Aura Consulting


2 kommentarer

Hjartedjupt – kjennest det; 1 år etter

«Trur du det finnast solnedgongar i himmelen, Audhild» – spurde du.

Idag er det 1 år sidan du døydde mor.

Og eg er viss viss på at du har funne solnedgongar i himmelen.

Håpet er ei stjerne – denne høyrde eg på siste dagane i livet ditt.

Den trøysta.

Det gjer og spelelista eg spelte inn til deg – som vi song frå når eg var hjå deg.

Siste veka av livet ditt; låg du der og dirigerte «Når fjordene blåner».

Aura Consulting sin blogg nummer 40 er inga skrift om sorg.

Men om sakn. Og hjartedjup takksemd.

Håpet er ei stjerne

(Sommerro/Røsbak)

Håpet er ei stjerne.

Hu sløknes ældri, hu.

Står der høgt på bågån,

som naggæl’n i ei bru.

 

Håpet er er ei stjerne

I di mørke natt

vil stjerna stå og lyse

så du finn dagen att.

 

Hele lange livet,

helt tel alt er slutt

må du vandre vegen

hårt eneste minutt

 

Gå vegen ganske rolig,

sikt mot høgda der.

Så når du fram tel målet

der livets mening er.

 

For håpet er ei stjerne.

Hu står og blinke nå.

Så gå mot mårråslænda

der lyset kjæm ifrå.

 

Nå er du snart framme.

Kjinne verda litt.

Kjinne både lys og lek

og vonde mareritt.

 

Refr:

Gå, gå mot stjerna,

gå tel mårrån kjæm.

Hu vil itte svikte deg,

hu er med deg på din veg helt fram.

Eg er så uendeleg takknemleg for at eg prioriterte som eg gjorde.

At eg ordna med kontorbase og leilighet i Ulstein, det som viste seg å verte det siste året av ditt liv.

At eg kunne få følge deg på din veg ut av livet.

Og som eg har skreve her før, den vegen i lag med deg, lærde meg mest OM livet.

I ettertid har det vorte så rett. Det at eg kunne vere der.

At far fekk hjarteinfarkt og døydde i båten sin til havs da eg var 17 – gav meg ikkje eit slikt val.

No hadde eg det – og tok det.

Dette året har lært meg mykje om å leve.

Eg MÅ ikkje til grava di/dokka for å kjenne meg nær deg.

For eg har heile tida kjent at du ER med meg.

Eg har blitt enno sterkare.

Som ei venninne sa til meg dagen etter du var død: «det er som om du har teke over styrken ho hadde. Ho har gitt den til deg».

Eg var så redd for å ikkje klare tap av mann min og deg same året,

Men du hjalp meg. Og ein kar der oppe som du trudde på – og som eg kjenner held handa si over meg; hjalp meg.

For eg tapte deg ikkje.

Eg var på veg til etterkontroll I trondheim etter hofteoperasjon i juni.

Sjølv om alt hadde gått bra – var eg av ein eller annan grunn uroleg.

Så lyser plutseleg ei varsellampe i bilen. Motorfeil. Instruksane sa at eg måtte rett på verkstad om den ikkje slukna. Så slukna den. Men eg ringde verkstaden og fekk time til eg kom heim. Dei leita og styrde – og kjem til slutt ut til meg og seier at dette var heilt uforklarleg. Den einaste forklaringa dei hadde; var at ein eller annan mystisk skugge må ha lagt seg over bilen min, så varsellampa slo seg på.

Da kjende eg det. Du var med mor.

I juli skulle Tarjei og eg køyre Aursjøvegen, for første gong.

Sommaren for 2 år sidan, hadde eg lova deg den turen. For du hadde hellar aldri køyrt den. Men så rakna livet mitt – og alle planar fall i grus.

Det var eit forferdeleg ver når vi reiste frå Molde. Tåka hang tjukk. Heilt til vi tek av i Sunndal, og byrja på turen oppover. Plutseleg openberra sola seg gjennom tåkehavet! Og eg vart veldig kroppsvarm. Da sa eg til Tarjei; «ho er sanneleg med oss.»♥♥

Dette året har eg funne så uendeleg mange hjarter i naturen når eg har vore ute og gått.

Skal tru kvifor?

 

Du var blitt alvorleg sjuk. Dei to siste månadane av livet ditt. At du sloss for å ville leve også da; har sett mitt liv og alt eg gjer i eit heilt anna perspektiv.

Dont give up.

Eg VAR stolt av deg.

Og eg ER stolt av deg.

