Aura Consulting


3 kommentarer

Kan traumer gjere deg sjuk?

27848153_10156299212438783_1709577587_n

Eg tenkte å skjule det.

Men så er det synleg.

Seinast tysdag i kommunestyret vart det påpeika.

Og i erkjennelsen av at eg er ein offentleg person, vert dette formidla som ein blogg.

Istaden for eit facebook innlegg.

Og på eit vis er dette også historia om fortsettelsen. På mitt livs traume(skade eller sår).

Også det ein erkjennesle.

At sjølv kor hardt eg har jobba for å bli meg sjølv igjen, eller eit nytt meg sjølv, så reagerer kroppen.

Tankane er på veg til eit nytt liv. Og vil dit. Men kroppen sett meg av og til i freeze att.

Eg tok traumeutdanning i 2015/2016.

Og med denne bloggen ynskjer eg å alminneleggjere traumer.

Kvar  veke møter eg folk som har med traumer som ein del av sin livsbagasje.

Det at eg brukar meg sjølv som eksempel – vonar eg gir andre håp.

Kroppslige plager i ettertid
«Stressreaksjonene under og etter traumatiske hendelser innebærer sterke kroppslige reaksjoner. Dette kan medføre kroppslige plager i ettertid. Mange har smerter eller anspenthet i kroppen som ikke har en klar medisinsk årsak. Samtidig vet vi at mennesker som har opplevd traumatiske hendelser har økt sannsynlighet for å bli rammet av fysiologiske sykdommer, noe som gjør det svært viktig at de kroppslige plagene utredes grundig av lege.»

Kilde: Norsk psykologisk forening

Psykiske traumer kan gjøre deg fysisk syk

”Study of Health Outcome after Trauma”

«Traumer er i utgangspunktet psykologiske belastninger. De foreløpige resultatene fra vår studie viser at langvarig stress også påvirker kroppen på mange forskjellige måter. Det kan for eksempel gi hormonforstyrrelser, muskelspenninger eller påvirke energiomsetningen i kroppen.»

Kilde: Forskning.no

 

_____

Med min nye kunnskap om traumer, så veit eg at det som trengs for å verte «aktivert» att, er ein ressurs. For meg er det oftast eit menneske som kan snakke med meg. Vere interessert. Som ikkje har svara. Men spør. Dette har eg skrive om i tidlegare bloggar.

Eller ressursen kan vere ei naturoppleving. Eller å skrive. Ein stad. Eller ein song.

Så på det viset kan kanskje denne bloggen også vere til nytte for andre?

Å leve i uvisse. Å ikkje vite alt. Veit vi nokon tid alt? Kva som kjem til å skje rundt neste sving? Ingen av oss har garantiar.  Kunsten er å innrette oss deretter.

______________

Denne historia starta 1.juledag i 2016. Som seinare viste seg å vere ein fortsettelse….på ei anna historie.

Eg vart brått kjempesjuk, og måtte til legevakt.

Symptoma var svært sterke smerter i tenner, kjeve og ansikt( eine sida). Og press mot eine auget. Og opphovning.

Eg fekk smertestillande, naudtimar hjå tannlege – og vart til slutt henvist til kjevespesialist på sjukehuset.

Så midt oppi flyttesjauen i fjor februar, kom kjevekirurgen til at funna var uklare(♥jmf det eg saksa frå fagblada over), men dei ville likevel rå meg til kjeveoperasjon.

Det var fastlegen min som sa det som gav meg forklaringa. «Er det noko rart? Du har bite tenna saman for å takle krenkelsar sidan du møtte mann din». Og du har bite dei ekstra sterkt saman siste året, for å klare å kome deg attende til livet.»

Fastlegen har kjent meg sidan 2003.

Mi historie er som eit heilt bibliotek. Og han kjenner noko av den. Og han har også snakka med meg om at når menn gjer handlingar som dei skammar seg over, så har dei ein tendens til å stikke. Ikkje snakke.

