Aura Consulting


Legg igjen en kommentar

Kongstanken

Kongstanken

For fleire år sidan var eg på eit foredrag i Tromsø.

Han var ein historiefortellar. Han tok oss tilbake til da Norge fekk sin første Konge.

Kort gjenfortalt så hadde vi to kandidatar. Ein som tok for gitt at han vart det, pga rikdom og anseelse. Og ein som hadde visjon for det nye landet, men var fattig.

Han med rikdom vart valgt. Og det gjekk ikkje bra. Han gjekk til han med visjonen og lurde på kvifor han ville bli Konge. Han sa at han hadde ein tanke og ein plan om korleis han skulle samle Norge til eit rike…..

Det er akkurat her.

Akkurat her ser foredragshaldaren ut over salen og spør:

» Kvifor passar DU så godt til å vere leiar?

Og kvifor i all verda skal andre la seg leie av deg?»

Vi som sat i salen såg bort og ned. Mange ønska seg vekk.

Og eg tok lærdom.

Eg tok i bruk historia om Kongstanken som veileder.

I mange år hadde eg spurt meg sjølv om kvifor er var leiar. I mi leiarutdanning vart eg i 1 år vurdert av mine overordna/sideordna og «underordna». I ei veke skulle mi gruppe i utdanninga, gi meg desse tilbakemeldingane. Og eg skulle lytte.

I år er dette 30 år sidan. Dette er blogg nr 57 til Aura Consulting.

Og eg har heldt fram å spørre meg sjølv.

Så starta eg altså å spørre andre.

Har du lest Kongs-emnerne av Henrik Ibsen?

Da vil du kjenne att historia.

Aftenposten i 2006 skriv at Ibsen lærer oss noko om ledelse.

Anita Krohn Traaseth, ex Innovasjon Norge direktør – seier til meg at ho har tatt eit djupdykk i Ibsen, gått i teateret – fordi han lærer henne om leiing.

Ibsen snakkar om menneske når han snakkar leiing. Mennesket avkledd rollen og formalitetar.

«Tenk noe så ubehagelig. Slikt gjør man da ikke. Ibsens helteskikkelser kjennetegnes av et eksistensielt kall. De gjør ikke det de gjør fordi rollen deres eller omgivelsene deres krever at de skal handle slik. Nei, de har en sterkere sak. Et indre anliggende. Noe står de for. De tar ut et potensial som definerer dem som mennesker. De eier kraft og mot til noe bedre. Nora forlater lerkefugltilværelsen, Catilina reiser seg mot Senatet. Ibsens helter nøyer seg ikke med gamle, gode og anerkjente tanker. De vil overskride og vinne seg selv. To menn kjemper om kongemakten. To kandidater i reality-serien «Kongsemnerne» vil være administrerende direktør: Håkon og Skule. En ond programleder forkledd som biskop prøver forgjeves å holde spenningen ved like. Men utfallet er gitt og seierherren kåret. Den ene kandidaten vil tape, til tross for strålende CV og imponerende erfaring. Skule er siviløkonom med MBA fra IMD. Han har vært strategidirektør i Hydro og økonomidirektør i Nordea. I yngre dager tjenestegjorde han i McKinsey, og i eldre dager fullførte han botsøvelser på Solstrand.

Har noe annet

Men konge blir han ikke. For Håkon har noe Skule ikke har. Kan ikke et kongsemne ta kongsgjerningen på seg som han tar kongskåpen på? undrer Skule. Men Ibsen svarer nei. Håkon har en kongstanke, en idé om hvorfor han vil lede. En idé knyttet til ham selv, sin forståelse av seg selv og til ønsket om å bli konge.

Han har et livsverk han vil leve for. Kongstanke – et ord skapt av Ibsen og en sterk fordring for ledere.

Blir da Ibsen nok en talsmann for store personer med store tanker? Nei, Ibsen graver dypere og treffer det dypt menneskelige i ledelse. Hvorfor vil du være leder? Det er det verste spørsmålet ledere kan få. Egne ambisjoner og karrièreplaner faller (litt) uheldig ut som svaralternativer.»

