Aura Consulting


5 kommentarer

Livet går vidare!

Tær i stein

Livet går vidare. Life goes on.

Ja, det er det vi sei. Og liknande utsagn som;» det går over», «no må du sjå framover».På vegne av andre. Ofte i beste meining. Og ofte i tafatt mangel på noko anna å sei. Eller også fordi du trur at slik er det. Eller fordi du trur det hjelp. Eller fordi dette er di eiga erfaring.

Denne bloggen (Aura Consulting sin nr 34)skal handle om slike utsagn.

Heldigvis går livet ofte vidare etter at du har hatt det tøft. Men dette kan du ikkje vite. Ikkje på andre sine vegne.

For livet går ikkje alltid vidare. Nokon vel og avslutte det.

Det kan godt vere at omverda går vidare, men kjenslene til den det gjeld ,kan sitje fast. Skape trøbbel av ulik karakter i kroppen.

Eg såg på Skavlan igår kveld. Der var Hédi Fried – ei av dei siste gjenlevande som vart sendt til konsentrasjonsleiren Auschwitz. Ho sa blant anna:»Kva gong eg snakkar om det, ser eg det like levande for meg. Det må bearbeidast kvar gong igjen.»

Det trur eg og. Derfor må vi tillate folk sitt tempo. Kanskje er det på den måten enklare å bearbeide – ein har sjeldnare behov for å kome tilbake til det. Fordi ein etter kvart klarer å handskast med med. Det er ikkje lenger eit stort sår, eller det gjer ikkje lenger så vondt.

Eg er så heldig å få jobbe ein del med ungdom. I mitt møte med dei, får eg ofte deira historie. Eg prøver å møte dei med respekt. Og da kan eg ikkje innby til «shortcuts», og at alt er så enkelt. Livet er BÅDE fantastisk OG krevjande.

Eg kjenner folk som vart mobba i oppveksten – som har utvikla høg grad av rasjonailitet i vaksen alder. Kvifor? Tja, kanskje fordi dersom dei tek kjenslene sine på alvor – vil dei få ein alvorlig knekk. mange av oss ER dyktige på omvegar. Men ofte vert vi innhenta. Tankane vil vide, men kroppen sei frå. Og han er til å stole på.♥

 

Mange følger bloggen min.

Og veit at eg siste 1,5 året har jobba meg vidare etter ei traume.

 

Kvifor har eg klart meg? Ikkje pga av dei som sa at livet går vidare. Det einaste slike utsagn skaper for eit menneske på randen, er enno sterkare kjensle av å ikkje meistre eigen situasjon og liv.

Det som hjalp var unntaka. Dei som lot meg få lov å lide. Dei som spurde MEG kva som skulle til. Ikkje fordi eg hadde eit svar på det der og da. Men eg fekk lov til å begynne å tenke på det.

Eg veit folk som har kjent så sterkt på samfunnskravet om å kome seg vidare etter sterke traumer -at dei mange år etter legg seg inn til psykiatrisk behandling eller anna behandlng. Oppegåande folk.

Og eg veit at eg sjølv til tider kan spele skodespel, når folk spør korleis det går, seier at det går bra. For no har det gått 1,5 år, og du kjenner forventninga om at du no må ha kome deg vidare. Når eg som har jobba så knallhardt og bevisst for å finne attende glede og livsmot – til tider strir, så kan sjølvsagt alle det. Det finnast ingen enkle triks.

Eg trur at dei alle fleste som har gått på ein livssmell, jobbar knalltøft for få til ei endring. Men  kropp og kjensler må samsvare. Det skal svært lite til – før eit tilbakesteg kjem.

Men det skal og svært lite til – for å sjå framsteg.

Idag tidleg på veg til trening høyrde eg Elvis Presley synge;»Are you lonesome tonight». Du veit den versjonen han held på å flire seg ihjel? Eg lo – og hadde det kjempeartig.

Å le meir, er eit av mine mål for 2017 Le som før. Og sjå, der var eg i gong. Heilt på eigen hand…♣i bilen.

Eit anna mantra, eller gåve eg har fått, var  ho i den profesjonelle rolla som sa:»Dette skal du ikkje stå aleine i».

Det har fulgt meg. Som eit lode teppe. Som har varma meg når eg har trengt det.

På radioen(også idag) snakka Lodve Solholm, vår fylkesmann, om «Menneskeleg grunnberedskap».

Kanskje snakkar vi om det same? Det er kun den som har skoa på som veit kva som skal til for å kome seg vidare.

Ikkje påfør andre skade, eller mismot, ved å ramme med slike vassne ord og uttrykk.

