Aura Consulting


1 kommentar

Å stålsette seg

AthenSo er den der igjen. Mai. Med alle sine lange helgar. Og høgtider. Feiringar. Samankomstar. Familiefestar.  Der vi er så glade og lukkelege.

Javisst skal vi vere det! Det er berre slik at for nokon vil nettopp mai framstå meir som eit uoverkomeleg høgdesprang. Eller slik som for meg no. Ein idrettsdag der eg visste eg ikkje fekk til noko. Unnateke å nyte naturen…..

Denne blogg nummer 24 for Aura Consulting skal handle om å stålsette seg til slike dagar. Om dei/oss( ja, for det er kvar sin gong) som ikkje klarer å vere på solsida desse dagane.

Vi har ulike løysingar. Nokon reiser vekk. Andre stenger seg inne. Det prøvde eg på i fjor. Eg var så knust etter å ikkje ha blitt invitert i konfirmasjonen til bornebornet til mann min – at eg var overbevist om at alle såg på meg som mislukka og vond.

Eg vel og fortelle meir om mi historie. Dette fordi eg veit at det hjelp mange. Også meg sjølv. Seinast i denne veka møtte eg eit menneske som eg ikkje forstår klarer å halde seg oppreist. Men som sa at bloggane mine les han om igjen og om igjen. For å stå.

17.mai heldt mann min alltid hus i Ålesund, på det årlege arrangementet til Heibergs Mannskor. Der var eg og i alle åra våre – heilt fram til eg vart valt inn i formannskapet; og fekk den æra og skulle vere ein del av flaggborga i folketoget på Gossen. Men ifjor klarde eg ikkje gå fremst. Å vere det Grunnlova seier: » Å vere dei fremste blant dei fremste».

I 2016 skapar det seg slik at pinsa og 17.mai vert ein del av same høgtida. Og for meg hjelp det ikkje at 18.mai er bursdagen til min no; fråseparerte.

Eg har så mange minner og bilder. Og gjennom Traumeutdanninga i Tromsø – har eg lært at det er eit av elementa som er naudsynte å ha der – for å ikkje verte traumatisert. Men der må og vere kjensler og kroppsfornemmelse. Dei overmannar meg i dag. Men eg veit også at dette er ein naturleg del av ein sorgprosess. Ein må gjennom desse minna og bilda på ny. På eiga hand. For å lage seg nye. Knytta til akkurat dei same høgtidene og merkedagane.

17.mai er eigentleg ein dag eg set høgt. Eg elskar å gå i tog. Gå i takt. Ete bløtkake. Men i år kunne eg ha «hoppa over» den.  Eg er takksam for Katrine som forstår. Som steppar inn for meg i flaggborga. Og eg har sagt nei til å gå i flaggborga i Julsundet. Og; ja – eg har dårleg samvit. For eg er valt av folket. Og så klarer eg ikkje stille ein slik dag.

Dette vert første 17.mai på 14 år – eg ikkje lenger får vere ei dorette i Heibergs Mannskor. Eit fantastisk folkeslag som har betydd mykje for vårt ekteskap.

Dette vert ein annleis 17.mai  – og ikkje sitje klar om kvelden og vente med sjampagne og reker på at mannen kjem heim.

Eg seier ofte til dei eg coachar; når dei vonde tankane tek deg – prøv å gi plass til nokre gode istaden. Det må eg gjere sjølv no.

Eg finn glede i å skulle vere i lag med mor på 97 – som eg har kjøpt ny 17.mai jakke til; og som seinast i går sa at» ditte vert kjekt».

Pinsa har eg gode minner knytta til. For eksempel for fire år sidan – da vi var på Veiholmen i eit paradisver. I fjor – før mitt personlege mareritt kom – hadde konfirmantane allereie avtalt, at pinseaftan i år skulle vi Hareidskonfirmantane ha nytt treff. Og i år som for fem år sidan er eg i festkomiteen. «At du orkar», seier folk. Eg hadde vel ikkje teke det på meg om eg ikkje orka. Sanninga er at det gir meg stor glede. Tenk å vere so heldige å få kome tett på dei du vaks opp saman med. Igjen. Der mange av oss kjenner på eit fellesskap – for nokon så stort at dei reiser noregs land for å kunne kome! Det er ei ære. Og i dag er det min ressurs. Som gjer at denne dagen er fin. Som gjer at i ettermiddag ser eg fram til å ikle meg laurdagskjolen! Og om eg ikkje klarer å svinge meg i dansen – så skal eg iallfall svinge meg i samveret med alle gode folka!

