Aura Consulting


Legg igjen en kommentar

Det barske folket

 

haust2015

 

Atter ei nyttårsaft ved havet; så langt ut du kan kome.

Eg har lenge meint at det er noko særskilt med øyfolket.

På våre kantar er øyfolket på eit vis meir nordnorske.

For meg betyr det rett fram. Seier det som det er. Uredde. Tek vare på deg.

Aura Consulting sin blogg nr 52 denne nyttårsafta skal handle om dei verharde.

Dei som meiner at livet er livet.

At vi må tole ein støyt. Og at vi toler mest når vi står saman.

Eg trur sjølv at eg er ganske tøff. Men saman med desse vert eg meir som ei pingle.

Skal ikkje legge ut på ei samfunnsutviklings vurdering her, men kanskje er det eit trekk at vi alle har blitt meir pinglete? Mindre motstandsdyktige? Gir oss for lett?

Huskar da vi flytta frå Veiholmen, og det vart ruskever. Folk som hausa det opp. Son min blunka til meg, og når vi kom heim sa han: « de skulle bare visst, dette er jo ingenting mot storm på Veiholmen».

No er skikkeleg styggever uvanleg. For meg. Til liks med store folkemengder. Eg vert litt pjuskete når eg kjem til Oslo. Sjølv om eg har budd der i 5 år, så har eg gløymt støyen og kaoset. Alt vert på ein måte på nytt igjen.

Ikkje som å sykle altså. Eller å symje. Ein ferdigheit som ligg der latent, når du først har lært den.

Eg hadde lova mi gode venninne, som miste mann sin nyleg, å vere ilag idag.

Lite visste eg at det ville verte storm.

Derfor sende eg melding til to hardhauser av kvinner her ute, for å høyre kva dei trudde? Og kva var svaret? « vêret blir som det blir»;» det er meldt bare styrke 20. Det er liten storm og den står vi av.»♥

Forstår dokke?

Så no er eg her.

Huset ristar. Bordet eg skriv på, står og skjelv. Vinden prøver velte deg når du går rundt nova ute.  Men eg har altså vore her i mykje verre vêr.

Ein gong eg skulle ha eit oppdrag i Bergen, tok eg hurtigruta. Ein heil flokk frå Florø kommune, skulle kome på i Florø.

Etter ei natt over Stadt( Vestkapp); mest sitjande på dogulvet og heldt meg fast rund doskåla( ikkje fordi eg var kvalm) men fordi alt rulla, kom eg meg opp i frukostsalen om morgonen.

Der  stod dei ei myndig ansatt og tok imot. Eg var så letta over å ha kome gjennom natta. Og sa til henne at dette hadde vore eit forferdeleg vêr. Var det storm?

Ho var sjølvsagt nordnorsk….. Og svaret var» såpass må vi tåle».

Det  barske folket. Som set meg heilt ut. Som eg beundrar.

Dette vert mi nyttårshelsing.

Du klarer meir enn du trur.

Rundt skifte av år, kjenner eg at eg vert skjør.

Eller  som ei god venninne sei. Kjenslene heng utenpå kroppen.

Da gjer det godt å vere i eit hardbarka landskap, med eit barskt folkeslag.

Som har kunnskap om at like hardbarka er sjølve livet.

Nyttår er også glede.

Over å få ha levd eit år til.

Viten om at 2019 vil trenge di barske side. Men også di glede.

Vinterstormane kjem.

Men også solnedgongane.

Godt år til alle!

 


Legg igjen en kommentar

Juleglad

Juleglad

Den nærmar seg jula. Og her kjem Aura Consulting sin blogg nummer 51.

Eg er ikkje det største tradisjonsmennesket som finnast.

Men sopass at eg ilar langsamt fram mot jul.

For meg er det ikkje jul skikkeleg jul før julafta. Og mor gav ofte refs om vi ønska god jul FØR 1.juledag.♥

Sjølv om eg har fullt opp og gjere; prøver eg alltid å legge inn tenketid i livet mitt.

Igår var eg på fjellet – som nettopp gir ein slik muligheit.

Av og til er det nettopp på fjellet dei store tankane kjem. Der du klarer å sjå ting i perspektiv.

Om ein SER stort på det – så går på ein måte alt i sirklar. Hendingar kjem att. Situasjonar gjenopplevast. Vi får på eit vis «kvar sin gong». Om noko denne gongen råkar deg, er det ein annan sin tur neste gong.

Foreksempel dette med å vente alle heim til jul. Dei som opplever det i år, vil kanskje seinare år oppleve at ingen kjem heim til jul, du må til dei.

For.eks å misse nokon inni jula. Oppleve tap. Ha opplevd tap av kjærleik til ein relasjon i løpet av året. Ja, så er det på eit vis alltid nokon etter deg, som vil oppleve det på eit seinare tidspunkt.

Slik perspektiv tankegong kan vere trøyst. Men vi klarer ikkje sjå det slik når vi står midt oppi situasjonen.

 

Idag har gått og tenkt over alt eg er glad for.

Alt som kvar einaste dag gir ein skilnad .

Den største gleda er son min.

Ei kjempestor glede er å vere frisk!

Den andre er at eg gler meg til jul.

Tredje er at eg ikkje kjenner meg aleine.

Eg har så mange gode folk rundt meg!

Og så gler eg meg over dei små ting.

I LØFT snakkar vi om «hva har gjort en forskjell? hva vil være en forskjell?»

Det som gjorde ein skilnad igår, var to krukker ved mi dør.

Som nokon av mine gode naboar gjennom 17 år hadde sett der. Ei med heimelaga solbær – og den andre med heimelaga sild(trur eg).

Desse naboane mine over 80 år, hadde forresten fortent ein eigen blogg.