Psykolog Steinar Bjartveit i Aftenposten

Temaer farger det ibsenske ordet «kongstanke»:

«For det første er kongstanken eksistensielt forankret. Den er forbundet med personens forståelse av seg selv. Du gjør det fordi det er rett å gjøre, fordi du tror på det. Å ikke gjøre det ville være et svik mot deg selv. Derfor duger ikke slagord som «Because you deserve it»

Det andre tema hos Ibsen er kongstankens handlingsorientering. Tenke det; ønske det; ville det med; men gjøre det! Ibsen bruker mye tid på menneskets feighet, og han elsker å blottstille vår manglende handlekraft. Peer Gynt er sjarmerende i sine drømmer, men stakkarslig i sine unndragelser.

For selv om kongstanken er knyttet til lederen som person, så må kongstanken strekke seg utover lederen selv og være noe større enn personen. Den må skape mening for flere enn lederen selv.»

Frå Ibsen til Tromsø igjen.

Han snakka om kvifor vert vi leiarar?

Leadership by accident. Ja, han snakka faktisk om det.

Nokre «går gradene». Dei passar ikkje, men  tradisjonen og kulturen er slik i den organisasjonen.

…………………….

Så tilbake til Aura Consulting.

Eg gløymer aldri første gongen eg spurde eit leiarteam dei to spørsmåla.

Dei fekk det som oppgåve til neste økt.

På den økta opplevde vi det vi i etterkant kalla eit mirakel.

Den første som snakka reiste seg! Stod opp!

Kvifor?

Jau, fordi dette vart så stort. Det vart så viktig.

Kva meir?

Alle i den gruppa hadde allereie som born bestemt seg!

Enno meir?

Tårer i auger.

Dette vart sterkt. Dette vart tøft. Dette vart ein milepæl.

Det SKAL kjennast å vere leiar.

Eg trur dei beste leiarane har litt Ibsen i seg.

Og det eg ikkje berre trur,men veit; er at desse to spørsmåla må du halde fram å spørre deg sjølv.

 

Om du skal vere ein leiar folk vil ha.

Og som du kan leve som.

 

 

 

 

 


Legg igjen en kommentar

Å reise

Morsdag

Er å vere på veg til noko. Som du aldri veit. Du trur du veit. Men alt kan skje.

Goethe har sagt at vi må ikkje reise for å kome fram, men for å reise.

Reise kan vere eit slit. Støy, ståk, forseinkingar og infomangel.

Men ofte vert det også ei oppleving.

Denne vesle bloggen frå Aura Consulting skal handle om når å reise handlar om reisa.

Igår.

Eg var i Oslo og skulle heim.

Eg hadde kjøpt ny veske.

Og hadde flytta innhaldet frå den gamle til den nye.

Den gamle hadde gjort si nytte, så den vart att på hotellromet.

Så landar eg i Molde.

Og stikk handa i veska for å finne bilnøkkelen som ikkje ligg der.

Han ligg i gamleveska…..

Eg ringer ei venninne som heldigvis er heime.

Ho tilbyr seg å kome og hente meg – for å køyre meg heim til reservenøkkelen.

I det ho nesten har kome på flyplassen kjem eg på det: eg kjem meg ikkje inn i huset etter reservenøkkelen, for husnøkkelen ligg i bilen, og bilnøkkel på hotellrom i Oslo.

Eg ringer politiet.

Dei kan bryte opp husdøra. Men som karen eg snakkar med sjølv seier, da vert døra øydelagd.

Lirke opp bildøra? Nei, da hadde eg nok sett for mykje på krim. Slikt gjorde ikkje politiet.

OM dei skulle prøve, så ville det verte store striper i lakken. Eg merka at når han sa det, så var det meir for å fortelle kva striper EG kom til å få i lakken.€

Elles snakka han så lenge i veg om alt som ikkje gjekk, at eg til slutt måtte avbryte han, for å seie at det hadde eg ikkje bruk for å høyre. LØFT øyra hadde høyrt nok.