Men først – litt pynting av lokala og slikt..

For 14 dagar sidan var eg på den danske løysingsfokuserte konferansen. Som hadde tittel:» En forskel der gør en forskel». Eg veit ikkje om eg gjer ein forskjell i andre sine liv – fordi eg tek meg tid til dette. Men eg veit at fordi Konfirmantreffet 2016 – vart på pinseafta, gjer ein forskjell i mitt.

 

God helg til dokke alle! Og gjer den som best DU kan! Les videre


2 kommentarer

Når du får til meir enn du trur du kan!

Eg på Sofies MindeAura Consulting sin 20 ande blogg – startar med historia om når eg var lita.

Om du les godt, vil du sjå at den også kan fortelle noko om kvifor nettopp eg driv med LØFT . Den handlar om å vil vise øyeblikket der du kjenner at du får til meir enn du kan. Men også om når alt du kan, ikkje er nok.

Ein ting var at eg skulle verte gut og heite Ove. Og ikkje vart det.♥ Men det som var verre var at eg var fødd med ei slags hofteskade. Eg var ikkje meir enn 8 mnd da eg vart operert på Sophies Minde i Oslo. Men dei feilopererte, slik at det vart ny operasjon når eg var 15 mnd. Eg var eit slikt barn med heil gips frå hofta og ned, med beina rett ut. Eg låg lenge på sjukehus og på Gilinski etterbehandlingshjem på Strømmen. Kom heim(for godt) når eg var 3 år. Da snakka eg austlending, kjende mine sysken berre på hårfarge og skulle lære meg å gå. Og eg fekk ei fantastisk fin raud dukkevogn. Men den eg likevel vart mest glad i, var dukkevogna syster Marianne laga av ei Per Margarin kasse(med tau som eg kunne drage den etter meg).

Vi høyrer ikkje så mykje av historiene om born aleine på sjukehus.

Den gong trygderettane var annleis enn i dag. Den gong ein måtte sitje økonomisk godt i det – for å kunne besøke bornet sitt så ofte ein ville. Dette var før det var mulig å bu saman med bornet sitt på sjukehus.

For mi familie måtte det ha vore utfordrande. Det var langt frå Sunnmøre til Oslo. Mine foreldre hadde begge nett stått i alvorlege sjukdomar begge to. Da eg vart innlagt, hadde dei i tillegg tre born på 16, 11 og 7 år.Far og/eller mor var likevel hjå meg så ofte dei kunne.

Men det betydde likevel at eg var mykje aleine. Eg har alltid hatt tydelege minner frå den tida. For eksempel hadde eg ei glashylla over senga på Sophies Minde, der det stod eit glas vatn. Men viss det glaset var raudt, betydde det at mine foreldre hadde reist. For det var saft opp i det. Som vaksen ser eg at det måtte vere uutholdeleg låkt for dei å ta avskjed, sidan dei sjeldan visste kva tid dei såg meg igjen. Derfor sa dei ingenting. Og dette er noko av det eg har med meg som vaksen. Kor låkt det er når nokon forlet meg – utan å kommunisere kvifor og når.

Mor har fortalt meg om da ho skulle ned til Oslo med meg , til det ho hadde blitt fortalt var kontroll. Men som viste seg å vere ny operasjon. Da ho forstod at ho måtte forlate meg, bad ho «sjukesøstra» om å få gå ut å kjøpe meg fleire dyr til bondegarden min. Slik at eg hadde nok å leike meg med. Eg låg på fellessal i slik jernseng, som bildet viser øverst. Inn dit var det glasvegg – og der hang skiltet STILLE.

Da ho kom tilbake med dyra, hadde det vore vaktskifte. Og ho møtte ei langt meir brysk «sjukesøster». Av henne fekk ho vite at bornet hadde best av at ho ikkje såg mora før avreise. Så mor slapp ikkje inn til meg. Som ho sa sjølv, «eg stod og såg på deg gjennom glaset og grein mine «modige tårer».

Men eg har også mange gode minner frå den tida. Eg song alltid. Gjerne på flyet og i drosja. Og framleis har eg ei lita kattepus bok eg fekk av ei flyvertinne på ein av desse turane.

