henne litt om det idag. Kva gir det deg å gå i fjellet, sa eg.. Eg elskar å gå i fjellet, sa ho. Eg ser så mykje fint. Så fortalde ho ei historie om Anne Hareide og henne på tur i Brandalsfjella – da dei kom over ein hare. Ho huska til og med at han var 2 farga.

Så ser ho på meg å sier:» Fjellet er mitt livsyrke«.

Vi andre snakkar av og til om å gå ut av komfortsonen.

Kvar mora mi tek motet og styrken frå, anar eg ikkje.

Ho er den tøffaste eg veit.

HO ER MI PIPPI:

diktmor

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s