Aura Consulting


2 kommentarer

Hjartedjupt – kjennest det; 1 år etter

«Trur du det finnast solnedgongar i himmelen, Audhild» – spurde du.

Idag er det 1 år sidan du døydde mor.

Og eg er viss viss på at du har funne solnedgongar i himmelen.

Håpet er ei stjerne – denne høyrde eg på siste dagane i livet ditt.

Den trøysta.

Det gjer og spelelista eg spelte inn til deg – som vi song frå når eg var hjå deg.

Siste veka av livet ditt; låg du der og dirigerte «Når fjordene blåner».

Aura Consulting sin blogg nummer 40 er inga skrift om sorg.

Men om sakn. Og hjartedjup takksemd.

Håpet er ei stjerne

(Sommerro/Røsbak)

Håpet er ei stjerne.

Hu sløknes ældri, hu.

Står der høgt på bågån,

som naggæl’n i ei bru.

 

Håpet er er ei stjerne

I di mørke natt

vil stjerna stå og lyse

så du finn dagen att.

 

Hele lange livet,

helt tel alt er slutt

må du vandre vegen

hårt eneste minutt

 

Gå vegen ganske rolig,

sikt mot høgda der.

Så når du fram tel målet

der livets mening er.

 

For håpet er ei stjerne.

Hu står og blinke nå.

Så gå mot mårråslænda

der lyset kjæm ifrå.

 

Nå er du snart framme.

Kjinne verda litt.

Kjinne både lys og lek

og vonde mareritt.

 

Refr:

Gå, gå mot stjerna,

gå tel mårrån kjæm.

Hu vil itte svikte deg,

hu er med deg på din veg helt fram.

Eg er så uendeleg takknemleg for at eg prioriterte som eg gjorde.

At eg ordna med kontorbase og leilighet i Ulstein, det som viste seg å verte det siste året av ditt liv.

At eg kunne få følge deg på din veg ut av livet.

Og som eg har skreve her før, den vegen i lag med deg, lærde meg mest OM livet.

I ettertid har det vorte så rett. Det at eg kunne vere der.

At far fekk hjarteinfarkt og døydde i båten sin til havs da eg var 17 – gav meg ikkje eit slikt val.

No hadde eg det – og tok det.

Dette året har lært meg mykje om å leve.

Eg MÅ ikkje til grava di/dokka for å kjenne meg nær deg.

For eg har heile tida kjent at du ER med meg.

Eg har blitt enno sterkare.

Som ei venninne sa til meg dagen etter du var død: «det er som om du har teke over styrken ho hadde. Ho har gitt den til deg».

Eg var så redd for å ikkje klare tap av mann min og deg same året,

Men du hjalp meg. Og ein kar der oppe som du trudde på – og som eg kjenner held handa si over meg; hjalp meg.

For eg tapte deg ikkje.

Eg var på veg til etterkontroll I trondheim etter hofteoperasjon i juni.

Sjølv om alt hadde gått bra – var eg av ein eller annan grunn uroleg.

Så lyser plutseleg ei varsellampe i bilen. Motorfeil. Instruksane sa at eg måtte rett på verkstad om den ikkje slukna. Så slukna den. Men eg ringde verkstaden og fekk time til eg kom heim. Dei leita og styrde – og kjem til slutt ut til meg og seier at dette var heilt uforklarleg. Den einaste forklaringa dei hadde; var at ein eller annan mystisk skugge må ha lagt seg over bilen min, så varsellampa slo seg på.

Da kjende eg det. Du var med mor.

I juli skulle Tarjei og eg køyre Aursjøvegen, for første gong.

Sommaren for 2 år sidan, hadde eg lova deg den turen. For du hadde hellar aldri køyrt den. Men så rakna livet mitt – og alle planar fall i grus.

Det var eit forferdeleg ver når vi reiste frå Molde. Tåka hang tjukk. Heilt til vi tek av i Sunndal, og byrja på turen oppover. Plutseleg openberra sola seg gjennom tåkehavet! Og eg vart veldig kroppsvarm. Da sa eg til Tarjei; «ho er sanneleg med oss.»♥♥

Dette året har eg funne så uendeleg mange hjarter i naturen når eg har vore ute og gått.

Skal tru kvifor?

 

Du var blitt alvorleg sjuk. Dei to siste månadane av livet ditt. At du sloss for å ville leve også da; har sett mitt liv og alt eg gjer i eit heilt anna perspektiv.

Dont give up.

Eg VAR stolt av deg.

Og eg ER stolt av deg.

Du er framleis mi PIPPI, som eg skreiv i bloggen min til deg. Og du er litt slik ho dama på nesten 90 i radioen sa: » Eg har mange sjukdomar, men heldigvis har eg helsa i behald»!

Her ein dag sende Tarjei eit bilde av deg og han i Tyrkia. Du sat og held rundt han oppe på borga i Alanya. Og da kom eg på det; du var 80 år på den turen. Likevel gjekk du kvar dag i brennande heite frå hotellet til stranda. Utan å mukke.

