Aura Consulting


2 kommentarer

«Heil ved»

Tarjei på Plaka – Athen 5.8.152015-08-04 2015-08-04 001 005

Eirik Sognnes

Å væra av heil ved er ein heiderleg måte å omtale noko eller nokon. Ein person av heil ved står usminka, autentisk og fjellstøtt opp for sine verdiar

I 2011 kom boka «Heil ved» av Lars Mytting. Og på det viset fekk uttrykket ein rennesanse.

Denne bloggen til Aura Consulting skal handle om son min. Tarjei.

I starten med Aura Consulting i 2003 hadde eg eit oppdrag for fylkesmannen i Møre og Romsdal. Der var det ei dame som sa:»Det er ein ting eg angrar på i livet, og det er at eg høyrde på mor mi». Når eg spurde henne kva ho meinte, sa ho: «mor sa alltid at eg ikkje måtte skryte slik av borna mine. Og dermed gjorde eg ikkje det. No har eg tre vaksne born. Og først no fortel eg dei for nokre flotte menneske dei er.Det burde eg ha sagt til dei for lenge sidan. Det angrar eg på».

Eg seier ofte på mine oppdrag, at eg ikkje har møtt eit menneske som ikkje har godt av å bli sett. Det er ikkje heilt norsk å skryte, vi ber nok framleis preg av Jantelova. Men Ben Furman, den finske LØFT(løysingsfokusert tilnærming) guruen, snakkar om SVANTElova. Verdsettingslova. På svensk «å uppskatta». Så tett eg har levd på menneska i mitt yrkesliv, er eg ikkje tvil om at det er den som virkar best.

Så derfor kjem den – ikkje på hans bursdag; men på ein annan merkedag for oss to.

6.august.

Idag er det 1 år sidan oss to tok avskjed på flyplassen i Athen.

Han, for å reise heim til Norge og Bergen for vidare jobb/studier. Eg, for å returnere til Tyrkia for å fullføre den ferien mann min og eg skulle ha. To dagar tidlegare, hadde eg fått vite at han  ikkje kom 6.august. For å feriere som planlagt saman med meg i Mahmuthlar.

Eg kunne også ha valgt og ikkje fullføre ferien. Men fann ut at det beste av onder(umulige val) likevel var å fullføre ferien. Sjølv om det betydde 1 dags venting på lokalt fly på flyplassen i Istanbul. Kva som venta meg 1 veke aleine i Tyrkia hadde eg berre ei formeining om: sorg, sakn og einsemd. Men alt var betre enn å kome heim til eit tomt hus. Tomt for ektemann – men fullt av lukta – og alt anna av han der.

Så står vi der på flyplassen. Eg hadde bestemt meg for å klare å vere tøff. Vere mor.

Og så klarde eg det ikkje. Eg braut heilt saman. Og son min på 23, stod å heldt kring meg. Var den sterke. Snakka om framtid. Og sa at eg måtte love han å ikkje sleppe tak i livet.

Fordi ingen betydde meir for han i heile verda.

Vi slapp kvarandre der – og eg visste langt inne – at dette ville bli den sterkaste drivkrafta framover. At han som hadde blitt svikta til liks med meg av mannen han hadde levd med i 13 år – på det mest traumatiske vis; hadde eit menneske i verda han måtte kunne stole på. Nemleg meg. Eg måtte klare framtida for han.

«Du stod der, fjellstøtt, Tarjei. Som heil ved. Som meir ekte mann enn mange menn.

Og du har gjort det sidan.»

I dette året som no har gått, har eg ofte beundra deg. Tidleg tok du eit standpunkt. «Dette er ingen mann for deg,» sa du. Eller du sa nok OSS. Som du alltid har gjort.

Eg var redd for kor mykje dette skulle prege deg. Kor mykje av dette du skulle ta med deg på  øydeleggande vis framover. Eg har derimot aldri vore redd for at det skulle prege deg negativt som mann. Som partner. For eg er viss på at du er av eit heilt anna kaliber. Og skal du måtte avslutte eit forhold, så vil du iallfall etter dette, aldri berre stikke av.

Du har mist eit halvår av studiane. For konsentrasjonen din i fjor haust var svært prega av dette brotet. Men der igjen; du har ikkje dvela ved det – men du har løyst det.

Eg trur at du og dei nære venene dine – har kome enno nærare. Og gutane, som eg kallar «mine»; har stillt opp også for meg – på fantastisk vis dette året.

Du har eit ekstremt framtidsfokus. Du er så målretta. Og du jobbar intenst for målet ditt; å bli Norges beste fotballtrenar.

I denne perioden har du løyst(bidrege til å få løyst) tøffe flokar mellom foreldre, mellom foreldre/ungdom, mellom foreldre/idrettslag. Og du har vore ute i jobbpraksis på skule, og vore «heil ved» også der for born/ungdom.

I same periode har du vore der for far din og søsken/onkelborn.

Du har fått gode tilbakemeldingar på den du er – og tenk; alt dette har du klart; sjølv om du har slite med opplevingane frå ifjor sommar/haust! Igår, på NRK, når dei skulle reklamere for OL i Rio; sa dei blant anna: «Vi ER de hendelsene som former oss». Slik er det.

Eg vart mora di igjen. Det tok heller ikkje lang stunda. Etter eg kom heim frå Tyrkia.