Du er framleis mi PIPPI, som eg skreiv i bloggen min til deg. Og du er litt slik ho dama på nesten 90 i radioen sa: » Eg har mange sjukdomar, men heldigvis har eg helsa i behald»!

Her ein dag sende Tarjei eit bilde av deg og han i Tyrkia. Du sat og held rundt han oppe på borga i Alanya. Og da kom eg på det; du var 80 år på den turen. Likevel gjekk du kvar dag i brennande heite frå hotellet til stranda. Utan å mukke.

Respekt.

Korleis har dette året vore?

I starten var det rart å ikkje skulle ringe deg lengre. Eg stod på farta til å gjere det fleire gongar.

Men eg snakkar med deg utan å ringe.♥

Og eg legg framleis turen innom sjukeheimen. Også di avdeling. Der er nesten ingen att av dei som var der i di tid mor. Men der har kome foreldre til mine venninner.

Og eg har JON. Som eg har lova å sende kort til så lenge han lever.

Det er godt for meg å ha han å kunne besøke der.

 

Eg har kjøpt meg min eigen heim for første gong, mor.

Du skal tru eg gjerne ville at du skulle få oppleve det! Men du visste om at eg hadde tomt her. Og heilt til det siste kunne du peike på bildet eg gav deg – av solnedgong i Julsundet – og vite at det var der eg budde.

Eg har ordna inngongspartiet slik at ein kan kome inn med rullestol.

Ikkje fordi eg trur du kjem….

Men fordi det var så låkt at du aldri kome deg inn i heimen i Ulstein – fordi du ikkje våga at nokon skulle bere deg inn. No kan naboane mine, om dei vert dårleg til beins kome seg inn – eller eg sjølv…

For solnedgongar treng vi alle å sjå.

Dette året har eg tatt mange sjansar. Og istaden for å vere veldig redd for at det ikkje skal gå – har eg kjent på denne roa. Du klarer det. Det løyser seg. Og den kjem frå deg.

2 dagar før du døydde, tok eg med syster Marianne på bedehuset. Vi trengde eit lite stemningsskifte. Grimstadkoret song. Det var åresal, kaffi og kaker. Alt slikt som du sette pris på.

Vi vann ein hjartelampe. Som eg fekk. Den står på nattbordet mitt no.

Du er med.

Rigmor gav meg ei stjernelampe ifjor.

Den stod og skein i vinduet i Ulstein – kvelden for 1 år sidan.

Og sidan har den stått i kontorvinduet mitt på Mevold. Og på den måten har eg ikkje kjent meg aleine ved heimkomst.

Dagen etter du døydde, fekk Tarjei trenarjobb i Brann. Han klarde nesten ikkje glede seg.

For han ville gjerne du skulle ha visst det.

Veit du mor? Eg har bestillt ein gul lenestol. Som kjem idag. Gul for håp. For solnedgong. Der skal eg sitje å sjå utover havet – og vite at du er med meg.

Og Inger kjem frå Oslo idag. For å vere ilag. Vi skal reise til Hareid. Vi skal innom grava. Vi skal innom Syverplassen, barndomsheimen din. Og vi skal innom Brekkane, heimen din. Vi skal innom sjukeheimen; siste heimen din.

Så skal vi tilbake hit.

Vi skal ete krabbeklør og ete Krokankake( oppskrifta di).

Og vi skal minnast deg i glede.

Og hjartedjup takksemd.

Kjære mora mi.


1 kommentar

Livet varer heile livet

Frå heimekontoret

idag 6. november

November er for mange ein månad dei vil fort forbi.

IKkje så reint sjeldan slår det meg at det er mykje vi vil fort forbi.

Få overstått.  For å gjere oss klar til det neste som ventar.

Dette å vere i det vi er i no – NO – kan verte ei utfordring.

Mange synest november er tung. For meg er den nødvendig.

Endeleg kan eg samle meg. Kjenne roa kome med mørket.

Igår kveld såg eg på «Der ingen kunne tru at nokon kunne bu». Denne gongen var programmet frå ei lita øy ved innløpet til Lyngsfjorden. Ho som var hovedpersonen i programmet, hadde måtte forlate øya to gongar. Først da familien vart tvangsevakuert under krigen. Så når myndigheitene tvangsflytta folk til meir sentrale strok, på 60/70 talet. Men når reportaren spurde henne, om ho no hadde flytta attende for å døy, var svaret at ho gjorde det for å kunne leve. Ho var 86 år…….

Idag tidleg var eg på trening.