Eg ringde NAF.

Det var som eg hadde kome til himmelen! Alt var mulig. Dei «la meg inn» slik og slik, og snart klikka det inn ei opplysande tekstmelding. Deretter ringde det ein hyggeleg kar frå Molde redning. Han var no på veg til Eide(anna kommune), men ville kome til Molde lufthavn etter det. Ca 1 time ville det ta.

Venninna mi visste råd, og vi reiste til hennar datter. Der vanka det morsdagskake og kaffi! Og eg fekk  med meg eit fenalår – som dei hadde fått til jul.

I det vi sit rundt bordet med låret og kaka – ringer mannen frå Molde redning igjen.

Pga trafikkulukke på Vevang, ville dette ta lengre tid. Men eg var første på lista etter Vevang. Klokka 18.30, 3 timar etter eg hadde landa, kom mannen, fekk opp bilen – og fekk med seg både fenalåret og ein klem til takk!

Eg fortalde at utan han – hadde eg ikkje kome meg inn i huset etter PCen, som skulle vere med på oppdrag til Tromsø dagen etter. Altså idag.

Venninna mi køyrer meg heim.

Eg hennar reservebilnøkkel – og vi tilbake til Molde Lufthavn.

Og ENDELEG, der kunne eg køyre eigen bil heim!

 

Opp i alt dette hadde eg ringt hotellet i Oslo.

Dei fann både veska og bilnøkkelen.

Tre hyggeleg mailar kom frå hotell resepsjon Simen – og idag ein ny om at nøkkel var sendt.

På matta ved døra stod ein bukett blomar utan navn da eg kom heim.

Det var frå son min.♥

Son nr 2♥ringde og sa at han ville bestille meg ei nøkkelboks.

Ingen av dei var visst heilt trygge på at eg ikkje ville finne på meir sprell framover.

Idet eg slengde meg på sofaen klokka 21 igår kveld, ringde telefonen.

Det var Thon hotel Polar i Tromsø, som lurde på om eg hadde sein ankomst til romet mitt imorgon. Altså idag.

Eg sa at DET  visste eg ikkje…………………………

 


Legg igjen en kommentar

La oss håpe på det beste!

82193981_596716197753351_3814051518579998720_n

På denne siste dagen i dette året er DETTE er ei fin livsinnstilling å ta med.

Dette var tittelen på ei bok venninna mi kjøpte på Gardermoen før vi reiste til Portugal i sommar.

Boka skulle nyttast til sorgbearbeiding – men at den skulle få stor betydning for alt vi gjorde, visste vi ikkje.

Det er lyse dagar. Det er mørke dagar. Gråe. Men viktigast? Det er dagar!

Som gir oss muligheiter!

I Aura Consulting sin blogg nr 55 – vil eg skrive om muligheiter.

Alf Prøysen song om at «vi skal få ein dag imorgon som rein og ubrukt står, med blanke ark og fargestiftar til».

Vi har eit blankt 2020! Som vi kan gjere med som vi vil!

Vi kan velge omkampar eller omstart.

Vi kan sjå folk med nye auge.

Vi kan ombestemme oss.

Vi kan tru betre om oss sjølv og dei rundt oss.

Vi kan tilføre andre gode hensikter.

…………………………………

Dei fleste som les min blogg veit at eg jobbar med LØFT.

Det betyr at eg kvar dag prøver å møte verda og folka og meg sjølv med eit løsysingsfokusert syn. Muligheitsfokus og framtidsfokus.

Det som ikkje virkar idag, kan virke imorgon.

Det eg ikkje lukkast med no – kan eg lukkast med ein anna dag.

Om fargestiftane ikkje passar – byt dei ut! Ikkje bruk tida di i misnøye – endre det som gir deg den kjensla! Ta ansvar sjølv! Ikkje overlat til andre og løyse det du sjølv står i!

 

«Det er aldri for sent å bli det du kunne ha vært»

George Elliot, har dagens ord i min bordkalendar.

Og lage seg dagar. Stunder. Augeblikk.

Vi har nokre timar att av 2019.