Etterkvart kom eg til Gilinski etterbehandlingshjem på Strømmen. Der fekk eg sjukepleiaren som eg kalla for Mammi. Ho var tryggleiken eg mangla. Ei jul hadde eg fått ei dukke i gåve heimanfra. (Eg var der aleine i jula). Når ei anna jente vart utskriven etter jul, stjal ho dukka med seg. Men Mammi ordna opp. Mammi fulgte meg opp mange år etter tida der♥Eg kan også minnast morgontrimmen med radioenes Reidar Morset. («Og køyr»).

Dette sjukehussystemet vart eg utskreven frå som 11 åring. Da sa legen til meg: «Det er en ting jeg vil fortelle deg barn, du vil aldri kunne komme til å løpe så raskt som andre barn». Kva trur dokke eg har huska resten av livet mitt? Legen meinte det sikkert godt. Men for meg hadde det vore betre om han holdt kjeft. Eller heller sa at det var noko eg ikkje kom til å verte god til – men mykje andre ting eg kunne bli kjempegod til!

I mitt arbeid med LØFT har denne setninga vore betydningsfull. For å vår profesjonelle rolle som «hjelparar» – kan orda vi bruker skape virkeligheit. Vi kan med vår måte å vere på, bidra til at folk får/ser muligheiter – eller motsett.

Same legen sa også at eg kom til å få problem med hofta igjen, etter fyllte 40. Dette meinte han sikkert også godt. Men slik vart det ikkje. Kanskje fordi eg har trena heile livet. Mange snakkar om at etter 50 kjem reparasjonsalderen. Eg har no funne trøyst i at dette er medfødd – og ikkje har noko med reparasjon å gjere.

Eg levde godt med hofta. til etter fyllte 50…Men etter ein svært traumatisk situasjon etter  min eks mann sin 60 årsdag for snart 3 år sidan – kunne eg plutseleg ikkje gå. Lang historie kort; den gong viste MR ikkje hofteslitasje – men no gjer den det…..Og operasjonsdatoen er sett i juni – for å operere inn ny hoft på St.Olavs. I desse tre åra har eg gjort alt for å unngå operasjon. Eg burde eigentleg hatt ei 50 prosent stilling til trening og lege, fysioterapeut, kiropraktor, «hoftedama mi»(den uersattelege Merethe), akupunktør osv. Siste 3 mnd har eg hatt så sterke smerter – at eg gjerne kunne ha hugge av meg foten……Og spesiellt om natta. Eg har likevel fått til meir enn eg trudde eg kunne! Og den meistringskjensla er ei vanvittig drivkraft! Eg blir litt slik «the child and the old soul». Eg får att barnet angst for at det ikkje går. Men samtidig klarer å sjå det men ei gamal kvinnes blikk. Når eg har klart alt eg har klart siste året – kvifor skal eg ikkje klare dette? Eg har klart å vore i arbeid kvar dag. Sjølv om eg etter enkelte oppdrag så vidt har klart å bruke fotkraft på gassen. Eg har nok også vorte meir «Spot On» som Coach. Mine folk i nord seir at eg nesten har utvikla ei healingånd – med det meiner dei – at eg les folk – og nesten kjenner korleis dei har det. Interessant!

Men eg kan ikkje legge skjul på at eg grur meg for operasjonen- og tida etterpå. Kanskje mest fordi eg ikkje veit korleis det går . Operasjonen er først og fremst  smertelindrande. I min nye livssituasjon må gjennom det åleine. Men eg satsar på at eg har gode folk rundt meg!

Eit menneske som står meg nær, sa nyleg til meg; «dette skal verte ein fin sommar«. Og det skal vere mitt mantra. Ferien vil vere å kome til hektene att – trene seg opp. Og målet? Ut på dansegulvet utan å vere redd for å ramle – danse Zumba att – klare oppdrag att frå medio august.

Og ja; det er ikkje sikkert at eg vil klare å springe så fort som andre folk – heller i framtida! Og no er heller ikkje det så viktig.

Det som er viktig er at det sanneleg er mykje eg likevel skal klare!

Og for meg ligg der mykje «frelsi» i det. Som betyr friheit på islandsk.
trimSkaret2012


4 kommentarer

Tell Christmas not to come this year

Bilde1Denne veka er det 3 månader sidan min mann forlot meg. Via mail. Utan forklaring. Etter 11 års ekteskap. Og gjorde seg utilgjengeleg.

Dette er ikkje ein reportasje frå krigsherja områder. Men for meg likevel like dramatisk.

Min fjortande blogg    skal nettopp handle om det. Om feigheit som øydelegg.

Dette vert ein ny personleg blogg som har vore vond å skrive.