For nokre år sidan heldt eg tale ved juleavslutninga til kommunestyret i Aukra. Da hadde kona til varaordføraren sagt; Audhild er bunnsolid. Ein gul lapp heng på kjøleskapet. Der står det BUNNSOLID. Den har eg sett på heile dette året. Og den har styrka meg.

Og den har vore med på å gitt meg styrken er trengde til å verte mora di igjen.

Ikkje berre ho som mannen stakk frå over natta.

Vi har alltid vore nære, Tarjei. Men eg vågar å sei – aldri nærare enn no. Vi er bunnsolide saman. Vi kan prate om alt.

Sjølvsagt har du hatt tunge stunder. Men du er ein meister i å snu. Meister i mental trening.

Du har vore min største berebjelke dette året. Du har stilt meg gode LØFT spørsmål. Når eg har hatt ein tung dag, har du spurt meg;»kva har vore det beste med dagen?» Du har fått meg til å leite fram att eigne kvalitetar. Når eg ville gi opp politikken, sa du.» du skal ikkje gi opp noko som helst pga av dette – og du skal ikkje ta nokon avgjerder når du har det slik som no».

Når eg var redd for at eg ikkje klarde å bevare Aura Consulting, sa du: «det er livet ditt».

Når eg «med hjartet på halv stong» – ikkje visste korleis eg skulle leve livet vidare; har du hatt stolpetru på at det ville eg finne ut av. Ved å gi alt tid. Ved å knytte til meg folk som vil meg vel. Og ved å oversjå dei som ikkje har gort det.

Og når eg var redd for at eg vart for open og ærleg, sjølv om eg kjende at det var naudsynt for å klare meg, sa du:»du kjem til å vinne på dette, du kjem til å få meir enn du har mista».

Og du fekk rett.

Når eg måtte skifte hoft i juni – var eg også redd. Du stod der fjellstøtt. Og hadde framtidstru. Du snakke om alt eg ville klare igjen.

Du var i Frankrike på EM. Og sidan har du vore i Danmark på Danacup. No har du ført 12 åringar på laget til Nordic Academy til heider, også i Danmark. Og du har fått nytt imponerande fotballtilbod frå Norge, når du kjem heim.

Bo Caspers Orcherstra syng «Vi klarar det».

Det har oss også gjort. Takka vere deg.

Denne bloggen avsluttar eg meg eit LØFT spørsmål: «Korleis har du klart det, Tarjei?»

 

 

 

Les videre


Legg igjen en kommentar

Pilgrimsreisa

IMG_3288

Ein pilgrim er ein reisande.

Til ein heilag stad.

Eg trudde det ikkje. Men slik har det blitt.

Eg er ikkje på ein heilag stad. Men eg er på ein stad som alltid kjem til å ha ei heilag betydning for meg.

Ein varm farge . Som ein armkrok. Eit vendepunkt.

Dei som har fulgt bloggen min dei siste månadane – har sett at den av og til har hatt eit nært, personleg preg.

Der eg har synt at menneske eg er – som siste året har  vore utsett for sterk medfart; har kunne gi noko til andre; ved å vere open.

Så kanskje finn du ikkje heilt tråden – og du ikkje har lest tidlegare bloggar.

Eller kanskje er denne nok.

Dett er blogg nummer 28 frå Aura Consulting. Kvifor skriv eg denne bloggen? Det er både eit ørlite spark til vårt politiske system – som blir styrt meir og meir etter management modellen. Der mykje handlar om pengar. Og der rehabilitering er mindre synast mindre viktig enn før. Men det er også eit prov på at LØFT virkar; også innan rehabilitering. Og bloggen er også ei takk. Til folka som har stått meg bi – og folka eg har møtt her.

Eg har vore livredd. For denne hofteoperasjonen. Som eg mentalt kom litt for tidleg – på min veg tilbake til meg sjølv.

Har vore redd for å vere aleine. At ingen ville vere der for meg.  Redd for om eg vakna opp igjen. Redd for å bli verre enn før. At alle som trur eg er så tøff – tok for gitt at dette også gjekk greitt.Redd og trist på tanken om å kome heim. Til tomt hus. Tomt for han som skulle ha vore der, med meg gjennom dette – og etterpå. Men som stakk frå alt.

Korleis skulle eg klare det?

Og korleis klarer folk seg i slike situasjonar?

No har eg erfart at det handlar mykje om både eigen kamp og flaks.

21.juni var datoen. Og eg var heldig og fekk verdas beste lege, eller ortoped. Og eg fekk ein fin operasjonsdato, med tanke på at eg driv eige firma.

Denne bloggen skal ikkje handle om det 3 dagars opphaldet på St. Olavs.

Anna enn at eg vakna opp igjen. Og eg vart ikkje verre. Og at mi kjære venninne Inger bar meg gjennom det heile. Gråt med med – og lo med meg.Og var kjempestolt av meg første gong eg kom meg frå gåstol til krykker.

På førehand hadde eg fått vite at eg hadde fått rehabiliteringsopphald på Selli på Klæbu.

Men eigen kommune stod også parat til å hjelpe meg: ei av dei tilsette sa; «Du skal sleppe å gå gjennom dette på eiga hand». Tenk å sei noko slikt? Det hadde STOR betydning.

Eg hadde vore tydeleg på at dei kunne sende meg kvar dei ville i landet. Berre dei ikkje sende meg heim.