Kva har du gjort for at nye menneske har kome inn i livet ditt iår? Spør eg meg sjølv.

Kva har du gjort for å tilført dei du har i livet ditt noko bra? Spør eg også meg sjølv.

INGENTING er viktigare for menneske enn eit anna menneske.

Så vi må ta hand om kvarandre.

Du har ingen om du tek alle for gitt.

Du fortener iallfall ikkje å ha det…………….

På ein av mine fjellturar iår, møtte eg ein mann som eg var dum nok til å spørre om det var langt igjen til toppen? ( langt igjen handlar alltid om den som spør – så svaret vert aldri korrekt…)

Han svara» Du fæ dej ei god runde, så bærre trø i vei»!

2020 skal verte ei god runde.

Og eg skal trø i veg.

Da kjem eg iallfall framover! Gjerne oppover!

Godt år alle som les bloggen min!

LA OSS HÅPE PÅ DET BESTE!

https://youtu.be/aalQWHhixm0

New Year’s Song
Here’s a little New Year’s song
Don’t worry it won’t take too long
Just a bit of New Year’s cheer
To say I’m glad you’re here
Little leftover Christmas tree
Just big enough for you and me
With just a single strand of lights
To tease the stars outside
And we thought perhaps we’d see some friends
But as the old year slowly ends
The dogs are dreaming in their beds
We might stay home instead
Here’s a little New Year’s song
Don’t worry it won’t take too long
Just a quiet New Year’s eve
There’s somethin’ up your sleeve
And I might gently take your wrist
Read your body like a Christmas list
The first night that the New Year brings
I wouldn’t wanna miss a thing
Let’s stay home and play old records
Our future’s bright our past is checkered
What do you say we lift a glass


Legg igjen en kommentar

Ikkje ver redd

80832985_593363421229967_4822804654825930752_n.jpg

 

Så har det skjedd igjen. Nokon orka ikkje leve lengre. Og gjorde det slutt.

Og vi andre reagerer.

Vert lei oss. Eller kva vi no vert.

Kvart år vert det registrert ca 600 sjølvmord i Norge.

Denne bloggen skal ikkje handle om kvifor.

Som sosionom og i arbeid som blant anna sosialsjef – har eg sjølvsagt både kunnskap og arbeidserfaring frå kvifor – og om reaksjoner og konsekvensar.

Min blogg skal handle om kva vi er så redd for? Om kvifor vi ofte bryr oss rett i etterkant av ei katastrofe eller krise. Kvifor vi ikkje ser at dette også handlar om korleis vi lever liva våre?

«Selvmordsraten har ikke gått ned i Norge på 20 år til tross for flere handlingsplaner, økt kompetanse og bedre behandling. De fleste selvmord skjer blant mennesker som ikke er i psykiatrisk behandling, og samfunnsmessige forhold er en hovedårsak til at raten ikke blir lavere.

Det var en mangedobling i forskrivningen av antidepressive legemidler i Norden i årene 1995–2005. Dette førte imidlertid ikke til noen nedgang i selvmordsraten.»

 

Kilde: Norsk legeforening

…………………………..

Det er fleire ungdommar enn nokonsinne som slit med liva sine.

Likevel held vi fram og jakte på det perfekte.

Her er ikkje mykje rom for å vere annleis.

Å gå ein annan veg.

Eg såg «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» på veslejulaftan. Det var han som hadde kjøpt seg ein skogsgard for 60.000,-(les rønne) – og pynta juletreet med heimelaga julepynt og lys. Same kveld da eg skulle pynte mitt juletre – slo det meg at eg har for mykje juletrepynt. Treet var så fint i seg sjølv. Det trengde igrunnen berre lys.

 

Vi treng mykje mindre materialistisk enn det vi har.

Men vi treng meir menneskevarme.

Vi treng store bamseklemmar.

Eg har to eg kjenner som gir slike klemmar. Den eine er syskenbornet mitt, Kåre. Far til Jan Åge Fjørtoft. Jan Åge er litt Ari Behn. Har gått sine egne vegar. Fått kritikk så det held – men vi som kjenner han føler oss spesielle i hans nærver.