Samstundes med meg var Seniortrimmen. Der var det enkemenn på nesten 90 som fortalde at dei nett hadde kome heim frå Syden. Og på måten det vart fortalt, forstod eg at det var ny kjærleik i bildet.

Her var damer som var bekymra for at dei hadde ete for mykje i helga, og hadde mykje å stå til rettes for idag……

Og det slo meg som alltid. Alder er ikkje alder. Mykje av det vi er opptekne av som tenåringar – er vi opptekne av resten av livet.

Men det som særprega både dama i Lyngen og Seniortrimmarane idag – var kor lystige og lette dei var.

Dei levde.

«Alle disse dagene som kom og gikk, ikke visste jeg at det var selve livet»

For ei tid tilbake spurde eg ei leiargruppe eg coacha om kva tid dei var på sitt beste som leiarar.  Det meinte dei både var eit uvanleg og krevjande spørsmål.

Svara var interessante.

Det handla mykje om å ta seg tid.

Når dei lena seg tilbake – og såg kor alt flaut. Kunne vere observatørar til folk som var i Flytsona.

November er fin for slikt.

Men som LØFT er eg oppteken av kva vi gjer sjølv. Livet går sabla raskt.

Gjennom livet gler vi oss ofte til neste steg. Når vi berre vert litt eldre.

Eg hadde foreldre som gledde seg til å verte pensjonistar saman.

Det fekk dei aldri oppleve.

I jobb møter eg folk som lengtar etter pensjonisttilvere. Og i den lengten ser eg at dei hoppar over eit par år. Der ein del berre er halvveges tilstades i seg sjølv og i arbeidslivet.

Eg har ikkje lyst til å hoppe over noko som helst.

Den største dag i mitt liv var den dagen jeg tok mitt liv i besittelse.

Oppe på oppdrag i NORD for litt sidan, møtte eg ungdomar som var redde for nettopp det. På utsida såg du bråkete og uforskamma ungdom. Men bakom dei tøffe capsane, solbrillene og hettegensarane – kom det fram noko anna. Når eg baud på meg – vart eg bedd innanfor sjølv.

Nokon seier at livet er det du gjer det til. Tja – men ein del manglar verktøyet for å lage seg eit liv.

For litt sidan var eg på ei styresamling, der eg fekk spørsmål om kva som var min KONGSTANKE i livet.

» Livet er altfor kort . Lev det»

 

 


Legg igjen en kommentar

Min arbeidsmiljøpris

23316089_10156018011438783_1564789707_n

Det er to ting eg saknar som sjølvstendig næringsdrivande.

  1. Å få vere del av ein gjeng som skal feire julebord.

2.  Å jobbe for å få Arbeidsmiljøpris.

Så er eg likevel så heldig at fleire av dei bedriftene eg har jobba med, har fått Arbeidsmiljøprisen.

Sidan mitt arbeidsfelt er bedriftskulturbygging – og arbeidsmiljøskaping ved hjelp av LØFT, så er det heilt naturleg å vere oppteken av; kva er det som skapar ein vinnar?

Kva skal til for å få ein slik pris?

Aura Consulting sin blogg nummer 39 skal handle om det. Men handle mest om å skape sin eigen pris.

Å sette pris på seg sjølv.

I LØFT er vi opptekne av framgong. Det betyr at eg jobbar mykje med å lytte og sjå kva som skjer når folk fortel om sine framgongar, kva som går bedre, kva dei får til – kva dei lukkast med. Og eg opplever ofte at folk kan synest det er framand å skulle fortelle.

Men når dei først gjer det, så vert både dei som fortel og dei som høyrer på ofte bevega.

Dei to siste åra av mitt liv – har livskrise og andre traumatiske hendingar gitt meg noko i retur.

Eg har blitt ein «jævel» etter å sjå etter framgong. Og kva og kven som skaper den. Av og til kan den vere smålåten – og nesten ikkje merkast. Men NÅR eg merkar den, er den god nok.

Og eg har fått ein hang til tøffe, stilige sko – som gir treningsmotivasjon!

 

Dei to siste åra har gitt meg meir aleinetid. Låkt til tider. Men også ofte godt.

Eg har pga av mitt svenske nettverk blitt kjent med ei bok som heiter Sjølvtid.

Den har overbevist meg om det eg har kjent på å lenge.

At iallfall vi som har så mykje med folk å gjere, «må ta oss igjen».

Ta oss tid til refleksjon. Ettertanke. Vere aleine. Gjere noko heilt anna. Berre sjå ut i lufta. Vere nær naturen.