Men HEILT trygg var eg ikkje før dei  kvelden før utskriving sa at, at imorgon skal du på Selli. I 14 dagar.

Hit kom eg 24.juni. Romet var ikkje klart. Eg hadde blitt frakta i taxi – og berre det hadde vore utfordande nok. Så skulle eg rett til middag. Kjøtsuppe. Nye folk.

Eg var så medisinert og sliten, at eg ville berre legge meg.

Men nei. Ein sjukepleiar skulle vere med meg opp på romet – til eit slags intervju.

Og da ho kom til spørsmålet; «kva medisin bruker du?» – kunne eg tenkt meg at ho spurtde; «kva livsmotto har du?

Eg gir aldri opp.

Eg vil leite etter alt som går bra.

Eg har hatt med meg mor mi i mange av desse dagane. I tankane. Sett at korleis ho har klart seg på sjukeheimen, er litt sameleis, som eg må her.

Så lenge du har helse til det – prøv å lag eit godt miljø rundt bordet der du et. Eg tilhøyrer bord 2. Og eg lagar eg moro ut av. Seinast idag fann vi ut av vi burde ha felles kjenneteikn. Kleskodeks.Finn kvalitetane til folka. Eg er yngst her. Det kunne eg velge å sjå som eit problem.

Men eg prøver å tenke at her er det mykje visdom – og eg kan gi dei litt sprell og kompliment. Og det har virka til tusen!

Idag til frukost spurde dei om korleis eg hadde fått plass her.Så sa ho eine: «for meg har det hatt SÅ stor betydning at nettopp du kom hit. Du gjer meg så glad.Eg har 2 gongar vore nær å miste livet – så eg er så glad for kvar einaste dag eg får. No er du med å gjer meg enda gladare.»

For ei ære!

 

Evnen til å stå i sårbarhet er vegen til innovasjon.

Den andre natta eg be om ekstra smertestillande var klokka 4 og ikkje 2.

Da låg eg og gråt – og ønska at sjukepleiaren hadde stroke meg på kinnet.Hadde ho i tillegg spurt meg om kva som gjorde at eg klarde å vente 2 timar lenger, før eg ba om smertestillande. Så hadde det spørsmålet innbydd til slik meistring – at ho kunne ha gått igjen; utan å gi meg medisin. Det er eit TANKEKORS:

Her får eg lov til å vere meg sjølv.Trekke meg unna når eg vil

Ligge på rygg og sove. Det har alltid vore vanskeleg for meg. No har eg klart det i snart 14 dagar. Eg prøver å sjå for meg at eg ligg i varm sand. Eller i ei grøn eng.

.Her får vi legesjekk utan å be om det. Puta som skal ligge mellom knea mine, for at eg skal prøve å ligge på sida, vart lagt på romet mitt. Her leverer du kle til vask på føremiddag, og får dei levert nyvaska på ettermiddag.Her skiftar dei sengetøyet ditt annankvar veke. Vaskar romet to gongar i veka. Og gir deg nye handdukar når du måtte ønske.Senga di kan du styre opp og ned.

«Korleis er krykkene dine for deg»? Eg tenkte ikkje over det før ho spurde. Dei har blitt min ven. Krykkene som var vekkstua etter ein operasjon son min hadde som 12 årig..

Den orange joggedressen som eg kjøpte til mor mi for tre år sidan,etter hennar hofteoperasjon, vart med meg – istadenfor henne.

Og den har eg hatt god bruk for. Ikkje fordi eg joggar….men fordi den gir meg eit bilde på dit eg skal. Mange har kommentert fargen. Og eg svarer at når du ikkje er på ditt beste på innsida – er det lurt å ha gladfargar på utsida.

Eg har fått ein fantastisk fysioterapeut. Som utfordrar meg. Som backar meg. Og som ser heile mennesket meg.

Eg kjenner meg innpakka i omsorg.

IMG_3290

Så kva om eg hadde blitt sendt heim etter sjukehuset? Misforstå meg rett. Eg har lært meg å vere glad i å vere heime igjen. Og eg taklar godt å vere aleine.

Men i denne situasjonen hadde det skapt ein heilt annan virkeligheit.

Eg hadde kjent på sorg. På tap. Den tida eg hadde måtte bruke til praktiske gjeremål – kan eg no bruke til trening.Eg hadde ikkje klart å styre besøket. Det kan eg i større grad her.

Kvar kveld ser eg Dagsrevyen saman med ei trist og grå dame frå Averøy. Blodfattig og tiltakslaus. Seier ho. Og etter Dagsrevyen legg eg meg.Men det er heilt greitt. Å legge seg så tidleg. Eg har tydelegvis trengt det.

Igår ettermiddag møtte eg henne – og sa at ho såg så kvikk ut. Da hadde ho akkurat fått vite at blodprosenten hadde gått ned igjen. Og ho vart så glad. Likevel.

Ser du? Det skal så lite til…..

 

 

HIMMELHØGE DAGAR.

Eg er på Facebook. Og ser at den eine etter den andre har sjekka inn på ulike feriedestinasjonar.

Det vert ikkje ferie på meg iår. Berre opptrening. Men dette opphaldet er større for meg akkurat no, eller kva som helst ferie.

Her er alle operert for eitkvart. Alle har sitt og stri med. Og har alle sine mål og nå.

Og her er STOR grad av oppmuntring blant oss. Eg hadde aldri trudd at eg skulle kome hit og finne ein ny heiagjeng.