Han andre er nyvalgt ordførar i Hareid. Bernt Brandal. Han kjem inn i lokalet som ein russisk brautande storbamse – hoiar når han ser deg; og så er du i bjørnefavnen. Og du kjenner at alt du tvilar på i livet, kjem til å løyse seg.

……………………………………………..

For 4,5 år sidan da eg ville gi opp mitt liv, eg skreiv om dette i bloggen; «Å stå oppreist når du ligg nede for telling» . Det var hjartevarme og modige folk(les folk som vågå å bry seg meir om andre enn eiga redsle for sterke kjensler), som gjorde skilnaden.

Det vil alltid vere folk som gir opp livet sitt. Og avsluttar det. Men det er flest som VURDERER det. DER kan vi bidra. Og vi kan bidra lenge før det. Ved å som svenskane seier; bjuda på».

Våg å gi slepp på kontrollen. På det perfekte. Ikkje ver redd for å dumme deg ut i møte med andre. Da har du iallfall gjort noko…..

Ver ærleg og sei at du ikkje har peiling på korleis du kan vere for nokon som slit – men at du er der. Av og til skal du også berre gå på. Gå inn.

Og vi må vere snillare med kvarandre. Også på sosiale medier.

På telefon i går sa son min «Du tenker for mye i jula,mamma.» Eg svarde at eg tenker alltid – uavhengig av om det er jul. Det betyr ikkje at eg er tungsindig. Tvert om. Jula så langt har gitt enorm glede. DET er godt å tenke på.

Det å tenke over dei små ting, glimt av lukke, perler av glede, augeblikk i harmoni — alt dette gjer oss meir heile og stødigare når livets stormar jagar oss rundt neste sving.
«Fryd ligger og venter på deg – rundt neste sving» – sang Anne Grete Prøis.

Ofte.

Dei av oss som meiner seg sjenerte – eller som ikkje vil vere til bry; gi iallfall naboen din eit smil eller eit nikk.

DET klarer alle.

Ikkje ver så redd.

Livet er til låns – og det er kort.

 

«Livet jobber på spreng i julen. Kaster oss inn i et hav av minner, lukter og følelser. Det er derfor den er så deilig. Og så vond »

Ari Behn


8 kommentarer

Jul aleine

80427477_507799003161492_7627116135279755264_n

Eg har fått ein ny ven dette året. Forholdet har blitt sterkare utover hausten. Han heiter naturen.

Han står ofte opp før meg.  Og når eg er oppe – er han allereie fargerik og opplagt.

No utover hausten har eg så vidt merka han om morgonen. Han har gitt meg månelyse morgonar, eller ein blå eller rosa tone i det fjerne.

Han er ikkje lett og forstå seg på. Der er vi heilt like. Han skiftar stadig utsjånad – og likar og pynte seg. Når eg tek laurdagskjolen på – kan han riste vekke alle skyene – slik at sola skin på meg i solnedgongstolen. Eg reknar med at neste år når vi vert meir kjent – vil han forstå at eg ynskjer laurdagskveldane mørke. Gjerne med mykje regn. Da passar raudvin. Og da passar ettertanke.

Når eg reiser rundt – er han alltid med. Han kan overraske med å vise seg for meg fleire mil oppi lufta. Så når eg kikar ut frå SAS eller Norwegian(helst SAS) – gnistrar han til med raud sol. Eller når eg har fordjupa meg nedi ein krim på same fly – så vil han ha merksemd og selskap. Han skin så sterkt at det er uråd å lese.

Han gjer meg glad. Han gjer meg så vanvittig glad. Eg gir meg på eit vis litt over. For det er så sterkt. Og ha ein slik følgesven.

Eg går inn i mi 5te jul aleine. Det er fem år sidan eg skreiv bloggen «May Christmas not come this year».

Sjølv om eg skal feire jula aleine – så er det heilt annleis dette året.

