Aura Consulting

Dagen derpå

Legg igjen en kommentar

LØFT samling

Det er dagen etter Kvinnedagen. Og her kjem Aura Consulting sin blogg nr 34.

På dagtid igår las eg ein kjæresteheider til ei kvinne som driv sitt eige firma.

«Snart 30 år som egen arbeidsgiver er ikke en tilfeldighet. Du er dyktig, flink, smart og bruker hele din kunnskap hver dag. Mange kvinner og menn har utrolig mye å lære av deg. Hardt arbeid gir resultater!
Gjennom dine events løfter du daglig andre til å tro på seg selv.Du krever lite. Du bare gjør det og spør ingen om lov. Du sitter ikke og venter på at en mann skal gi deg en mulighet. Du tar den og du gir faktisk mye av dette videre til dine hundrevis av deltagere hver dag!»

Igår kveld deltok eg på Kvinnearrangementet til nettverket Lederforum Molderegionen.

SÅ mykje dyktige folk. Og så mange som snakka om å støtte kvarandre.

Og i natt kom ideen…

For i dei 15 åra EG har dreve eige firma – er det EIN ting eg har sakna.

Innpass og forståing hjå media.

Meg bekjent er eg den einaste aleinearrangøren av konferanser her i Møre og Romsdal.

At eg er kvinne kunne jo ha vore eit pluss. Iallfall i høve debatten om at kvinner ikkje vågar…

Eller når det vert henvist til få eller ingen kvinnelege foredragshaldarar på konferanser – kunne det ha vore artig å få spalteplass som konferansearrangør.

Eg har arrangert 2 store nasjonale konferanser; Bedriftskulturkonferansen i 2010 – og LØFT konferansen i 2012.

Og no står eg føre mi tredje; LØFT konferansen 2017!

Problemet mitt er at eg ikkje får spalteplass. Eg får kanskje tre linjer. Medan ein arrangør med store økonomiske musklar og/eller sponsorar gjerne får ein to – siders.

Eller stort radiointervju.

Ver viss på at eg har prøvd. I 2012 tok det til slutt så mykje fokus frå gjennomføringsrolla – at eg berre måtte slutte å bry meg.

Men i natt fekk eg altså ein ide.

Som LØFT seier; sjekk ut om det du står i, er noko du kan gjere noko med. No.

Viss ikkje, lat det fare.

Og i dette tilfellet; kan eg gjere noko meir eller annleis i forhold til det?

Jau, eg kan blogge.♥♥

BÅDE om å vere aleinearrangør, og om sjølve konferansen.

Kvifor gjere noko så villt? Som å gi seg i kast med noko slikt?

Fordi eg har kunnskap om noko eg har lyst å dele. Som eg har lyst at fleire skal få ta del.

Og slike konferanser eg arrangerer finnast ikkje.

Eg jobbar kvar dag med å gjere andre menneske stolte. Trygge. Finne meistring. Glede.

Takle konflikter. Løyse problem. Vere modige.

Klare det dei ikkje trudde var mulig.

Det har eg eigentleg prøvd å gjere sidan eg starta som leiar som 26 åring.

Å arrangere konferanse kan samanliknast med å vere på fisketur.

Du veit aldri om du får napp. Eller kor mykje napp. Det er råskummelt og kjempekjekt.

Eg gjer alt sjølv.

Og dette er sjølvsagt berre ein del av jobben min.

Lagar invitasjonar. Lagar avtaler med foredragshaldarar. Konferansier. Lagar avtaler med hotell.

Bestemmer servering. Kor ofte, kor mykje, kva.

Sender invitasjoane til heile Norge. Og til mitt nordiske nettverk.

Lagar flyer. Promoterer konferansen.

Bestiller mapper og konferansemateriell. Lagar påmeldingsskjema – og har kontroll på påmeldingane. Og har reknskapet.

Og i tillegg har eg ved alle 3 konferansene lagt in Extras. Ein fagleg/kulturell tur i etterkant av konferansen. Fordi eg svært gjerne vil by fram fylket vårt.

Turen har gått til Geiranger, via Trollstigen. Og med hurtigruta på retur.

Og til Veiholmen på Smøla via Atlanterhavsvegen.

I år er konferansen i Molde. LØFT konferansen 2017. 3 og 4 mai.

Og LØFT oppturen går vidare til Geiranger.

Kort fortalt; kva er LØFT?

LØFT står for løysingsfokusert tilnærming, og kort fortalt betyr det å fokusere på det som virkar for å få meir av det. I staden for å bruke mest tid på årsaken til problema, fokuserar ein mykje meir på korleis problema kan løysast. På denne måten vert dei ein lukkast med og får til mykje tydlegare. Når ein har løysingsfokus som utgangspunkt, får ein lettare auge på kva personar gjer som dei kan gjere meir av for å få bedre opplevingar, nå sine mål og ha tru på seg sjølv. I LØFT vil det å tydleg­gjere og vere meir bevisst på «kloke grep» auke sjansane for at ein lukkast.

LØFT er eit verktøy som kan brukast i mange samanhengar og på ulike arena, men det handlar mest om korleis vi møter kvarandre, kva vi fokuserar på og korleis vi samhandlar. Det å fokusere på meistring, styrking av samhald og felles fokus er med på å styrke relasjonar i positiv forstand – og dette er godt for helsa til barn og vaksne på både kort og lang sikt.

Kven er konferansen for?

Alle.

Fordi dette er eit verktøy du kan bruke i alle livets situasjonar og arenaer. Og du kan bruke det i eige liv.

Kven kjem?

Ben Furman.

ben.png

Den fremste på LØFT i norden. Med sin humor skal han snakke om korleis bruke LØFT for å skape godt arbeidsmiljø.

Francois El-Safadi

francois-elsafadi.jpg

Relasjonskunstnar. Eit menneske som set spor.Vil fortelle om eit anna menneske som sette spor i hans liv!

Anne-Marie Wulf og Karin Phares. http://solutionsbywulf.dk/

Karin.jpgAnne marie.jpg

Store på LØFT i Danmark! Dei skal snakke både om å bruke LØFT i mentoring og LØFT i samtaler der tema er krenkelser.

Dei skal ha ein miniworkshop i Geiranger i etterkant!

Fredrik Engstrøm, årets pedagog i Sverige i 2015!

fredrik.jpg

Med en oppvekst der ingen trudde på at han kunne noko. Men istaden for at det gjekk «til helvete» med han, er han i dag rapper i bandet Osten Af, og ein fantastisk LØFT formidlar! Ei knall ærleg historie!

Mikael Thunblom/Martin Larsson( på framsida)

Eige firma «Løsningsfokus i skolan»! Alle skular i Vesterås i Sverige kommune bruker LØFT! Korleis har dei fått til det?

Mats Bergling

Bilderesultat for mats bergling

Har nyleg utgitt boka «Forflyttande samtal» Som gjør oss modigere til å ta samtalen vi har utsatt. Men burde ha tatt….DET skal han snakke om.

Tarjei Mork Øren;  fotballcoach i Brann med fokus på det som virkar!

Aura Consulting sitt bilete.

I tillegg kjem heile 6 ulike bedrifter (berre kvinnelege leiarar)som har jobba med LØFT over tid – for å dele sine erfaringar med oss!

Kva kan eg igrunnen sei – anna enn KOM!

For påmelding; http://www.auraconsulting.no

14.jpg

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s