Aura Consulting

Ikkje ver redd

Legg igjen en kommentar

80832985_593363421229967_4822804654825930752_n.jpg

 

Så har det skjedd igjen. Nokon orka ikkje leve lengre. Og gjorde det slutt.

Og vi andre reagerer.

Vert lei oss. Eller kva vi no vert.

Kvart år vert det registrert ca 600 sjølvmord i Norge.

Denne bloggen skal ikkje handle om kvifor.

Som sosionom og i arbeid som blant anna sosialsjef – har eg sjølvsagt både kunnskap og arbeidserfaring frå kvifor – og om reaksjoner og konsekvensar.

Min blogg skal handle om kva vi er så redd for? Om kvifor vi ofte bryr oss rett i etterkant av ei katastrofe eller krise. Kvifor vi ikkje ser at dette også handlar om korleis vi lever liva våre?

«Selvmordsraten har ikke gått ned i Norge på 20 år til tross for flere handlingsplaner, økt kompetanse og bedre behandling. De fleste selvmord skjer blant mennesker som ikke er i psykiatrisk behandling, og samfunnsmessige forhold er en hovedårsak til at raten ikke blir lavere.

Det var en mangedobling i forskrivningen av antidepressive legemidler i Norden i årene 1995–2005. Dette førte imidlertid ikke til noen nedgang i selvmordsraten.»

 

Kilde: Norsk legeforening

…………………………..

Det er fleire ungdommar enn nokonsinne som slit med liva sine.

Likevel held vi fram og jakte på det perfekte.

Her er ikkje mykje rom for å vere annleis.

Å gå ein annan veg.

Eg såg «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» på veslejulaftan. Det var han som hadde kjøpt seg ein skogsgard for 60.000,-(les rønne) – og pynta juletreet med heimelaga julepynt og lys. Same kveld da eg skulle pynte mitt juletre – slo det meg at eg har for mykje juletrepynt. Treet var så fint i seg sjølv. Det trengde igrunnen berre lys.

 

Vi treng mykje mindre materialistisk enn det vi har.

Men vi treng meir menneskevarme.

Vi treng store bamseklemmar.

Eg har to eg kjenner som gir slike klemmar. Den eine er syskenbornet mitt, Kåre. Far til Jan Åge Fjørtoft. Jan Åge er litt Ari Behn. Har gått sine egne vegar. Fått kritikk så det held – men vi som kjenner han føler oss spesielle i hans nærver.

Han andre er nyvalgt ordførar i Hareid. Bernt Brandal. Han kjem inn i lokalet som ein russisk brautande storbamse – hoiar når han ser deg; og så er du i bjørnefavnen. Og du kjenner at alt du tvilar på i livet, kjem til å løyse seg.

……………………………………………..

For 4,5 år sidan da eg ville gi opp mitt liv, eg skreiv om dette i bloggen; «Å stå oppreist når du ligg nede for telling» . Det var hjartevarme og modige folk(les folk som vågå å bry seg meir om andre enn eiga redsle for sterke kjensler), som gjorde skilnaden.

Det vil alltid vere folk som gir opp livet sitt. Og avsluttar det. Men det er flest som VURDERER det. DER kan vi bidra. Og vi kan bidra lenge før det. Ved å som svenskane seier; bjuda på».

Våg å gi slepp på kontrollen. På det perfekte. Ikkje ver redd for å dumme deg ut i møte med andre. Da har du iallfall gjort noko…..

Ver ærleg og sei at du ikkje har peiling på korleis du kan vere for nokon som slit – men at du er der. Av og til skal du også berre gå på. Gå inn.

Og vi må vere snillare med kvarandre. Også på sosiale medier.

På telefon i går sa son min «Du tenker for mye i jula,mamma.» Eg svarde at eg tenker alltid – uavhengig av om det er jul. Det betyr ikkje at eg er tungsindig. Tvert om. Jula så langt har gitt enorm glede. DET er godt å tenke på.

Det å tenke over dei små ting, glimt av lukke, perler av glede, augeblikk i harmoni — alt dette gjer oss meir heile og stødigare når livets stormar jagar oss rundt neste sving.
«Fryd ligger og venter på deg – rundt neste sving» – sang Anne Grete Prøis.

Ofte.

Dei av oss som meiner seg sjenerte – eller som ikkje vil vere til bry; gi iallfall naboen din eit smil eller eit nikk.

DET klarer alle.

Ikkje ver så redd.

Livet er til låns – og det er kort.

 

«Livet jobber på spreng i julen. Kaster oss inn i et hav av minner, lukter og følelser. Det er derfor den er så deilig. Og så vond »

Ari Behn

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s