Eg har blant anna lese boka til Linn Ullmann her; «De urolige». Der siterer ho faren Ingmar Bergmann, som ein gong skreiv til henne; » Jag ønskar dig standig långtan och forhoppningar – før utan långtan kan man inte leva».

Utan omsorg som medisin frå profesjonelle, kjende/ukjende hadde eg aldri kome dit eg er idag.

Og eg takkar Selli for at eg har lov til å vere PILGRIM her.

IMG_3289

 

 

 

 

 


7 kommentarer

Eg er redd

operasjon

Idag kjenner eg det.

Og eg innrømmer det. Noko anna er uråd.

Eg er redd. Idag er det 1 veke til eg skal opererast.

Det vil sei, at på denne tida om 1 veke er eg ferdigoperert.

Fått inn ny hofte.

Og akkurat no er det som eg ikkje får puste.

Eg tenker på alt som kan gå galt. Eg kjenner på at eg føler meg åleine. Og eg kjenner eit megaansvar for Aura Consulting.

Dette er min blogg nummer 27, og eg satsar på at det må vere eit lukketal!

Eg prøver å bruke humor.

Derfor knipsa eg melkekartongen når eg opna den idag.

BEST FØR 21.6.16

Ein slik operasjon har som mål å vere smertelindrande. Og med dei smertene eg har hatt siste 3 åra, går ikkje vegen utanom.

Sjølv om eg siste månaden har vore så bra at eg til og med har gått i fjellet.

Og det har sjølvsagt ført til at eg har byrja å tenke – er operasjon nødvendig?

Kan eg klare meg utan?

Kanskje er det ei flukt. Eit forsøk på å kome unna. Kome unna kva?

Ja for meg er det verste å miste kontroll. Miste førligheit. Miste evna til å klare meg sjølv.

Det er ikkje meir enn i underkant av eit år – sidan eg stod overfor ein annan kritisk situasjon.

Mann min som stakk – og gjorde seg utilgjengeleg i fleire veker.

Den traumen har eg jobba som ein bjørn for å kome meg gjennom dette året.

Så eg er igrunnen mentalt ikkje klar for dette no.

Eg er redd.

Så prøver eg å trøyste meg sjølv; tenk kor mange redde menneske du har snakke med i livet ditt.

Kvifor skriv eg om dette? Kan det vere til hjelp?

Redsle er ei så sterk kjensle – at mange unnlet å kalle det for det. Og eg veit at noko av det verste oss menneske skal innrømme, er manglande mestring. Istaden gjer vi så mykje anna rart. For eksempel leikar som at alt er i «skjønnaste orden».

Eg har møtt mykje redsle hos andre. Og eg har vore hos dei som har vore redde.

Men denne gongen er det meg.

Og eg får opp igjen minner og bilder frå da eg var lita. Og vart feiloperert, slik at dei måtte operere meg på ny som 1,5 åring.

Tenk om det skjer no?

Og eg får opp igjen kroppfornemmelsen ved å bli forlatt på eit slikt vis – der du verken får forklaring eller kontakt.

Kan eg klare dette?

Eg slepp å kome heim til tomt hus. Det hadde vore det verste. Og skulle prøve å kome seg til hektene – samstundes som gråten skulle ta meg. Medisinert, svak  – og lita.

Med trapper og krykker.

Eg har fått lovnad om rehabiliteringsopphald.  Det vart REDNINGA for nattesøvnen.

Men det som betyr aller mest for meg; er at eg mi fantasiske venninne tek seg fri – vert med under operasjonen- og vert der til eg skal ut av St Olavs!

Ifjor sommar var eg klar til å forlate livet.

No er eg livredd for å miste det.

Eg har hatt eit år som til tider har gitt meg meir enn eg miste.

Son min har vore min største berebjelke.

Og eg har fleire bjelkar.

Eg har klart å drive firmaet. Ikkje EIN dag har eg vore borte. På 15 år har eg ikkje vore sjukmeld. Men no vert eg det. Det at eg har vore så ærleg på det som skjedde ifjor sommar, har vore heilt nødvendig for meg i min kamp for å stå. Men eg tok ein sjanse. For eg kunne ha mista kundar.

Det har eg ikkje gjort. Tvertimot.Eg har ikkje tal på alle mailar, meldingar og liknadnade eg har fått. Frå folk som har meint at det eg har gjort, er å gjere skamma mindre. Om nokon slår deg – vert dei tiltalt og får si straff. Når nokon berre forsvinn, kan smerta vere større,men det finnast inga straff.

Om eg ikkje hadde vore ærleg og fortalt, kunne eg ha mista meg sjølv. Og det er verre.

Så no står eg framom ei ny grind. Eg veit eg må opne den. Men eg anar ikkje kva som møter meg.

Eg er så godt budd som eg kan vere. Og eg ber til Vårherre om at alt går bra.

At eg skal klare dette og. At eg skal kome ut på andre sida – og finne mitt Soria Moria.

Der eg er smertefri(iallfall nesten).Der eg er istand til å trene meg opp igjen fysisk. Der eg atter ein gong får stå på scena for Aura Consulting – og alle som treng at eg klarer meg.Der eg i tida scenekanten er for høg, kan freiste ferdigstille LØFT boka mi. Der eg får tid til å invitere folk i heile Norge til mi nasjonale LØFT konferanse! ( som nokon meiner er galskap i min situasjon). Eg, som har skoa på, seier midt i blinken! Å putte inn noko positivt i framtida – som kan gjere det triste i notid mindre merkbart.