Respekt.

Korleis har dette året vore?

I starten var det rart å ikkje skulle ringe deg lengre. Eg stod på farta til å gjere det fleire gongar.

Men eg snakkar med deg utan å ringe.♥

Og eg legg framleis turen innom sjukeheimen. Også di avdeling. Der er nesten ingen att av dei som var der i di tid mor. Men der har kome foreldre til mine venninner.

Og eg har JON. Som eg har lova å sende kort til så lenge han lever.

Det er godt for meg å ha han å kunne besøke der.

 

Eg har kjøpt meg min eigen heim for første gong, mor.

Du skal tru eg gjerne ville at du skulle få oppleve det! Men du visste om at eg hadde tomt her. Og heilt til det siste kunne du peike på bildet eg gav deg – av solnedgong i Julsundet – og vite at det var der eg budde.

Eg har ordna inngongspartiet slik at ein kan kome inn med rullestol.

Ikkje fordi eg trur du kjem….

Men fordi det var så låkt at du aldri kome deg inn i heimen i Ulstein – fordi du ikkje våga at nokon skulle bere deg inn. No kan naboane mine, om dei vert dårleg til beins kome seg inn – eller eg sjølv…

For solnedgongar treng vi alle å sjå.

Dette året har eg tatt mange sjansar. Og istaden for å vere veldig redd for at det ikkje skal gå – har eg kjent på denne roa. Du klarer det. Det løyser seg. Og den kjem frå deg.

2 dagar før du døydde, tok eg med syster Marianne på bedehuset. Vi trengde eit lite stemningsskifte. Grimstadkoret song. Det var åresal, kaffi og kaker. Alt slikt som du sette pris på.

Vi vann ein hjartelampe. Som eg fekk. Den står på nattbordet mitt no.

Du er med.

Rigmor gav meg ei stjernelampe ifjor.

Den stod og skein i vinduet i Ulstein – kvelden for 1 år sidan.

Og sidan har den stått i kontorvinduet mitt på Mevold. Og på den måten har eg ikkje kjent meg aleine ved heimkomst.

Dagen etter du døydde, fekk Tarjei trenarjobb i Brann. Han klarde nesten ikkje glede seg.

For han ville gjerne du skulle ha visst det.

Veit du mor? Eg har bestillt ein gul lenestol. Som kjem idag. Gul for håp. For solnedgong. Der skal eg sitje å sjå utover havet – og vite at du er med meg.

Og Inger kjem frå Oslo idag. For å vere ilag. Vi skal reise til Hareid. Vi skal innom grava. Vi skal innom Syverplassen, barndomsheimen din. Og vi skal innom Brekkane, heimen din. Vi skal innom sjukeheimen; siste heimen din.

Så skal vi tilbake hit.

Vi skal ete krabbeklør og ete Krokankake( oppskrifta di).

Og vi skal minnast deg i glede.

Og hjartedjup takksemd.

Kjære mora mi.


1 kommentar

Livet varer heile livet

Frå heimekontoret

idag 6. november

November er for mange ein månad dei vil fort forbi.

IKkje så reint sjeldan slår det meg at det er mykje vi vil fort forbi.

Få overstått.  For å gjere oss klar til det neste som ventar.

Dette å vere i det vi er i no – NO – kan verte ei utfordring.

Mange synest november er tung. For meg er den nødvendig.

Endeleg kan eg samle meg. Kjenne roa kome med mørket.

Igår kveld såg eg på «Der ingen kunne tru at nokon kunne bu». Denne gongen var programmet frå ei lita øy ved innløpet til Lyngsfjorden. Ho som var hovedpersonen i programmet, hadde måtte forlate øya to gongar. Først da familien vart tvangsevakuert under krigen. Så når myndigheitene tvangsflytta folk til meir sentrale strok, på 60/70 talet. Men når reportaren spurde henne, om ho no hadde flytta attende for å døy, var svaret at ho gjorde det for å kunne leve. Ho var 86 år…….

Idag tidleg var eg på trening.

Samstundes med meg var Seniortrimmen. Der var det enkemenn på nesten 90 som fortalde at dei nett hadde kome heim frå Syden. Og på måten det vart fortalt, forstod eg at det var ny kjærleik i bildet.

Her var damer som var bekymra for at dei hadde ete for mykje i helga, og hadde mykje å stå til rettes for idag……

Og det slo meg som alltid. Alder er ikkje alder. Mykje av det vi er opptekne av som tenåringar – er vi opptekne av resten av livet.

Men det som særprega både dama i Lyngen og Seniortrimmarane idag – var kor lystige og lette dei var.

Dei levde.

«Alle disse dagene som kom og gikk, ikke visste jeg at det var selve livet»

For ei tid tilbake spurde eg ei leiargruppe eg coacha om kva tid dei var på sitt beste som leiarar.  Det meinte dei både var eit uvanleg og krevjande spørsmål.