Ein gong «tok eg meg i det», saman med mor. Ho hadde hatt ein lang, trist dag. Og eg heldt på å sei: «Det går mot lysare tider. Snart kjem våren!» Poenget er berre at mor ikkje såg våren kome, sjølv om eg sa det. Vi kan ikkje ta frå folk kjensla av å f.eks kjenne seg einsam. Men vi kan bidra til at det er lettare å  leve med.

Januar er ein fin månad å tenke framover på. Men samstundes veit vi at dei lyse tidene ofte kan vere dei svartaste for den det gjeld.

 

For nokre år sidan var eg så heldig å få vere med eit Barents nettverk til Svalbard.

Og eg gløymer aldri kjensla eg fekk i salen der oppe, når Kari Bremnes begynte å synge, «Det magiske landet».

Eg avsluttar bloggen med eit ønske om at vi alle finn det «Magiske landet som ligg ved den ytterste pol.»

KVA som er det magiske landet – slik at den som treng det finn glede med livet vidare, må vi la vere opp til den einskild å finne.

 


Legg igjen en kommentar

Kaktus i bedriftskulturen

rose-blant-kaktus

Eg er i Tromsø. Og herfrå kjem Aura Consulting sin blogg nr 33. Det var i Tromsø eg fann heidundrande motivasjon for 10 år sidan!

Ofte – ja, sett med mine auge, for ofte; får eg dette spørsmålet ute på oppdrag; «Kvifor vert ofte den som skaper helvete på ein arbeidsplass freda? Kvifor er det dei som står på, som ynskjer framdrift som til slutt ikkje ser anna råd enn å gå?»

Noko eintydig svar har eg sjølvsagt ikkje.

Heilt sidan eg starta som leiar i 1988 har bedriftskultur interessert meg.

I Sogn og Fjordane vart eg den første trygdesjefen som var rekruttert utanfrå etaten.

Her hadde det vore lang tradisjon på at folk «steig i gradene», og enda som sjef. Sikkert mykje godt i det, men det gjorde utslag i kulturen. Det er jo langt ifrå sikkert at ein som er dyktig på uføresaker – er dyktig til å leie? Eg var heldig og kom inn ei tid der trygdeetaten satsa på leiarutdanning.

I tida mi som sosialsjef(før trygdesjeftida), også i Sogn og Fjordane, hadde eg ein klok sjef. Han gav meg to gåver. Leiarutdanning og leiarvegledning.

Med andre ord; eg vart van med at folk såg meg «utanfrå». Kika meg i korta. Eg vart filma og vurdert. På handling og haldning.

Denne kunnskapen kom godt med når eg seinare i Aura Consulting vart vegledar for fleire trygdekontor/sosialkontor/arbeidskontor som skulle verte NAV.

Ikkje berre tre kulturar som skule bygge sin framtidige,men også fleire ulike kulrurar internt. Og ofte «slosst» desse kulturane om å eige sanninga. Og det var langt ifrå enkelt å bygge ein framtidskultur. Men dei gjorde det. Avdi dei viste at noko anna var nyttalaust.

Og utan å vite det; så trur eg, at dei som ikkje gjorde denne jobben – slit idag.

Om ein ikkje har bestemt ei retning og innhald for kva som skal kjenneteikne bedriftskultur – så berre vert den. Er organisasjonskultur noko bedrifta ER eller er det noko den HAR? Organisasjonskultur kan vere eit styringsredskap dersom kulturen er noko bedrifta har. Med det meiner eg blant anna at ein har eit korrigeringsverktøy. Dei som jobbar der veit i stor grad kva som gjeld. Kva adferd som er akspetert og ikkje.

Dersom kulturen er noko bedrifta er, kan den vekse fritt fram og ikkje styrast( dette kan vere årsak til at formelle styringsmekanismer ikkje alltid har den effekt ein hadde tenkt seg).

I 2010 arrangerte eg den første Nasjonale Bedriftskulturkonferansen i Norge.

Til den hadde eg blant anna invitert ei som skulle fortelle om boka «Gullfisk eller Sardin».

Boka har kome til stor nytte i ettertid. Den beskriv to ulike bedriftskulturar – og særtrekk.

» Gullfiskbollar” = stor omstillingsevne

Kulturen er:

Åpen, rask, fri, resultatorientert, kreativ, kundefokusert, kan jobbe hardt når det gjeld

”Sardinboks”  = liten omstillingsevne

Kulturen er:

formelle, byråkratiske, opptatt av revirer og prestisje

gullfisk

Tilbake til starten på bloggen.

Tromsø.

Eg var den einaste som kom inn på etterutdanning i Bedriftskultur her oppe, som ikkje var frå Troms eller Finnmark.