Og eg må prøve å bruke humor. På søndag på flyplassen i Tromsø tenkte eg at dette vert siste flyturen min, utan metall i hofta. Men så tenkte eg at eg vert no alltid plukka ut til tilfeldig kontroll likevel- så da kan det like gjerne vere pga hofta.

Eg SKAL klare det. Igjen gjeld dette; «einaste vegen ut, er igjennom».

I will surwive!

 

Takk for at du les bloggen min.

Det hjelp meg.

Like mykje som det hjelp meg å skrive av meg den verste redsla.

 

 

 

 


3 kommentarer

Språk skaper virkeligheit

SolutionDu får meir av slik du snakkar. Du treng ikkje snakke eingong. Men du får også meir av slik du tenker. Slik du oppfører deg. Dette er ein av antagelsane i LØFT.

Dette er blogg nr 26 til Aura Consulting, og den skreiv eg delvis på mi reise til Danmark og Sverige dei siste tre vekene.

Eg kom til den danske løysingsfokuserte konferanse for tre veker sidan. Reiste aleine. Kom til konferansen aleine. Kjende ingen. Kunne ikkje skjule meg bak nokon andre. Var ikkje i flokk. Sat ikkje saman med arbeidskollegaene mine. Var ute på ein av mine «kast deg ut på ope hav» turar.

Før eg reiste ned – fekk eg denne mailen frå arrangøren;

«Og vi er ikke mindst er vi meget glade for at en norsk kollega som arbejder løsningsfokuseret kommer, tak for det!»

Den gjorde noko med meg. Eg fekk verkeleg lyst til å reise.

Da eg kom inn døra – stod dei 2 arrangørane i døra og tok imot. Meg tok dei imot på ein slik måte – at eg nesten kjende vi hadde møttest før.

Så reiste eg til Stockholm på torsdag. Eg kunne ha skreve ein eigen blogg om min dag(10 timar) på Gardermoen. Men det er ikkje så interessant. Eg kom meg iallfall ikkje fram til konferansen i Vesterås i tide. Eg måtte overnatte på hotell på Arlanda.

Om morgonen når eg kom om bord i SveBus på Arlanda, seier sjåføren etter at eg har betalt:

«varmt velkomen»

Eg sette meg og kjende meg fantastisk. Eg prøvde å huske sist eg hadde høyrt det på Timesekspressen( no Fram). Men nei, aldri. Der er det meir slik at du skal vere takknemleg for at dei har tid til å ta deg med.

Av og til startar eg mine foredrag med

Be the reason somebody smile today

Det gjer eg med vilje. Fordi vi altfor ofte går rundt og stolar på at andre skal «make our day».

Eg hadde pga forseinkingane hatt 4 timar søvn, før eg skulle halde foredrag på Nordens største skule LØFT konferanse. Ikkje det beste utgongspunktet akkurat. Men bussåførens ord, redda det.

Eg har på desse reisene hatt tid til å tenke over nyansane i språka våre. Eg visste at eg har sans for briten sitt: «Love» – som berre vert kaste inn på slutten av ei setning. Og eg har lenge hatt ei forkjærligheit for det svenske «å uppskatte»( verdsette).

Men dei har så mange fleire ord som gjer godt å få. Som gjer at ein kjenner seg så inkludert. «Tack,snella».

Dagen etter foredraget kom denne:

«Tack för att du satte guldkant på dagen och på återseende»

Filosofen Wittgenstein har sagt – at orda du brukar skaper følelsar og assosiasjonar.

Og LØFT seier at du er ikkje – men du blir. Du får meg tilbake som den du seier eg er. Du treng altså ikkje sei det eingong. Men oppføre deg som at eg er.

I desse tider der eg ventar på hofteoperasjon, der eg har ramla ned trappa – og der eg har fått tunge kofferten rett på flatfoten – så har eg ikkje akkurat god blodgjennomstrøyming i eine foten. Betennelsesdempande medisin gjer også sitt til at eg «svulmar»: Og den andre har vore øydelagd og hoven sidan eg braut den i volleyball som 12 åring – men aldri vart operert. Dette lever eg med.

Men da eg skulle fram på scena for å ta imot gåve, var det to damer fremst som kika og peika på føtene mine(eg hadde småsko), og utan å høyre såg eg at dei snakka om akkurat det som eg må leve med. Når eg stod der – gjorde det meg litt lei meg. Men samstundes tenkte eg – kor raskt vi lagar oss antagelsar om folk. Om kva dei står i – og kvifor dei er slik og slik. Men det er sjeldan vi veit. Og kanskje burde dette fått lov til å vere damene sitt problem. Eg har tenkt å gjere mitt beste for å bere denne kroppen.

Eg ynskjer meg arbeidsplassar og relasjonar der vi snakkar folk opp og fram. Eg seier i mitt møte med folk – at eg har ikkje møtt eit menneske som har vondt av å bli gjort større enn det er……

I dag på styrketrening møtte eg ein festleg mann i heisen, på veg til same trening. Seinare gjekk eg meg på han igjen. Han stod i samtale med ei dame – medan eg stod rett ved og braut på nokre vekter. Følgande utspant seg – og eg forstod fort at dei snakka om hans kone; han stod og var så glad fordi sjukdommen ikkje hadde teke frå henne minnet. Dama sa;» ja,tenk om ho hadde blitt sitjande der som ei grønsak». Han fortsette og snakke om alt ho framleis klarde av småe gjeremål.