Eg innser at vi har alle vårt. Det har eg vel eigentleg alltid visst  men dette året har det vore tydeleg. Det er mange måtar å feire jul på. Og som er tidlegare har skreve, det er ikkje sikkert at storfamilie jula er det einaste saliggjerande.

Mange veit at eg jaktar framgongar. I jobb, i politikk og privat.

Det er ein stor framgong for meg å glede meg til jul – som aleine.

Det er ikkje låkt når folk seier god jul til meg. Denne jula seier eg det gjerne sjølv.

For meg betyr ikkje dette at livet har gått vidare. At det var berre å ta seg saman.

For meg betyr det at livet har blitt noko anna. Og no kan eg trivast med slik det har blitt.

Og det som er – kan endrast. Det gir også grunn til optimisme!

Største grunnen til at eg kan glede meg, er at son min er hjå si farsfamilie – og det er flott for han og dei.

Den andre grunnen er at eg er frisk.

Den tredje grunnen er at eg har så mykje å vere takksam for.

Og eg har så mange å vere takksame FOR.♥

Det har også stor betydning at eg har stor arbeidslyst og arbeidsglede.

Og at eg finn så mykje godt i fellesskap – og det å kunne gjere noko for andre.

Det å ha ei hensikt – at nokon treng deg – forsterkar mi glede.

Eg har nokre naboar på over 80 år. Dei er vakre som nokre nyutsprugne roser. Og dei held ei hand kring meg. Berre siste veka no, så har dei «bore i meg» gommegraut, havrekjeks, tørrvafler, sildesalat, sirupsnippar og meir. Det er så fint forseggjort. Det er hjartevarme bak handlingane deira. Og det betyr mykje for meg.

No har eg fått lys i juletreet. Og eg nynna for meg sjølv  og mintest far og meg når vi pynta treet da eg var lita. Sjølvsagt lisjejulaftan kveld. Eg har framleis noko av julepyntet dei skaffa seg som nygifte i -46.

Imorgon tidleg skal eg ringe eine barndomsvenninna mi. Da vi var små, var det fast prosedyre at eg gjekk ned til dei julaftan morgon. For da pynta dei treet. Mora kom med serinakaker, og faren spela Jussi Bjørling.

Til alle som les det eg skriv; finn deg uansett kva du står i – ein liten flik av tid for deg sjølv denne jula.

 

EKTE RO

» For lenge siden utlyste kongen i et land langt borte en konkurranse. Den kunstneren som klarte å male et bilde som forestilte ekte ro, skulle få en generøs belønning.

De neste månedene strømmet bidragene inn. Etter at Kongen lenge og vel hadde studert bildene, stod valget til slutt mellom to stykker.

Det første var et svært vakkert maleri av et fjell ved en innsjø. De høye fjellene med snø på toppen utgjorde en vakker kontrast til den dypblå himmelen. Fjell og trær ble speilet krystallklart på den blanke vannoverflaten. Kongen likte bildet godt, men det var ikke en opplagt vinner.

Det andre maleriet var helt ulikt det første. Det forestilte en brusende foss, der vannet styrtet nedover en fjellside. Himmelen var dekket av mørke skyer, som gav inntrykk av at eg uvær var på vei. Men den som så ekstra nøye på bildet, oppdaget at rett ved siden av vannmassene som styrtet ned, på en hylle som stakk ut fra fjellveggen, hadde maleren malt en fugl i sitt rede. Fuglen lå trygg, på tross av bulderet den var omgitt av.

«Dette maleriet vinner», sa Kongen til slutt. «For ekte ro er ikke fravær av storm. Ekte ro er å finne fred midt i stormen.»

 

Frå boka Løpet er aldri kjørt

 

 

 

 

 


Legg igjen en kommentar

Organisasjonskultur – ikkje til å kimse av!

Audhild Mork sitt bilete.

Kulturen i organisasjonen er avgjerande for alt!

Eg reiser land og strand med dette budskapet.

Det har eg gjort i 18 år.

Dette er Aura Consulting sin blogg nr 53

Eg har blogga om kultur tidlegare.