Og det studieåret har vore på å forma meg mykje. Fagleg, personleg og nettverksrelatert.

DSCN1037.JPG

I 10 år har eg fått vore del av fleire nettverk her oppe. Kome til Svalbard og Russland.

Hatt utallege oppdrag – opplegg på stader eg elles aldri ville ha kome til.

Og opplevd heilt andre kulturar. På mange vis er det meir krevjande å ha oppdrag her; for folk hiv seg med frå første stund – og stiller spørsmål. Er frampå.

Dette er også særs givande. For her er du nøydd å levere. Utan er du ute.

Og kanskje er det noko av grunnen til ukultur?

At det er for mange som får vere i jobb utan å levere? Utan å forhalde seg til det som gjeld i organisasjonen? Utan å vere motivert?

Det eg iallfall er temmeleg sikker på at det handlar om MOT. Eller snarare mangel på det.

kvinne_flyr_superwoman

Frå leiinga. Men som kollega kan det også vere slik at du jattar med. Men kanskje mest handlar det om at ein ikkje har kultur for korleis ein skal takle slik ukultur. Eller korleis kome det i forkjøpet. Bygge ønska kultur.

I mine oppdrag snakkar eg ofte om å vere kulturberar.Det er formalrolla i organisasjonen som leiarar, tillitsvalde og verneombud innehar. Dei skal sei noko om retninga bedrifta skal i. Men for å kome dit må alle tilsette(iallfall fleirtalet) vere med.

Så har vi kodeberarar. Dei er ofte ei kritisk røyst i organisasjonen. Og det er viktig. Den som spør om vi gjer det rette, kan vi gjere noko annleis? Men den dagen ei avgjerd formellt er teken, og kodeberaren vil noko anna – og ikkje gir seg. Ja, da er den igong med å bygge ukultur. Ein kodeberar kan også vere ein uformell leiar. Og igjen; av og til kan slikt «leiarskap» bli skapt – avdi den formelle leiinga er utydeleg eller usynleg.

I ei bedrift eg var, meinte nokon av eg hadde gløymt to roller. Nemleg talerøra og sugerøra. I deira organisasjon, var talarøra dei som alltid sa:» det er ikkje berre eg som meiner det. Det er fleire.» Men kven desse andre og fleire var, kunne ikkje avslørast…..

Sugerøra var dei som sa:» ta det du, du som har det i kjeften». Altså dei skauv talarøra framføre seg.

Den gongen sa eg, og eg har gjenteke – at den dagen noko vert alvorleg på ein arbeidsplass, så er ikkje sugerøra der lenger. Så når alt kjem til alt, så framt du ikkje er kulturberar, kven kan du uttale deg på vegne av? DEG SJØLV.

Alt anna kan vere med på å skape ukultur.

Når det gjeld mangel på mot frå leiinga, så visest det BÅDE ved at ein ikkje tek tak, men OGSÅ ved å ikkje våge å stå for si overtyding heilt til mål. All leiing har påvirkningskraft. Om ein ikkje har slik kraft – så er det også ei påvirkningskraft.

Mangel på mot, vil  kunne vise seg etterkvart som eit kulturtrekk i organisasjonen.

Du får ikkje med deg folka dine på nye endringsrunder. Fordi dei minnest kva som skjedde sist. Det vart halvveges. Og kanskje slutta dei som bedrifta burde hatt med vidare.

No seier eg ikkje at dette er enkelt. Som LØFT så kan dette «look simple, but that doesnt mean its easy». Men LØFT seier også, at det er klokt å starte med slutten, for å få idear til starten. For eksempel; IMAGINE, sjå for deg når dette(KONKRETE) er løyst, eller har begynt å verte bedre, korleis er det å jobbe her da?

”What you expect to happen influences what you do”

Steve De Shazer

Dette ned mot kan også handle om at ein aldri har sagt frå til den det gjeld om kva endring ein må sjå – for å kunne ha tiltru til at dette vil gå rette vegen. Ein TRUR folk veit. Men det underlege er at mange ikkje veit. Nokre har ikkje særleg sjølvinnsikt. Men det er ikkje lett alltid å vite kva ein skal endre, før nokon gjer oss merksame på det.

Eg er sjølvsagt ingen forskar.

Eg har berre 31 års erfaring som leiar. Og medarbeidar. Og i overvekt stor interesse for kva og kven som skaperr kultur. Og ein knakande god karakter i bedriftskultur!♥

Men det eg trur, er at Norge misser for mykje god arbeidskraft i sjukefråver og at folk gir opp, og sluttar.

ga

Fordi vi er for lite modige.

rose-blant-kaktus