Aura Consulting


Legg igjen en kommentar

Å reise

Morsdag

Er å vere på veg til noko. Som du aldri veit. Du trur du veit. Men alt kan skje.

Goethe har sagt at vi må ikkje reise for å kome fram, men for å reise.

Reise kan vere eit slit. Støy, ståk, forseinkingar og infomangel.

Men ofte vert det også ei oppleving.

Denne vesle bloggen frå Aura Consulting skal handle om når å reise handlar om reisa.

Igår.

Eg var i Oslo og skulle heim.

Eg hadde kjøpt ny veske.

Og hadde flytta innhaldet frå den gamle til den nye.

Den gamle hadde gjort si nytte, så den vart att på hotellromet.

Så landar eg i Molde.

Og stikk handa i veska for å finne bilnøkkelen som ikkje ligg der.

Han ligg i gamleveska…..

Eg ringer ei venninne som heldigvis er heime.

Ho tilbyr seg å kome og hente meg – for å køyre meg heim til reservenøkkelen.

I det ho nesten har kome på flyplassen kjem eg på det: eg kjem meg ikkje inn i huset etter reservenøkkelen, for husnøkkelen ligg i bilen, og bilnøkkel på hotellrom i Oslo.

Eg ringer politiet.

Dei kan bryte opp husdøra. Men som karen eg snakkar med sjølv seier, da vert døra øydelagd.

Lirke opp bildøra? Nei, da hadde eg nok sett for mykje på krim. Slikt gjorde ikkje politiet.

OM dei skulle prøve, så ville det verte store striper i lakken. Eg merka at når han sa det, så var det meir for å fortelle kva striper EG kom til å få i lakken.€

Elles snakka han så lenge i veg om alt som ikkje gjekk, at eg til slutt måtte avbryte han, for å seie at det hadde eg ikkje bruk for å høyre. LØFT øyra hadde høyrt nok.

Eg ringde NAF.

Det var som eg hadde kome til himmelen! Alt var mulig. Dei «la meg inn» slik og slik, og snart klikka det inn ei opplysande tekstmelding. Deretter ringde det ein hyggeleg kar frå Molde redning. Han var no på veg til Eide(anna kommune), men ville kome til Molde lufthavn etter det. Ca 1 time ville det ta.

Venninna mi visste råd, og vi reiste til hennar datter. Der vanka det morsdagskake og kaffi! Og eg fekk  med meg eit fenalår – som dei hadde fått til jul.

I det vi sit rundt bordet med låret og kaka – ringer mannen frå Molde redning igjen.

Pga trafikkulukke på Vevang, ville dette ta lengre tid. Men eg var første på lista etter Vevang. Klokka 18.30, 3 timar etter eg hadde landa, kom mannen, fekk opp bilen – og fekk med seg både fenalåret og ein klem til takk!

Eg fortalde at utan han – hadde eg ikkje kome meg inn i huset etter PCen, som skulle vere med på oppdrag til Tromsø dagen etter. Altså idag.

Venninna mi køyrer meg heim.

Eg hennar reservebilnøkkel – og vi tilbake til Molde Lufthavn.

Og ENDELEG, der kunne eg køyre eigen bil heim!

 

Opp i alt dette hadde eg ringt hotellet i Oslo.

Dei fann både veska og bilnøkkelen.

Tre hyggeleg mailar kom frå hotell resepsjon Simen – og idag ein ny om at nøkkel var sendt.

På matta ved døra stod ein bukett blomar utan navn da eg kom heim.

Det var frå son min.♥

Son nr 2♥ringde og sa at han ville bestille meg ei nøkkelboks.

Ingen av dei var visst heilt trygge på at eg ikkje ville finne på meir sprell framover.

Idet eg slengde meg på sofaen klokka 21 igår kveld, ringde telefonen.

Det var Thon hotel Polar i Tromsø, som lurde på om eg hadde sein ankomst til romet mitt imorgon. Altså idag.

Eg sa at DET  visste eg ikkje…………………………