Svara var interessante.

Det handla mykje om å ta seg tid.

Når dei lena seg tilbake – og såg kor alt flaut. Kunne vere observatørar til folk som var i Flytsona.

November er fin for slikt.

Men som LØFT er eg oppteken av kva vi gjer sjølv. Livet går sabla raskt.

Gjennom livet gler vi oss ofte til neste steg. Når vi berre vert litt eldre.

Eg hadde foreldre som gledde seg til å verte pensjonistar saman.

Det fekk dei aldri oppleve.

I jobb møter eg folk som lengtar etter pensjonisttilvere. Og i den lengten ser eg at dei hoppar over eit par år. Der ein del berre er halvveges tilstades i seg sjølv og i arbeidslivet.

Eg har ikkje lyst til å hoppe over noko som helst.

Den største dag i mitt liv var den dagen jeg tok mitt liv i besittelse.

Oppe på oppdrag i NORD for litt sidan, møtte eg ungdomar som var redde for nettopp det. På utsida såg du bråkete og uforskamma ungdom. Men bakom dei tøffe capsane, solbrillene og hettegensarane – kom det fram noko anna. Når eg baud på meg – vart eg bedd innanfor sjølv.

Nokon seier at livet er det du gjer det til. Tja – men ein del manglar verktøyet for å lage seg eit liv.

For litt sidan var eg på ei styresamling, der eg fekk spørsmål om kva som var min KONGSTANKE i livet.

» Livet er altfor kort . Lev det»

 

 


Legg igjen en kommentar

Min arbeidsmiljøpris

23316089_10156018011438783_1564789707_n

Det er to ting eg saknar som sjølvstendig næringsdrivande.

  1. Å få vere del av ein gjeng som skal feire julebord.

2.  Å jobbe for å få Arbeidsmiljøpris.

Så er eg likevel så heldig at fleire av dei bedriftene eg har jobba med, har fått Arbeidsmiljøprisen.

Sidan mitt arbeidsfelt er bedriftskulturbygging – og arbeidsmiljøskaping ved hjelp av LØFT, så er det heilt naturleg å vere oppteken av; kva er det som skapar ein vinnar?

Kva skal til for å få ein slik pris?

Aura Consulting sin blogg nummer 39 skal handle om det. Men handle mest om å skape sin eigen pris.

Å sette pris på seg sjølv.

I LØFT er vi opptekne av framgong. Det betyr at eg jobbar mykje med å lytte og sjå kva som skjer når folk fortel om sine framgongar, kva som går bedre, kva dei får til – kva dei lukkast med. Og eg opplever ofte at folk kan synest det er framand å skulle fortelle.

Men når dei først gjer det, så vert både dei som fortel og dei som høyrer på ofte bevega.

Dei to siste åra av mitt liv – har livskrise og andre traumatiske hendingar gitt meg noko i retur.

Eg har blitt ein «jævel» etter å sjå etter framgong. Og kva og kven som skaper den. Av og til kan den vere smålåten – og nesten ikkje merkast. Men NÅR eg merkar den, er den god nok.

Og eg har fått ein hang til tøffe, stilige sko – som gir treningsmotivasjon!

 

Dei to siste åra har gitt meg meir aleinetid. Låkt til tider. Men også ofte godt.

Eg har pga av mitt svenske nettverk blitt kjent med ei bok som heiter Sjølvtid.

Den har overbevist meg om det eg har kjent på å lenge.

At iallfall vi som har så mykje med folk å gjere, «må ta oss igjen».

Ta oss tid til refleksjon. Ettertanke. Vere aleine. Gjere noko heilt anna. Berre sjå ut i lufta. Vere nær naturen.

Så i desse stundene har det openberra seg; kven min arbeidsmiljøpris går til.

Det starta i 2005. På eit føre som såg tørt ut, skeina eg ut på glatta med bilen, og segla frå autovern til autovern. Lukka var at det ikkje kom møtande bil. Da hadde livet slutta der.

Iallfall, eg havna hjå legen min – og det vart påvist to ryggprolapsar.

Eg har den mest fantastiske lege. Han er open for alt. Han tenker framgong som meg.

Han henviste meg til kiropraktor.

Som etter ei stund henviste meg til massageterapeut/homeopat.

Han hadde gjort sitt i høve til skjelettet, no måtte ho overta når det gjaldt å få løyse opp i muskelatur.

Og eg kom meg i gong med bevegelse – og småe rusleturar i grøfter.♥

Etter ei stund var eg i god gjenge att. Så skulle eg vere med nye Atlanten Badeland på 3 dagers Bedriftskulturbyggings oppdrag på Hitra.

Siste ettermiddagen gjekk eg ombord i ein liten båt – og vi gav gass utover ein nokså ruskete sjø.

Meir skulle det ikkje til.

Eg måtte ha hjelp ut av båten – og vart køyrt i ambulanse til hurtigbåten.

På han igjen.

Veit dokke kva eg var mest redd for?