Så i desse stundene har det openberra seg; kven min arbeidsmiljøpris går til.

Det starta i 2005. På eit føre som såg tørt ut, skeina eg ut på glatta med bilen, og segla frå autovern til autovern. Lukka var at det ikkje kom møtande bil. Da hadde livet slutta der.

Iallfall, eg havna hjå legen min – og det vart påvist to ryggprolapsar.

Eg har den mest fantastiske lege. Han er open for alt. Han tenker framgong som meg.

Han henviste meg til kiropraktor.

Som etter ei stund henviste meg til massageterapeut/homeopat.

Han hadde gjort sitt i høve til skjelettet, no måtte ho overta når det gjaldt å få løyse opp i muskelatur.

Og eg kom meg i gong med bevegelse – og småe rusleturar i grøfter.♥

Etter ei stund var eg i god gjenge att. Så skulle eg vere med nye Atlanten Badeland på 3 dagers Bedriftskulturbyggings oppdrag på Hitra.

Siste ettermiddagen gjekk eg ombord i ein liten båt – og vi gav gass utover ein nokså ruskete sjø.

Meir skulle det ikkje til.

Eg måtte ha hjelp ut av båten – og vart køyrt i ambulanse til hurtigbåten.

På han igjen.

Veit dokke kva eg var mest redd for?

At smertene skulle gjere slik at eg aldri kunne stå skikkeleg oppreist igjen.

Så høg som eg er, så har det gjort godt å høyre at eg har ei rett haldning. Turn og dans i oppvekst har skapt den. Og den ville eg ikkje miste.

Same prosedyre fulgde.

Og som i skreiv i min førre blogg «Styrketrening» – dette lærde meg at mitt lodd i livet er bevegelse og trening.

Sånn har åra gått.

Eg vart til og med så bra at eg vart aerobic og Zumbainstruktør. I fleire år.

Trening, bevegelse og massageterapeuten har tilsaman heldt kroppen i sjakk.

Så, for ca 4 år sidan, kom smertene med ny styrke og på ny måte.

Haudet ville stå på, men kroppen sa frå.

Og massageterapeuten heldt klokeleg stillt.

At eg kunne trene heilt til den dagen eg vart lagt på operasjonsbordet for å skifte hoft – at eg 3 veker FØR operasjonen var istand til å gå Lyngsalpane; ALT det er hennar forteneste.

Når eg i min blogg «Livredd» – skreiv at eg var redd for å ikkje kunne gå etterpå, så var ho roa sjølv.

Det er inga hemmeligheit at første gong eg var der etter operasjonen i fjor sommar – så gråt vi begge to. 

Eg så hemningslaust glad for å sjå henne igjen etter operasjon og rehabiliteringsopphald.

Og ho så stolt over min framgong – og så happy for min sjokolademus siger, og feiring!

No har ho fått namnet hoftedama mi.

I sommar ramla eg 2 meter ned frå ein hems på Turtagrø – og vart køyrt med ambulanse til Førde. Kven fekk meg kjapt attende til normalen?

Førre laurdag enda eg på legevakt og sjukehus – pga nye type smerter. Eg fekk beskjed om å ta 5 Parazet, 3 Ibux og 2 betennelses dempande pr dag.

Mandag morgon fekk eg naudtime hjå hoftedama. Tysdag var eg medisinfri.♥

DYRT, sa du? 

Ja, sjølvsagt. Det kostar pengar å få dei rette folka. Og dette får ein heller ikkje att med det offentlege.

Men skal tru kva det hadde kosta meg i sjukefråver i bedrifta utan?

I mitt arbeid møter eg mange med smerter. Som haltar seg gjennom dagane sånn halvveges.

Eg skulle så inderleg ynskje at fleire legar kunne henvise til slike hoftedamer.

Og at folk kunne finne på å stole på sin eigen kroppskunnskap – og ta initiativ til å gå dit sjølv.

SÅ STOR FANFARE!!!

 

Min arbeidsmiljøpris går til : MERETE SKALDEBØ HOL!

Hoftedama. Heiagjeng! Og treningsterapeut! Gjennom 12 år har ho stått for noko eige.

Gitt noko ekstra. Hatt tru når mi har vore på vikande front. Forstått at kropp reagerer på livskriser og traumer. Ledd. Og grått. Av mine opp og nedturar.

Eg er så inderleg takknemleg.

Og no har ho til og med skaffa seg ein gul stol på kontoret.

Berre det å sjå den – gir håp!