Aura Consulting


2 kommentarer

«Eg og»

21013305_10155797110438783_2114267437_n

Eg var og så nyversjonen av den norske spelefilmen «Ni Liv», «Den 12`mann» i forgårs.

Verknaden av den kjem til å vare.

Mor sa ofte når eg spurde henne kva som var viktigast i livet, (etter at ho hadde sagt oss borna og at alle hadde god helse); «landet vårt».

Slik kjende eg det når eg såg filmen. Så stolt over alle som har jobba så beinhardt for eit fritt Norge.

Som ofra så mykje.

Men som også sette andre framføre seg sjølv.

Det er kanskje det Aura Consulting sin blogg nr 41 skal handle om.

Eg er nemleg overtydd om at vi må snu samfunnstrenden.

Lat oss byrje i det små.

Kva kan eg gjere for andre? Istadenfor kva andre burde gjere for meg.

#metoo kampanjen har prega siste del av 2017.

I alle år har menn hatt meir makt enn kvinner.

I like mange år har kvinner falt for menn med posisjon.

Nokre av dei mannfolka har teke seg til rette.

Eg har tru på LØFT sin antagelse som seier at det er ikkje anten eller. Det er ofte både og.

Altså i dei fleste tilfelle er vi to om saken. Vi kvinner har ansvar og.

Eg starta som leiar som 26 åring. Og har stort sett vore einaste kvinne i leiarteam.

Men kun 2 gongar kan eg minnast trakassering frå menn.

Det var av ein hovedtillitsvald. Ein type som eg idag ville ha kalla ein gamal gris.

Og av ein rådmann. Som eigentleg også var ein gamal gris. Og som i tillegg akkurat da var full-  i embeds medfør.

I ettertid tenker eg som LØFT. Kven eigde problemet?

Kva er det slag mekanismer som gjer at vi tillet folk og oppføre seg som dritsekkar?

Eller kvifor bygger vi opp under folk si sjølvkjensle – som heller skulle ha vore teke ned eit hakk?

Ein kan ofte undre seg over mindre pene menn( og som heller ikkje er særleg hyggelege), men med makt; og i ein posisjon – har draget.

MEN; ganske mange fleire gongar har kvinner vore min største fiende. Men på ein meir infam måte. Meir usynleg. Jobba meir i det skjulte.

I ettertid ser eg at det har vore styrt av sjalusi og misunning.

 

Men i mine tidlege år som leiar – såg eg ikkje det.

Eg trudde vel for godt om folk. At folk var glad for å få både min kompetanse og mitt engasjement. Eg forstod ikkje at eg kunne verte sett på som trussel. At eg utfordra eit revir.

Dette var og ein form for trakassering. Som kjendest så sterkt at eg 2 gongar valde å skifte jobb. For å bevare helsa. Livsmot og sjølvtru.

 

Men for å vere heilt ærleg. Det gjer meg meir å sjå folk i eit samliv som tillet seg sjølv å verte utsett for trakassering. Dei er i ein situasjon der dei ikkje klarer anna. Klarer ikkje å stå opp. Dette har eg vore vitne til eit heilt arbeidsliv. Og hjelpa? Det finnast inga – FØR dei sjølve er klar for å ta eit anna val.

Like trist er det å sjå at dei ofte vel same type i neste omgong.

Så kva er løysinga?

Ein del av det – er at folk vert trygge nok i seg sjølv. At folk kjem i ein situasjon der dei klarer seg sjølv. Også økonomisk.

 

Vi menneske er flokkdyr.

Eg ser det på arbeidsplassar. I kulturen. Det er ofte ikkje lett å vere i mindretal.

Det er altså VERKEN lett å vere den som seier at arbeidsdagen stort sett er flott(når fleirtalet meiner den ikkje er det, eller har teke til orde for at den ikkje er det).

Eller vere den som seier at eg er utsett for krenkingar. Når alle andre meiner at personen er super.

Språk smittar. Vi får meir av det vi har fokus på.

Men vi må ikkje gløyme kva språket vårt skapar slags merksemd.

For nokre år sidan jobba eg mykje med idrett.

Og i undring kunne eg frå sidelinja sjå at så fort EI avis hadde sagt noko ufordelaktig om ein trenar(som vi berre hadde høyrt godord om før), så gjorde fleire aviser det same.

Og praten gjekk rundt lunsjbord  og i «dei tusen hjem» – og til slutt vart trenaren endra frå å vere framifrå – til han vi ville ha han sparka.

(vi meinte til sist at han eigentleg aldri burde ha vore tilsett…..).

Så kva er budskapet mitt i denne bloggen?

Det er flott at dei som i ulike samanhengar har vore utsett for trakassering, gjennom denne kampanjen har funne mot og styrke til å stå fram.

Men eg vil rope eit varsku til oss flokkdyra.

Fleirtalet blant oss har gode haldningar og verdiar, og let ikkje makt og posisjon gå oss til haudet. Eller ein annan stad.

Eg har lyst til å gi merksemnd til dei gode menn. Og kvinner.

Dei er det flest av.

Og lære meg teknikkar for å takle krenkarane.

Og til slutt; ta ansvar for eigen adferd.

Som mor – har eg også eit ansvar for å sende med son min same budskapet.

 

Eg har eit ynskje om taktskifte i 2018.

At vi vert mindre opptekne av kva oss sjølv er utsett for, men meir opptekne av kva andre er utsette for.

Kva har det med spelefilmen og gjere?

Kva land vil vi ha framover? Kva verdiar vil vi verne om? Kva skal vere viktig for oss?

Mot til å vere oss sjølve. Mot til å sei frå.

Men også mot til å gå med den minste flokken.