At smertene skulle gjere slik at eg aldri kunne stå skikkeleg oppreist igjen.

Så høg som eg er, så har det gjort godt å høyre at eg har ei rett haldning. Turn og dans i oppvekst har skapt den. Og den ville eg ikkje miste.

Same prosedyre fulgde.

Og som i skreiv i min førre blogg «Styrketrening» – dette lærde meg at mitt lodd i livet er bevegelse og trening.

Sånn har åra gått.

Eg vart til og med så bra at eg vart aerobic og Zumbainstruktør. I fleire år.

Trening, bevegelse og massageterapeuten har tilsaman heldt kroppen i sjakk.

Så, for ca 4 år sidan, kom smertene med ny styrke og på ny måte.

Haudet ville stå på, men kroppen sa frå.

Og massageterapeuten heldt klokeleg stillt.

At eg kunne trene heilt til den dagen eg vart lagt på operasjonsbordet for å skifte hoft – at eg 3 veker FØR operasjonen var istand til å gå Lyngsalpane; ALT det er hennar forteneste.

Når eg i min blogg «Livredd» – skreiv at eg var redd for å ikkje kunne gå etterpå, så var ho roa sjølv.

Det er inga hemmeligheit at første gong eg var der etter operasjonen i fjor sommar – så gråt vi begge to. 

Eg så hemningslaust glad for å sjå henne igjen etter operasjon og rehabiliteringsopphald.

Og ho så stolt over min framgong – og så happy for min sjokolademus siger, og feiring!

No har ho fått namnet hoftedama mi.

I sommar ramla eg 2 meter ned frå ein hems på Turtagrø – og vart køyrt med ambulanse til Førde. Kven fekk meg kjapt attende til normalen?

Førre laurdag enda eg på legevakt og sjukehus – pga nye type smerter. Eg fekk beskjed om å ta 5 Parazet, 3 Ibux og 2 betennelses dempande pr dag.

Mandag morgon fekk eg naudtime hjå hoftedama. Tysdag var eg medisinfri.♥

DYRT, sa du? 

Ja, sjølvsagt. Det kostar pengar å få dei rette folka. Og dette får ein heller ikkje att med det offentlege.

Men skal tru kva det hadde kosta meg i sjukefråver i bedrifta utan?

I mitt arbeid møter eg mange med smerter. Som haltar seg gjennom dagane sånn halvveges.

Eg skulle så inderleg ynskje at fleire legar kunne henvise til slike hoftedamer.

Og at folk kunne finne på å stole på sin eigen kroppskunnskap – og ta initiativ til å gå dit sjølv.

SÅ STOR FANFARE!!!

 

Min arbeidsmiljøpris går til : MERETE SKALDEBØ HOL!

Hoftedama. Heiagjeng! Og treningsterapeut! Gjennom 12 år har ho stått for noko eige.

Gitt noko ekstra. Hatt tru når mi har vore på vikande front. Forstått at kropp reagerer på livskriser og traumer. Ledd. Og grått. Av mine opp og nedturar.

Eg er så inderleg takknemleg.

Og no har ho til og med skaffa seg ein gul stol på kontoret.

Berre det å sjå den – gir håp!


Legg igjen en kommentar

Styrketrening

21074273_10155805974888783_752992694_n.jpg

Vi har alle vårt lodd i livet. Til og med opp til fleire.

Mitt såg eg ikkje. Den gong.

Eg var fødd med noko feil i hoftene. Braut ankel i volleyball som 12 åring. Krasja og fekk to ryggprolapsar i 2005. Fekk ny hoft i 2016. Og siste showet var at eg ramla 2 meter på rygg i sommar.

Mitt lodd er altså trening og bevegelse.

I LØFT – løysingsfokusert tilnærming, seier vi at problem berre er eit mål vi ikkje har oppdaga enno.

Aura Consulting sin blogg nummer 38 vil handle om akkurat det.

Istaden for å tenke at alle desse hendingane er problem – så har dei gitt meg treningsmål.

Som lita og som tenåring – var det ikkje snakk om verken fysioterapi eller annan behandling. Men eg har turna, dansa og spelt volleyball(sistnemnte om enn med skiftande hell….)

Som vaksen vart det jazzballet og meir dansing. Og etterkvart vart eg aerobic og Zumbainstruktør. Og no er eg kjempeglad i alle slags fjell og uteturar.

Kvifor nevner eg dette?

Jau, fordi no – som godt vaksen – får eg igjen for at eg har trena.

No fortel alle «forståsegpåarane» eg møter, at med alle slag feilstillingar desse ymse hendingane har gjort kroppen – så har bevegelse og trening vore alfa og omega.

I den tida eg var sosialsjef, møtte eg mange som fekk tilbod om sjukmelding og smertestillande – istadenfor tips til bevegelse frå helsefolk.

Eg håper det har endra seg litt. I ein smerteovergong treng ein det, men det tek ikkje lang tid før litt bevegelse løner seg.