 

» Å stå oppreist når du ligg nede for telling» – bloggen frå sept-15; fortel nok om traumen.

Så fastlegen har rett, eg har bite tenna krampaktig saman.

Men som eit nytt Sør- Afrikansk bekjentskap sa i sitt foredrag på Verdskonferansa i LØFT i Frankfurt i fjor:

«Ikkje blir distrahert av traumehistorien. Bygge relasjon med personen, ikkje traumet.»

Ho sa også at vi må gi «Airtime» til kven personen er, istadenfor kva som skjedde.

Vi kan ikkje ta traumen bort – men Exspand it.  Spørre spørsmål som lagar ein ny opplevelse.

Dette har eg klart å gjere. Og eg har klart å knyte til meg dei menneska som bygger relasjon med meg.

Likevel. Ja, likevel. Så vert eg tatt igjen. Fortida slår meg i bakhaudet når eg minst ventar det.

________

Eg sa nei til kjeveoperasjon.

Og eg gjekk laus på same prosedyre som eg brukte da eg trudde eg kunne unngå hofteoperasjon, trening.

Trene kjevemuskelatur pluss massage. Det hjalp. Det hjalp i slik grad at dei sterke smertene var borte. Men framleis hadde eg av og til – og for ofte, kjensla av «lammelse», og eg vart opphovna.

Venstre delen av ansiktet mitt er konstant større enn høgre.

Men verst er at det at det av og til går ut over taleevna. Til tider får eg problem med å snakke. Eg snøvlar.

Ansiktet mitt og stemma mi – er mitt største salsobjekt i Aura Consulting.

Det er her det meste språket og kroppsspråket foregår. Så sjølvsagt er dette alvorleg for meg.

Dei som følger bloggen min, veit at eg i fjor sommar ramla ned frå hemsen på Turtagrø hotell. Ambulanse til sjukehus. Røntgen av hofter og rygg.

Alt vel.

Men i haust fekk eg sakte men sikkert problem med å ta venstre handa bak. Kle på meg. Ligge på handa. Og til slutt var handa hjelpeslaus.

Også dette hadde eg tru på kunne trenast vekk, da eg tenkte at eg kunne slått eit kvart i fallet på 2 meter.

Men i januar vart eg haste sendt til røntgen og MR av skuldra.

I mange år har eg hatt ein kul mellom haud og skulder. Godarta.

Men siste par åra har den vakse til det firdoble. Så den tok dei ultralyd av den i same slengen.

Kvifor? Fordi dei ville vere sikre på at det ikkje var kreft i den.

Men funna var ikkje tydelege nok, til at dei kunne avfeie kreft.

Så no er den avgjerande datoen 12.februar. MR av kulen.

 

Er det kreft? Det håper eg sjølvsagt ikkje. Fordi eg elles kjenner meg storarta.

Vanskelege kjensler er ein del av kontrakta di med livet.

Operere den vekk må eg uansett, seier dei.

Og eg trur; at kulen er årsak til ansiktet. Og skuldra/handa. Fordi den har blitt 6/5 cm, og truleg pressar på nervar.

Kvifor har kulen vakse så mykje siste to åra?

Høge skuldra og samanbitne tenner?

Ikkje veit eg.

Men eg forstår at det er samanheng mellom traume og fysiologiske endringar.

_____

Eg avsluttar bloggen med optimisme.♥

Alt anna ville vore ulikt meg.

Trass alle smerter og hendelse – 2017 vart Aura Consulting sitt beste driftsår.

Ikkje spør meg korleis det er mulig.

Anna enn at av og til ER det umulige mulig.

Eg treng ingen som synest synd i meg. Det har aldri hjulpe.

Men eg treng folk som etterspør det eg klarer og kvifor.

Og kjem med heiarop!♥

For i 2018 skal eg danse meir!