Sjølvsagt har eg det. Det er jo kulturbygging som er jobben min.

Bedriftskulturens betydning er meir i fokus enn før. Heldigvis. Men ikkje nok.

Det er synd.

Fordi den har betydning for om du startar i ein jobb. Og om du blir.

Den har betydning for om vi når våre mål. For resultatet.

Den har betydning for korleis vi er. Og korleis og kven vi vert.

Henning Bang (2004) nyttar følgande definisjon:

”Organisasjonskultur er de sett av felles delte normer, verdier og virkelighetsoppfatninger som utvikler seg i en organisasjon når medlemmene samhandler med hverandre og omgivelsene.”

Så veit du like godt som meg at det er ikkje alltid vi samhandlar med kavrandre. Men det utviklar seg kulturar likevel…

 

«We are the lucky one. Without then problems, change wil ever come»

Elg i songen «Shine your light».

 

Eg likar det perspektivet. Og eg brukar det ofte i oppdrag.

Sjå på problem som noko som er naudsynt for å få til endring.

Ikkje sjå på motstand som kritikk, men som ei muligheit.

 

Eg bruker ofte begrepet «fjøslukt» når eg skal beskrive kultur. Kven kjenner lukta av ein arbeidsplass først? Av ei kommune? Av eit kontor? Av ein skule? Vi som kjem utanfrå.

Nytilsette, vikarar, lærlingar, studentar, pårørande, brukarar, kundar og samarbeidspartnarar.

Ikkje oversjå deira virkeligheitsoppfatning. Ver interessert. Høyr kva dei ser og høyrer.

Vi sosialiserast raskt inni ein måte og tenke og oppføre oss på.

Derfor treng vi kritiske røyster. Folk som stiller spørsmål.

MEN. MEN. Skal vi lukkast i ein organisasjonskultur må avgjerder følgjast. Skap medverknad i forkant. Når avgjerda er tatt, da skal den gjelde alle.

Viss ikkje får vi kultur for omkamp.

Det er folk som tek kontakt med meg frå små kommuner.

Der begrepet «innavl» blir brukt om kulturen.

Faren i det eg kallar «familiekulturarar», der alle skal vere samde alltid(eit uttalt eller ikkjeuttalt krav), er at mange sluttar å seie meininga si. Ingen stussar lengre på dårleg service. For seine svar. Ikkje sakshandsaming jmf Forvaltningslova. Personvern mindre viktig enn å ivareta krav frå slekt og vener. Nokon får. Andre ikkje.

Kvar vart det av evna til å undre seg? Når klagene er massive – undrar du deg ALDRI over om dei kan stemme? Eller er det viktigare å verne freden. Den tillaga lojaliteten.

Eg har ikkje tru på at samanslåing til større kommuner er løysinga på slik ukultur.

Like lite som eg har tru på at å kaste ein fotballtrenar eller sjukehusdirektør er løysinga.

ALT dette er nemleg overflatebehandling. Båten vil fortsette å gå på skjeret. Grunnstøyte.

Det vert risikobasert styring basert på uønska hendingar.

Vi må bygge med det laget vi har. Vi må ned i grunnfjellet. Vi må bygge kultur. Bestemme kva normer som skal gjelde. Det er ikkje vits i å bestemme kva verdiar som skal vere våre, om ikkje dei er synlege i alt vi gjer. Til det krevs ei leiing med mot. Som er istand til å sjå seg sjølv utanfrå. Som er istand til å reflektere. Som korrigerer uønska adferd. og som er berarar av den ønska kulturen sjølv. Felles retningslinjer vil berre virke om kulturen virkar.

Eg vil svært gjerne anbefale boka «I gullfiskbollen». I boka vert kulturen «sardinboks» forklart.

Den er formell, byråkratisk, opptatt av revirer og prestisje. Og folk har frykt for å gjere feil. Fryktkultur.

¨Enkelte organisasjonskulturer har elementer som motvirker økt omstillingsevne – usynlige spilleregler. ¨Når endringsprosesser stopper opp, pleier vi øyeblikkelig å lete etter feil og sette inn nye tiltak i den synlige delen av strukturen.