I Kristin Heggdal si bok(professor frå Molde som eg har samarbeidd med); Kroppskunnskaping, skriv ho blant anna at vi ikkje lenger tek kontroll over kunnskapen om eigen kropp. Først let vi andre fortelle oss kva som feilar oss, og så let vi andre fortelle oss kva som skal til for å verte betre.

I min blogg «Livredd» – frå juni ifjor – skreiv eg om kor redd eg var for å ikkje kunne gå att etter hofteoperasjon. Og da eg byrja på opptrening, innsåg eg at redsla sat fast i haudet. I tankane.

Så for meg er styrketrening også å få sterke tankar.

Da eg kom heim – hadde eg to ulike fysioterapeutar.

Ein utfordra meg – og ein bad meg om å ta det med ro.

EG kjende kor rett det var å bruke min kroppskunnskap. Og den som i tillegg til meg kjende den best – var han som utfordra meg.

Vi treng styrketrening i arbeidslivet og.

Vi treng å kjenne oss sterke i trua på det vi driv med. Og vi treng å trene styrke på endring.

Når vi trenar opp kroppen vår – merkar vi endring ganske momentant.

Det vil vi også gjere i arbeidslivet.

I styrketrening jobbar vi mykje med skjelettet. Vi treng også nokon av og til som hjelper oss med å få på plass stiv muskelatur.

Ser du samanhengen til arbeidslivet? Vi stivnar om vi berre styrkar. Vi må også la oss bevege av det som får musklane våre til å slappe av.

Så slepp arbeidslivet mindre høge skuldrar..

 

For 5 år sidan byrja eg med aktiv styrketrening.

Eg hadde eigentleg ikkje tid til det. Høyrt det før?

Men så kom eg på at da eg levde aleine med son min i Oslo, han var liten og eg hadde leiarjobb, DA både tok og kjøpte eg meg tid til det.

Kvar laurdag var eg på stretching på Bårdar Danseinstitutt.

Etter at eg til slutt måtte gi meg på at hofta måtte opererast, la eg inn trening som jobb i kalendaren. Viss ikkje, var erfaringa at trening var det første som ville ryke når arbeidsdagane og livet vart VEL hektisk.

Eg har valt BRIS i Molde. Konseptet deira passar meg utmerket. Her har du ungdomar, idrettsfolk, pensjonistar, folk på opptrening – og meg….

Her prøver eg å vere 3 dagar i veka. Og pga jobben min – ofte tidleg om morgonen.

Det er ein slik god plass å vere. Alle kjem i snakk. Her er folk nærare 90, men knæsje orange toppar – som lever som dei er 55!

Her er usikre jenter – som syg på vatnflaska si; meir som styrketrøyst.

Her er pensjonistar som er vinterhalvåret i Spania – og som synest ha Bris meir som ein treffstad i Molde.

Her er muskelbuntar som lærer meg løfteknep.

Her er fjelltopp folk.

Og super syklistar.

Her er folk med all verdas fysiske skader – som dei prøver reparere.

HER ER MYKJE STYRKEMOT.

Her er gruppetreningar for dei som vil det.

Og mykje kompetanse. Folka som jobbar her – vil at du skal lukkast.

Dei ser deg.

Ein liten kommentar frå nokon her  betyr mykje for dagen din.

For eksempel; han som sa idag; «eg er ikkje noko teknisk vindunder, men dette forstår eg ikkje». Eg hjalp han. Han sa at han hadde ein øydelagd rygg. «Ja, ser du har noko med ryggen, sa eg. «Skal eg hjelpe deg med å plassere loddet og»? «Nei, det må eg no klare», sa han. Så stod vi der. Side ved side og løfta kraft. «Nei dette vart for lett» , sa han.» Der ser du, du har allereie framgong», sa eg! Da han var ferdig med dagens trening kom han bort til meg med tårer i augene og takka for det eg hadde sagt. Om eg hadde kjent han, hadde eg ville ha tilføydd; korleis forklarer du framgongen din? Kva har du gjort sjølv?

Deretter vart eg liggande ved sidan av ei ung kvinne, som fortalde om ein onkel som hadde hatt hjernebødning. «Og no er han tilbake her på Bris», sa ho! Eg gav henne same spørsmåla. Ho ville ta dei med til onkelen.

Denne treningsøkta vart styrketrening på mange vis…..♥♥

På mandag når eg var på trening, møtte eg ei oppgitt ei i garderoben. «Eg forstår ikkje dei som set seg føre», sa ho. «Eg er nyleg pensjonist, men eg er nøydd å halde meg i form. Eg har veninner som berre syt og klagar over alle vondtar, men som ikkje beveger seg.»

Eg gjorde meg så fri at eg spurde om det var hennar problem at venninner ikkje trena.

Det måtte ho medgå at det i utgongspunktet ikkje var – men det vart hennar, avdi ho irriterte seg over det.

Lat det fare sa eg. Konsentrere deg om det du kan gjere noko med.

Nyt stunda her. La andre ta sine val.