Og det vert den siste så personlege. For no skal eg vidare i livet mitt.

Eg er så uendeleg lei av av vere lei meg. Ein gong las eg ein stad, at når du har vore lenge nok sjuk, orkar du ikkje vere det lenger.

Dette vert derfor min kortaste blogg.

Feige menn og kvinner kan vere helsefarlege. Dei som er meir opptekne av enkle utvegar, for ikkje snakke om omvegar. Som snor seg, slangar seg ut av situasjonen eller forholdet – slik at andre som IKKJE kjenner dei, står att og tenker for nokre omsorgsfulle menneske. Dei er mest opptekne av å redde eige skinn. Og slepp ofte unna ansvaret

Partnaren stikk – utan forklaring. Kor fattigsleg går det an å vere?Utan innsikt eller med hensikt?  – set han/ho det menneske han/ho har hatt kjærast og nærast i ei årrekke i ein uleveleg situasjon. I ei traume. Som skal ta mange år og kome seg ut av. Om det er mulig.

DENNE mannen står truleg til knea i krav frå familien, som styrer han i retninga dei alltid har ville hatt han. Bort frå meg.

Det eg skriv handlar IKKJE om at forhold at ulike grunnar tek slutt.

Klart det kan det. Det handlar om MÅTEN ein gjer det slutt på.

I dette helvete som har vedvart i 3 månader, har eg forstått at det er ein god del menneske som opplever det same.

Og idet ligg mitt behov for å skrive om det.

Når nokon utøver vold mot deg – kan dei verte straffa for det.

Når nokon utøver krenkande feigheit, finnast det ingen reaksjon.

Det einaste som finnast er at den som gjer det, håpar å kome heilskinna ut av det.

Jan Spurkeland skriv;

¨Relasjonell feighet uttrykkast i adferd…

¨• Når du vel vekk/unngår å møte menneske

¨• Når du vert unnvikande i ordval

¨• Når du skriv om det som bør snakkast om

¨• Når du beskytter deg mot følelsesmessige påkjenningar

Eg forstått det som profesjonell sidan eg var tidleg i 20 åra. At andre enn dei som står i livskrisa, gjerne framstår som dei veit meir enn dei som har skoa på.

Rykta når meg. Eg har blitt aleine? Har eg? Eg anar ikkje.

Og det er det verste.

Eg har ikkje lyst til å måtte ta inn over meg andre si synsing. Så lenge eg ikkje veit kvifor – kan ingen andre vite kvifor. Berre han.

Eg vil gjerne verte istand til å mestre å verte forlatt. Fordi det er ikkje mitt problem at nokon oppfører seg slik. Men det vert mitt problem, så lenge eg brukar kjensler på det.

Eg anser meg som eit sterkt menneske. Og dette er ikkje for pyser. Men på det verste hadde det vore betre for meg om mannen var død.

Det hadde vore ein avklart situasjon. Eg kunne få lov til å sørge over tapet. Istaden for å måtte bruke tid på kvifor. Istaden for å måtte takle alt i ein fullstendig uavklart situasjon. I eit vakuum.

Og mange av folka rundt meg oppfører seg nett slik. Som om at han aldri har funnest. Andre igjen på trygg avstand  – fordi dei ikkje taklar meg i denne situasjonen. Eller ikkje veit kva dei skal sei – pga situasjonen han har sett meg i. Andre igjen har klare forventningar til at no må eg kome meg vidare. Frå kva? Eg er like gift både formelt og reelt. Men i det praktiske er det som eg aldri har vore det.

I det kjenslemessige er det berre tomt. Fullstendig sjakkmatt.

Resurgam – we shall rise again. Du skal ikkje berre gi opp. I sommar når eg bestemte meg for livet – la eg eigentleg føring for meg sjølv framover.

Å vekse på steingrunn. Du må berre fortsette å leve til du vert levande igjen.

Eg må sko meg meg for å klare meg. Og «det kan for eksempel gå bra». Ole Brum.

Ein god mannleg ven sa for litt sidan; «Det er ikkje til å forstå. Og det er ikkje til å tilgi. Du har gått slik lenge nok. Du er verdt så mykje meir.

EG tenker at det er alle menneske.

Så kjære medmenneske. Ikkje gjer dette mot nokon. Lær borna dine mot.

Og tren deg sjølv opp i det.

Tell Christmas not to come this year

Så jul.

Eg har grudd meg til julepynta butikkar. No er det tilbakelagt.

