Aura Consulting


Legg igjen en kommentar

Det kunne ha vore verre

39206540_519962435091749_5523757830227623936_n

Irriterande utsagn? Eller kan det vere til hjelp?

Når ein står i eitkvart ein lurer på om ein orkar eller meistrar.

Ja, sjå der – det kunne ha vore verre. Det er ALLTID dei som har det verre.

Men akkurat når du har det som verst – så må det nok få lov å gå ei ri før du ser det slik.

Aura Consulting sin blogg nr 48 skal handle om det finurlege som skjer- når du er på ditt verste. Og ser fram til ditt beste.

 

Er du ein historie skapar?
Lagar du deg forteljingar?

Er du ein iaktakar?
Eg kallar meg sjølv ein «scanner».

 

Eg les folk. Sinnstemningar.

Det har både eit pluss og minus.
Det å leve seg inn i liv som ikkje er ditt.
Men det er krevjande.
Du vert ein omsyntakar.
Og du kan ta omsyn for lenge.

Som min eks skreiv på ei bursdagskort til meg ein gong: «Takk for din utholdenhet».
Eg hadde aldri sett meg slik.
Men kortet fekk meg til å tenke.

 

 

Da eg var lita spurte nabokjerringa mor om eg ikkje kunne kome å leike med son hennar. For da vart ham så roleg…

Ro visste eg at eg hadde. Men eg er ikkje særleg tolmodig. . Heller motsatt.

Men altså uthaldande.

Miss match?

Erfaringsmessig betyr det at eg held ut med mykje.

Eg er uthaldande når det gjeld smerter. Alle typer.
Men eg er utålmodig for å finne endring.

 

Mandag skulle eg gjennom ein operasjon, som ei tid etter kunne ramme venstre hand og skulder med smerter.
Natt til søndag enda eg på legevakt og fekk påvist akutt skulderfeste betennelse i den andre handa, og skulder.
Med forferdelige smerter.
Så visste deg seg mandag morgon når eg skulle hente tablettane legen hadde anvist, at det hadde han ikkje gjort.
Men bussen gjekk til Trondheim….

Operasjonen på ettermiddagen gjekk fint.
Da eg kom på hotellet, oppdaga eg at klinikken hadde gløymt å sende med meg smertestillande.

Treng vel ikkje forklare meir?
Så kom eg på bussen tysdag morgon tilbake til Molde.
Vel ombord komen, såg eg eit ungt par ta farvel. Jenta gråt. Så fortvilt.
Eg laga meg historie.
Kunne det vere slik at dei hadde hatt ein helga date?
Og han ikkje ville meir?
Kunne det vere slik at han skulle til Molde for å starte utdanning? Ho skulle bli igjen?
Kunne det vere slik at det VAR eit endeleg farvel? Forholdet var over?

Eg kunne sjølvsagt ikkje vite.
Han sette seg bak meg.

Etter ei stund høyrde eg at han gråt.

Da tenkte eg; eg set her med så store smerter eg ikkje veit korleis eg skal takle.
Men det er ikkje kjærleiksorg.
Denne gongen er det ikkje eit tap av eit menneske.
Det kan løysast.
Eg vart henta i Molde og køyrt rett til lege.
På venterommet sat eit par.
Ho var sint. Og høgrøysta. Han trist og unnvikande.
Ho trua han. Om alt som ikkje skulle bli når han gjekk frå henne.
Mange deltaljar som ingen av oss andre ville høyre.

Og eg laga meg historier.

 

Eg sat der og prøvde å døse.
Og tenkte for ei gåve som vart gitt meg.
Eg har kun meg sjølv å fixe. Alt det andre er gjort.

Så kom eg heim.

Sjølv om eg ikkje har klart å kle på meg. Sjølv om eg ikkje har klart å ete med venstre handa. Sjølv om eg ikkje har fått på meg kontaktklinser. Knytte skolisser. Køyre bil.

Så har eg tenkt: det kunne ha vore verre.

Men det ER godt å bli «GOLLJA» med når det står på som verst.

Og så har det finurlege skjedd. Eg har storgledd meg over å skrittvis klare dei daglegdagse tinga vi tek for gitt å meistre.

Som den morgonen eg tok på meg regnjakke for å kunne vaske hår. Happy og usminka!

 

Desse dagane har tanken på mor har slått meg. Øyeblikket da eg såg at ho forstod at dei ymse plagene ho hadde;  ikkje gjekk over. Men berre var eit varsel om slutten.

 

DETTE er ikkje det. Så det kunne ha vore verre…..

Som i Odd Børretzen si vise Noen ganger er det alright: «jeg kunne kanskje sammenligne livet med å være i båt – om sommeren. Jeg har ganske god greie på det, for jeg er ganske mye i båt om sommeren – og det er ofte forferdelig ubehagelig. Og sånn er livet også – ofte – særlig om morgenen – når det regner – og det regner mye om sommeren – i båt – og i livet.»