Du får ikkje folk motivert for noko dei ikkje ser hensikta med. Om du fortel folk kva dei skal gjere, gjer dei det iallfall ikkje

Du kan angre på mykje her i livet- men du vil aldri angre på ei treningsøkt

Du vert så glad og opplagt av å trene.

Og du vert sterkare psykisk.

Så på det viset er det styrketrening på alle vis.


Legg igjen en kommentar

Opptakt til ny start

Idag er det oppstart av så mangt.20987978_10155797113593783_2061654711_n

Skulestart. Eit hav av forventingar i lufta.

Første dag etter ferien for mange.

For 2 år sidan var det også oppstart til nytt semester, ny epoke, nytt halvår – og ny haust.

Men i mitt liv brast alle mine forventningar, håp og draumar.

Ein veit aldri når regnet kjem, heiter det.

For meg vart det eg å takle dette verre å få til – fordi det var så mykje positive forventningar i lufta. Som det sjølvsagt skal vere denne tida. Men dei kolliderte så totalt meiningslaust med det eg stod i.

Denne bloggen skriv eg for alle som til tider står motstraums.

Og som honnør til dei som vågar å styre skuta på ukjent farvatn.

Og kanskje som styrke for nokon til ¨våge å gjere ting på sin måte».

OG, til deg som akkurat NO ikkje er på høgda i livet ditt: det er lov å  kjenne seg uglad i dag. Det er ALLTID lov til å ha ulike kjensler knytt til ulike oppstartar, høgtider, årstider. Ja, you name it.

Og veit du?

Mitt håp for deg er at neste oppstart er det du som er i høgda. På hogget.♥

«Unexpresses emotions will never die. They are buried alive and will come forth later in uglier ways.»

Sigmund Freud

Dette har eg sett i jobben min i snart 30 år.

For meg har det derfor vore viktig å ikkje late som at alt går bra. Når det ikkje har gjort det. Og har skreve blogg om det; «Livet går vidare».  Men det har også vore viktig å markert ALLE småe steg i rett retning!

Eg valde å jobbe knallhardt for å skape ei ny plattform. Som står på stødig grunn.

VI GÅR IGJENNOM DETTE PÅ ULIKT VIS-

Framom meg har utsagnet; » den einaste vegen ut, er gjennom.» stått.

 

Mange som har gått gjennom tilsvarande – klarer ikkje lenger å knyte relasjonar. Klarer ikkje å stole på. Ha tillitt. Ikkje vere bitre.

Nokon går i flukt.

Som f.eks kan betyr å ty til rus.

Andre stuper rett inn i eit nytt forhold.

Eller blir «aldri meir».

Nokon søker etter det trygge, fordi det dei står i kjennest uleveleg utrygt.

Men når alle desse «halte» møter einannan – og inngår ein ny relasjon, så vil det sjeldan gå bra.

For meg har det derfor vore viktig å våge å ta mitt eige oppgjer. Saumfare eigne kjensler.

«Trauma is not what happens to us, but what we hold inside in the absence of an empathetic witness.» Peter A Levine

Eg har vore så heldig at eg har hatt ressurspersonar gjennom det eg har kalla min Berebjelke. Og eg har hatt Veiholmen. Min hjartemedisin. Og NORD.

Det betyr at eg har hatt folk som er glad i meg. Set pris på meg. Og nye folk som har blitt det. Eg tillet meg det.

Eg er klar for å vere glad igjen. Knyte band. Og stole på. Men jobben med å skape ny plattform er ikkje ferdig.

Så er dette eit destruktiv eller konstruktivt tilbakeblikk?

Det destruktive er jævleg å vere i. Dit vil ingen tilbake som har vore der.

Men EG trur konstruktive tilbakeblikk kan vere kloke.

Eg ser i samhandling med folk – at slike tilbakeblikk oftast viser kor langt framover dei har kome….

 

Denne opptakta til ny haust tenker eg heilt annleis enn for 2 år sidan.

No undrar eg meg over kor mange haustar eg har att å leve? I håp om mange…..

Livet er her og no.

La oss våge å leve det slik det passar oss. Og slik vi får til.

«Everything you need will come to you at the perfect time»

21013597_10155797109188783_74704694_n

 

 

 

 

 

 


Legg igjen en kommentar

Nybyggar

Laurdagsvask

Ei ny grend veks fram i Julsundet i Aukra.

Mevoldfeltet.

Og eg er med.

Det hadde eg aldri trudd.

Min blogg nr 35 vil handle om akkurat det.

Kvifor ikkje? Eg skulle ikkje inn i eit bustadfelt. Det var eg for gamal til.

Ungar, leikeplass og bråk.

Nei, eg ville ha ein idyll. Roleg, tilbaketrukke. Fjernt frå larm.

Så vi kjøpte oss tomt på ein slik idyll.

Og slik trudde eg det skulle verte.

Heilt til livet formeleg sprakk – og idyllen brast. På alle vis.