Dama sa; «Ja, men ho vil jo aldri bli som før igjen. Ho som var så god til så mykje».

Mannen gjekk trist der ifrå. Og eg tenkte; gjer vi slikt med vilje – eller ER vi så hjelpeslause? Veit vi ikkje betre?

Eg skulle ønske at vi skapte mindre slik virkeligheit for kvarandre. Og i siste omgong også for oss sjølve.

Tenk om ; vi oftare kunne ha spekulert på alt vi klarer, som går betre – og som gir oss framgong.

Om det her og no kan virke så veldig lite.

Så ER det ofte nok for å få til ei endring.

Som skaper ein språkkultur vi har LYST til å vere ein del av.

Fordi den gjer oss godt.


1 kommentar

Å stålsette seg

AthenSo er den der igjen. Mai. Med alle sine lange helgar. Og høgtider. Feiringar. Samankomstar. Familiefestar.  Der vi er så glade og lukkelege.

Javisst skal vi vere det! Det er berre slik at for nokon vil nettopp mai framstå meir som eit uoverkomeleg høgdesprang. Eller slik som for meg no. Ein idrettsdag der eg visste eg ikkje fekk til noko. Unnateke å nyte naturen…..

Denne blogg nummer 24 for Aura Consulting skal handle om å stålsette seg til slike dagar. Om dei/oss( ja, for det er kvar sin gong) som ikkje klarer å vere på solsida desse dagane.

Vi har ulike løysingar. Nokon reiser vekk. Andre stenger seg inne. Det prøvde eg på i fjor. Eg var så knust etter å ikkje ha blitt invitert i konfirmasjonen til bornebornet til mann min – at eg var overbevist om at alle såg på meg som mislukka og vond.

Eg vel og fortelle meir om mi historie. Dette fordi eg veit at det hjelp mange. Også meg sjølv. Seinast i denne veka møtte eg eit menneske som eg ikkje forstår klarer å halde seg oppreist. Men som sa at bloggane mine les han om igjen og om igjen. For å stå.

17.mai heldt mann min alltid hus i Ålesund, på det årlege arrangementet til Heibergs Mannskor. Der var eg og i alle åra våre – heilt fram til eg vart valt inn i formannskapet; og fekk den æra og skulle vere ein del av flaggborga i folketoget på Gossen. Men ifjor klarde eg ikkje gå fremst. Å vere det Grunnlova seier: » Å vere dei fremste blant dei fremste».

I 2016 skapar det seg slik at pinsa og 17.mai vert ein del av same høgtida. Og for meg hjelp det ikkje at 18.mai er bursdagen til min no; fråseparerte.

Eg har så mange minner og bilder. Og gjennom Traumeutdanninga i Tromsø – har eg lært at det er eit av elementa som er naudsynte å ha der – for å ikkje verte traumatisert. Men der må og vere kjensler og kroppsfornemmelse. Dei overmannar meg i dag. Men eg veit også at dette er ein naturleg del av ein sorgprosess. Ein må gjennom desse minna og bilda på ny. På eiga hand. For å lage seg nye. Knytta til akkurat dei same høgtidene og merkedagane.

17.mai er eigentleg ein dag eg set høgt. Eg elskar å gå i tog. Gå i takt. Ete bløtkake. Men i år kunne eg ha «hoppa over» den.  Eg er takksam for Katrine som forstår. Som steppar inn for meg i flaggborga. Og eg har sagt nei til å gå i flaggborga i Julsundet. Og; ja – eg har dårleg samvit. For eg er valt av folket. Og så klarer eg ikkje stille ein slik dag.

Dette vert første 17.mai på 14 år – eg ikkje lenger får vere ei dorette i Heibergs Mannskor. Eit fantastisk folkeslag som har betydd mykje for vårt ekteskap.

Dette vert ein annleis 17.mai  – og ikkje sitje klar om kvelden og vente med sjampagne og reker på at mannen kjem heim.

Eg seier ofte til dei eg coachar; når dei vonde tankane tek deg – prøv å gi plass til nokre gode istaden. Det må eg gjere sjølv no.

Eg finn glede i å skulle vere i lag med mor på 97 – som eg har kjøpt ny 17.mai jakke til; og som seinast i går sa at» ditte vert kjekt».

Pinsa har eg gode minner knytta til. For eksempel for fire år sidan – da vi var på Veiholmen i eit paradisver. I fjor – før mitt personlege mareritt kom – hadde konfirmantane allereie avtalt, at pinseaftan i år skulle vi Hareidskonfirmantane ha nytt treff. Og i år som for fem år sidan er eg i festkomiteen. «At du orkar», seier folk. Eg hadde vel ikkje teke det på meg om eg ikkje orka. Sanninga er at det gir meg stor glede. Tenk å vere so heldige å få kome tett på dei du vaks opp saman med. Igjen. Der mange av oss kjenner på eit fellesskap – for nokon så stort at dei reiser noregs land for å kunne kome! Det er ei ære. Og i dag er det min ressurs. Som gjer at denne dagen er fin. Som gjer at i ettermiddag ser eg fram til å ikle meg laurdagskjolen! Og om eg ikkje klarer å svinge meg i dansen – så skal eg iallfall svinge meg i samveret med alle gode folka!