 

Og no har eg skrive blogg med høgrehanda!

 

 

 

 

 


Legg igjen en kommentar

Gamaldags?

GamaldagsPå einskilde område er eg skikkeleg gamaldags!

Spesielt når det handlar om ei samfunnsutvikling som skyt fart i ei retning eg mislikar.

Der er ei baksida av alle medaljar.

Også den norske.

For fleire år sidan da eg hadde praksis på Utekontakta, var problemet rotlaus ungdom.

Ungdom utan fast haldepunkt.

Som kanskje kom frå dårlege kår.

Den norske ungdommen i den greske øyverden vi høyrer om no, synest vere meir frå materielt gode kår.

Mi mor hadde eit uttrykk som eigentleg var godt:

» Det er bra så lenge han kan å oppføre seg ute blant folk».

Eg vil ikkje at vi skal gjenkjennast på å vere eit folk som ikkje oppfører seg.

I min jobb høyrer eg om barnehagetilsette som får «kjeft» frå små born. Små prinsesser og prinsar – som er vane med å få det som dei vil heime.

Eg høyrer om leiing på skular som oftare og oftare får besøk av advokat i foreldre sin stad – når dei same prinsessene har blitt store.

Det er 25 år sidan ei venninne og eg flykta frå eit hotell spesial tilrettelagt for born sin trivsel. Det VAR  ikkje trivsel når dessertbordet såg ut som ei slagmark. Når hotellkorridoren vart brukt som sprint arena. Og foreldra sat utfor hotelldøra – for at ungane skulle få herje på romet, Dei som framleis har små born – fortel at tendensen har halde fram.

Og no; siste dagars media rapportar om norske ungdomars (russ som feirar 3 år før dei er russ…..)»frislepp» på greske øyar .

Ein politimann imponerte meg stort på Dagsrevyen denne veka.

Han snakka som ein klok politikar.

Og brukte eit begrep som tok meg.

«Produksjon av lidelse»

Det han meinte var at desse ungdomane øydela si eiga framtid.

Dop. Fyll. Sex. Bot. Fengsel. Negativ merksemd.

Kanskje moro no – men lidelse lenger framme.

Han ønska ein politisk debatt – og endring; når det gjaldt norsk russefeiring.

På spørsmål om kva som kunne gjerast, hadde han eit enkelt svar:

«At vi gjer det same som vi vart fortalt når vi vaks opp. Så lenge du bur heime – under mitt tak, er det mine reglar som gjeld.»

Problemet er vel at desse reglane og normene er sterkt endra. OM dei overhode finnast.

Er det slik vi vil ha det?

Eg er overbevist om at born VIL ha grenser. Dei VIL verte fortalt kva som er rett og galt.

Dei VIL ha leggetid. Dei VIL ha beskjed om at det ikkje vert trampoline, for det har vi ikkje råd til. Dei VIL leve fint med at iår vert det ikkje utanlandsferie. Dei VIL lære seg respekt for sine medmenneske og seg sjølv. Eg trur jamvel dei fleste OGSÅ ynskjer å kunne bety noko for andre. Gjere velgjerningar. Ta omsyn.

Mitt gamaldagse eg, trur også at BÅDE born/unge og vaksne ynskjer skilnad mellom helg og virke. Eller som eg har med meg heimanfrå: » først yte, så nyte». Grensa der flyt idag.

Vi treng faktisk pauser. Fritid for haud og kropp.

Eg var også i Hellas i ungdomstida. På dei greske øyar. Og gjorde vel også ting som eg ikkje akkurat hadde lært heime. Sunn utprøving er vel ein del av å vekse og bli eige menneske.

Men ALDRI å gjere noko som skada andre.

På Mykonos vart vi tekne i lære av ei gresk kvinne, gift med ein nordmann – da vi gjorde som dei fleste på den tida. Sola oss toppless. Det virka krenkande på det greske folk, fekk vi beskjed om.

Sjølvsagt gjorde det det! Når unge jenter på 80 talet ikkje fekk møte unge gutar, utan å ha med seg bror eller anna slekt, korleis kunne vi tru at toppless var greitt?

Så eg lærde. Og eg har lært frå meg. Når du reiser til eit anna land – er det deira reglar som gjeld.

Kven har fortalt dei norske «russe» ungdomane om det?

Eg kjem i hu songen «Din ungdom er gitt deg til odel og eie, du kan ikke give den bort.»

Du er ung berre ein gong. Du har berre ei ungdomstid.

Skytsa frå meg går ikkje først og fremst mot ungdommen.

Det er så sabla mange bra av dei.

Nei, den går mot oss.

Vaksne. Oss som skulle ha oppdratt dei.

Vi kan sende med dei meir på vegen enn vi gjer.

OG vi må våge å ta den politiske debatten. Om ei samfunnsutvikling som akkurat no ser ut til å gi oss eit Norge med bortskjemte dritungar. Og rolleusikre og redde vaksne.