I smertestillande ørske i fjor sommar(etter hofteoperasjon), selde eg tomta.

Og i ettertid har eg tenkt; gudskjelov for hofta!

Ved full fornuft hadde eg nok ikkje gjort det. Ikkje enno.

I august ifjor sende son min ein link til ein firemannsbustad, nøkkelferdig, som var under oppføring på Mevoldfeltet. Eg synest han hadde ein fin draum – men uoppnåeleg.

Men minnet vart som når du har funne ein fin kjole. Og går vidare til fleire butikkar. Nytteslaust. For du gløymer ikkje den første.

Eg hadde med ei god venninne på å ta avgjerd. Ho har sagt heile prosessen»no kan du vere den kritiske, og eg den forhåpningsfulle og optimistiske». Ei rollefordeling som funka!♥

Rigmor.jpg

Så i august var eg blitt huseigar!

For første gong i mitt liv!

No har eg lagt bak meg to tøffe månader med utflytting av leilighet og kontor Ulstein. Og hus Julsundet. Flytting er krevjande ikkje berre fysisk, men psykisk. Så mange minner, bilder og erindringar.

Og inn i nyheimen. Og eg trur på dei som seier at ein må bu seg til.

Eg set pris på Tromsø tilbakemeldinga for litt sidan; «finn deg ein god stol, ha tilgong til stearinlys, og nyt stunda».

Eg må i denne bloggen atter ein gong få takke alle som frå ifjor sommar har hjulpe meg fram denne kronglete vegen – på ulikt vis!

Alle er invitert på Innflyttingsfest 1.april!

På torsdag gav eg «frå meg» huset eg har budd i dei siste 15 åra.

Eg fekk tatt skikkeleg farvel med mine næraste naboar. Eg får fritt leide til plassen min ved sjøen der, så lenge eg vil. Eg får tenne lys på grava til Helle pusen vår om vinteren.

DA vart eg 20 kg lettare. Da endeleg forstod eg. Da endeleg byrja gleda å kome.

Så dette er første helga i nyheimen. Med berre ein heim….

NYBYGGAREN.

Eg har erfart at nøkkelferdig ikkje er nøkkelferdig.

Vanvittig med tilval, detaljar og alt kostar.

Men eg har hatt flott selgar og meklar. Og har erfart kor viktig det er.

No har eg tid til å sjå ut vindauget. Sjå kor alle styrer med sitt for å kome i mål.

Dei gråkledde arbeidarane bevegar seg rundt på feltet som nokre maurar. Her er all verdas handverkarar. Her er dyktige karar som høgg ned skog. Her er folk på synfaring. Og her har blitt eit ettertrakta område allereie; for å gå seg ein tur.

Sikkert mange nyfikne og.

I påvente av persienner – er det like lett å gløtte inn her – som på eit vidope fiskever.

sofa.jpg

Vi 3 som er dei første som har flytta inn, hamrar og skrur – og prøver å finne fotfeste, kvar på vårt vis – i alt det nye.

Dette stod på trykk i Romsdal Budstikke i sept-15:

Panoramautsikt i Julsundet

Endelig er arbeidet i gang på Mevoldfeltet i Julsundet. Bedre utsiktstomt kan du knapt få.

For meg som har hatt utsikt – var det sjølvsagt heilt avgjerandeå få det igjen.

Og etter eg har kome hit, har eg blitt enno meir overbevist om at min kamp i ei anna rolle, den politiske, om at omsorgsbasen i Julsundet skulle til Mevoldfeltet, er heilt korrekt.

Her går det an å flytte frå heimen sin – og finne ein ny base….

 

Her er bygt vern opp til hovedvegen, og fin sykkelundergong.

Eg stålsett meg for byggestart neste 4 mannsbustad ved siden av meg – medio april.

Så visst er her støy. Men det håper eg vil endre seg.

Eg har blitt nestleiar i Mevold Velforening, og leiar i Boligsameiet.

På den måten kan eg vere med å påvirke eige bustadmiljø.

Med leikeplass, stiar og ein liten fiskerestaurant ned mot sjøen♥

Det er eigenleg stort å få vere med på dette.

Litt sånn Amerikareise over det.

Bygge opp ei heilt ny grend i Aukra.

Og kunne sei når eg vert 80, at «bestemor var den første som flytta inn»!

 

 


5 kommentarer

Livet går vidare!

Tær i stein

Livet går vidare. Life goes on.

Ja, det er det vi sei. Og liknande utsagn som;» det går over», «no må du sjå framover».På vegne av andre. Ofte i beste meining. Og ofte i tafatt mangel på noko anna å sei. Eller også fordi du trur at slik er det. Eller fordi du trur det hjelp. Eller fordi dette er di eiga erfaring.

Denne bloggen (Aura Consulting sin nr 34)skal handle om slike utsagn.

Heldigvis går livet ofte vidare etter at du har hatt det tøft. Men dette kan du ikkje vite. Ikkje på andre sine vegne.