Men først – litt pynting av lokala og slikt..

For 14 dagar sidan var eg på den danske løysingsfokuserte konferansen. Som hadde tittel:» En forskel der gør en forskel». Eg veit ikkje om eg gjer ein forskjell i andre sine liv – fordi eg tek meg tid til dette. Men eg veit at fordi Konfirmantreffet 2016 – vart på pinseafta, gjer ein forskjell i mitt.

 

God helg til dokke alle! Og gjer den som best DU kan! Les videre


Legg igjen en kommentar

Ein god dag kjem aldri for seint!

 

Ivar Aasen2Dette har vore «mantraet» mitt sidan 2010. Da arrangerte Aura Consulting si første nasjonale konferanse; Bedriftskulturkonferansen. Og når eg skulle finne passande gåver til mine deltakarar, fann eg dei på Ivar Aasen Tunet i Ørsta. Det var faktisk hans sine ord. Ivar Aasen var ingen lukkeleg mann. Iallfall ikkje når det kom til kjærleik. Han var så lite før seg – at han ikkje våga gjere alvor av den einaste han hadde kjær. Men han måtte likevel han funne ei lukke i det livet han levde.

Dette er Aura Consulting sin blogg nummer 23.

Eg synest orda hans er så godt sagt. No, når eg i mitt liv , gjer mitt beste for å leike frisk ( dvs eg er HEILT frisk, det manglar meg inkje), men smertene mine i høve hofta som ikkje vil bere meg meir, er til tider heilt uhaldelege. Kvar natt. Eg ber, eg masserer, gjer øvelsar. ALT. Unnateke å ta sterk medisin. For da kan eg ikkje jobbe. Einskilde netter tenker eg at eg ikkje vil klare å halde ut til juni og operasjon. Men i bakhaudet har eg heile tida ei vissheit; «Ein god dag kjem aldri for seint».

Eg opplever ei så stor glede over kvar einaste morgon når eg sit der igjen. Med kaffikoppen min. Og har klart å kome meg gjennom. Det er faktisk ein som har sagt, at «einaste vegen ut – er igjennom». Og når eg ser skrifta på koppen som eg fekk til jul med Rigmor; «stå alltid oppreist inni deg«. Da veit eg at eg skal klare meg.

Sjølv om min morgon ofte er før klokka fem – så tell eg timar eg har klart det. Sove. Og når eg i løpet av natt ligg der vaken – og ikkje veit å verte kvitt smertene så pass at eg finn kvild, så tenker eg; eg er ikkje åleine. Det ligg mange rundt om i Norges land med ulike kroniske smerter. Som også må opp dagen etter, for å yte sin skjerv. Som som meg skulle ønska at det framleis var vinter. Slik at ein kunne ha gått turen sin, utan å få spørsmål. Som synest at sola kjem i vegen på ettermiddagen. For etter endt økt – har vi det til felles at vi berre vil gøyme oss. For vi er ikkje oss sjølve. MEN(og det huskar eg alltid) – for the time beeing.

Det har teke lang tid å tillate meg å ikkje klare alt som før. Å ikkje klare å trene same styrke på treningsstudio er ein ting. Men laurdagsvasken må eg ta over tre dagar. Vårstell har eg ikkje makta enno. Men det verste er opplevinga av aldri å ha hatt nok kvild.

Eg har ei stor trøyst. Det var verre med hjartesmerter. Når livet ville rakne. Når livet gjekk i oppløysing. Ut på dato.

Så har eg ein haug med andre «blessings». Og eg ER så merksam på dei. Berre denne veka her. At nokon sender meg «godmorgon» helsing kvar morgon. At eg plutseleg fekk godklem melding frå systra mi. At eg heilt overraskande vart invitert til 50 årsdag i Tromsø neste helg! Til eit menneske eg har møtt 3 gongar! At nye oppdrag rullar inn. Invitasjon til 50 årsdag til min kjære ven, Lars.

Og no i dag; melding frå Hanne i Tromsø; at mannen hadde bygd eige anneks på hytta med tanke på meg! Frå ho fekk eg også; «You got the Power!»

Eg har lyst til å bruke så store ord at eg kjenner meg velsigna. På trass av dei ulidelege smertene.

Det eg vel eigentleg har skreve her, er svaret på det LØFT seier er klokt å stille i høve meistringsspørsmålet. Når du har kome deg opp, kome deg på jobb, fullført iallfall litt av treningsøkta di; «Kva var det som gjorde at du klarde det? Og eg ville nok ha gjort som folk ofte svarar; Delt æra med andre. Menneske vert berre menneske gjennom andre menneske, seier det sør-afrikanske uttrykket. Det trur eg på.

  Julneset idag

Julneset

Og eg MÅ våge å tru at eg skal verte bra. Eg MÅ våge å tru at det forfallet eg ser no pga snart eit år med eit så stort traume og smertebilde – kan fiksast. Son min sa når han var heime i påska, at eg såg gamal ut i ansiktet. Ja, eg gjer det. Men han sa også at «ingen er så flink til å samle folk, sjølv kor låkt du har det – som du mamma.» Og det er den eg skal huske. Pluss det som vart påskesongen vår. FRAGILE med KYGO. Ja, eg er skjør no.