Ei av dei andre har «bore i meg»; tørrvafler og gommegraut.

Ei anna sylterull.

 

Glad var eg også for å kome meg til fjells. Eg kunne til og med glede meg over piggskoa som eg fekk i gåve i si tid.

I forgårs vart den store skilnaden eit blomsterbud. Som kom med blomar frå han eg ikkje skal feire jul med i år. Der det stod at julegåva ville han gi når vi møtast i romjula…..

Storveges glede var det å kunne bidra til pynting og førebuing av Julaftan Gudstenesta i bygda eg bur.

Og da kjem eg eigentleg til konklusjonen; det som julegler meg mest – er å få bidra overfor andre, eller i eit fellesskap for få noko til.

Så da er det berre å krydre jula med det som gjer meg juleglad.

Musikk, lukter,lys og smil.

Jula for 4 år sidan kjøpte eg inn nye julekuler. På dei skreiv eg namnet på dei som bar meg; Berebjelken min». Og der dei hang i treet, kjende eg at eg ikkje var heilt aleine likevel.

Vi har så mange måtar å gjere det på. Klare oss på.

Julaftan morgon er her no.

Og eg bruker morgonen på å tenke på dei som denne jula ikkje klarer å vere juleglad.

Og at det går i sirklar.

Eg heng ei ekstra kule i treet for dei som treng det mest.♥

Med dei beste juleglad ynskjer for oss alle!


Legg igjen en kommentar

Long december night

sunset-winter_full_width

Eller hudlaus i desember. Eller svartaste natta.

Denne blogg nr 50 frå Aura Consulting, er til alle som treng den.

Treng vi desember for å forstå at Norge har folk som er einsame?

Kva med dei 11 andre månadene?

Eg sa det i siste formannskap. Og eg seier det ofte elles og.

Det er ikkje mykje som bekymrar meg. Men ein ting gjer.

At vi vert meir og meir materialistiske. Meir egosentriske.

Dette er sjølvsagt ein påstand.

Men om vi ser baksida av dette, ser vi fleire som kjenner på eit press om å vere perfekte.

Vi ser fleire som kjenner seg utanfor.

Fleire som kjenner på manglande tilhøyrsle.

Faget LIVMEISTRING har kome inn i skulen no.

Eg brenn for dette!

Brenn for at vi lærer borna våre og ungdomen vår at livet er vinterstormar og!

At det er medgong, men sanneleg motgong og!

Og at vi øver på å takle begge deler.

Og at aleinetid er sunt. Lær å takle det og.

Men uansett kor «godt trena» du er, så kan kjensla av einsemd verte ekstra sterk i desember.

Eg kjenner dei som kunne tenke seg å hoppe over denne månaden.

For 3 år sidan skreiv eg bloggen «Tell Christmas not to come this year».

One step closer to get lucky again!»

How can I go forward when I don`t know wich way I`m facing?

How can I go forward when I don`t know wich way to turn?

How can I go forward into something I`m not sure of?

 

Eg kunne da konstatere at berre å ha skreve bloggen, fekk meg eit steg nærare lukka igjen.

Så dette skriv eg for dokke som har blitt aleine i desember. Som har opplevd tap.

Og kjenner på sorg og smerte.

Advent er ventetid. På noko godt.

Ein månad full av forventningar.

Og så er det altså alltid nokon dette vert ei grusom tid for.

Desember hadde berre vara i nokre fåe timar. Så kom beskjeden.

Litt lenger nord i fylket opplevde mi gode venninne og miste mann sin på svært dramatisk vis.

Så hjarterått og vondt.

Eg sa til Vårherre at DETTE, det var fullstendig meiningslaust!

Ein av dei mest levande menneske eg kjenner! Du har gjort ein feil!

Utan at det hjalp………Eg fekk iallfall ut det verste…..

 

Dei som er råka er ei fanastisk familie. På ei fantastisk øy.

Og der framme ein stad, trur eg dei vil klare seg. Og eg skal hjelpe til.

Men kva er det som gjer at vi klarer oss?

Først og fremst eit anna menneske.

Så eg sei det til meg sjølv; og til dokke som les. Og som DENNE desemberen står litt stødigare på føta.

Ver DET mennesket.

 

Og du som har det for jævleg no, OM du klarer, prøv å be nokon høyre på deg.

Og til det norske samfunn:

Ikkje haus dette opp til å vere ei desember greie.

Vi har alle ein jobb å gjere heile året.

Lang desembernatt.

https://www.tv2.no/v/797209/

 

 

EG YNSKJER DEG NOK

Faren og døtra ga kvardandre ein stor klem på flyplassen. Begge visste at dette kunne vere deira siste møte – han var gamal og hadde ikkje så lenge igjen, ho budde langt unna, og kunne ikkje kome så ofte på besøk.

Til slutt måtte ho gå til utgongen.

«Eg er så glad i deg. Eg ynskjer deg nok,»sa faren til døtra.

«Og eg er glad i deg,pappa. Eg ynskjer deg nok.»

Ein passasjer som stod i nærleiken, kunne ikkje la vere å spørre kva dei meinte, når dei ønska kvarandre «nok».

«Det er ei helsing som har gått frå genereasjon til generasjon i vår familie,» svarte mannen.

«Det betyr:

  • Eg ynskjer deg nok sol til at livet ditt vert lyst.
  • Eg ynskjer deg nok lukke til at du beheld livslysta
  • Eg ynskjer deg nok forteneste til at du får råd til det du treng.
  • Eg ynskjer deg nok tap til at du er takknemleg for det du har.
  • Eg ynskjer deg nok velkomstar til at du held ut den siste avskjeden.»

Frå boka: Løpet er aldri kjørt