Aura Consulting


1 kommentar

Happy New Year!

«Det som ligg bak oss og det som føre oss, har liten betydning; samanlikna med det som bur i oss»

Maxwell Maltz

ryggsekk

Dette er Aura Consulting sin blogg nr 32.

Og den skal ikkje handle om toppturar….

Men den skal handle om ryggsekken.

Opppakninga. Innhaldet. Som vi treng for å klatre til fjells.

Eg skal ikkje bruke så store ord.

Ikkje ta så hardt i.

Men vi er svært nær eit nytt år

Og kanskje du har det som meg. At ein får eit ekstra behov til å ta eit tilbakeblikk.

For deretter kunne ta med seg vidare det som gjer deg godt. Kaste vekk støv av gamle tankar? Som ikkje fekk deg nokon stad? Eller reflektere over relasjonar i livet ditt? Eller gjer noko heilt nytt?

Det er lov å ta ting ut av sekken. Det er også greitt å pakke om.

Før jul pakka vi inn. På julaftan ut. I ryggsekken for 2017 har vi pakkar utan band på.

Treng vi så tung ryggsekk? Er der bagasje som tynger? Som ikkje gjer det mulig å få plass til det du treng der? Det er kanskje i motgongen i oppoverbakken at det særleg tunge i ryggsekken vert eit nødvendig vendepunkt.

Eg har ingen forsett. Det har eg ikkje hatt på mange år.

Men 2017 skal bli eit gla år!

Det har eg bestemt meg for. Og her kjem grunnen til bloggen.

I fleirtalstilfella kan du bestemme deg.

Bestemme innstilling til livet. For korleis du skal tenke.

Mitt 2016 vart innhaldsrikt. På eit år rakk eg å separere meg, selge tomt, kjøpe ny bustad, få ny hoft. Og til slutt; miste mor mi.

Med andre ord; mykje tok slutt. Mykje vart endra.

Eg trur at endring er det einaste som er sikkert. Også i 2017.

Det vil skje vakre ting neste år. Og mindre vakre. Og du kan velge kva du legg mest merke til. Av og til seier eg i jobbsamanheng, skaff deg ei notisbok. For vi menneske har ein tendens til å huske det negative vi opplever i mange år. Det positive gløymer vi der og da.

Ta for eksempel runda på eit personalmøte: Kva har vi fått til sidan sist? Og folk svarar at det er sikkert noko, men det har dei gløymt….

Her hjå meg er det meldt storm ute.

I min jobb møter eg ikkje reint sjeldan menneske med storm innomhus.

j0313791

Som kjenner kasta hit og dit. Som brukar krefter på å segle slik andre meiner dei skal gjere.

Etter å ha jobba svært nært på menneske i 30 år, så er det viktig for meg å formidle; få av oss veit seriøst kva eit anna menneske står i, eller strir med i deira private liv. Så ver snill mot dei.  Så enkelt. Som likevel viser seg å vere vanskeleg.

Har du håp til framtida? Går du inni i det nye året med håp?

10649526_703117533096174_8165420165898670820_n

Eg for min del formeleg stuper inn i ei periode med flytting. Mykje flytting. Både privat og kontor. Eg kan verte stressa ved å tenke på det. Til tider også sjå mørkt på det. Det skal skje kombinert med utføring av 100 jobb og jobbreising.

Men eg har kome fram til håpet. Om at dette vil går bra. Det vil legge seg til rette.

I jobben min er det ofte eg blir forelagt store problemstillingar frå folk. Men når vi har fått snakka om det – planlagt f.eks korleis ei samtale eller eit møte kan gjennomførast – for å løyse det. Så kan dei neste gong ha gløymt kva som var så vanskeleg sist vi snakka saman.

Så ta deg tid til å sjå vansken for deg når den er mindre – eller løyst.

I 2017 håper eg at enno fleire ser kva som bur i dei sjølve.

» Det er aldri for seint å bli det du kunne ha vore»

Og eg håper at kvar og ein av oss oftare kan sei at vi ser det.

Alle treng vi livsvitner. Men vi treng også samtalepartnar.

Snakk fram deg sjølv. Ja, tenk, det kan du…..

Ikkje vent på at andre skal verte noko for deg.

Start sjølv.

All verdas mas og kjas, fasade og «pisspreik» betyr ingenting til slutt.

TAKK TIL ALLE SOM HAR FULGT BLOGGEN MIN I 2017. TAKK FOR INNSPEL, MAIL OG MELDING.

OG DEN GODE PRATEN.♥

«Få av oss kan bli kaptein, men mang kan bli no stort» DDE