Aura Consulting

Gamaldags?

Legg igjen en kommentar

GamaldagsPå einskilde område er eg skikkeleg gamaldags!

Spesielt når det handlar om ei samfunnsutvikling som skyt fart i ei retning eg mislikar.

Der er ei baksida av alle medaljar.

Også den norske.

For fleire år sidan da eg hadde praksis på Utekontakta, var problemet rotlaus ungdom.

Ungdom utan fast haldepunkt.

Som kanskje kom frå dårlege kår.

Den norske ungdommen i den greske øyverden vi høyrer om no, synest vere meir frå materielt gode kår.

Mi mor hadde eit uttrykk som eigentleg var godt:

» Det er bra så lenge han kan å oppføre seg ute blant folk».

Eg vil ikkje at vi skal gjenkjennast på å vere eit folk som ikkje oppfører seg.

I min jobb høyrer eg om barnehagetilsette som får «kjeft» frå små born. Små prinsesser og prinsar – som er vane med å få det som dei vil heime.

Eg høyrer om leiing på skular som oftare og oftare får besøk av advokat i foreldre sin stad – når dei same prinsessene har blitt store.

Det er 25 år sidan ei venninne og eg flykta frå eit hotell spesial tilrettelagt for born sin trivsel. Det VAR  ikkje trivsel når dessertbordet såg ut som ei slagmark. Når hotellkorridoren vart brukt som sprint arena. Og foreldra sat utfor hotelldøra – for at ungane skulle få herje på romet, Dei som framleis har små born – fortel at tendensen har halde fram.

Og no; siste dagars media rapportar om norske ungdomars (russ som feirar 3 år før dei er russ…..)»frislepp» på greske øyar .

Ein politimann imponerte meg stort på Dagsrevyen denne veka.

Han snakka som ein klok politikar.

Og brukte eit begrep som tok meg.

«Produksjon av lidelse»

Det han meinte var at desse ungdomane øydela si eiga framtid.

Dop. Fyll. Sex. Bot. Fengsel. Negativ merksemd.

Kanskje moro no – men lidelse lenger framme.

Han ønska ein politisk debatt – og endring; når det gjaldt norsk russefeiring.

På spørsmål om kva som kunne gjerast, hadde han eit enkelt svar:

«At vi gjer det same som vi vart fortalt når vi vaks opp. Så lenge du bur heime – under mitt tak, er det mine reglar som gjeld.»

Problemet er vel at desse reglane og normene er sterkt endra. OM dei overhode finnast.

Er det slik vi vil ha det?

Eg er overbevist om at born VIL ha grenser. Dei VIL verte fortalt kva som er rett og galt.

Dei VIL ha leggetid. Dei VIL ha beskjed om at det ikkje vert trampoline, for det har vi ikkje råd til. Dei VIL leve fint med at iår vert det ikkje utanlandsferie. Dei VIL lære seg respekt for sine medmenneske og seg sjølv. Eg trur jamvel dei fleste OGSÅ ynskjer å kunne bety noko for andre. Gjere velgjerningar. Ta omsyn.

Mitt gamaldagse eg, trur også at BÅDE born/unge og vaksne ynskjer skilnad mellom helg og virke. Eller som eg har med meg heimanfrå: » først yte, så nyte». Grensa der flyt idag.

Vi treng faktisk pauser. Fritid for haud og kropp.

Eg var også i Hellas i ungdomstida. På dei greske øyar. Og gjorde vel også ting som eg ikkje akkurat hadde lært heime. Sunn utprøving er vel ein del av å vekse og bli eige menneske.

Men ALDRI å gjere noko som skada andre.

På Mykonos vart vi tekne i lære av ei gresk kvinne, gift med ein nordmann – da vi gjorde som dei fleste på den tida. Sola oss toppless. Det virka krenkande på det greske folk, fekk vi beskjed om.

Sjølvsagt gjorde det det! Når unge jenter på 80 talet ikkje fekk møte unge gutar, utan å ha med seg bror eller anna slekt, korleis kunne vi tru at toppless var greitt?

Så eg lærde. Og eg har lært frå meg. Når du reiser til eit anna land – er det deira reglar som gjeld.

Kven har fortalt dei norske «russe» ungdomane om det?

Eg kjem i hu songen «Din ungdom er gitt deg til odel og eie, du kan ikke give den bort.»

Du er ung berre ein gong. Du har berre ei ungdomstid.

Skytsa frå meg går ikkje først og fremst mot ungdommen.

Det er så sabla mange bra av dei.

Nei, den går mot oss.

Vaksne. Oss som skulle ha oppdratt dei.

Vi kan sende med dei meir på vegen enn vi gjer.

OG vi må våge å ta den politiske debatten. Om ei samfunnsutvikling som akkurat no ser ut til å gi oss eit Norge med bortskjemte dritungar. Og rolleusikre og redde vaksne.

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s