For livet går ikkje alltid vidare. Nokon vel og avslutte det.

Det kan godt vere at omverda går vidare, men kjenslene til den det gjeld ,kan sitje fast. Skape trøbbel av ulik karakter i kroppen.

Eg såg på Skavlan igår kveld. Der var Hédi Fried – ei av dei siste gjenlevande som vart sendt til konsentrasjonsleiren Auschwitz. Ho sa blant anna:»Kva gong eg snakkar om det, ser eg det like levande for meg. Det må bearbeidast kvar gong igjen.»

Det trur eg og. Derfor må vi tillate folk sitt tempo. Kanskje er det på den måten enklare å bearbeide – ein har sjeldnare behov for å kome tilbake til det. Fordi ein etter kvart klarer å handskast med med. Det er ikkje lenger eit stort sår, eller det gjer ikkje lenger så vondt.

Eg er så heldig å få jobbe ein del med ungdom. I mitt møte med dei, får eg ofte deira historie. Eg prøver å møte dei med respekt. Og da kan eg ikkje innby til «shortcuts», og at alt er så enkelt. Livet er BÅDE fantastisk OG krevjande.

Eg kjenner folk som vart mobba i oppveksten – som har utvikla høg grad av rasjonailitet i vaksen alder. Kvifor? Tja, kanskje fordi dersom dei tek kjenslene sine på alvor – vil dei få ein alvorlig knekk. mange av oss ER dyktige på omvegar. Men ofte vert vi innhenta. Tankane vil vide, men kroppen sei frå. Og han er til å stole på.♥

 

Mange følger bloggen min.

Og veit at eg siste 1,5 året har jobba meg vidare etter ei traume.

 

Kvifor har eg klart meg? Ikkje pga av dei som sa at livet går vidare. Det einaste slike utsagn skaper for eit menneske på randen, er enno sterkare kjensle av å ikkje meistre eigen situasjon og liv.

Det som hjalp var unntaka. Dei som lot meg få lov å lide. Dei som spurde MEG kva som skulle til. Ikkje fordi eg hadde eit svar på det der og da. Men eg fekk lov til å begynne å tenke på det.

Eg veit folk som har kjent så sterkt på samfunnskravet om å kome seg vidare etter sterke traumer -at dei mange år etter legg seg inn til psykiatrisk behandling eller anna behandlng. Oppegåande folk.

Og eg veit at eg sjølv til tider kan spele skodespel, når folk spør korleis det går, seier at det går bra. For no har det gått 1,5 år, og du kjenner forventninga om at du no må ha kome deg vidare. Når eg som har jobba så knallhardt og bevisst for å finne attende glede og livsmot – til tider strir, så kan sjølvsagt alle det. Det finnast ingen enkle triks.

Eg trur at dei alle fleste som har gått på ein livssmell, jobbar knalltøft for få til ei endring. Men  kropp og kjensler må samsvare. Det skal svært lite til – før eit tilbakesteg kjem.

Men det skal og svært lite til – for å sjå framsteg.

Idag tidleg på veg til trening høyrde eg Elvis Presley synge;»Are you lonesome tonight». Du veit den versjonen han held på å flire seg ihjel? Eg lo – og hadde det kjempeartig.

Å le meir, er eit av mine mål for 2017 Le som før. Og sjå, der var eg i gong. Heilt på eigen hand…♣i bilen.

Eit anna mantra, eller gåve eg har fått, var  ho i den profesjonelle rolla som sa:»Dette skal du ikkje stå aleine i».

Det har fulgt meg. Som eit lode teppe. Som har varma meg når eg har trengt det.

På radioen(også idag) snakka Lodve Solholm, vår fylkesmann, om «Menneskeleg grunnberedskap».

Kanskje snakkar vi om det same? Det er kun den som har skoa på som veit kva som skal til for å kome seg vidare.

Ikkje påfør andre skade, eller mismot, ved å ramme med slike vassne ord og uttrykk.

Ein gong «tok eg meg i det», saman med mor. Ho hadde hatt ein lang, trist dag. Og eg heldt på å sei: «Det går mot lysare tider. Snart kjem våren!» Poenget er berre at mor ikkje såg våren kome, sjølv om eg sa det. Vi kan ikkje ta frå folk kjensla av å f.eks kjenne seg einsam. Men vi kan bidra til at det er lettare å  leve med.

Januar er ein fin månad å tenke framover på. Men samstundes veit vi at dei lyse tidene ofte kan vere dei svartaste for den det gjeld.

 

For nokre år sidan var eg så heldig å få vere med eit Barents nettverk til Svalbard.

Og eg gløymer aldri kjensla eg fekk i salen der oppe, når Kari Bremnes begynte å synge, «Det magiske landet».

Eg avsluttar bloggen med eit ønske om at vi alle finn det «Magiske landet som ligg ved den ytterste pol.»

KVA som er det magiske landet – slik at den som treng det finn glede med livet vidare, må vi la vere opp til den einskild å finne.