Aura Consulting


Legg igjen en kommentar

Å legge til land

 

a-legge-til-land

Aura Consulting sin blogg nr 31, vert skreven med feber.

Og når eg har feber, er eg enno nærare det viktige i livet.

Det meste eg gjer no for tida, er sterkt prega av at eg held på å miste mor mi.

Dette å vere så nær eit menneske som snart skal ut av livet, set igong mange kjensler, tankar og minner.

Men også spesielt fordi dette mennesket elskar å leve. Dette mennesket har ikkje gitt opp.

Og da kan heller ikkje eg gjere det. Sjølv om kroppen gir meg signal om noko anna.

Denne situasjonen kan vare kort – og den kan vare lengre. Det er det heldigvis ingen som veit. Mitt største ønske er likevel at ho ikkje skal kjenne seg aleine.

«Du gråter så store tåra no for tida», syng Moldejenta Ane Brun. Ja, eg gjer det.

Og eg har forstått at det er viktig å rydde plass til nettopp det.

Derfor namnet på bloggen; «Å legge til land».

Mor er eit av dei stille menneska i verda, som har rodd «stillt langsmed landet» – som Henrik Straumsheim har skreve.

No skal mi sorg finne si form. Samstundes skal eg vere gleda hennar.

Eg er sliten. Og det er eg svært sjeldan. Kjenslemessig sliten.

Innanfor ein radius på ca 1 år, har eg mista mann min, hofta mi♥ og no snart dessverre; mor mi.

Det tek på. Derfor må eg rydde tid. Plass. Til å legge til land.

For eg må gjere jobben som eg ALLTID veit virkar: SNU FOKUS. Frå kva eg har mista – er i ferd med å miste, til kva eg har hatt eller fått. Men dette treng tid. Og sjølv om tankane veit kva som er lurt, heng kroppen og kjenslene etter.

Det må rett og slett giast tid. Og stole på at ting vil legge seg til rette.

I mitt møte med menneske gjennom jobben, ser eg kor mange av oss som «knip att», «tek seg saman», «skal berre litt til». For the show must go on!

Ofte er det dei mest engasjerte,  kreative og pliktoppfyllande som stuper først. Kolapsar og vert sjukmeld. Og det er berre så synd at når vi først har hoppa ut av båten, så veit mange av oss ikkje korleis vi skal symje i land. Vi trur at det går an å ligge der å flyte, men ingen held oss oppe i ferskvatn. Så vi kravlar opp igjen i båten. Lenge før vi er klar. Før vi er istand til å halde årene att. Før vi er istand til å finne retning. Før vi er istand til å kjenne om vi sit godt og trygt.

Og før vi veit ordet av det endar vi i vatnet att. Utan redningsvest…..

Sånn held vi fram. Til vi til slutt vert symjeudyktige.

Eg synest det er tøft no. Det ER tøft å ta kjensler og kroppsfornemmelsar på alvor.

Så tett som eg har jobba på folk heile livet – ser eg at dei som i vaksen alder fortset å sprelle rundt i vatnet når livet har blitt for stort – meir går rundt som nokre Zombiar.

Det vi ser, stemmer ikkje overeins med den dei er.

Min jobb i møte med dei – er å stille spørsmål. Slik at dei finn ein trygg sitjeplass.  Og krefter til å halde årer. Og retninga dei skal.

Planlegging kan eg ikkje slutte med – men heile tida når eg planlegg  veit eg at den dagen det gjeld – må eg kunne sleppe alt eg har i henda.

Det gjer meg uforutsigbar. I møte med andre. Og eg kan berre be om at folk tillet meg det.

Akkurat no er det slik det må vere.

For oss må vere modige for å kome gjennom livet.