¨Forsøk på omstilling kan mislykkes om man ikke samtidig prøver å slutte med noe. Det er en fortøyning som må løses opp, før man kan komme noen vei.

 

¨”Ingenting blir noen gang som før. Og før kommer aldri mer igjen!”

Bjørn Eidsvåg

Tenk da å vere «the happy ones» – som får vere med å bygge den organisasjonskulturen arbeidsplassen skal ha!

 

PS Bli gjerne med i Bergen 9.mai eller Tromsø 6.juni! 13 – 16.

 

 

 


Legg igjen en kommentar

Det barske folket

 

haust2015

 

Atter ei nyttårsaft ved havet; så langt ut du kan kome.

Eg har lenge meint at det er noko særskilt med øyfolket.

På våre kantar er øyfolket på eit vis meir nordnorske.

For meg betyr det rett fram. Seier det som det er. Uredde. Tek vare på deg.

Aura Consulting sin blogg nr 52 denne nyttårsafta skal handle om dei verharde.

Dei som meiner at livet er livet.

At vi må tole ein støyt. Og at vi toler mest når vi står saman.

Eg trur sjølv at eg er ganske tøff. Men saman med desse vert eg meir som ei pingle.

Skal ikkje legge ut på ei samfunnsutviklings vurdering her, men kanskje er det eit trekk at vi alle har blitt meir pinglete? Mindre motstandsdyktige? Gir oss for lett?

Huskar da vi flytta frå Veiholmen, og det vart ruskever. Folk som hausa det opp. Son min blunka til meg, og når vi kom heim sa han: « de skulle bare visst, dette er jo ingenting mot storm på Veiholmen».

No er skikkeleg styggever uvanleg. For meg. Til liks med store folkemengder. Eg vert litt pjuskete når eg kjem til Oslo. Sjølv om eg har budd der i 5 år, så har eg gløymt støyen og kaoset. Alt vert på ein måte på nytt igjen.

Ikkje som å sykle altså. Eller å symje. Ein ferdigheit som ligg der latent, når du først har lært den.

Eg hadde lova mi gode venninne, som miste mann sin nyleg, å vere ilag idag.

Lite visste eg at det ville verte storm.

Derfor sende eg melding til to hardhauser av kvinner her ute, for å høyre kva dei trudde? Og kva var svaret? « vêret blir som det blir»;» det er meldt bare styrke 20. Det er liten storm og den står vi av.»♥

Forstår dokke?

Så no er eg her.

Huset ristar. Bordet eg skriv på, står og skjelv. Vinden prøver velte deg når du går rundt nova ute.  Men eg har altså vore her i mykje verre vêr.

Ein gong eg skulle ha eit oppdrag i Bergen, tok eg hurtigruta. Ein heil flokk frå Florø kommune, skulle kome på i Florø.

Etter ei natt over Stadt( Vestkapp); mest sitjande på dogulvet og heldt meg fast rund doskåla( ikkje fordi eg var kvalm) men fordi alt rulla, kom eg meg opp i frukostsalen om morgonen.

Der  stod dei ei myndig ansatt og tok imot. Eg var så letta over å ha kome gjennom natta. Og sa til henne at dette hadde vore eit forferdeleg vêr. Var det storm?

Ho var sjølvsagt nordnorsk….. Og svaret var» såpass må vi tåle».

Det  barske folket. Som set meg heilt ut. Som eg beundrar.

Dette vert mi nyttårshelsing.

Du klarer meir enn du trur.

Rundt skifte av år, kjenner eg at eg vert skjør.

Eller  som ei god venninne sei. Kjenslene heng utenpå kroppen.

Da gjer det godt å vere i eit hardbarka landskap, med eit barskt folkeslag.

Som har kunnskap om at like hardbarka er sjølve livet.

Nyttår er også glede.

Over å få ha levd eit år til.

Viten om at 2019 vil trenge di barske side. Men også di glede.

Vinterstormane kjem.

Men også solnedgongane.

Godt år til alle!