Eg har grudd meg til første søndag i advent. No er det tilbakelagt.

Eg har grudd meg til julemusikk på radioen. No står eg midt i det, og taklar det.

Eg grur meg til juleavslutning med kommunestyret. No ha eg bestemt meg for at eg skal klare det.

Og eg grur meg til julaftan.

Så er det altså min tur. Mitt år.

Men når nytt år tek til – skal eg klare å ta med meg son min sine ord, når han har påpeika kraftstega han meiner eg har teke denne hausten. «Mamma, du er

One step closer to get lucky again!»

How can I go forward when I don`t know wich way I`m facing?

How can I go forward when I don`t know wich way to turn?

How can I go forward into something I`m not sure of?

Audhild, du er «one step closer».

Bilde2

 

 


3 kommentarer

Mørketid

månelystDet er når det trygge vert utryggt. Når det du stolte på, likevel ikkje er til å stole på. Når havna er ukjend – og farvatnet er framand.

Dette er sjuande bloggen frå Aura Consulting. Og den kjem ikkje til å handle om mørketida i nord. Den har eg alltid OPPLEVD lys. Eller månadane da sola er vekke, f.eks i Indre Sogn. For så og kome att i mars, til heider og ære – og med stor solfest markering. Dette har eg og vore med på, i dei 6 åra eg budde der. Men det var så fortrøystningsfullt og sjå sola skine på snøen, på dei høgaste toppar. Og vi visste at sola snart ville varme oss igjen.

Denne bloggen skal handle om eit anna mørke. Eit mørke du ikkje planlegg. Eit mørke du vil unngå, og som det ikkje ligg noko von i. Som kastar seg over deg. Og som du på det svartaste trur du ikkje maktar. Fordi det gjer så vondt.

Den siste veka er det som eg har hatt pause frå livet.

Mor på 96, som eg av og til brukar som symbol på livslyst – fordi ho er så ufatteleg glad i livet, vart svært dårleg. Så dårleg at vi trudde vi snart mista henne. At ho ikkje ville makte meir. Eg bad til Vår Herre at han måtte gi henne all mulig styrke, og dagen etter var det som eit mirakel hadde skjedd. For så å snu igjen. Og sånn held det fram. Det å leve så tett på tru og tvil, tek på.

Som sjølvstendig næringsdrivande må eg likevel stå på «scena», kvar dag og levere. Ingen kan gjere det for meg. Denne «scena» som eg vanlegvis elskar, vert eit ork.

Som eg veit eg MÅ klare. Samstundes vert det mi lette. Og eg kan forstå skodespelaren. Og eg har det til liks med han, når teppet går ned. Da kan eg vise mine kjensler.

Eg tenker på Silje Neergård sin song: «EN og EN», der ho syng «Du har møtt mørket før» – «Jeg gir deg handa mi, men sorga er for alltid di» – «Jeg står deg nær, men innerst inne står du alene».

Alt dette stemmer. Som 26 åring starta eg som sosialsjef. Og sidan har eg jobba tett innpå folk. I storm og stille. Med krevjande liv. I botnlaus sorg. Og i heidundrande lukke. Og eg har vore; og er så takknemleg. For all tillitt og tiltru som er vist meg. Frå desse folka. Med alle sine liv.

Og eg veit at eg aldri hadde makta det – aldri hadde fått dette innpasset hjå dei- om eg ikkje var truverdig. At eg drog på erfaring med eigne hauststormar, var heilt avgjerande. Men også evne til å sjå at inga sjebne er lik, ingen person er lik – og dermed er også løysinga ulik. Og at det er den det handlar om, som har svaret sjølv.

Som menneske; trur eg at eg er den beste utgåva av meg sjølv, når eg har det som vondast. Når eg er hudlaus og havnlaus. Og berre så inderleg naken. I sjela.

Som bidragsytar er eg den beste utgåva, når eg har med meg visdomen om dette. Og leikar meg inn og med livet.

For da veit eg kva det handlar om ,når folk ikkje ser lys i tunnellen. Når glas vert knust. Når det du trudde på, var ein illusjon.

Det er da vi treng livsvitner.

DSCN1751

Nokon som veit kven vi er. Nokon som har fulgt oss i livet. Sett oss.

Og av og til må det livsvitnet vere du.

Av og til er det du som må vere den gode feen, og bruke tryllestaven på alle Askepottar der ute. Så dei kan verte den beste utgåva av seg sjølv. Og finne lyset.