Men ein god dag kjem aldri for seint.♥

 


2 kommentarer

Kjære far

FarPåskeafta for 37 år sidan forlot du oss. Det vil sei; du forlot oss aldri. Hjartet ditt gav opp. Etter mange år med sjukdom – og fleire infarkt; klarde det ikkje meir.

Eg tenkte det berre skulle vere ein liten status på Facebook. Men så vart den så lang. Eg hadde meir på hjarta enn eg visste. Derfor; dette vert Aura Consulting sin blogg nr 22.

Omtrent på dette klokketidspunktet for alle desse åra sidan. Du hadde reist ut i båten for å fiske, så eg skulle ha med meg fisk opp igjen til Trondheim(iallfall var det du sa til mor). Heldigvis hadde du ein med deg. Så du var ikkje aleine. For der, utanfor Godøya, slutta hjartet ditt å slå. Men du kom deg heldigvis til land, til oss igjen.

Eg var på hyttetur ved Snipsøyrvatnet. Og skulle berre sykle til Hareid for å kjøpe pølser til grilling. Innom heimen for å hente pengar. Da eg stod på badet, kom mor inn, for ho hadde fått telefon frå Brandal. Båten var komen i land, men ikkje med deg bak roret. Da visste eg. Sjølv om mor ikkje sa noko. Men eg såg det på det redde blikket. Mor køyrde til Brandal. Og når eg kom syklande utover vegen etterpå, og den vesle gule Mazdaen kom køyrande, men med mor i passasjersetet – forstod eg.

Eg fekk vere med til sjukeheimen der du låg på likromet. Du skulle ikkje ligge der. Du flotte far min, som alltid var så brun. Iallfall i ansiktet – og på hendene. For resten var skjult av varme klede – der du stod til rors, med sneipen i kjeften, kamferdropset bak tunga;  og du var på ditt beste.

14.april. Fire månader etter eg som 17 åring hadde flytta heimanfra til Trondheim. Og her låg du. Så ufatteleg låkt.

Som vaksen ser eg at livet ditt nok ikkje var som du ønska lenger. Du klarde ikkje å vere verken den ektemannen, faren, arbeidskaren og friluftskaren som du ein gong hadde vore. Og du hadde problem med å forhalde deg til det. Dessutan; dette var i ei tid der heller ikkje slik skulle snakkast om. At når kronisk sjukdom råkar eit familiemedlem, så råkar det eigentleg heile familien. Men på ulikt vis.

No er det 37 år sidan. Og for meg er det rart å tru. Du har fulgt meg heile livet. Einskilde netter kan eg drøyme at du døyr – og forsvinn til havs – og ingen finn deg. Derfor likte eg i mange år Anita Hegerland når ho song; «Om jeg var en fugl, med vinger og fjær, jeg fløy over havet, der pappa min er.»

Eg er sikker på det hadde vore mykje som hadde gleda deg desse åra – om du hadde visst. Det som hadde gleda deg mest – var at kona di fekk eit så langt og godt liv. Ho du kalla sola di.

At du har fått mange borneborn. Og det ville gleda deg stort om du visste at ingen av dei røyker♥.

At Marianne har overtatt huset. At Harald på mange måtar har dine interesser. At Bodil har blitt tøffare enn toget. Og at eg klarer meg.

Denne hausten har du vore med meg. Du har vore ein av dei som har halde meg oppe. Du har sagt til meg at mannen ikkje var noko å ha. Ein som lyg slik, er ikkje anna enn helsefarleg. Du har sagt at ny lukke ligg og ventar. Og du har sagt at anten vel du det, eller så vel du å leve aleine. Og at eg ville klare begge deler. Du har fulgt meg i den tyngste sorg – og du har stått der saman med meg på dei høgaste toppar.

Noko av mi plikt som døtra di – er å fortsette å snakke om deg. I går var Tarjei og kona di på biltur. Og vi køyrde innom Morka, slik at bornebornet ditt fekk sjå garden du vaks opp på. Og den vesle skulen i Kvammen du gjekk på. Og raude huset nedom vegen, der ho budde ho jenta som var så begeistra for deg i ungdomen. Da klokklo kona di – for ho huska at jenta hadde skvetta vatn på deg – for å få di merksemd…

Eg høyrde på radioen ein dag, ei familie som ikkje hadde sørgedag, den datoen nokon hadde døydd frå dei. Men festdag.

Derfor i dag har eg bedd inn til fest! Eg trur det ville gleda deg stort, om du såg ditt yngste borneborn Tarjei, bere kona di opp trappa her – slik at ho skal få sjå havet. Og eg trur du har visst om dette «stuntet». For i går når eg byrja å førebu maten til gildet – var det så vidt beina bar meg. Fordi hofta var så låk. Men i dag er eg mykje betre….

Så far; klokka 18.30 ikveld, er du på eit vis ein av oss – når store delar av flokken din samlast her. Og vi skal få; hummar på grønsakpurre til forett, klippfisksalat til mellomrett, raud og kvit bacalao og fløtegratinert klippfisk til hovedrett, og blåbærostekake til dessert.

Og veit du det beste? Det som har endra seg desse åra du har vore vekke, er at no kan vinen stå på bordet.♥ Ikkje doktorspriten i skjul…..

Du hadde storkosa deg – og vore glad og stolt over oss alle.

Og oss av deg.